Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'north dakota'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 19 resultater

  1. Dette spørsmålet var oppe til drøfting for eit par år sidan - anten på denne lista eller på den norske Rootsweblista i Amerika. Truleg var det i 2019 då eg var svært sjuk, og eg finn ikkje att konklusjonane av debatten. Kanskje kan nokon hjelpa meg? Jacob Sophus Anderson, visstnok kjend som J. S. Anderson, var fødd i Tysfjord 25.7.1866, men utvandra til Amerika i 1893, då han «stakk av» frå ei jente som var kommi «i uløkka». Me veit at han i Amerika arbeidde som kontormann, men han døydde i ung alder, truleg kring 1903. Han var kontormann og kyrkjelydssekretær i ein mindre by i eller nær Barnes Co., ND, og han skal vera avliden av tuberkulose. Eg har sett ymse lokale avisskriveriar om denne karen, men, som sagt, eg finn ikkje desse notati att! Eg ville sett stor pris på om nokon kunne hjelpa meg finna att opplysningane om Jacob Sophus og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Eg prøver å finne ut om dette paret er identisk med; https://www.findagrave.com/memorial/138253865/anders-a-overeide & https://www.findagrave.com/memorial/138253866/oline-overeide og kva som skjedde med barna deira. g. 1860: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000037012 https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000589147 Far i 1860 Andrine f 8.12.1860 https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000004937775 https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000003605878 Far i 1863 Samuel f. 16.8.1963 https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000004337081 https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000003606259 FT1865: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038272006013 Far i 1872 Elling f. 10.12.1870 https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000003601213 Flytter til Bolsøy: https://www.digitalarkivet.no/view/291/pu00000000011033 FT1875: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052345002787 (bst. Hjelseth) - kon sonen Elling bur saman med foreldra. Far i 1877 Anders Olai 14.9.1877 https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000018548516 Når emigrerte dei? ***************** Dottera Andrine ved FT1875: FT1875: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052320001730 Sonen Samuel ved FT1875: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052320001709 Sonen Samuel emigrerte nok i 1881: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000666039 Eg trur det er sonen Elling aka Alex aka Alix Anderson vi finn at her: https://www.findagrave.com/memorial/59590081/alix-anderson Og at det er han som gifter seg 24 Aug 1893 i Cass, North Dakota, USA med Bertha D. Anderson. Sjå også COD vedlagt: ***************** Dette ekteparet (Anders og Oline) var også nemde i ein debatt i 2009-2010, då fim etterlysning etter sonen Samuel A. (Eikrem).
  3. Dette er eit «mysterium» som eg har slite med i over 40 år. Kanskje tidi no er kommi til å finna ei løysing på gåta? Sølfest Christenson Ottum (1835-1911) og Sara Torstensdotter Nordgulen (1826-1921) utvandra frå Luster i 1866 og farma mange år i Buffalo Co., WI, men flytte kring 1890 til Lisbon, Ransom Co., ND der i alle fall dei to eldste døtrene var gifte og busette, og truleg var ogso yngste dotteri busett der: Ingeborg Torena, kjend som Torena Ottum, fødd i Buffalo Co., WI 29.6.1867, skal ifølgje opplysningar eg fekk hjå søsterborni hennar i 1979 (ei av søstrene var gift med ein tremenning av min eigen oldefar) ha gift seg kring 1888, anten i Wisconsin eller i North Dakota, med ein Nels Erickson, som me ikkje veit noko om opphavert til... Dei skal ha hatt fire born, men Torena døydde på 1890-talet, og som enkjemann skal Nels Erickson ha flytt med borni deira til British Columbia! Og der sluttar alle spor! Er det nokon som kan hjelpa meg freista finna ut kvar det kan ha vorte av denne huslyden? * Kven var Nels Erickson? * Dødsfallet til Torena? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Eg har fått i oppdrag å finna nolevande etterkomarar etter desse fire brørne, alle fødde i Minnesota som born av Jetmund Olson Myklemyr frå Jostedalen: ~~~~~~~~~~~~~~ * Ole G. Jackman, f. i Goodhue Co., Minn. 17.8.1867, d. i Moose Lake, Minn. 19.12.1918. Han gifte seg i Houston Co., Minn. 24.6.1901 med Carrie Elva Rodgers, f. i Clay Co., Minn. 24.9.1875. Ho d. i Winona, Minn. 6.12.1966. Ole Jackman var skuleinspektør («school superintendant»), og han og Carrie budde fleire stader i North Dakota og i Minnesota, men enkja var frå 1927 busett i Winona, Winona Co., Minn. Dei fekk fire born i lag. * Marcus «Martin» Jackman, f. i Goodhue Co., Minn. 10.4.1869, d. i Lemmon, S.D. 4.11.1940. Martin gifte seg første gongen i Lac qui parle Co., Minn. 10.1.1895 med Anna