Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'haugen'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 8 results

  1. Dette er ein annan huslyd som eg hugsar eg sleit med på 1980-talet for å komplettera. Med nye tilgjengelege kjelder har eg no greidd å finna svar på nokre av detaljane, men no møter eg «veggen»! Kanskje er det nokon som kan hjelpa meg freista finna svar på noko av det som framleis manglar, til dømes om denne svigerdotteri frå Hoffseiget i Nord-Aurdal og foreldri hennar?? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~~ Ole Olson Haugen, frå Øyane under Haugen, var f. 7.9.1832 og gifte seg 13.7.1859 med Abelona Aamundsdotter frå Hagaflaten under Rønnei, f. 14.5.1830. Ole og Abelona busette seg på Rønnei alt i 1859, men var visstnok innerstfolk dei første åri. Kring 1863 fekk dei so rydda seg ein ny plass i den delen av Hesjebakken som då høyrde til Rønnei (bnr. 3), og her vart dei buande fram til 1869. Ole og Abbelona Haugen utvandra til Amerika i 1869 og slo seg ned som farmarar i Freeman township, Crawford Co., Wis. der Ole d. 2.8.1891. Abbelona Haugen d. ##### (date and place of her death? – 1916!?) Ole og Abelona fekk fem born, medan dei budde i Noreg; dessutan hadde Abelona ein son frå før: 1. Nils Tøgerson, son av Abelona og husmannssonen Tøger Olson frå Gjellene 2 under Rønnei (1829-1895), var f. 31.12.1850. Nels T. Haugen utvandra til Amerika med mori og stefaren i 1869 og livnærte seg sidan som farmarbeidar («farm laborer») i Freeman township, Crawford Co., Wis. der han d. ugift ##### (date and place of his death? – 1905!?) Nels var døvstum («deaphmute»). 2. Susanna Olsdotter, f. 6.1.1856, Susan O. Haugen utvandra med foreldri til Amerika i 1869 og gifte seg ##### (date and place of her marriage? – about 1885!?) med Ove, kjend som Ovey O. Johnson, eon av husmannssonen Ole Johannesson frå Smedegard under Alme i Hafslo (1824-1871). Han var f. i Dane Co., Wis. 18.7.1859. Ovey Johnson var brannmann («fire man»), og han og Susan busette seg i Madison, Dane Co., Wis. der Ovey d. 10.1.1922. Susan Johnson d. same staden 22.5.1949. Dei fekk to born i lag: a. Jessie Aletta Johnson, f. i Dane Co., Wis. 3.2.1886, d. ugift i Madison, Wis. 28.8.1941. Jessie var bokhaldar («bookkeeper») og budde I Madison, Dane Co., Wis. b. Orvey Johnson, f. i Dane Co., Wis. 29.3.1887, d. i Madison, Wis. 18.2.1960. Orvey gifte seg i Chicago, Ill. 29.8.1930 med Elsie M. ##### (middle name?) Beil. Ho var f. i Dane Co., Wis. 29.4.1907 og d. i Madison, Wis. 20.2.1997. Orvey dreiv kredittbyrå («bonded credit service company owner»), og han og Elsie budde i Madison, Dane Co., Wis. Dei fekk tre born i lag. 3. Ole Olson, f. 2.9.1857, Ole O. Haugen, Jr. utvandra òg til Amerika med foreldri i 1869 og gifte seg i Crawford Co., Wis. 5.11.1884 med Agatha Andersdotter frå Grinde på Leikanger, i Amerika kjend som Aggie Grinde. Ho var dotter av gardbrukar Anders Iverson på Grinde og kona Unni Iversdotter frå Skarestad i Balestrand og f. i Leikanger 13.4.1859. Ho utvandra til Amerika med foreldri sine i 1868. Ole og Aggie Haugen slo seg ned som farmarar i Freeman township, Crawford Co., Wis. der Ole d. 13.5.1921. Aggie Haugen d. same staden 5.1.1952. Som enkje gifte ho seg