Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'bugge'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 5 results

  1. Kan nokon hjelpa meg med dødsdatoar eller eventuelt dødsannonser for dette parfolket? Sigfred Hansson Bugge fødd i Borge 19.8.1879 døydde ......... 19.8.1943 Ingeborg Bugge, f. Einersen fødd i Klæbu 19.2.1867 døydde .............1942 Sigfred var lensmann i Hammarøy og sidan i Lødingen og Tjeldsund, men han og Ingeborg flytte 1937 til Bøstad i Borge og skal vera avlidne der. Dei fekk tre born i lag. Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi med desse dødsfalli!
  2. Synnøve gift med Samuel Mandrup Bugge, Urnes (1746-1803) i 1800 (hans 2. ekteskap) Paret fikk to barn Jens Samuelsen Bugge (1800)og Hans Samuelsen Bugge (1802). Synnøve giftet seg med Hans Rue Hjortdahl (14.juni 1804) her er forumtråden om familien https://forum.arkivverket.no/topic/212574-hans-rue-eliasson-hjortdahl-1776-1857-landhandlar-og-gjestgjevar-i-sj%C3%B8hola-i-f%C3%B8rde-fr%C3%A5-1805-men-kvar-budde-han-fram-til-1820-i-f%C3%B8rde-eller-p%C3%A5-urnes-i-hafslo/?tab=comments#comment-1789502 Foreldrene til Synnøve Hansdatter Lunden har jeg ikke klart å finne. Takknemlig hvis noen kan hjelpe mvh Anne Kristin
  3. Under henvising til dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/197605-gunnar-edward-ohlson-fødd-i-stockholm-sverige-2341891-utvandra-til-amerika-i-1910-døydde-i-brooklyn-ny-2061944-kven-var-han/?tab=comments#comment-1791092 vil eg i kveld gjerne få komma attende til denne store gåta: Gunnar Edvard OLSSON alias Gunnar E. OHLSON, fødd i Södertälje, Sverige 23.4.1891, utvandra i 1910 gifte seg etter kva dei seier 25.7.1927, truleg i eller nær New York(?) med Brita Jensdotter BUGGE, fødd i Hafslo 11.9.1896, utvandra i 1922 Er det mogeleg endeleg å finna ut KVAR denne vigsli fann stad, og få ei stadfesting av vigselsdatoen? (Dei vart i 1928 på tur til heimlandi!) Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Eg «kjempar» for å løysa ei «floke» frå Urnes i Hafslo og attgjev frå manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~ Michael Sundt Tuchsen Jensson Bugge, frå Urnes (bnr. 1), var f. 27.10.1833 og gifte seg i Luster 11.11.1861 med Ingeborg Marie Melchiorsdotter Heiberg frå Kvalsøyri, Dalsøyri i Luster (bnr. 2). Ho var f. i Luster 1.9.1835. Det var svograne Samuel Mandrup Hansson Bugge på Urnes (bnr. 20) og lensmann Carl Tullin Johanson Bjørnholdt på Kvitevollen under Nygard i Luster som 5.6.1858 fekk auksjonsskøyte på dei fem gamle leiglendingsbruki som soleis vart samanslegne, og hjå dei fekk Michael Bugge 24/25.10.1859 skøyte på den nye brukseiningi. Michael og Ingeborg dreiv sidan bruket fram til ##### (kor lenge budde dei på garden? – auksjonsskøyte av 22.2.1884 til lensmann Falck!) Michael og Ingeborg Bugge flytte ¤¤¤¤¤ (kva år flytte dei? - frå kva år er dei å sjå i Christiania?) til Christiania der Michael livnærte seg som varemeklar. Han d. i Christiania 12.3.1912, medan Ingeborg Bugge d. same staden 28.10.1912. Michael og Ingeborg Bugge fekk to born i lag: 1. Laura Agathe Martha Kirstine Michaelsdotter Bugge, f. 20.9.1862, Laura Bugge flytte med foreldri sine til Christiania der ho 20.4.1895 gifte seg med Anton Tolfson frå Bergene i Hedrum, kjend som Anton Bergene. Han var son av gardbrukar Tolf Nilsson på Bergene og kona Thorine Marie Hansdotter frå Bjerke i Sandeherred