Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'slidre'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 7 results

  1. Dette er eit spørsmål som har oppteke meg i mange år, og som eg no vonar endeleg å finna eit svar på... Johan Fredrik Dominicusson BRANDT, presteson frå Ærø i Nordborg amt i Danmark, var f. på Ærø 18.11.1694. Han døydde som klokkar til Slidre i Valdres 22.6.1769. Han var først gift i København 11.7.1726 med Maren Teiste frå Kroken i Hafslo, men ho døydde på Lærdalsøyri i Lærdal 10.2.1732, og Johan gifte seg att i Slidre 10.1.1736 med ei Kirsti Johnsdotter HEERDAL, som er ei for meg heilt ukjend person. På same tid vart Johan Fredrik BRANDT tilsett som klokkar i Slidre, eit ombod han hadde levetidi ut. Kan nokon hjelpa meg med følgjande detaljar: ** Kva gard i Slidre vart nytta som bustad for klokkaren på 1700-talet? ** Veit ein noko om kven denne andre kona Kirsti Johnsdotter Heerdal kan ha vore? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Eg syner til dette gamle emnet som sist vart drøfta i 2016: https://forum.arkivverket.no/topic/200970-johan-fredrik-brandt-1694-1769-klokkar-i-slidre-huslyden-hans-i-bergen/?tab=comments#comment-1697309 Innlegg #7 i nemnde tema lyder slik: «Eg har i kveld «leika» litt med FamilySearch, og eg oppdagar to (brør?) på Røros med namn Peder Johnson Herdal og Ole Johnson Herdal som får born kring 1730-1740. Og då er spørsmålet mitt: Kan Kirsti Johnsdotter Heerdal vera ei søster av desse? Var ho òg frå Røros??» Denne Kirsti Heerdal gifte seg i Slidre i Valdres 10.10.1736 med klokkaren, enkjemann Johan Fredrik Dominicusson Brandt (1694-1757). Det hadde vore heilt kjempe om nokon kunne hjelpa meg med opphavet til denne Kirsti, som for meg er heilt ukjend! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Eg har i mange år vore på leiting etter det norske opphavet til denne jenta: Berit Tollefsdotter Haugen, fødd i Slidre 27.7.1836: https://media.digitalarkivet.no/view/9382/216 Foreldri var Tollef Thorson (Berge) og kona Marit Olsdotter (Qvale) - vigde i Slidre 15.12.1828: https://media.digitalarkivet.no/view/9382/247 Av vigsli kjem det fram at Tollef var gardbrukarson frå Berge, medan Marit var gardbrukardotter frå Kvåle. MEN, det står ikkje noko om: ** Kva yrkestitel hadde Tollef medan han budde på Haugen? - husmann eller gardbrukar? ** Og kva år utvandra Berit til Amerika? Ho gifte seg i Fillmore Co., MN 9.8.1855, so ho utvandra FØR den tid! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Denne kjempeutfordringi er ei av dei eg vonar å finna ei løysing på når kyrkjebøkene for heile landet for heile 1800-talet ein gong vert søkbare på m.a. Digitalarkivet: Helge Gullakson (Trondskog), truleg fødd i Slidre, Valdres kring 1806 av foreldri Gullak Pederson frå Høyme i Slidre og Anna Olsdotter frå Helle i Vang, kom med foreldri sine til Hafslo kring 1817 og vart konfirmert her i 1822: https://media.digitalarkivet.no/view/11456/90 Ved avansert søk hjå Digitalarkivet i dag, er det berre ein aktuell «kandidat» til «vår» Helge, og han budde på Vevlen i Vang: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038077003098 men denne har FamilySearch kobla til ein annan huslyd: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:VW2B-F61 So kvar vart det av «vår» Helge? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Dette er endå ein huslyd som eg stod «bom fast» på då eg første gongen arbeidde med dei tidleg på 1980-talet, og til tross for mange nye hjelpemiddel, er eg framleis ikkje i stand til å finna fleire opplysningar om dei i dag. No vonar eg på ekspertise i Brukarforum, og kanskje er det òg nokon som sit med lokalkunnskap i Davik og i Slidre som kan fortelja meir om opphavi til dei to ektemakane hennar Christi? