Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'veøy'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 5 results

  1. Kring 1790 dukka det opp eit parfolk på Sørheim i Luster, Iver Sjurson og Kari Olsdotter. Eg mistenker dei for å vera identiske med eit par med desse namni på Indre Sandøy som gifte seg i Veøy i Romsdalen 29.5.1781, han ungkar og ho enkje: https://media.digitalarkivet.no/view/16043/118 Kari var mykje eldre enn Iver, og då ho døydde i Luster i 1793, gifte Iver seg att med ei jente frå Skjåk, Live Olsdotter Storlien! Eg kjenner til fire born i denne huslyden; ein son hadde Live med seg frå Skjåk, medan ho fekk tre døtrer med Iver i Luster. Yngste dotteri fekk namnet Gjørond, som KAN vera førenamnet til mor hans Iver...(?) Berre to av borni voks opp, og dei flytte båe frå Luster - truleg med mor deira attende til Skjåk! Dette er ein svært so utfordrande huslyd, som eg første gongen jobba med alt i 1984, men eg kjem ikkje so mykje lenger i dag, bortsett ifrå at eg nettopp oppdaga vigsli i Veøy!! Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ Iver Sjurson Drægnishaug, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) var f. ##### (dato og stad for fødsli hans? - kring 1754) og vart gravlagd frå Fortun 19.4.1810. Han gifte seg første gongen ##### (dato og stad for første vigsli hans? - kan det vera dei som 29.5.1781 gifte seg i Veøy båe busette indre Sandøy - ho var enkje! - https://media.digitalarkivet.no/view/16043/118 med Kari Olsdotter frå ##### (opphav og opplysningar elles? - f. kring 1736!) Men ho vart gravlagd frå Øyen under Sørheim ?.2.1793, og Iver gifte seg att i Luster 28.9.1793 med Live Olsdotter frå ##### (opphavet hennar? - Storlien i Skjåk?) Ho var dotter av ##### (foreldri hennar?) og f. i Skjåk ##### (dato og stad for fødsli hennar? - kring 1759) Iver var først husmann på Øyen under Sørheim, men han Live flytte først til Eide og kring 1796 til Drægnishaugen, og denne plassen hadde dei fram til kring 1804. Iver var sidan visstnok på legd. Som enkje flytte Live Olsdotter attende til Skjåk der ho ##### (truleg attgift i Skjåk 29.9.1815 med Thor Torstenson på Dalen i Skjåk - kan henda d. ho som husmannskone frå Kveen i Bratå i Skjåk 8.11.1841, 82 år gamal?) Me kjenner til fire born etter Iver Sjurson, som alle var frå andre ekteskapet med Live, som dessutan hadde ein son frå før: 1. Nils Torstenson, son av Live og ##### (Torsten Pederson frå Bø i Lom?) vart døypt i Skjåk 30.5.1784, men flytte med mor til Luster og voks delvis opp i Drægnishaugen. Nils Torstenson flytte frå Luster att, truleg i lag med mori, ##### (seinare lagnad?) 2. Kari Iversdotter (1793‑1794). 3. Kari Iversdotter, døypt 11.6.1795, Kari Iversdotter flytte til Skjåk med mori kort etter 1810 og gifte seg der 29.3.1822 med Hans Johannesson frå ##### (opphavet hans? - Skamsar?) ##### (lagnaden deira? - budde på Skjåksøygarden i Skjåk der dei fekk minst to born?) 4. Gjørond Iversdotter (1799‑1799). ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Jon Mamen

