Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'fræna'.



Flere søkevalg

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 5 resultater

  1. Dette er ein huslyd som eg har hatt liggjande på «teiknebrettet» sidan 1980-talet, men som eg aldri har greidd å gjera so mykje med. Kyrkjebøkene for dette området i Romsdalen har vore vanskeleg tilgjengelege, og eg har gått og venta på lokale bygdebøker som kanskje kan hjelpa? Eller finst det kan annan lokal ekspertise som kan hjelpa meg? Christen var ein av fleire brør som flytte til Romsdalen frå Luster på denne tidi, men eg kjem attende til dei hine. Her er eit oppdatert manuskript for huslyden til Christen og Anna: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #4 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Her følgjer so den eldste av tre brør frå Hauge i Luster som fór til Romsdalen på 1830-talet og som eg har greidd å finna ein del opplysningar om der oppe, men eg står fast på ein del detaljar, og no vonar eg på lokal ekspertise, eventuelt på hjelp frå ei bygdebok til å fylla dei siste «hòli»... Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Elling Erikson {Hauge}, døypt {i Luster} 5.1.1791, gifte seg i Luster 22.9.1834 med Kari Pedersdotter frå Lereim i Sogndal. Ho var dotter av husmann Peder Pederson på Rygg under Lereim, opphavleg frå Kvåle i Sogndal, og kona Kari Madsdotter og vart døypt i Sogndal 26.1.1802. Elling Erikson og kona Kari flytte alt i 1834 til Veøy i Romsdalen for å ta over ein husmannsplass under garden Vestad, men flytte snart etter vidare til plassen Voldbakken under Malme i Fræna der Elling d. som husmann 11.9.1844. Kari Pedersdotter d. som husmannsenkje frå Voldbakken 26.11.1864, då med opphald på Sande i Fræna. Elling og Kari fekk fem born i lag: a. Erik Ellingson, f. i Luster 20.9.1832, flytte med foreldri til Romsdalen i 1834 og d. som husmann på Oterhals i Aukra 11.3.1897. Erik gifte seg i Aukra 2.7.1865 med Karen Thorine Larsdotter frå Løvik i Aukra, f. i Aukra 7.4.1833. Ho d. som enkje på Oterhals 28.10.1905. Erik og Karen vart plassfolk på Gjerdet under Oterhals i Aukra og fekk fire born i lag. b. Peder Ellingson, f. i Veøy 2.8.1835, d. som kårmann på Oterhals i Aukra 29.10.1914. Peder flytte i ung alder til Aukra som lærar og gifte seg i Aukra 10.9.1871 med Ingeborg Anna Nilsdotter frå Magerøy i Aukra. Ho var f. i Aukra 1.1.1847 og d. som kårkone på Oterhals 17.9.1908. Peder og Ingeborg Anna vart gardbrukarar på Oterhals i Aukra der dei budde levetidi ut. Dei fekk åtte born i lag. c. Elling Ellingson, f. i Veøy 12.7.1837, d. som kårmann ##### (stemmer dette?) på Vollbakken, Malmedal i Fræna ##### (dødsdatoen hans?) 1912. Elling flytte i 1868 til Bergen, men kom snart attende til Fræna der han 3.6.1873 gifte seg med Ane Marie, kjend som Maria Pedersdotter frå Rindarøy, Bjørnsund søndre. Ho var f. i Fræna 28.10.1851 og d. som enkje på Bjørnsund søndre i Fræna ##### (dødsdatoen hennar? – kring 1945!?) ##### (yrke og bustad? – 1900: visstnok fiskar og husmann(?) på Nesset under Bjørnsund søndre i Fræna – elles kva?) Dei fekk sju born i lag. d. Carl Ellingson, f. i Fræna 27.11.1840, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1900!) Carl gifte seg i Fræna 23.6.1872 med Gjertrud Pedersdotter frå Sande øvre i Fræna, ei sonestedotter av husmann Claus Johnson på ein plass under Sommernes i Fræna (1791-1854), opphavleg husmannsson frå Kinserdalen under Urnes i Hafslo. Gjertrud var f. på Vindedal ##### (sjekka fødestaden! – Sagøyni?) i Lærdal 22.4.1844, ##### (eller skal datoen vera 28.4.?) men flytte med foreldri til Fræna i 1845 og d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – i Fræna!) 