og f. i Hedrum 20.4.1867. Anton var postbod, medan Laura var pensjonatvertinne. Dei vart buande i Christiania der Anton d. 13.6.1913. Laura Bergene flytte sidan til Dalhaugen i Asker, men d. på eit sjukehus i Oslo 25.1.1928. Dei var barnlause, men tok til seg ei pleiedotter: a. Azora Emilie Hagensdotter Hansen, f. Christania 12.11.1892, d. på Høvik i Bærum 11.2.1973. Ho gifte seg i Asker 23.12.1926 med Aksel Olson frå Staksrudmøllerstuen på Brandbu, sidan kjend som Axel Jensen. Han var f. på Brandbu 27.9.1894 og d. under eit opphald på Palma di Mallorca i Spania 15.3.1975. Axel Jensen var byggmeister, og han og Azora budde i Asker og sidan på Høvik i Bærum. Dei var barnlause. 2. Jens Melchior Michaelson Bugge, f. 21.4.1864, Jens Bugge flytte òg til Christiania med foreldri sine og gifte seg der 29.6.1904 med Liv, kjend som Lilla Hansdotter Funnemark frå Nordbø i Nissedal. Ho var dotter av husmann Hans Johnson på Funnemark under Nordbø, opphavleg frå Bygstøyl i Kviteseid, og kona Susanna Johnsdotter frå Håtveit i Nissedal og f. i Nissedal 22.3.1869. Jens var frukthandlar, og han og Lilla vart buande i Christiania (Oslo) der Liv d. 13.3.1943. Jens Bugge d. på eit sjukehus same staden 31.7.1947. Dei fekk ei dotter i lag: a. Jensine Marie Mikaline Lydia, kjend som Marie Lydia Jensdotter Bugge, f. i Christiania 7.3.1904, d. i Oslo 9.2.1958. Marie gifte seg første gongen i Oslo 13.12.1924 med Bernhard Odin Johanson Lien frå Skaugum, Stabæk i Bærum, f. i Christiania 26.10.1896. Han d. i Bærum 26.1.1970. Bernhard var jarnbanefunksjonær og sidan pelshandlar, og parfolket budde på Høvik i Bærum, men dei vart skilde i 1930. Marie gifte seg so att i Aker 11.4.1931 med sjømann Olaf Fredrik Jensen, f. i Holt 14.6.1899. Han d. i Skjeberg 2.3.1978. Olaf var sjømann, og han og Marie budde likeins på Høvik i Bærum, men flytte frå kvarandre i 1933 og vart skilde i 1936. Marie gifte seg so tredje gongen i Aker 12.11.1938 med Christian Ingemann Johnson Bøe frå Oslo, f. i Christiania 9.10.1894. Han d. på ein sjukeheim i Oslo 30.9.1971. Christian var tollar og sidan transportarbeidar. Han og Marie budde ei tid på Askerhaugen i Asker, men flytte sidan til Oslo. Marie fekk ei dotter, som var frå første ekteskapet med Bernhard Lien. ~~~~~~~~~~~~~ Finst det kjelder, til dømes i Christiania, som kan fortelja oss nett KVA ÅR denne huslyden flytte dit? Kanskje flytte dei fleire år før garden vart tvangsseld? I 1875 var dei i alle fall framleis på garden: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052307003542 men eg har so langt ikkje greidd å finna nokon av dei to borni konfirmerte i Hafslo! Kan huslyden ha flytt alt i 1876? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Har noen kunnskap om familien Bugge fra Danmark og kan bekrefte eller avkrefte denne linjen?: Brita Jonsdatter Vidvei Anna Kolbeinsdtr. Vidvei (Fløgstad) f. 1702, Fløgstad. Norge Martha Danielsdatter Vanvik Anna Sakariasdatter Norheim (Nordheim) Sakarias Tolleivsen Norheim Birgitte Nilsdatter Bugge Nils Hansen Bugge Jens Larsen Bugge Laurits Larsen Bugge Laurits Jonsen Bugge Esquire Jon Jepson Bugge Ridder Jakob Knutsen Bugge, JEP Knud Nielsen Bugge, til Hald Ridder og Rigsrådsmand Niels Bugge, til Vosborg f. 1295, Viborg amt, Danmark https://www.geni.com/people/Niels-Bugge-til-Vosborg/4163097705750120763
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.