Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'anderson'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 12 resultater

  1. Dette spørsmålet var oppe til drøfting for eit par år sidan - anten på denne lista eller på den norske Rootsweblista i Amerika. Truleg var det i 2019 då eg var svært sjuk, og eg finn ikkje att konklusjonane av debatten. Kanskje kan nokon hjelpa meg? Jacob Sophus Anderson, visstnok kjend som J. S. Anderson, var fødd i Tysfjord 25.7.1866, men utvandra til Amerika i 1893, då han «stakk av» frå ei jente som var kommi «i uløkka». Me veit at han i Amerika arbeidde som kontormann, men han døydde i ung alder, truleg kring 1903. Han var kontormann og kyrkjelydssekretær i ein mindre by i eller nær Barnes Co., ND, og han skal vera avliden av tuberkulose. Eg har sett ymse lokale avisskriveriar om denne karen, men, som sagt, eg finn ikkje desse notati att! Eg ville sett stor pris på om nokon kunne hjelpa meg finna att opplysningane om Jacob Sophus og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Eg slit med å finna det norske opphavet til denne huslyden. Eg finn ingen Nils Andersson i Sog og jodane på denne alderen med kone «Betsy»! Dwelling # 126: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DCY9-PBD Anderson, Nels 55 farmer Nor Anderson, Betsy 50 housekeeping Nor Anderson, Thomas 19 farming Nor Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Eg slit ogso med denne huslyden som i 1870 gøymer seg attom Dwelling 228 i Utica township, Crawford Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DCY9-PBY Anderson, John 33 farmer Nor Anderson, Susan 32 housekeeping Nor Anderson, Andrew 7 at school Nor Anderson, Severt 5 at school Nor Anderson, Betsey 3 WI Kan denne huslyden vera komen frå Sogn eller Nordfjord? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. I den vidare utforskingi av dei norske settlarane i Utica township, Crawford Co., WI er eg i kveld komen borti ein person som for meg ser svært spennande ut. Eg syner til Dwellings #179 og 181 på denne sida: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DCY9-P1C Anderson, John 55 farmer Nor Gjert Andersson Dvergsdal f. Hafslo 24.3.1816 utv. 1861 Anderson, Christina 50 housekeeping Nor Malena Johannesdotter Resaland f. Hafslo 25.6.1815 utv. 1861 Anderson, Christopher 20 farmer Nor + Christopher Nitter f. Hafslo 11.2.1849 utv. 1861 Anderson, Lena 17 at home Nor + Malena f. Hafslo 27.7.1851 utv. 1861 Anderson, John 16 farmer Nor + Gjert f. Hafslo 10.2.1854 utv. 1861 Anderson, Andrew 28 farmer Nor Anderson, Susan 28 housekeeping Nor Anderson, Ole 3 WI Anderson, Christina 1 WI Gjert «John» og Malena Anderson hadde ein son Anders, fødd i Hafslo 8.7.1844 som ifølgje opplysningar frå slekti var gift og hadde fleire born, men ingen har so langt greidd å fortelja meg kvar det vart av han!! Eg har ein sterk mistanke om at denne Andrew Anderson godt kan vera mannen eg har leitt etter i so mange år, men kan nokon hjelpa meg stadfesta dette? Kven var Andrew og Susan Anderson? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Dwelling 52 i Franklin township,Vernon Co., WI 1870 syner denne huslyden: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6P89-P8G og https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6P89-53W Anderson, Christ 30 farmer Nor Anderson, Rena 30 keeping house Nor Anderson, Martha 4 at home WI Anderson, Samuel 2 at home WI Anderson, Nels 1 at home WI Det ville ikkje forundra meg om denne huslyden var komen frå indre Sogn, men eg dreg ikkje kjensel på desse namni! Kan nokon hjelpa meg identifisera dei? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  6. Eg sit att med nokre få «mysteriar» når det gjeld dei norske pionerane i Sterling township, Vernon Co., WI i 1870, og eitt av desse er huslyden til Lars Anderson (Dwelling 53): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6P89-5CH Anderson, Lars 35 farmer Nor Anderson, Mary 30 keeping house Nor Anderson, Andrew 8 at home Nor Anderson, John 4 at home WI Desse folki KAN vera sogningar eller kan henda frå øvre Gudbrandsdalen(?), men eg greier berre ikkje identifisera dei og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  7. Denne utfordringi har eg hatt liggjande i over 30 år utan å komma noko nærare ei løying: Rasmus alias Robert «Casey» ANDERSON var son av Andrew Olson (Teigen) (1836-1894) og Ellen Rasmusson (Bergset) (1848-1897), emigrantar frå Jostedalen som farma i Jacksonville township, Chickasaw Co., Ia. Robert var fødd i Chickasaw Co., KA 25.12.1880, men voks delvis opp i Forestburg, Sanborn Co., SD der svogeren Ole Klevjord frå Flesberg var prest på den tidi. Sidan vart Robert «laborer» i Bemidji, Beltrami Co., MN før han altso hamna i McGrath, Aitkin Co., MN der han ifølgje slekti skal vera avliden på 1950-talet. Han var ikkje gift. Er det nokon som kan greia finna lagnaden til Robert «Casey» Anderson ville eg gle meg svært mykje over det! Hjarteleg takk på førehand!