1914. Carl og Gjertrud vart gardbrukarar på Svinøy i Fræna, men var barnlause. e. Ingebrigt Olaus Ellingson, f. i Fræna 6.11.1843, miste livet under fiske på sjøen ved Bjørnsund 15.4.1893. Han gifte seg i Fræna 13.7.1879 med Beret Martha Olsdotter, f. på Bjørnsund søndre i Fræna 23.11.1848. Ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1900!! – budde då på Skarhaugen som enkje!) Ingebrigt og Beret var gardbrukarar på Skarhaugen, Tornes øvre i Fræna, men Ingebrigt var òg fiskar. Dei fekk tre born i lag. ##### (sjekka talet på born?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Min 3 G tippoldemor Maria Hansdatter (f. ca 1775 / d. 27.06.1848) ble gift med Hans Hansen (f. 1785 Nordre Bjørnsund, Fræna / d. 20.09.1845) og fikk tre barn: Erika, Hanne (Hanna) og Hans. Dette og aner for Hans Hansen finner jeg bla. i bygdebok for Fræna B1, hvor de er registrert som brukere av Nerhagen, bnr. 8. Jeg leter etter foreldrene til Maria Hansdatter. Det er kanskje henne jeg finner i folketelling 1801 som tjenestejente (26 år) under Løvik Nedre: https://www.digitalarkivet.no/ft20110325670302 Jeg finner ikke oversikt over viede i perioden rundt første fødsel (Erika f. 9.2.1812, Nordre Bjørnsund) for Fræna i Digitalarkivet. Maria Hansdatter er kanskje å finne i bygdebok for Fræna B2 ? Jeg har ikke tilgang på denne, men her er det kanskje noen som kan hjelpe - eller har andre kilder ?
  4. Denne huslyden jobba eg med på 1980-talet, men kjeldetilfanget var «vanskeleg», og eg laut gje meg på å få tak i alle detaljane. Jacob og Anna fekk heile 17 born, men so vidt eg veit, var det berre sonen Anders i Amerika som vart gift av dei. Dette kjem òg fram av skiftet etter dotteri Ingeborg som døydde ugift i Fræna i 1926, men eg har ved leiting i kveld fått ein mistanke om at kanskje broren Ole òg var gift i Amerika(?), sjølv om skiftet seier noko anna.... Skiftet frå 1926 har eg diverre ikkje for handi! No er utfordringi å finna ut kvar det vart av alle desse borni, søskeni av Ingeborg, som skulle vera avlidne før 1926 utan å etterlata seg livservingar! Kanskje er det nokon med lokal kunnskap i Fræna som kan bidra med litt hjelp? Finst det eventuelt ei bygdebok som dekker denne delen av Fræna? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ NB> Etter mange nye opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #17 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  5. Denne utfordringi tek utgongspunkt i tema #84042 frå det gamle brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/169376-84042-claus-johnson-og-anna-olsdotter-frå-hafslo-til-bud-og-til-sommernes-i-fræna/?tab=comments#comment-1449255 og har likeins referansar til følgjande tema som i 2013 vart innlagt til Statsarkivet i Trondheim: https://forum.arkivverket.no/topic/188675-dødsmeldingar-eller-skifte-fræna-i-romsdalen-1850-1854-1892-1906-1902/?tab=comments#comment-1597676 Som det går fram av det oppdaterte manuskriptet mitt, slit eg med to spørsmål