Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'malme'.



Flere søkevalg

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 1 resultat

  1. Her følgjer so den eldste av tre brør frå Hauge i Luster som fór til Romsdalen på 1830-talet og som eg har greidd å finna ein del opplysningar om der oppe, men eg står fast på ein del detaljar, og no vonar eg på lokal ekspertise, eventuelt på hjelp frå ei bygdebok til å fylla dei siste «hòli»... Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Elling Erikson {Hauge}, døypt {i Luster} 5.1.1791, gifte seg i Luster 22.9.1834 med Kari Pedersdotter frå Lereim i Sogndal. Ho var dotter av husmann Peder Pederson på Rygg under Lereim, opphavleg frå Kvåle i Sogndal, og kona Kari Madsdotter og vart døypt i Sogndal 26.1.1802. Elling Erikson og kona Kari flytte alt i 1834 til Veøy i Romsdalen for å ta over ein husmannsplass under garden Vestad, men flytte snart etter vidare til plassen Voldbakken under Malme i Fræna der Elling d. som husmann 11.9.1844. Kari Pedersdotter d. som husmannsenkje frå Voldbakken 26.11.1864, då med opphald på Sande i Fræna. Elling og Kari fekk fem born i lag: a. Erik Ellingson, f. i Luster 20.9.1832, flytte med foreldri til Romsdalen i 1834 og d. som husmann på Oterhals i Aukra 11.3.1897. Erik gifte seg i Aukra 2.7.1865 med Karen Thorine Larsdotter frå Løvik i Aukra, f. i Aukra 7.4.1833. Ho d. som enkje på Oterhals 28.10.1905. Erik og Karen vart plassfolk på Gjerdet under Oterhals i Aukra og fekk fire born i lag. b. Peder Ellingson, f. i Veøy 2.8.1835, d. som kårmann på Oterhals i Aukra 29.10.1914. Peder flytte i ung alder til Aukra som lærar og gifte seg i Aukra 10.9.1871 med Ingeborg Anna Nilsdotter frå Magerøy i Aukra. Ho var f. i Aukra 1.1.1847 og d. som kårkone på Oterhals 17.9.1908. Peder og Ingeborg Anna vart gardbrukarar på Oterhals i Aukra der dei budde levetidi ut. Dei fekk åtte born i lag. c. Elling Ellingson, f. i Veøy 12.7.1837, d. som kårmann ##### (stemmer dette?) på Vollbakken, Malmedal i Fræna ##### (dødsdatoen hans?) 1912. Elling flytte i 1868 til Bergen, men kom snart attende til Fræna der han 3.6.1873 gifte seg med Ane Marie, kjend som Maria Pedersdotter frå Rindarøy, Bjørnsund søndre. Ho var f. i Fræna 28.10.1851 og d. som enkje på Bjørnsund søndre i Fræna ##### (dødsdatoen hennar? – kring 1945!?) ##### (yrke og bustad? – 1900: visstnok fiskar og husmann(?) på Nesset under Bjørnsund søndre i Fræna – elles kva?) Dei fekk sju born i lag. d. Carl Ellingson, f. i Fræna 27.11.1840, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1900!) Carl gifte seg i Fræna 23.6.1872 med Gjertrud Pedersdotter frå Sande øvre i Fræna, ei sonestedotter av husmann Claus Johnson på ein plass under Sommernes i Fræna (1791-1854), opphavleg husmannsson frå Kinserdalen under Urnes i Hafslo. Gjertrud var f. på Vindedal ##### (sjekka fødestaden! – Sagøyni?) i Lærdal 22.4.1844, ##### (eller skal datoen vera 28.4.?) men flytte med foreldri til Fræna i 1845 og d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – i Fræna!) 1914. Carl og Gjertrud vart gardbrukarar på Svinøy i Fræna, men var barnlause. e. Ingebrigt Olaus Ellingson, f. i Fræna 6.11.1843, miste livet under fiske på sjøen ved Bjørnsund 15.4.1893. Han gifte seg i Fræna 13.7.1879 med Beret Martha Olsdotter, f. på Bjørnsund søndre i Fræna 23.11.1848. Ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1900!! – budde då på Skarhaugen som enkje!) Ingebrigt og Beret var gardbrukarar på Skarhaugen, Tornes øvre i Fræna, men Ingebrigt var òg fiskar. Dei fekk tre born i lag. ##### (sjekka talet på born?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.