Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'ulleland'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 1 result

  1. Thomas Thomassen Ulleland vart fødd ikring 1802. Då han gifta seg i 1828 er det skrive at han var 26 år gammal,. og med bakgrunn av det, er det vel rimeleg å tenkje seg at han vart fødd rundt 1802 med litt feilmargin. Utifrå ei dåpsinnføring i kyrkjeboka for Kleive 29. oktober 1802 kan det sjå ut som Thomas var uekte son til Thomas Thomasson Tolaas og Guri Erichsdatter Klevesøen, unnfanga ved leiermål. Kjelde: Ministerialprotokoll, Bolsøy prestegjeld, Kleive sokn Protokollnr./tidsrom nr. 555A02 /2/1798 - 1821, side 96 https://www.digitalarkivet.no/kb20070911630164 Thomas Thomassen Tolaas gifta seg 22. juni 1828 i Kleive kyrkje med Marith Olsdatter Røvighagen. Han er skriven husmann på garden. Han er ifylgje kyrkjeboka 26 år og ho er 24 år gammal. Forlovarar er Ole Olsen Kleve og Paul Kleve. Kjelde: Ministerialbok Protokollnr./tidsrom nr. 557A01/1818 – 1843 Møre og Romsdal fylke Bolsøy prgj. Kleive sokn https://www.digitalarkivet.no/kb20070911630592 Ved skiftet etter Thomas i 1849 er det ikkje oppgitt arvingar. Kan ikkje finne det i farta. Men ved folketeljinga i 1865 bur det ei plassenke med jord, Marit Olsdatter, på bruket. Ho har borna: Ole Tommesen, båtbygger, ugift, 25 år; Anders Tommesen, hjelper moderen, 23; og Ole Tommesen, hjelper moderen, og 19 år. Thomas eller Tommes er namn som er brukte på Ulleland-garden frå midten av 1800-talet og fram til nyare tid, men frå tida før finst namnet berre ein gong, nemleg ved folketeljinga i 1801, der vi finn Engebor Thommesdatter gift med brukaren Knut Justesen Ulleland. Men om ho er ein slektning av Thomas er vel heller usannsynleg. ? Etterkomarane til Thomas Thomassen Ulleland kan eg greitt fylgje vidare framover til vår tid, men det er forfedrene hans eg ikkje finn ut av. Ved å granske 1801-teljinga for Tolaas, kan eg ikkje finne nokon Thomas Thomasson der. Der er ingen Thomas i det heile så langt som eg kan sjå. I og med at Thomas Thomassen Ulleland går under namnet Tolaas når han gifter seg i 1828, er det vel rimeleg å tru at han vaks opp på Tolaas, men kva bruk under Tolaas er det snakk om? Og kva med faren Thomas Thomasson d.e.? Kvar kom han eigentleg ifrå? Var han berre innom Tolaas som dreng og er såleis kalla Tolaas i kyrkjeboka? Slikt skjedde vel, om eg ikkje tek feil. Kvar kom han i så fall frå? Og vaks Thomas Thomassen d.y. opp hos faren? Eller gifte Thomas d.e. seg med mor til Thomas d.y, Guri Erichsdatter Klevesøen? (Er ikkje sikker på om eg les namnet hennar rett). Her er det mange spørsmål å ta tak i, men spørsmålet er kvar det er mogeleg å finne svar? Kan nokon hjelpe?
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.