i samband med denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~ Claus Johnson Sommernæs, frå Kinserdalen, var f. i Hafslo kring 1791 og gifte seg i Hafslo 19.4.1824 med Anna Olsdotter, opphavleg frå Joranger nedre, men dels oppvaksi som fosterbarn på Li nedre. Ho vart døypt i Hafslo 12.1.1794. Claus og Anna busette seg som plassfolk i Kinsedalen, truleg på ein ny plass her i Botnen, og her vart dei buande fram til 1831. Claus og Anna flytte i 1831 til Bud i Romsdalen der dei ei kort tid var gardbrukarar på garden Farstad, men ikkje lenge etter flytte dei vidare til Fræna der me finn dei att som husmannsfolk på ein plass under Sommernes. ¤¤¤¤¤ (kanskje dei budde på Myri under Sommernes der sonen Ole sidan vart husmann??) Anna d. som husmannskone på Sommernes 31.3.1850, medan Claus d. som husmann same staden 13.11.1854. Dei fekk seks born i lag: a. John Clausson, døypt i Hafslo 23.11.1817, flytte med foreldri til Bud i 1831 og ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?) b. Hans Clausson, f. i Hafslo 21.7.1824, flytte med foreldri til Bud i 1831 og sidan vidare til Sommernes i Fræna, men vart spedalsk og flytte i 1841 inn på Reknes hospital i Molde der han d. ugift 16.10.1848. c. Ole Clausson, f. i Hafslo 1.8.1826, flytte i 1831 med foreldri til Bud og d. som husmann på Sommernes i Fræna 21.6.1892. Ole flytte i 1851 til Nordland, men kom snart attende til Fræna og gifte seg der 18.11.1855 med Anna Christensdotter frå Sommernes i Fræna, dotter av gardbrukar Christen Torgerson på Sommernes (1808-1889), opphavleg gardbrukarson frå Nes i Luster. Anna var f. i Luster 9.3.1828, men flytte til Romsdalen med foreldri sine i 1830 og d. som husmannsenkje på Sommernes 4.12.1906. Ole og Anna vart plassfolk på Myri under Sommernes og fekk fire born i lag. d. Gjert Clausson, f. i Hafslo 23.2.1829, flytte òg med foreldri til Bud i 1831 og d. som kårmann på Sande i Fræna 4.5.1902. Gjert gifte seg i Fræna 15.7.1860 med enkja Anna Pedersdotter, opphavleg frå Lærdalsøyri i Lærdal. Ho var f. i Lærdal 4.12.1815 og d. som kårkone på Sande 2.1.1898. Anna hadde før vore gift med gardbrukar Peder Larsson på Sande øvre i Fræna (1812-1855), opphavleg frå Vindedal i Lærdal og ein son av gardbrukardotteri Gjertrud Pedersdotter frå Skildeim i Luster (1771-1844) (s.d.). Gjert tok over styringi av garden på Sande øvre i Fræna då han gifte seg med enkja, og vart buande her levetidi ut. Gjert og Anna fekk ikkje born i lag. e. Berit Clausdotter, f. i Bud 10.8.1832, vart spedalsk og flytte i 1852 og på ny i 1853 inn på Reknes hospital der ho d. 24.1.1857. Ho var ugift, men hadde ei dotter. f. Christopher Clausson, f. i Fræna 22.6.1840, d. ugift på Sommernes 6.8.1862 etter han hadde vore sjuk i tre år. ~~~~~~~~~~~~~~~ Desse spørsmåli står altso att å løysa her: ** Bustaden til Claus og Anna etter dei flytte til Sommernes i Fræna? ** Og lagnaden til sonen John Clausson? Eg har til dømes aldri greidd å finna denne guten konfirmert!? Det siste av desse spørsmåli var drøfta i emnet som Statsarkivet i Trondheim i si tid fekk til handsaming (men der eg aldri fekk noko svar...), medan det første kanskje kan løysast gjennom den nye bygdeboki som no skal liggja føre(?) for denne delen av Fræna, men som eg ikkje har tilgjenge til? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.