P. Johnson, f. i Illinois 31.12.1872. Men Anna d. i Bellingham, Minn. alt 16.2.1897, og Martin gifte seg att i Wheaton, Minn. 29.7.1903 med Christine Ingman. Ho var f. i Värmland i Sverige 4.2.1884, men utvandra i ung alder til Amerika og d. i Miles City, Mont. 25.5.1971. Martin Jackman var maskinseljar («salesman for machine companies») og budde for det meste i Lemmon, Perkins Co., S.D. Han fekk to søner, som båe var frå andre ekteskapet. * John Jackman, f. i Goodhue Co., Minn. 12.2.1871, d. i Hamilton, Mont. 22.6.1958. Han gifte seg i Lac qui parle Co., Minn. 19.3.1896 med Minnie Johnson. Ho var f. i Wisconsin 10.2.1871 og d. i Hamilton, Mont. 7.4.1949. John og Minnie Jackman farma nær Hamilton, Ravalli Co., Mont. og fekk to born i lag. * Peder «Peter» Jackman, f. i Goodhue Co., Minn. 4.5.1873, d. i Williston, N.D. 1.11.1953. Han gifte seg i Williston, ND 6.6.1904 med Lena C. «Carrie» Hanson, f. i Minnesota 15.5.1878. Ho d. i Williams Co., N.D. 27.3.1920. Peter og Carrie farma i Oliver township, Williams Co., N.D. og fekk åtte born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~ For å komplettera manuskriptet mitt ville eg dessutan vera svært interessert i hjelp til å finna følgjande detaljar: ** Marcus «Martin» Jackman - detaljar om fødsli til 1ste kona Anna P. Johnson - f. Illinois 31.12.1872? ** Marcus «Martin» Jackman - detaljar om det svenske opphavet til andre kona Christine Ingman - f. Wärmland i Sverige 4.2.1884 - utvandra?? ** John Jackman - detaljar om namn og fødsli til kona Minnie Johnson - f. Wisconsin 10.2.1871? ** Peter Jackman - detaljar om namn og fødsli til kona Lena C. «Carrie» Hanson - f. i Minnesota 15.5.1878? Eg vil tru at mange av svari kan finnast om OBITUARIES kan finnast for desse personane, men hjå Newspapers.com harf eg ikkje greidd å finna nokon av dei...!? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Eg trur vi aldri heilt kom i mål med denne karen (i 2008) - kvar enda han sine dager? Er han mogeleg å spore opp no i 2021 Han var f. 18.3.1895, men ser det også står 17.3.1895 og 7.3.1895 enkelte stader i amerikanske kjelder. Mora hans dø i 1931 og eg fekk denne info: Dødsmeldinga nemner Ludvik, født 17. mars 1895, bodde i Barnay, N. Dak., USA. (Yngve Nedrebø, SAB / DA) Søk på Ancestry gir følgande uten for mykje variant-søk:
  6. De får sønnen Gunner K Opgaard 8. juli 1887 - 9. okt 1951 som gifter seg med Mabelle Evena Revland i 1912 I 1920 United States Føderale folketelling Mable Opgaard Kjønn:Kvinne Født:Ca. 1890 Iowa, United States Bosted:1920 Ransom, North Dakota, USA Alder:30 Ektskapsstatus:Gift Rase:Hvit Entisitet:American Kan lese:Ja Kan skrive:Ja Mann:Gommer Opgaard Mvh Ivar
  7. Eg hadde direkte kontakt med huslyden til John Bollingberg då eg første gongen jobba med denne huslyden på 1980-talet, men alt den gongen var det flere detaljar eg aldri greidde å finna ut av, og noko har òg skjedd etter den tid, særleg med omsyn til dødsfall... Andre kona til John Bollingberg var ei søster av dei i eit anna tema etterlyste søstrene frå Kalhagen i Luster: https://forum.arkivverket.no/topic/270503-søstrene-anna-sophie-1866-og-britha-1874-knudsdøtrer-kalhagen-frå-luster-til-amerika-forsvinn-i-minneapolis-mn/ Det hadde vore kjekt om nokon kunne hjelpa meg finna svar på nokre av dei siste utfordringane i denne huslyden... Her følgjer eit oppdatert manuskript for huslyden til John Bollingberg: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i Innlegg #20 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  8. Huslyden til husmann Jacob Janson på Salbuneset under garden Talle i Luster har vore ei kjempeutfordring sidan tidleg på 1980-talet. Med mange nye kjelder som er tilkomne sidan eg første gongen jobba med denne huslyden, har eg greid å løysa ein del «floker», men no har eg nådd «veggen»! Kanskje kan nokon sjå litt på denne huslyden og tipsa meg om mogelege tilleggsløysingar? Lat meg berre kort leggja til at dotteri Margretha og mannen Erik budde i Fillmore Co., MN til dei i 1886 flytte til Eddy Co., ND, utan at eg har finne nokon av dei to «forsvundne» borni der, Anna eller Jan! Når det gjeld Sina (Sitona?) Thompson, har ulike FT ulike utvandringsår, men alle er frå 1890-talet. Slik ser manuskriptet mitt ut pr. i dag: ~~~~~~~~~~~~~~~~ Jacob Janson Talle, son av føregåande husmann og herifrå plassen, vart døypt 11.4.1816 og d. som husmann og enkjemann på Talle 2.11.1901. Jacob gifte seg første gongen i Luster 10.7.1851 med Kirstina Johnsdotter frå Berget under Fet i Hafslo. Ho var f. i Gulen 30.11.1825 og d. som husmanns­kone på Talle 5.5.1875. Jacob gifte seg so att 23.5.1879 med enkja Elisabeth Sørensdotter, opphavleg frå Vigdalen. Ho var f. 13.8.1823 og hadde før vore gift med gardbrukar og enkjemann Knut Ingebrigtson på Bringe (1804-1878). Elisabeth d. som husmannskone på Talle 31.3.1891. Jacob