att med gardbrukarsonen, enkjemann Rasmus Knutson frå Øygarden (1849-1935) (s.d.). Aggie og Ole Haugen fekk åtte born i lag: a. Andrew Oliver Haugen, f. i Crawford Co., Wis. 27.11.1885, d. i Waunakee, Wis. 19.2.1970. Andrew gifte seg i Dane Co., Wis. 30.3.1930 med Martha Matson, f. i Dane Co., Wis. 6.2.1891. Ho d. i Waunakee, Wis. 17.5.1972. Andrew og Martha Haugen farma i Westport township, Dane Co., Wis. og fekk ein son i lag. b. Irvin Haugen, f. i Crawford Co., Wis. 24.11.1887, d. i Crawford Co., Wis. 20.6.1966. Irvin farma i Freeman township, Crawford Co., Wis., men var ugift. c. Albert Haugen, f. i Crawford Co., Wis. 9.7.1889, d. i Madison, Wis. 31.12.1971. Albert gifte seg i Waushara Co., Wis. 31.12.1917 med Grace E. ##### (middle name?) Pease. Ho var f. i Waushara Co., Wis. 15.8.1892 og d. i Madison, Wis. 9.4.1962. Albert Haugen var postbod («mail carrier»), og han og Grace budde i DeForest, Dane Co., Wis. Dei fekk to born i lag. d. John Haugen, f. i Crawford Co., Wis. 17.7.1892, farma i Freeman township, Crawford Co., Wis., men reiste ut som soldat i første verdskrigen («WW1 soldier») og miste livet i Frankrike ##### (where in France?) 21.11.1918. Han var ugift. e. Nels Ulrich Haugen, f. i Crawford Co., Wis. 17.2.1894, d. i Crawford Co., Wis. 28.11.1942. Nels Haugen farma i lag med broren Irvin i Freeman township, Crawford Co., Wis., men var òg ugift. f. Birdie Joan Haugen, f. i Crawford Co., Wis. 15.1.1896, d. i Viroqua, Wis. 7.9.1972. Birdie var hushaldar («housekeeper») hjå brørne sine på farmen i Freeman township, Crawford Co., Wis., ugift. g. Ida Geneva Haugen, f. i Crawford Co., Wis. 11.2.1899, d. i Viroqua, Wis. 15.5.1998. Ida gifte seg i Crawford Co., Wis. 14.2.1920 med Arthur Samuel Fortney, soneson av gardbrukarsonen Thomas Olson frå Fortun (1817-1887). Arthur var f. i Vernon Co., Wis. 14.12.1891 og d. i La Crosse, Wis. 6.8.1969. Arthur Fortney var farmar og snikkar («farmer and carpenter»), og han og Ida budde i Viroqua township, Vernon Co., Wis. Dei fekk fem born i lag. h. Annie Louise Haugen, f. i Crawford Co., Wis. 28.9.1900, d. i Viroqua, Wis. 15.10.1987. Annie gifte seg i Madison, Wis. 29.6.1927 med Alfred, kjend som Fred J. Dregne, soneson av gardbrukar Sølfest Johannesson frå Fuglesteg (1829-1912). Fred var f. i Vernon Co., Wis. 8.4.1893 og d. i Viroqua, Wis. 12.2.1965. Annie og Fred Dregne farma i Franklin township, Vernon Co., Wis. og fekk ei dotter i lag. 4. Aamund Olson, f. 18.12.1859, Edward (Ed) O. Haugen utvandra med foreldri til Amerika i 1869 og gifte seg i Crawford Co., Wis. 11.9.1895 med Kari Aslaksdotter frå Hoff i Nord-Aurdal, i Amerika kjend som Carrie Anderson. Ho var dotter av husmann Aslak Andreasson på ##### (ein plass, men kva for ein?) under Hoff, opphavleg frå ##### (kvar fødd/oppvaksen? – Dalseige? – vigsli 13.11.1863: https://media.digitalarkivet.no/view/9367/205 og kona Marit Engebretsdotter frå ##### (kvar fødd/oppvaksi? – Hoffseige?) og f. i Nord-Aurdal 12.10.1863. Ho utvandra til Amerika med foreldri sine ##### (utvandringsåret? – e. 1870!) Ed og Carrie Haugen farma i Freeman township, Crawford Co., Wis. der Carrie d. 26.11.1938. Ed Haugen d. same staden 12.9.1952. Dei fekk ei dotter i lag: a. Alma M. ##### (middle name?) Haugen, f. i Crawford Co., Wis. 6.6.1896, d. i Viroqua, Wis. 22.1.1981. Alma gifte seg i Vernon Co., Wis. 29.3.1922 med Edward Gerhard Johnson, soneson av gardbrukarsonen Johannes Johannesson frå Øvrebø (1816-1903). Edward var f. i Vernon Co., Wis. 14.11.1889 og d. i La Crosse, Wis. 13.7.1962. Alma og Edward Johnson tok over heimefarmen hennar i Freeman township, Crawford Co., Wis. og fekk eitt barn ##### (son or daughter?) som d. kort etter fødsli. 