Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'bolsøy'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 6 results

  1. Dette er ei gåte som eg har slite med i mange år, og som eg aldri verkeleg er kome nokon veg med. Haugianaren Ole Eielson, bror av haugianarpresten Elling Eielson i Amerika, gifte seg to gongar i Luster og reiste frå Romsdalen til Amerika der han gifte seg tredje gongen med ei jente frå Toten, som eg er litt usikker på opphavet til. Men den langt største utfordringi er å finna lagnaden til sonen Eiel i Amerika. Kanskje er det no endeleg på tide å freista finna ei løysing på dette? Her er forresten Ole og Agnetta i FT1860 for Primrose township, Dane Co., WI, då kalla Erickson(!): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GBS6-GXP Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ Kirsti Tøgersdotter {Skagen}, døypt {i Luster} 4.10.1812, gifte seg i Luster 1.6.1842 med Ole Eielson frå Sundve på Voss. Han var son av gardbrukar og lærar Eiel Ingebrigtson på Sundve og kona Anna Ellendsdotter frå Sundsvoll og vart døypt på Voss 31.8.1806. Ole Kirsti budde ei kort tid på Skagen som innerstar. Alt kring 1843 flytte Kirsti og Ole Eielson til garden Midthaug i Bolsøy i Romsdalen, men Kirsti d. under ei vitjing hjå systeri Elen på Skar i Luster 7.2.1847. Ole Eielson gifte seg att i Luster 23.3.1848 med Martha Pedersdotter frå Vigdalen, f. i Luster 4.6.1820. Dei heldt fram som gardbrukarar på Midthaug i Bolsøy der Martha d. 17.10.1851. So utvandra Ole Eielson til Amerika i 1854, og han gifte seg tredje gongen i Dane Co., Wis. 28.4.1856 med Agnetta Christensdotter frå Amlien på Toten, ##### (sjekka dette opphavet?) i Amerika kjend som Agnette Christenson. Ho var dotter av ##### (yrkestitel?) Christen Olson på Sivesind og kona Pernille Johannesdotter frå Gamme og f. på Toten 27.9.1807, men utvandra til Amerika i 1853. ##### (sjekka desse opplysningane om foreldri og fødsli hennar?) Ole og Agnette Eielson farma i Primrose township, Dane Co., Wis. der Ole d. 23.6.1863. Agnette Eielson d. i Dane Co., Wis. 8.3.1878. Ole Eielson fekk to born, som båe var frå første ekteskapet med Kirsti Tøgersdotter: a. Martha O. Eielson, f. i Luster 7.11.1842, utvandra truleg til Amerika i 1854, ##### (sjekka denne utvandringi?) men d. ugift i Dane Co., Wis. i 1863 eller 1864. ##### (sjekka dette dødsfallet?) b. Eiel O. Eielson, f. i Bolsøy 5.1.1845, voks dels opp hjå mosteri i Skår i Luster og utvandra med ho og mann hennar til Amerika i 1856. I Amerika budde han hjå faren og stemori i Primrose township, Dane Co., Wis. ##### (budde framleis der i 1864 - seinare lagnad?) ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Thomas Thomassen Ulleland vart fødd ikring 1802. Då han gifta seg i 1828 er det skrive at han var 26 år gammal,. og med bakgrunn av det, er det vel rimeleg å tenkje seg at han vart fødd rundt 1802 med litt feilmargin. Utifrå ei dåpsinnføring i kyrkjeboka for Kleive 29. oktober 1802 kan det sjå ut som Thomas var uekte son til Thomas Thomasson Tolaas og Guri Erichsdatter Klevesøen, unnfanga ved leiermål. Kjelde: Ministerialprotokoll, Bolsøy prestegjeld, Kleive sokn Protokollnr./tidsrom nr. 555A02 /2/1798 - 1821, side 96 https://www.digitalarkivet.no/kb20070911630164 Thomas Thomassen Tolaas gifta seg 22. juni 1828 i Kleive kyrkje med Marith Olsdatter Røvighagen. Han er skriven husmann på garden. Han er ifylgje kyrkjeboka 26 år og ho er 24 år gammal. Forlovarar er Ole Olsen Kleve og Paul Kleve. Kjelde: Ministerialbok Protokollnr./tidsrom nr. 557A01/1818 – 1843 Møre og Romsdal fylke Bolsøy prgj. Kleive