fekk alt 30.5.1843 feste på heimeplassen på Salbuneset mot kår til foreldri, og han vart siste husmannen her. Då han fall ifrå i 1901, vart plassen nedlagd, og jordi gjekk attende til garden, men stovehuset vart sidan utleigt i mange år. Jacob i Neset fekk fire born, som alle var frå første ekteskapet: 1. Johannes Jacobson, f. 18.9.1850, John Jacobson utvandra til Amerika i 1874 og budde nokre år i Fillmore Co., Minn., men gifte seg første gongen i St. Paul, Minn. 6.11.1882 med Anna Nilsdotter frå Møllarhaugen under Kvale, i Amerika kjend som Anna Nelson. Ho var f. i Luster 18.5.1863 og utvandra til Amerika i 1880. John Jacobson var ei tid barvert («saloon keeper») i Moorhead, Clay Co., Minn., men han og Anna flytte sidan til Barnesville, Clay Co., Minn. der John var jarnbanearbeidar («railroad worker»). Anna d. i Barnesville, Minn. alt 9.12.1892, og ##### (date and place of his 2nd marriage? - FT1900 says 1896!) gifte John gifte seg att med enkja ##### (original name from Norway? – opphavet hennar? – kalla Segtina i 1920!! – kanskje Sitona frå Sogn?) då kjend som Sina Thompson. Ho var dotter av ##### (foreldri hennar med yrke, bustad og opphav?) og f. ##### (fødestaden hennar? – sjekka datoen?) 15.12.1855 ##### (opplysningar om første ekteskapet hennar? – FT1910: she in 2nd marriage!) men utvandra til Amerika i 1891, ##### (sjekka utvandringsåret? – FT1900 says 1892!) John og Sina flytte til Churchs Ferry, Ramsey Co., N.D. der John var butikkmann («clerk»). ##### (FT1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6P63-2CN Sidan flytte dei til Leeds, Benson Co., N.D. der John var jarnbanearbeidar og sidan ingeniør ved lysverket («railroad worker and municipal light plant operating engineer»). ##### (FT1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRKC-LTT ##### (FT1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRXX-4PC ##### (FT1930: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRCM-ZNR Han d. i Leeds, N.D. 20.1.­1929, medan andre kona Sina d. i McVille, N.D. 26.10.1943. Me veit sikkert om tre born etter John Jacobson, og dei var alle frå første ekteskapet: ##### (more children who died in infancy? – FT1910 says about Sina: 1 child and one alive!) a. Julius Jacobson, f. i Clay Co., Minn. 8.10.1883, d. i San Diego, Cal. 19.11.1965. Han gifte seg i St. Paul, Minn. 5.11.1907 med Harriet Marie Porter. Ho var f. i Olmsted Co., Minn. 4.11.1884 og d. i Rochester, Minn. 15.4.1941. Julius og Harriet budde først ei tid i Alexander, McKenzie Co., N.D., men flytte kring 1920 til Rochester, Olmsted Co., Minn. der Julius var postfunksjonær og sidan hotellarbeidar («post office clerk and hotel clerk»). Han og Harriet fekk tre born i lag. b. Christie Jacobson, f. i Clay Co., Minn. 8.3.1886, d. i Clay Co., Minn. 9.5.1886. c. Annie Jacobson Hoium, f. i Clay Co., Minn. 8.4.1892, d. i Harbor City, Cal. 18.4.1978. Annie vart morlaus før ho var året gamal og vart kort etter hundreårsskiftet adoptert av husmannssonen Anders Jensson frå Trondviki under Høyeim (1845-1927) og kona hans. Ho voks såleis opp på ein farm i Parke township, Clay Co., Minn. og gifte seg i Clay Co., Minn. 29.10.1919 med Austin Benjamin, kjend som Bennie A. Trovaten, f. i Cass Co., N.D. 2.6.1894. Han d. i San Diego, Cal. 1.3.1967. Bennie var butikkbetjent og postfunksjonær («store clerk and postal clerk»), og han og Annie budde i Barnesville, Clay Co., Minn. Men dei vart separerte alt i 1924, og Annie livnærte seg sidan som fabrikkarbeidar («fac­tory worker»), frå 1943 i Long Beach, Los Angeles Co., Cal. Bennie flytte til California i 1939 og gifte seg ##### (date and place of his 2nd marriage? – in Arizona!) att med Irene Ann Eleanor Ackelbein. Ho var f. i Crawford Co., Ia. 8.11.1915 og d. i San Diego, Cal. 29.12.1978. Dei busette seg i San Diego, San Diego Co., Cal. der Bennie livnærte seg som flymekanikar («aircraft mechanic»), medan Irene var revisor («auditor»). Bennie fekk i alt fem born; av desse var ei dotter frå første ekteskapet med Annie Hoium. 2. Margretha Jacobsdotter (1853-1942), vart gift med hus­mannssonen Erik Nilsson frå Møllarhaugen under Kvale (1857-1924). 3. Anna Jacobsdotter, f. 8.11.1858, Anna Jacobson utvandra til Amerika i 1880, ##### (lagnaden hennar? – kvar vart ho av? – was never heard from again!) 4. Jan Jacobson, f. 23.7.1863, Jan Jacobson utvandra til Amerika i 1881, ##### (lagnaden hans? – søskeni trudde han var avliden då det i 1901 vart halde skifte etter faren i Luster!) ~~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  9. Eg har i mange år spekulert på opphavet til denne Karen Marie Christophersdotter «Swenson» som kring 1892 gifte seg i Amerika med Jørgen Jørgenson Havelden, alias George Flamer frå Luster. No har eg oppdaga at ho må vera dotter til den Christopher Svendson som vert drøfta i dette family-treet på ancestry: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/105990433/person/330060928519/facts men Christopher og kona ser ut til å ha flytt ein god del på seg, so kvar Karen Marie eigentleg voks opp, veit eg ikkje... Kanskje er det nokon som kjenner til denne ætti og kan bidra med lite vetta bistand? Eg manglar ogso fleire andre detaljar... Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande innlegg frå Carsten er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #5 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  10. Med utgongspunkt i dette emnet frå 2016: https://forum.arkivverket.no/topic/205585-peder-aamundson-kilen-fødd-i-luster-1822-utvandra-1861-til-mcfarland-dane-co-wi-ei-dotter-er-finni-men-kvar-vart-det-av-dei-andre-seks-borni/?tab=comments#comment-1866912 ønskjer eg i kveld å ta opp til drøfting lagnaden til tredje dotteri i denne huslyden, Andrea alias Andrena Rasmussen, som på eit merkeleg vis har gøymt seg svært godt i Amerika. Det er ikkje stort som er komme til av opplysningar om denne jenta sidan hitt emnet var opp til drøfting, men eg vonar at me kanskje har lesarar av Brukarforum som kan «sjå» ei mogeleg betring av dette manuskriptet? Her følgjer eit oppdatert manuskript for Andrea «Andrena» Rasmussen: ~~~~~~~~~~~~~~~~~ Andrea Pedersdotter, f. 27.5.1852, Andrena Peterson utvandra med faren og stemori til Amerika i 1861 og gifte seg i Dane Co., Wis. 9.10.1872 med Anders Olson frå Gudvangen i Aurland, i Amerika kjend som Andrew O. Rasmussen. Han var son av husmann Ole Rasmusson på ein plass under Gudvangen, opphavleg frå Gurvin i Sogndal, og kona Anna Nilsdotter frå Nyborg i Fresvik, Leikanger og f. i Aurland 17.2.1849, men utvandra til Amerika i ##### (year of his emigration? – 1862?) Andrew og Andrena budde ei kort tid i Cottage Grove township, Dane Co., Wis., men kring 1874 flytte dei til Albert Lea, Freeborn Co., Minn. ##### (also lived elsewhere?) men flytte våren 1880 til Fargo, Cass Co, N.D. der Andrew livnærte seg som skomakar («shoemaker»). ##### (what happened later? – one Andrew Rasmuson aged 44, died in Fargo, ND May 16, 1881 and was buried in Riverside cemetery – there is also buried one Eddie Rasmuson aged 4, who died in Fargo, ND May 5, 1881 – Andrew and son Edward with wrong ages? – Andrew’s mother Anna still lived in Fargo, ND in 1890!) Me kjenner til fem born etter Andrew og Andrena: ##### (were there more children?) a. Angelina Malena, kjend som Lena Rasmussen, f. i Dane Co., Wis. 27.11.1872, ##### (listed 1880 – her destiny?) b. Olaus Bernhard Rasmussen, f. i Freeborn Co., Minn. 10.7.1874, d. i Freeborn Co., Minn. ##### (date of his death? – shortly after birth! – christened Clarks Grove!) c. Bernt Olaus, kjend som Bennie Rasmussen, f. i Freeborn Co., Minn. 5.8.1875, ##### (listed 1880 – lived Fargo, ND 1891 – later destiny?) d. Albert ##### (middle name?) Rasmussen, f. ##### (exact date and place of his birth? – MN 1877) ##### (listed 1880 – his destiny?) e. Edward ##### (middle name?) Rasmussen, f. ##### (exact date and place of his birth? – MN Sep. 1879) ##### (listed 1880 – his destiny?) ~~~~~~~~~~~~~~~~~ Alle gode tips vil gjera meg til ein lykkeleg person, og eg takkar so mykje på førehand!
  11. Eg er på leiting etter det norske opphavet til denne karen: Christian Hanson «frå Trondheim», oppgjeven fødd 28.1.1858, døydde i Mayville, ND 29.12.1931. Han skal ha utvandra i 1880, jmf. FT1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DHD3-2HQ FT1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RNB-GP6 FT1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRXF-Z6T FT1930: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRZ4-HRY og gifte seg kring 1890/1892 (vigsli har eg aldri finne!) med Johanna alias Hannah Peterson, fødd i Luster 16.5.1859, utvandra med mor og stefar til Amerika i 1867 og voks opp i Worth Co., IA. Ho døydde i Mayville, ND 6.11.1938. Eg ser at fødselsåret hans varierer lite vetta, mellom 1858 og 1860, men utvandringsåret er alltid det same, 1880! Er det utifrå desse opplysningane mogeleg å finna det norske opphavet hans? * Fullt «norsk» namn? * Dato og stad for fødsli hans? * Fulle namn på foreldri hans med yrke, bustad og opphav? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  12. Eg sliter med å finna lagnaden til denne unge mannen frå Luster: Erik Johannesson Forthun, son av Johannes Sølfestson og Kirsti Eriksdotter, gardbrukarar på Fortun i Luster, fødd i Luster 30.7.1858. Erik utvandra til Amerika i 1881, og den einaste «kandidaten» eg kan finna i amerikanske kjelder er ein 28 år gamal ugift «carpenter» Erick Fortun som i 1885 budde i Sargent Co., ND: https://www.ancestry.com/interactive/1078/44315_346018-00210?pid=3407750&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D1078%26h%3D3407750%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx15740%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx15740&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.36189408.1156509303.1565890205-1442769865.1532627837 Det hadde vore svært so spennande å finna lagnaden til denne karen, som samstundes er ein fjern slektning av meg sjølv, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  13. Dette er ein emigrant som ifølgje etterkomarar i Amerika skal ha utvandra frå Fjære i Aust-Agder, men som eg ikkje har greidd å identifisera 100%. Kanskje er det mogeleg få lite vetta hjelp fråm lokale krefter? Problemstillingi kjem fram av følgjande manuskript: ~~~~~~~~~~~~ Christi Christophersdotter Rønnei, f. {i Luster} 17.1.1863, Kristi C. Ronnei utvandra til Amerika i 1882 og gifte seg første gongen ##### (date and place of her 1st marriage? - about 1887?) med Karl Johan Olson frå ##### (opphavet hans frå Noreg? - skal ha vore frå Fjære i Aust-Agder) i Amerika kjend som Karl J. Olson. Han var son av ##### (fulle namn på foreldri hans med yrke, bustad og opphav?) og f. ##### (dato og stad cfor fødslib hans? - Fjære kring 1857?) men utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret hans?) Karl og Kristi Olson slo seg ned på ein farm i Dundee township, Walsh Co., N.D. der Karl d. alt 5.11.1892. Kristi gifte seg so att i Grafton, N.D. 11.11.1899 med enkjemannen Ole Evenson, opphavleg frå Askildsrud i Norderhov, i Amerika kjend som Ole Evenson. Han var son av husmann og tømmermann Even Trulsson på Jobæk under Askildsrud og kona Inger Sophie, kjend som Sophia Olsdotter frå ##### (ein plass, men kva for ein?) under Skaug og f. i Norderhov 8.2.1854, men utvandra til Amerika i 1876. Ole hadde før vore gift med Marie Marifjeren (1857-1898), dotter av strandsitjarsonen Johannes Johannesson frå ein plass i Marifjøra almenning i Hafslo (1819-1902) (s.d.). Ole Evenson farma i Lampton township, Walsh Co., N.D. der Kristi d. 8.1.1918. Ole Evenson d. i Edinburg, N.D. 24.11.1934. Kristi fekk i alt sju born, tre frå første ekteskapet og fire frå det siste: ~~~~~~~~~~~~ Dg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  14. Torsten Hermundson og Eli Johnsdotter, husmannsfolk i Hagen under Sande i Luster, utvandra i 1860 til Amerika, og dei farma mange år i Gilmanton township, Buffalo Co., WI til dei i 1878 dukka opp i Grand Forks Co., ND. Eg leitte i svært lang tid for å finna denne huslyden i FT1870, og for å syna korleis einskilde huslydar verkeleg snudde på namni sine i Amerika, sjå på denne huslyden i 1870 (Andrew og Alma Thomson!): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6Q6H-FJ Eg visste dei budde i dette området, for her er konfirmasjonane til Andreas, Elias og Ole i Thompson Valley, Buffalo Co., WI 1866, 1872 og 1877: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314994-00356?pid=3092315&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx14614%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26db%3Delcabmd%26gsfn%3DAndreas%26gsfn_x%3DNP_NN%26gsln_x%3DNP_NN%26cp%3D12%26msypn__ftp%3Dbuffalo,%20wisconsin,%20usa%26msypn%3D408%26msbdy%3D1850%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D2%26new%3D1%26rank%3D1%26redir%3Dfalse%26uidh%3D008%26gss%3Dangs-d%26pcat%3D34%26fh%3D0%26h%3D3092315%26recoff%3D%26ml_rpos%3D1&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx14614&_phstart=successSource&usePUBJs=true Eldste dotteri Anna vart nok att i Dane Co., WI då foreldri flytte nordover, men underleg er det at dotteri Mari ikkje er å sjå korkje i konfirmantlistene for Thompson Valley eller i FT1870. Kanskje var ho då alt avlidi?? Her er Torsten og Eli i FT1880 for Blooming township, Grand Forks Co., ND: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YY8-SGG1 Torsten døydde i Blooming township, Grand Forks Co., ND 2.5.1895 men eg greier ikkje å finna denne husyden i FT1885 for North Dakota Heller ikkje finn eg enkja Eli (Thompson) i FT1900, men derimot er enkja Ella Thompson i FT1905 skrivi som farmar på 83 år i Copley township, Clearwater Co., MN som næraste nabo til svigersonen Andrew Larson: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:9Q97-YSYS-VSJ?i=13&cc=1503056 Ella Thompson skal vera avlidi i Bartlett, Ramsey Co., ND kring 1908, men dette dødsfallet finn eg heller ikkje nokon stad! Her følgjer manuskriptet mitt for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ Torsten Hermundson Sande, opphavleg frå Solvornstrondin under Solvorn, vart døypt i Luster 11.1.1817. Torsten voks opp i Luster og ser ut til å ha tent på Sørheim i ungdomen. Han gifte seg her 27.10.1846 med Eli Johnsdotter, opphavleg frå Kvalsøyri under Kvale, men sjå Bringebakken under Dalsøyri, f. 27.2.1822. Torsten og Eli var innerstfolk på Sørheim nokre år etter at dei vart gifte, men kring 1851 fekk dei hand om ein plass under Sande, og me trur det var dei som på same tidi rydda plassen her i Hagen. Torsten