Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'thomas'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 2 resultater

  1. Johannes Torkildson (1832-1914) og Ingeborg Andersdotter (1830-1901), plassfolk på Hesjebakken under Rønnei i Luster, hadde i alt fem born. To av desse utvandra til Amerika, og slektningane i Noreg har i mange år spekulert på kvar det vart av dei i Amerika. Eg har freista fleire gongar før (med direkte forskingsinnsats), men aldri komme nokon veg. Kanskje er tidi no inne? * Dyre Johannesson, fødd i Luster 6.6.1859, utvandra i 1883 * Thomas Johannesson, fødd i Luster 28.12.1864, utvandra i 1884 Slekti i Noreg fortel følgjande: Ein av brørne skal ved eit ulukkeshende i ungdomsåri ha mist ein arm. Elles meiner dei å ha høyrt at ein av dei to på 1920-talet vart «observert» av andre emigrantar frå Luster i Williston, Williams Co., ND. Dyre-namnet vart av andre emigrantar frå dette nabolaget i Luster omsett til David i Amerika, og eg reknar med dei nytta Johnson som ættenamn... Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Thomas Thomassen Ulleland vart fødd ikring 1802. Då han gifta seg i 1828 er det skrive at han var 26 år gammal,. og med bakgrunn av det, er det vel rimeleg å tenkje seg at han vart fødd rundt 1802 med litt feilmargin. Utifrå ei dåpsinnføring i kyrkjeboka for Kleive 29. oktober 1802 kan det sjå ut som Thomas var uekte son til Thomas Thomasson Tolaas og Guri Erichsdatter Klevesøen, unnfanga ved leiermål. Kjelde: Ministerialprotokoll, Bolsøy prestegjeld, Kleive sokn Protokollnr./tidsrom nr. 555A02 /2/1798 - 1821, side 96 https://www.digitalarkivet.no/kb20070911630164 Thomas Thomassen Tolaas gifta seg 22. juni 1828 i Kleive kyrkje med Marith Olsdatter Røvighagen. Han er skriven husmann på garden. Han er ifylgje kyrkjeboka 26 år og ho er 24 år gammal. Forlovarar er Ole Olsen Kleve og Paul Kleve. Kjelde: Ministerialbok Protokollnr./tidsrom nr. 557A01/1818 – 1843 Møre og Romsdal fylke Bolsøy prgj. Kleive sokn https://www.digitalarkivet.no/kb20070911630592 Ved skiftet etter Thomas i 1849 er det ikkje oppgitt arvingar. Kan ikkje finne det i farta. Men ved folketeljinga i 1865 bur det ei plassenke med jord, Marit Olsdatter, på bruket. Ho har borna: Ole Tommesen, båtbygger, ugift, 25 år; Anders Tommesen, hjelper moderen, 23; og Ole Tommesen, hjelper moderen, og 19 år. Thomas eller Tommes er namn som er brukte på Ulleland-garden frå midten av 1800-talet og fram til nyare tid, men frå tida før finst namnet berre ein gong, nemleg ved folketeljinga i 1801, der vi finn Engebor Thommesdatter gift med brukaren Knut Justesen Ulleland. Men om ho er ein slektning av Thomas er vel heller usannsynleg. ? Etterkomarane til Thomas Thomassen Ulleland kan eg greitt fylgje vidare framover til vår tid, men det er forfedrene hans eg ikkje finn ut av. Ved å granske 1801-teljinga for Tolaas, kan eg ikkje finne nokon Thomas Thomasson der. Der er ingen Thomas i det heile så langt som eg kan sjå. I og med at Thomas Thomassen Ulleland går under namnet Tolaas når han gifter seg i 1828, er det vel rimeleg å tru at han vaks opp på Tolaas, men kva bruk under Tolaas er det snakk om? Og kva med faren Thomas Thomasson d.e.? Kvar kom han eigentleg ifrå? Var han berre innom Tolaas som dreng og er såleis kalla Tolaas i kyrkjeboka? Slikt skjedde vel, om eg ikkje tek feil. Kvar kom han i så fall frå? Og vaks Thomas Thomassen d.y. opp hos faren? Eller gifte Thomas d.e. seg med mor til Thomas d.y, Guri Erichsdatter Klevesøen? (Er ikkje sikker på om eg les namnet hennar rett). Her er det mange spørsmål å ta tak i, men spørsmålet er kvar det er mogeleg å finne svar? Kan nokon hjelpe?
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.