5. Nils Olson (1862-1863). 6. Ingrid Olsdotter, f. 20.7.1865, Emma Haugen utvandra med foreldri til Amerika i 1869 og gifte seg i Dane Co., Wis. 11.5.1899 med Cornelius Newton, kjend som Charles N. Pulley, f. i Grant Co., Ind. 14.4.1873. Charles Pulley var skysskar («coachman»), medan han var gift med Emma, men vart sidan lagerleiar («warehouse leader»). Han og Emma budde i Madison, Dane Co., Wis. der Emma d. 30.12.1902. Charles gifte seg 2.6.1904 att i Dane Co., Wis. med Olive M. ##### (middle name?) Davis, f. ##### (place of her birth?) Wis. 15.6.1873. De vart buande i Madison, Dane Co., Wis., men Charles d. i Janesville, Wis. 23.6.1936. Olive Pulley d. i Madison, Wis. 19.3.1938. Charles fekk i alt tre søner, men dei var alle frå andre ekteskapet hans. Dette var altså borni som Ole og Abelona fekk, medan dei budde i Noreg. Men Ole og Abbelona Haugen fekk òg ei dotter etter at dei var komne til Wisconsin: g. Britha O. Haugen, f. i Crawford Co., Wis. 14.11.1872, d. i Vernon Co., Wis. 16.7.1951. Britha gifte seg i Crawford Co., Wis. 3.5.1893 med Soren Elias, kjend som Sam Jerman. Han var f. i Vernon Co., Wis. 3.8.1868 og d. i Janesville, Wis. 21.2.1936. Sam var ei tid handelsmann («merchant») i Sherburn, Martin Co., Minn., men dreiv sidan tømmerlager («lumberyard owner and operator») i Viroqua, Vernon Co., Wis. og i Janesville, Rock Co., Wis. Han og Britha fekk fem born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Dette er ei utfordring som eg jobba med for ganske nøyaktig 30 år sidan, men med den dårlege kjeldetilgongen som var den gongen, greidde eg ikkje samla fleire opplysningar enn dei eg fekk hjå dei tre døtrene etter halvbroren Andrew I. Haugen (1863-1942), luthersk prest i Amerika. Dei tre døtrene fødde mellom 1903 og 1907 gav meg opplysningane som eg har innfelt i følgjande manuskript: ~~~~~~~~~~~~ Ole Knutson {Haugen}, f. {i Luster} 24.8.1848. Ole K. Haugen utvandra til Amerika i ##### (year of his emigration? - 1870’s?) ##### (early history in America?) men kring hundreårsskiftet tok Ole Haugen «homestead» ##### (where exactly? – near Edmonton, AB!) og der vart han buande levetidi ut. Han d. ##### (date and place of his death? – about 1915?) etter at han hadde vorte sparka i hovudet av ein hest. Ole var ugift. ~~~~~~~~~~~ No lurar eg på, er det i det heile mogeleg å finna ut noko meir om Ole i dag? Kanskje han likevel skreiv seg for Knutson? Brordøtrene hugsa han berre som «uncle Ole»! Kanskje det er mogeleg å komma på sporet etter utvandringi hans? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Berntine Haugen, f. Paulsen, var fødd i Bergen 8.9.1860 og døydde i Bergen 11.11.1950. Er det mogeleg å få hjelp til å finna ei dødsannonse for ho? Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!