sokn https://www.digitalarkivet.no/kb20070911630592 Ved skiftet etter Thomas i 1849 er det ikkje oppgitt arvingar. Kan ikkje finne det i farta. Men ved folketeljinga i 1865 bur det ei plassenke med jord, Marit Olsdatter, på bruket. Ho har borna: Ole Tommesen, båtbygger, ugift, 25 år; Anders Tommesen, hjelper moderen, 23; og Ole Tommesen, hjelper moderen, og 19 år. Thomas eller Tommes er namn som er brukte på Ulleland-garden frå midten av 1800-talet og fram til nyare tid, men frå tida før finst namnet berre ein gong, nemleg ved folketeljinga i 1801, der vi finn Engebor Thommesdatter gift med brukaren Knut Justesen Ulleland. Men om ho er ein slektning av Thomas er vel heller usannsynleg. ? Etterkomarane til Thomas Thomassen Ulleland kan eg greitt fylgje vidare framover til vår tid, men det er forfedrene hans eg ikkje finn ut av. Ved å granske 1801-teljinga for Tolaas, kan eg ikkje finne nokon Thomas Thomasson der. Der er ingen Thomas i det heile så langt som eg kan sjå. I og med at Thomas Thomassen Ulleland går under namnet Tolaas når han gifter seg i 1828, er det vel rimeleg å tru at han vaks opp på Tolaas, men kva bruk under Tolaas er det snakk om? Og kva med faren Thomas Thomasson d.e.? Kvar kom han eigentleg ifrå? Var han berre innom Tolaas som dreng og er såleis kalla Tolaas i kyrkjeboka? Slikt skjedde vel, om eg ikkje tek feil. Kvar kom han i så fall frå? Og vaks Thomas Thomassen d.y. opp hos faren? Eller gifte Thomas d.e. seg med mor til Thomas d.y, Guri Erichsdatter Klevesøen? (Er ikkje sikker på om eg les namnet hennar rett). Her er det mange spørsmål å ta tak i, men spørsmålet er kvar det er mogeleg å finne svar? Kan nokon hjelpe?
  3. Fol. 265 b, https://www.digitalarkivet.no/sk20090130630274 Nederst til høyre står: 1 Broderen Elling Pedersen saavidt vides Garnison(?) (?) Trondhiem Øverst til venstre på neste side står: 2. Broderen Halvor Pedersen tjener(?) paa (?). Jeg har stirret på dette lenge uten å finne noe som passer. Skulle ønske disse protokollene ble skannet fra originalene. 🧐
  4. I kyrkjeboka for Bolsøy står dette om trulovinga mellom Mali Pedersdatter Røsberg og Ole Sjursen Roaldset: https://www.digitalarkivet.no/kb20070911620540 står dette: "Domc. Exaud. i Cleve, Troloved Pigen Mali Peders Datter Rosberg med Soldaten Ole Siursen Roalset, efter foregaaende Sessions Bevilling, og forsikring fra General auditør Klingberg at være andsvarlig for dend Kongelige tilladelse, at de som beslægtede maa Ægte hinanden, der er bortkommet for dem[?] " Mali Pedersdatter Røsberg og Ole Sjursen Roalset er altså nærslekta. I og med at dei trong kongeleg bevilling for å gifte seg, må dei vel vere tremenningar eller søskenbarn. Spørsmålet er korleis vi kan finne ut av dette? Frå slektsforumet i DISnorge har eg saksa fylgjande frå ein tråd frå 2011: http://www.disnorge.no/slektsforum/viewtopic.php?t=90134 Sitat: Forøvrig kan jo den Peder Olsen Lien som er konfirmert i 1776 ikke være Peder Olsen Stokke gift med Anna Amundsdtr. Nei, jeg tror det er Peder Olsen (Roaldset-)Lien som er 19 år ved konf. i 1776, og altså f.ca.1757. Ved FT-1801 er han på Roaldset (43år), gift med Mali Olsdatter (33år) og deres 3 barn. Peder og Mali giftet seg 15 Jun 1788 i Kleive kirke. Denne Peder er sønn av Ole Bottolvsen og Ingelev Sivertsdatter Roaldsetli. Kona Mali er datter av Ole Sjursen Roaldset og Mali Andersdatter Røstberg (Pedersdatter i Bolsøyboka må være feil). Mali Olsdatter er døpt 18 Apr 1767, hun er trolig feilført som Mali Sjursdatter Roaldset og 17 år ved konf. 03 Okt 1784 og hun er 20 år i skiftet av 02 Aug 1787 på Roaldset