og Eli vart buande her til 1860. Torsten og Ellen Hermanson utvandra til Amerika i 1860 og etter eit kort opphald i Dane Co., Wis. slo dei seg kring 1862 ned som farmarar i Gilmanton township, Buffalo Co., Wis., men kring 1878 flytte dei til ein farm i Blooming township, Grand Forks Co., N.D. der Torsten d. 2.5.1895. Ellen, som sidan skreiv seg for Thompson, flytte ##### (year of removal? – after 1895 – prior to 1905) til ein farm i Copley township, Clearwater Co., Minn., men d. ##### (date and place of her death? – after 1905! – d. Bartlett, ND about 1908??) Torsten og Ellen fekk åtte born i lag: a. Anna Thompson (1846-1933), utvandra til Amerika med foreldri i 1860 og vart der borte gift {Iowa Co., WI 20.5.1863} med husmannssonen Samuel Olson frå Lovolden under Fortun (1832-1903) (s.d.). b. Andreas, kjend som Andrew Thompson (1850-1926), utvandra òg med foreldri til Amerika i 1860 og vart der borte gift {Buffalo Co., WI Feb. 28, 1874} med husmannsdotteri Kirstina Wangensteen Christophersdotter frå Hamni under Sjøtun i Hafslo (1854-1931) (s.d.). c. Mari, kjend som Mary Thompson, f. i Luster 10.6.1853, utvandra til Amerika med foreldri til Amerika i 1860, ##### (what became of her?) d. Elias Thompson, f. i Luster 18.10.1856, utvandra òg til Amerika med foreldri i 1860 og d. i Benson Co., N.D. 10.9.1930. Elias gifte seg i Grand Forks Co., N.D. 22.9.1879 med Elen Rasmusdotter frå Myklebust i Innvik, Nordfjord, i Amerika kjend som Ellen Rice. Ho var dotter av husmann Rasmus Rasmusson på Mjølkevold under Møklebust, opphavleg frå Augsborg og kona Sigrid Ingebrigtsdotter frå Møklebust og f. Innvik 18.5.1851. Ellen utvandra til Amerika med foreldri sine ##### (utvandringsåret?) og d. i Larimore, N.D. 8.12.1940. Elias og Ellen Thompson farma først i Blooming township, Grand Forks Co., N.D., men flytte kring 1890 til ein farm i Nesbit township, Polk Co., Minn. Noko etter hundreårs­skiftet flytte dei so til ein farm i Beaver township, Benson Co., N.D. der dei sidan budde levetidi ut. Dei fekk fire born i lag. e. Torbjørn Thompson (1858-1858), f. og d. i Luster. f. Susanna, kjend som Susie Thompson, f. i Luster 15.5.1859, utvandra til Amerika med foreldri i 1860 og d. i Williston, N.D. 8.7.1935. Susanna gifte seg i ##### (date and place her marriage? – about 1882!?) med Andrew B. Larson. Han var f. i Winneshiek Co., Ia. 12.5.1854 og d. i Williston, N.D. 25.10.1932. Susie og Andrew farma ei tid i Blooming township, Grand Forks Co., N.D., men flytte på 1890-talet til Fosston, Polk Co., Minn. der Andredw var brønngravar («well digger»). Kort etter hudreårsskiftet flytte dei so til en farm i Copley township, Clearwater Co., Minn., men kring 1906 flytte dei vidare til Bartlett, Ramsey Co., N.D. der Andrew var jarnbanearbeidar («railroad worker»). Men alt kring 1909 flytte dei vidare til Williston, Williams Co., N.D. der Andrew på ny var brønngravar («well digger»). Dei fekk sju born i lag. g. Ole H. Thompson (1861-1939), {i Dane Co., Wis. 23.7.1861} vart gift {Grand Forks Co., ND 6.5.1885} med husmannsdotteri Johanna Christensdotter frå Haugen under Leri (1864-1911) (s.d.). h. Johanna Thompson, f. i Buffalo Co., Wis. 9.2.1863, d. i Grand Forks, N.D. 18.3.1941. Johanna gifte seg i Grand Forks Co., N.D. 22.9.1879 med Ingebrigt Rasmusson frå Myklebust i Innvik, Nordfjord, i Amerika kjend som Albert Rice. Han var son av husmann Rasmus Rasmusson på Mjølkevold under Myklebust, opphavleg frå Augsborg og kona Sigrid Ingebrigtsdotter frå Myklebust og f. i Innvik 24.6.1856. Han utvandra til Amerika med foreldri sine ##### (utvandringsåret?) og d. i Grand Forks, N.D. 19.5.1918. Johanna og Albert Rice farma i Blooming township, Grand Forks Co., N.D. og fekk åtte born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~ Dei store «utfordringane» her er soleis: ** Kvar er Torsten og Eli i FT1885? ** Kvar er Eli som enkje i FT1900? ** Dødsfallet til Ella Thompson kring 1908? ** Og endeleg lagnaden til dotteri Mari, fødd 1853? samt desse som so langt ikkje er nemnde: ** Utvandringsåret til Rasmus og Sigrid Myklebust frå Innvik etter 1865? ** Vigsli til Susie Thompson og Andrew B. Larson i Amerika kring 1882? Eldste barnet deira var født i MN i 1883! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  15. Halvbror til bestemor mi, Ole Christian Colbjørnson, fødd på Garhammar i Norderhov 10.4.1873, voks delvis opp på Bårnås i Norderhov, men utvandra i 1889 til mor si og stefaren i Kittson Co., MN. Han tok i Amerika namnet Chris C. Barnes og døydde i Mt. Vernon, WA 15.10.1932. Eg òpna for ei tid attende eit eige tema om Ole Christian og lagnaden hans: https://forum.arkivverket.no/topic/215087-ole-kristian-kolbjørnson-fødd-i-lunder-sokn-i-norderhov-1873-halvbror-til-bestemor-kvar-vart-det-av-han/ men ønskjer i dette emnet å fokusera på kona hans, som eg førebels ikkje har greidd å identifisera, JØRAAND OLSON! Christian C. Barnes og Jarand Olson, båe «of» Britton, Marshall Co., SD, vart vigde i Britton, SD (Justice of the Peace) 23.7.1905: https://www.ancestry.com/interactive/8561/SDVR_MCI_1-0008?pid=634861&treeid=&personid=&rc=&usePUB=true&_phsrc=Nzx5185&_phstart=successSource I 1910 er parfolket busett på ein farm i Mountrail Co., ND: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYB-JGD Name: Chris Barnes Age in 1910: 37 Birth Year: abt 1873 Birthplace: Norway Home in 1910: Township 153, Mountrail, North Dakota Race: White Gender: Male Relation to Head of House: Head Marital Status: Married Spouse's Name: Goren Barnes Father's Birthplace: Norway Mother's Birthplace: Norway Employer, Employee or Other: Own Account Home Owned or Rented: Own Home Free or Mortgaged: Mortgaged Farm or House: Farm Years Married: 5 Neighbors: View others on page Household Members: Name Age Chris Barnes 37 Norway Goren Barnes 37 Norway Maenus Barnes 5 South Dakota Clearnce Barnes 3 South Dakota Rudolph Barnes 1 South Dakota Av dei tre borni var: * Magnus Barnes, fødd i South Dakota 29.9.1905 * Clarence Barnes, fødd i South eller North Dakota 24.8.1907 * Rudolph Barnes, fødd i North Dakota 20.3.1909 Dei to gutane vart båe døypte i Ross, Mountrail Co., ND i 1909, Clarence 10.3. og Rudolph 5.6.: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_315064-00745?pid=1213707&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D1213707%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx5193%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx5193&_phstart=successSource&usePUBJs=true Som fadrar er nemnde: * Clarence: Ole Sven og hustru Letta, Rasmus Knudson og hustru Marie * Rudolph: Rasmus Knudson og hustru Marie, Henry Hermanson og hustru Anna Ved båe barnedåpane er namnet til mori skrive Jøraand! Ole Sveen og kona Letta i Mountrail Co., ND 1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYB-JKX Rasmus (Knudson) Ono og kona Marie i Mountrail Co., ND 1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYB-JGD Henry Hermanson og kona Annie i Mountrail Co., ND 1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYB-2HF?i=6&cc=1727033 Våren 1911 flytte Chris Barnes til Canada, og i november 1911 flytte han frå Moose Jaw, SK til Seattle, WA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-99DS-H98H-K?i=348&cc=2185163 https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-99DS-H982-M?i=349&cc=2185163 I mellomtidi var kona hans hamna på sjukehuset i Jamestown, Stutsman Co., ND der ho under namnet Mrs. Joran Barnes døydde 16.12.1911, 38 år gamal! KVEN VAR DENNE JØRAAND OLSON? Diverre er det i 1910 ikkje oppgjeve utvandringsår, men i utgongspunktet vil eg tru hon kom frå Sør-Aust-Noreg, og eg hgar treve fram nokre «kandidatar»; * Jøran Olsdotter frå Flesberg 1873: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIOSLO&gardpostnr=27160&merk=27160#ovre * Jorand Olsen frå Hol 1884: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIOSLO&gardpostnr=59658&merk=59658#ovre * Jøron Olsen frå Numedal 1888: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=emikra1&gardpostnr=105075&merk=105075#ovre *Jøran Olsdotter frå Flesberg 1873: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=emikra1&gardpostnr=7235&merk=7235#ovre Her er ogso nokre «kandidatar» frå FamilySearch - fødde: Name Jorand Olsen Gender Female Birth Date 04 Jan 1873 Christening Date 09 Mar 1873 Christening Place , KRODSHERAD, BUSKERUD, NORWAY Father's Name Ole Olsen Mother's Name Ragne Kolbjornsdr Name Jorand Olsen Gender Female Birth Date 16 Mar 1874 Christening Date 29 Mar 1874 Christening Place , KRODSHERAD, BUSKERUD, NORWAY Father's Name Ole Trulsen Mother's Name Marte Aslesdr Name Jörand Olsdatter Gender Female Birth Date 31 Mar 1872 Christening Date 09 May 1872 Christening Place Rollag, Buskerud, Norway Father's Name Ole Olsen Mother's Name Ambjör Knudsdatter I tillegg til desse er det òg fleire der faren heitte Olson til farsnamn... Er det mogeleg ut ifrå desse opplysningane å seia noko om kven Jøraand kan ha vore?? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  16. Dette er ein huslyd som eg arbeidde med alt tidleg på 1980-talet, men som eg grunna manglande kjeldemateriale aldri fekk skikkeleg «tak» på den gongen. Denne Erik Søvde fekk i alt fem born, men kona Josephine av fransk-canadisk opphav hadde òg fem born frå første ekteskapet sitt, som Erik adopterte! Med moderne hjelpemiddel er høvet i dag eit anna, og eg vonar me skal kunna finna svar på det meste om denne «viderløftige» huslyden. Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye kjempeopplysningar om denne huslyden er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #6 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips; særleg er eg oppteken av Mertel og lagnaden hennar!!