  4. Eg har i mange år vore på leiting etter det norske opphavet til denne jenta: Berit Tollefsdotter Haugen, fødd i Slidre 27.7.1836: https://media.digitalarkivet.no/view/9382/216 Foreldri var Tollef Thorson (Berge) og kona Marit Olsdotter (Qvale) - vigde i Slidre 15.12.1828: https://media.digitalarkivet.no/view/9382/247 Av vigsli kjem det fram at Tollef var gardbrukarson frå Berge, medan Marit var gardbrukardotter frå Kvåle. MEN, det står ikkje noko om: ** Kva yrkestitel hadde Tollef medan han budde på Haugen? - husmann eller gardbrukar? ** Og kva år utvandra Berit til Amerika? Ho gifte seg i Fillmore Co., MN 9.8.1855, so ho utvandra FØR den tid! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. I Ministerialboka for Selje 14. Januar 1774 finn eg paret Thomas Olsen og Anne Olsdtr. Haugen som døyper dattera Rebekke med fleire prominente faddarar. Dette paret har tidlegare vore gardbrukarar på Lynghaugen, Flatraket, plassefolk på Venøy og i 1774 busette på Haugen, men kvar er Haugen i dette tilfelle? Det er ingen gardar i Selje med namnet Haugen så eg lurer på om det evt kan være ein husmannsplass under prestegarden sidan dei brukar så mange prominente fadderar? https://www.digitalarkivet.no/kb20070515640098
  6. I henhold til BBII s 596 for Nord-Odal er Tjøstel Tjøstelsen Bjørkeholtet født ca 1712? – 86, gift i 1742 med Berte Halvorsdatter. De hadde flere barn og en av disse er Hans Tjøstelsen født i 1760-1807 g.m. Johanne Kristensdatter. Tjøstel Tjøstelsen Haugen som sannsynligvis er identisk med Tjøstel Tjøstelsen Bjørkeholtet er nevnt i en synfaring 6/8 1757 som Gudbrand Torkelsen (Vest-Krattebøl s- 538 N-O BB1 – 22) hadde. Torkel var eier og bruker av 1/3 av Krattebøl. Til stede var selgerne Jon Gudmundsen, Gudmund og Høgne Jonsen. Embret Hansen Berg opplyste at han aktet å innlemme denne tredjedelen i gården for myndlingen Gudmund Persen for 241 dlr. Vitner var Tjøstel Tjøstelsen Haugen (41 år) og Kristoffer Olsen Hagen (30 år). Tjøstel Tjøstelsen «Svenneby-Haugen» stevnte i 1751, husverten Jakob Svenneby for å ha fradelt ei havn på plassen «Svenneby—Haugen» som Tjøstel var betrodd til bruk og beboelse. Tjøstel hadde sådd halve plassen våren 1751, enda han var utsagt før jul. Tjøstel fikk likevel bo på plassen framover. Sønnen Hans Tjøstelsen (1760-1807) tok over plassen. Hans ble gift 1788 med Johanne Kristensdatter. De hadde flere barn bl.a. Kristen Hansen Svenby g.m. Berte Olsdatter Kapstadås. En mulig far til Tjøstel Tjøstelsen er Tjøstel Askilsen Toner. I henhold til BB for Nord- Odal under Sand s 358. fikk Tjøstel Askilsen Toner en uekte sønn, Tjøstel, i 1717 med Marit Persdatter. I henhold til Nord-Odal BB3-51 s. 36: Tjøstel Askilsen f. 1693 ble gift med Berte Andersdatter i 1716, flere barn: Askil, Marit, Anders, ,Per, Ola,, Kristoffer, Mari. Tjøstel Askilsen var enkemann på Nordli i Mo, da han ble gift for 2. gang i 1736 med enka Anne Sørensdatter Struterud. Er det noen som har kjennskap til familieforhold rundt Tjøstel Tjøstelsen og kona Berte Halvorsdatter?
  7. Kari Engebretsdotter Haugen, konfirmert på Ål i 1861 - er ei kjempegåte som me òg var inne på i samband med denne debatten: https://forum.arkivverket.no/topic/171486-kvar-vart-det-av-petra-bjørkenes-frå-hafslo-fødd-1889/?tab=comments#comment-1768485 men som aldri nokon greidde å finna ei løysing på; sjølv bygdebokskrivar Thor Warberg på Ål laut gje opp denne Her er den nemnde konfirmasjonen i 1861: https://media.digitalarkivet.no/view/1149/130 Kari var dotter av Engebret Sanderson og kona Rangdi Olsdotter, men har korkje fødestad eller alder oppgjeven. Men ein eller annan stad må jo ogso denne Kari vera fødd, og eg legg no saki ut som eige tema i von om at nokon kan greia å løysa denne kjempegåta Kven var Kari, og kven var foreldri hennar? Her er forresten vigsli hennar i Skoger frå 29.12.1872: https://media.digitalarkivet.no/view/1136/195 Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  8. Eg vil i kveld gjerne få henta fram att tema #7754 frå det gamle brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/93708-7754-anders-larsson-haugen-f-luster-1860-jarnbanearb/?tab=comments#comment-772993 Sidan denne saki var oppe til drøfting, har eg hatt kontakt med etterkomarar i Trondheim, og ein del opplysningar er komne på plass, men ogso det er mange år sidan, og eg er redd det ikkje er noko meir å henta der. Det er rett og slett for mange år sidan desse folki levde til at nolevande etterkomarar kan bidra med noko særleg... So no legg eg dette manuskriptet ut i Brukarforum i von om at kanskje nokon av dykk kan hjelpa meg fylla ein del av dei «hòli» som står att? ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange flotte innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #10 nedanfor! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.