etter begge foreldrene. " Her er det sagt at Mali, kona til Ole Sjursen Roalset, ikkje hadde patronymet Pedersdatter, men Andersdatter, og er då truleg dotter til Anders Røsberg som er brukar på Røsberg i 1763. Sitat frå Bolsøyboka: "Røsberg eies i 1763 av nevnte Jacob J. Schultz. Leilendinger er Troen Røsberg og Anders Røsberg som bruker gården sammen, med 5 pund. Siden går den over i Peter N. Møllers eie (se under Moldegård) og selges av denne til oppsitterne til odelsbruk." Spørsmålet er om det er denne Anders Røsberg som er far til Mali, gift med Ole Sjursen Roalset? Og kva samband hadde i så fall Anders Røsberg og Sjur ( Roalset), far til Ole Sjursen Roalset, med kvarandre ? Var dei søskenbarn eller kanskje brør? Eller er slekskoblinga på morssida? I så fall veit vi lite eller ingenting om dei. Bolsøyboka fortel om garden Roaldset : "I 1763 er Marcus Friderich Bang eier. Opsidderne da er Esten Gjertsen, bruker 1 v., og soldat Ole Siursen, bruker 1 v. Esten var gift med Cirsten Jacobsdatter, de var barnløs. Han døde 1762. og det må være enken som driver gården. Hun ble senere gift igjen med Ole Sørensen Roaldset. Ole Sjursen var gift i 1759 med Mali Pedersdatter Røstberg, begge døde 1787 henholdsvis 55 og 54 år og ble lagt i samme grav. De hadde sønnen Sjur Olsen." Ved folketellinga i 1801 er sonen Peder ein av brukarane: "2. Familie : Peder Olsen, 43, Bonde og Gårdebruger, Mali Olsdtr., 33, begge i 1. ægteskab, deres Børn: Anna, 12, Mali, 9, Jngelev 3. Synøve Sivertsdtr., 70, ugivt, Konens Faster. Tjenestefolk: Sivert Olsen, 29, Martha Jonsdtr., 29, Ole Pedersen, 13." Her er nemnd ei Syneve Sivertsdatter 70 år og ugift, som er "konens faster", altså Mali Olsdatter si farsyster, syster til Ole Sjursen. Ole sin far heitte altså Sivert og ikkje Sjur, men desse to namna er vel ofte synonyme. Kan nokon hjelpe med dette?
  5. Eg syner til denne vigsli i Molde 25.6.1843 mellom Hans Andersen Monsen, bakarsvein, fødd Bergen 1819, og Anna Olsdotter Giertøe, 25 år: https://media.digitalarkivet.no/view/16056/136 Ein av trulovarane er Ole Giertøe, truleg far hennar!? FT1865 syner fødestaden hennar som Bolsøy: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1502&kenr=0084&bnr=0084&lnr=000 Men eg finn ikkje noki Anna Olsdotter fødd i Bolsøy som eg tykkjer «høver»! No ser eg at Gjertøy er eit gardsnamn på Hitra i Sør-Trøndelag, men kan Anna vera derifrå? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om opphavet til Anna Olsdotter!
  6. Min oldefar Peder Anton Hansen Øverland f. 21.09.1857 i Bolsøy kommune, Molde gifter seg med Kristianna Andersdatter Matberg f. 15.09.1858 på Matberg i Aukra, Møre-og Romsdal. Når de giftet seg har jeg ikke lykkes å finne. Deres første UEKTE barn Madsine ble født 06.09.1884 på Aukra. Hun ble døpt den 12.09.1884. Kilde: https://media.digitalarkivet.no/view/3816/49 Senere viser det seg at Peder Anton får en UEKTE datter i Ålesund i 1887 med Marta Sofie Karoline Petersdatter. I kirke bok oppgis det at det er henne 3.barn og barnefarens 2. barn. Kilde: https://media.digitalarkivet.no/view/5720/29000/35 Den 26.03.1888 får Peder Anton og hans kone Kristianna sitt andre barn som er min farfar Hans Andreas Hansen Øverland. Døpt: 10.04.1888 i Bolsøy. Han er oppført som ektefødt. Kilde: https://media.digitalarkivet.no/view/2696/13 Ut i fra dette så skal da min oldefar og oldemor være gift en gang mellom 1884 og 1888. Det har ikke lykkes meg å finne deres giftemål. Er det noen av dere på Digital arkivet som klarer å finne dette ? Når tid og hvor.
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.