    Begravelse i 1840

    Edvard Hoem har skrevet boka Jordmor på jorda. Huset under Blåhammaren. Jeg har nettopp lest den og syns det er en mektig fortelling. Men et sted virket fortellingen for moderne. Det er i skildringen av begravelsen til jordmoras ektefelle Hans Olsen Nesje. I skildringen møter hele slekta opp og fyller Veøy kirke. Begravelsesseremonien skjer inne i kirka før følget går ut på kirkegården, sånn som vi gjør nå. Like før kista ble båret ut, gikk yngste sønnen fram og bukka dypt foran farens kiste, skriver Hoem. Her er innførselen i Veøy kirkebok https://www.digitalarkivet.no/kb20070904670518. Begravelsesdagen var 15. november. I 1840 var dette en søndag. Det vil si at det var vanlig messe i kirka. Jeg antar at presten etter gudstjenesten gikk ut på kirkegården og forretta jordpåkastelse. Hvorvidt gravfølget var til stede under gudstjenesten er ikke så godt å si. Jeg tror ikke de tok kisten inn i kirken, slik det skjer i boka. Jeg stiller dette spørsmålet her på forumet med håp om at noen kan utdype gravferdsskikken i 1840. Selv har jeg støtta med til boka Gudstjenestelivet i Den norske kirke fra reformasjonen til våre dager av Helge Fæhn.
  3. Følgjande barnedåp er innført i kyrkjeboki for Veøy 22.10.1758: * Mads Olson Remmeim's dotter Gjertrud: https://media.digitalarkivet.no/view/16042/222 På Eidhammer i Veøy budde i 1801 denne huslyden: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058422002444 og desse foreldri Mads Olson Misfjord og Gyri Nilsdotter Eidhammer gifte seg i Veøy 8.1.1758: https://media.digitalarkivet.no/view/16042/218 men om dette er den same Mads Olson som hausten 1758 budde på Remmeim, kan eg ikkje seia noko meir om utan lokal bistand... Eg freistar identifisera ei Gjertrud (Marie) Madsdotter som i 1784 gifte seg i Bergen med Gjert Gunderson frå Askvoll (med mor Anna). Eldste dotter hennar heitte Anna Gurine (oppkalling?) Personleg trur eg IKKJE kona til Gjert Gunderson kom frå Veøy, men eg manglar prov! PS: Eg har bladd igjennom konfirmantane for Veøy frå 1770-talet, og her fann eg konfirmert i 1778 Gjertrud Madsdotter Eidhammer: https://media.digitalarkivet.no/view/16043/280 Men FT1801 synte jo òg dei hadde ei dotter Gjertrud som då var 26 år gamal. Hadde dei verkeleg TO døtrer med same namn, eller er alderen frå 1801 feil? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Her følgjer so den eldste av tre brør frå Hauge i Luster som fór til Romsdalen på 1830-talet og som eg har greidd å finna ein del opplysningar om der oppe, men eg står fast på ein del detaljar, og no vonar eg på lokal ekspertise, eventuelt på hjelp frå ei bygdebok til å fylla dei siste «hòli»... Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Elling Erikson {Hauge}, døypt {i Luster} 5.1.1791, gifte seg i Luster 22.9.1834 med Kari Pedersdotter frå Lereim i Sogndal. Ho var dotter av husmann Peder Pederson på Rygg under Lereim, opphavleg frå Kvåle i Sogndal, og kona Kari Madsdotter og vart døypt i Sogndal 26.1.1802. Elling Erikson og kona Kari flytte alt i 1834 til Veøy i Romsdalen for å ta over ein husmannsplass under garden Vestad, men flytte snart etter vidare til plassen Voldbakken under Malme i Fræna der Elling d. som husmann 11.9.1844. Kari Pedersdotter d. som husmannsenkje frå Voldbakken 26.11.1864, då med opphald på Sande i Fræna. Elling og Kari fekk fem born i lag: a. Erik Ellingson, f. i Luster 20.9.1832, flytte med foreldri til Romsdalen i 1834 og d. som husmann på Oterhals i Aukra 11.3.1897. Erik gifte seg i Aukra 2.7.1865 med Karen Thorine Larsdotter frå Løvik i Aukra, f. i Aukra 7.4.1833. Ho d. som enkje på Oterhals 28.10.1905. Erik og Karen vart plassfolk på Gjerdet under Oterhals i Aukra og fekk fire born i lag. b. Peder Ellingson, f. i Veøy 2.8.1835, d. som kårmann på Oterhals i Aukra 29.10.1914. Peder flytte i ung alder til Aukra som lærar og gifte seg i Aukra 10.9.1871 med Ingeborg Anna Nilsdotter frå Magerøy i Aukra. Ho var f. i Aukra 1.1.1847 og d. som kårkone på Oterhals 17.9.1908. Peder og Ingeborg Anna vart gardbrukarar på Oterhals i Aukra der dei budde levetidi ut. Dei fekk åtte born i lag. c. Elling Ellingson, f. i Veøy 12.7.1837, d. som kårmann ##### (stemmer dette?) på Vollbakken, Malmedal i Fræna ##### (dødsdatoen hans?) 1912. Elling flytte i 1868 til Bergen, men kom snart attende til Fræna der han 3.6.1873 gifte seg med Ane Marie, kjend som Maria Pedersdotter frå Rindarøy, Bjørnsund søndre. Ho var f. i Fræna 28.10.1851 og d. som enkje på Bjørnsund søndre i Fræna ##### (dødsdatoen hennar? – kring 1945!?) ##### (yrke og bustad? – 1900: visstnok fiskar og husmann(?) på Nesset under Bjørnsund søndre i Fræna – elles kva?) Dei fekk sju born i lag. d. Carl Ellingson, f. i Fræna 27.11.1840, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1900!) Carl gifte seg i Fræna 23.6.1872 med Gjertrud Pedersdotter frå Sande øvre i Fræna, ei sonestedotter av husmann Claus Johnson på ein plass under Sommernes i Fræna (1791-1854), opphavleg husmannsson frå Kinserdalen under Urnes i Hafslo. Gjertrud var f. på Vindedal ##### (sjekka fødestaden! – Sagøyni?) i Lærdal 22.4.1844, ##### (eller skal datoen vera 28.4.?) men flytte med foreldri til Fræna i 1845 og d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – i Fræna!) 1914. Carl og Gjertrud vart gardbrukarar på Svinøy i Fræna, men var barnlause. e. Ingebrigt Olaus Ellingson, f. i Fræna 6.11.1843, miste livet under fiske på sjøen ved Bjørnsund 15.4.1893. Han gifte seg i Fræna 13.7.1879 med Beret Martha Olsdotter, f. på Bjørnsund søndre i Fræna 23.11.1848. Ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1900!! – budde då på Skarhaugen som enkje!) Ingebrigt og Beret var gardbrukarar på Skarhaugen, Tornes øvre i Fræna, men Ingebrigt var òg fiskar. Dei fekk tre born i lag. ##### (sjekka talet på born?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Dette er ogso ein huslyd som eg arbeidde med på 1980-talet, men som eg grunna manglande kjeldetilgong ikkje greidde å gjera so fullstendig som eg ønskte meg, sjølv om eg den gongen hadde kontakt med dålevande etterkomarar... Kanskje er no tidi kommi til å fylla ein del av dei «hòli» som framleis finst? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye og spennande funn er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #16 nedanfor! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.