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye flotte innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #10 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  6. Eg har i dag fått i handi ei ny utfordring som direkte gjeld Hafslo, og eg står i grunnen ganske so fast: Denne vigsli er registrert i Hafslo 20.6.1847 (#4): https://media.digitalarkivet.no/view/11459/32 Michael Petersen, malergesel, fødd i Bergen, 29 år, son av Johan Peter Petersen Ingrid Nilsdotter Quul, fødd Quul i Slidre, 28 år, dotter av Nils Olson Eg finn Ingrid Nilsdotter, fødd 16.10., døypt 8.11.1818 på ein husmannsplass under Quul i Vestre Slidre, foreldri Nils Olson og Ragnhild Gundersdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/9386/58 MEN, eg har søkt over alt i og kring Bergen, men finn ikkje spor etter nokon Michael Pettersen med far Johan Peter fødd der! Dei får ein son i Hafslo, og ein son i Vestre Slidre: * Hans Andreas, fødd Kroken i Hafslo 20.9.1850: https://media.digitalarkivet.no/view/11457/148 * Nils Christopher, fødd i Vestre Slidre 21.11.1855: https://media.digitalarkivet.no/view/8995/8 FT1865 syner huslyden som plassfolk på Moen under Røvang i Vestre Slidre, berre sonen Nils er nemnd: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0543&kenr=002&bnr=0034&lnr=000 FT1875 syner huslyden same stad, men då som sjølveigarar, utan sonen Nils, men med sonedotter Ingrid Hansdotter, fødd Hurum sokn i Vang 1872: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=0543&kenr=002&bnr=0030&lnr=00 FT1900 syner ei legdekone Ingrid Nilsdotter, fødd i Vestre Slidre 1817, busett som enkje på Høyme nedre i Vestre Slidre, som eg trur må vera «vår» Ingrid: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037102000068 Og her er dødsfallet hennar som fattiglem og enkje 12.2.1904: https://media.digitalarkivet.no/view/4078/99 Og her er dødsfallet til mannen Mikal Petersen, 30.12.1887, målar og fattiglem: https://media.digitalarkivet.no/view/4078/90 Sonen Hans Andreas Pettersen, målar, Rødvang i Vestre Slidre, 23 år, gifte seg i Rogne sokn, Austre Slidre 23.1.1874 med Anna Haakensdotter, sjølveigardotter Hovi, 26 år: https://media.digitalarkivet.no/view/8996/192 Her bur dei 1900 på Høgden i Austre Slidre med seks born: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037103001671 Sonen Nils Christopher Mikaelson, målar Rødvang i Vestre Slidre, f. 1855, gifte seg i Eidfjord 19.7.1877 med Helga Paulsdotter Kvammen, frå Eidfjord: https://media.digitalarkivet.no/view/8322/133 Her bur dei 1910 som gardbrukarar på Kvammen i Eidfjord med ei dotter: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036677000232 Utifrå desse opplysningane sit eg med følgjande utfordringar: ** Er det mogeleg å finna fødsli til Michael Pettersen med fulle namn på foreldri hans? ** Er det mogeleg å seia noko om kva plass under Kvul i Vestre Slidre Nils Olson og Ragnhild Gundersdotter budde på? Og kvar dei kom ifrå? ** Seier bygdeboki frå Vestre Slidre (Moen under Røvang) noko om opphavet til målar Michael Pettersen? ** Er det mogeleg å finna supplerande opplysningar (lagnad/dødsfall?), til dømes gjennom bygdeboki frå Austre Slidre, om Hans Andreas og Anna Pettersen? ** Og endeleg, er det mogeleg å finna supplerande opplysningar (lagnad/dødsfall?), til dømes gjennom bygdeboki frå Eidfjord, om Nils Christopher og Helga Pettersen? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  7. Jeg søker aner til denne Ingebreth Olsen Rudie. Ved vielsen er far oppgitt som daglønner Ole Olsen Rudie. Nr.34 SAB, Korskirken Sokneprestembete, H/Haa/L0034: Ministerialbok nr. D 1, 1832-1852, s. 66 Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070301620070 Finner en Engebrecht f. 1815 i kirkeboka i Slidre. ( Litt usikker på om det står Olsen som farsnavn ? ) SAH, Slidre prestekontor, Ministerialbok nr. 2, 1814-1830, s. 12-13 Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070603980084 Siden far Ole står ført som daglønner ved vielsen til Ingebreth, så er det ikke godt å vite hvor han kom fra, men jeg gjør nå et forsøk. På forhånd takk for hjelp og tips. Mvh Ivar
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.