  17. Frå Amerika får eg opplyst at Sander Sanderson skal vera fødd i eller nær Christiania 17.5.1859, og han skal ha utvandra til Amerika, rimelegvis med foreldri sine, kring 1872. Han gifte seg i Chicago, IL 25.1.1890 med Jennie Johnson, fødd i Bergen 6.12.1866, og dei slo seg ned som farmarar i Sverdrup township, Griggs Co., ND der Sander døydde 13.7.1941. FT1910 Griggs Co., ND (utv.år 1871): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RV8-9MQD FT1920 Griggs Co., ND (utv.år 1871): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRJM-HKC FT1930 Griggs Co., ND (utv.år 1871): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RZK-CX Ifølgje FamilySearch var denne Sander Sanderson fødd 17.5. og døypt i Vestre Aker 9.10.1859, men denne barnedåpen finn eg ikkje i Vestre Aker: https://media.digitalarkivet.no/view/574/161 Her er innførsli frå FamilySearch: Name Sander Sandersen Gender Male Birth Date 17 May 1859 Christening Date 09 Oct 1859 Christening Place Vestre Aker, Oslo, Oslo, Norway Father's Name Sander Olsen Mother's Name Berthe Nielsdatter Men her er huslyden i FT1865, busett i Øvregaten i Gamle Aker: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038027048141 Faren Sander Olson skal vera fødd i Aker kring 1822 og Bertha Nilsdotter på Biri kring 1824. Eg finn ikkje vigsli deira, men dette er vel dåpen til Sander Olson, fødd 18.5. og døypt 17.6.1821 i Bjølseneiget i Aker, foreldri Ole Sanderson og Kari Eriksdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/7719/44?indexing= Eg sit att med følgjande utfordringar: ** Kvar i Aker /(bydel) kan me seia at denne huslyden budde fram til utvandringi i 1871? ** Sjekka dato og stad for fødsli til Sander Sanderson 17.5.1859? ** Utvandringi deira 1871? ** Kvar kan me seia at Sander Olson voks opp? - kva plass under Bjølsen? ** På kva gard/plass på Biri var Bertha Nilsdotter fødd og oppvaksi? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  18. Samuel Olson var fødd i Søndre Land 10.6.1851 som «uekte» son av målar Ole Samuelson og Anna Marie Hansdotter Fuglerudeiget: https://media.digitalarkivet.no/view/8975/23 Faren Ole Samuelson, opphavleg frå Viken i Sunndal på Nordmøre, flytte kring 1857 til Jostedalen der han gifte seg med Kari Endresdotter Elvekrog, og i 1866 utvandra dei til Amerika. Med «på lasset» til Jostedalen i 1857 var sonen Samuel; jmf. FT1865: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1427&kenr=002&bnr=0002&lnr=000 Han følgde òg med dei til Amerika i 1866 og skreiv seg etter kvart for Samuel OLSON. Eg har finne at Samuel kring 1876 gifte seg med ei Bergit Buxtegard, som var fødd kring 1853(?) - dotter av ein Ole Knutson og kona Margretha som i 1870 budde i Wilmington township, Houston Co., MN. Desse skreiv sidan for Buxtegard: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6LDQ-2N9 Og i fødselsregisteret til NAGC i Madison, WI finn eg fødsli hennar i Winnebago Co., IL 3.10.1853: Birth Date 1853-10-03 Age Sex Child's Name Bergith Father's Name Oley Knudsen Mother's Name Magritta Svendsdatter Source Rock Run County Winnebago State Illinois Eg har finne Samuel og Bergit i ulike folketeljingar: FT1880 Fossum township, Polk (Norman) Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YBH-RJN FT1885 Flom, Norman Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-XCQV-NR FT1900 Twin Valley, Norman Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-67M9-BNL FT1905 Twin Valley, Norman Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:9Q97-YSY4-L6P FT1910 Twin Valley, Norman Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RKH-782 FT1920 Halliday, Dunn Co., ND: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRJM-WH3 Etter 1920 ser eg ikkje noko meir til korkje Samuel eller Bergit! Kvar i all verdi vart det av dei? Ifølgje FT1910 hadde Bergit i alt elleve born, men berre seks av desse levde, og heller ikkje desse borni er det so lett å følgja... Av borni deira finn eg: * Louise Mathilde, f. 5.10.1878 og døypt i Lake Park Lutheranb church, Becker Co., MN : https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314422-00219?pid=4074543&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx11070%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26qh%3DmwSbo3kv/1dp45yq0EpmIQ%3D%3D%26db%3DELCAbmd%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26gsfn%3DLouise%26gsfn_x%3DNP_NN%26gsln%3DOlson%26gsln_x%3DNP_NN%26msbdy%3D1879%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D2%26msbpn__ftp%3Dminnesota,%20usa%26msbpn%3D26%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26msfng%3DSamuel%26msfns%3DOlson%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D34%26fh%3D1%26h%3D4074543%26recoff%3D%26ml_rpos%3D2&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx11070&_phstart=successSource&usePUBJs=true Elles budde dei lenge i Twin Valley, MN, og desse borni vart døypte i Wild Rice Lutheran church: * Helmer Hosaias Olson, f. 9.1.1886 * Augusta Severine Olson, f. 31.8.1888 - ho gifte seg med George F. Davis og døydde i Dunn Co., ND 17.2.1921 * Almer Olai Olson, f. 26.4.1891 * Edmund Garfield Olson, f. 27.2.1894 - einaste barnet nemnt 1920 Utfordringane mine er i første rekke desse: ** Dato og stad for vigsli til Samuel Olson og Bergit Knutson/Buxtegard? ** Dato og stad for dødsfallet til Samuel Olson? ** Dato og stad for dødsfallet til Bergit «Bessie» Olson? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  19. Inga M. Martinson vert oppgjevi fødd «nær Christiania» 22.8.1870. Ho gifte seg i Milnor, ND 30.12.1896 med Sivert Anderson, fødd i Crawford Co., WI 9.2.1867 av foreldre som båe var emigrantar frå Luster i Sogn. Eitt av vitni til vigsli var ein Harald Martinson, sikkert ein bror til bruri! Her er Sivert og Inga i ulike teljingar for ND: 1900 med utvandringsår 1883: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6P63-2KH 1910 med utvandringsår 1882: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRJY-9SDZ 1920 med utvandringsår 1882: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RNN-VSY 1930 med utvandringsår 1882: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RZF-QXY Her er nok gravi til broren Harald D. Martinson, fødd 17.12.1874: https://www.findagrave.com/memorial/135737596 Er det ut ifrå desse opplysningane mogeleg å finna: * Fullt namn til Inga M. Martinson? * Dato og stad for fødsli hennar? Og kvar vaks ho opp? * Nøyaktig utvandringsår? * Fulle namn på foreldri hennar med yrkestitel, bustad og opphav? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.