  8. Eg har i mange år spekulert på opphavet til svensken John C. Anderson, som i 1871 gifte seg i Madison, WI med ei jente frå Luster, Cecilia Aamundsdotter Rønnei. Barneborni hans (som eg hadde kontakt med for 40 år sidan), meinte John kom frå Stockholm, men vigselsattesten som eg fann i dag: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XRLN-H6Q syner at fødestaden hans var Bohuslän, og sidan eg no òg kjenner dei «amerikaniserte» namni til foreldri hans, let det seg kanskje gjera å finna opphavet hans? Kan nokon please hjelpa meg? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~ Cecilia Aamundsdotter {Rønnei}, f. {i Luster} 5.11.1848, Cecelia Nelson utvandra til Amerika i 1866 og gifte seg i Madison, Wis. 20.11.1871 med ##### (mannen sitt fulle svenske namn? – opphavet hans? – Bohuslän!?) i Amerika kjend som John C. Anderson . Han var son av ##### (Anders Pederson og Nellie!? - fulle namn, yrke, bustad og opphav?) og f. i ##### (fødestaden hans? – Bohuslän?) 21.9.1839. Han utvandra til Amerika ##### (utvandringsåret hans?) John Anderson var målar («painter»), og han og Cecelia busette seg i Madison, Dane Co., Wis. der Cecelia d. 21.6.1906. John Anderson d. same staden 15.12.1915. Dei fekk tre born i lag: a. Adolph Carl Anderson, f. i Dane Co., Wis. 27.12.1873, d. i Dane Co., Wis. 6.5.1940. Han gifte seg i Dane Co., Wis. 19.7.1905 med Eleanor Ann Rinders, f. i Dane Co., Wis. 27.9.1873. Ho d. i Madison, Wis. 16.1.1950. Adolph Anderson var maskinist og formann i ein maskinverktyfabrikk («machinist and foreman in a machine tool factory»). Han og Eleanor budde i Madison, Dane Co., Wis. og fekk 2 søner i lag; dessutan adopterte dei ei dotter. b. Alma Josephine Anderson, f. i Dane Co., Wis. 3.1.1876, d. i Madison, Wis. 15.3.1960. Alma var butikkdame («clerk») og budde i Madison, Dane Co., Wis., ugift. c. Sadie Anderson, f. i Dane Co., Wis. 20.12.1885, d. i Madison, Wis. 15.11.1925. Sadie var sjukepleiar («nurse») og budde for det meste i Chicago, Cook Co., Ill., likeins ugift. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  9. Etter stor success med dei to Cedergren-søstrene frå Högsby i Sverige vil eg no gjerne ta opp til drøfting lagnaden til Selma Cedergren og mann hennar frå Luster, Hans «Henry» Andersson frå plassen Ytreland under Hærum. Eg har greidd å fylla ut det aller meste om denne huslyden, men særleg sonen Theodore med alle ekteskapi sine skapar vanskar for meg, og eg greier ikkje finna vigsli til dotteri Maude og mannen James Hooser! Og dotteri Blanche er bokstaveleg talt «sokke i jordi»... No vonar eg at kanskje nokon kan hjelpa meg fylla eitt og anna hòl? Og kanskje nokon greier finna obituaries for Hans «Henry» og svigersonen James Hooser, samt sonen Theodore? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter fleire nye interessante innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #10 under: Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  10. Eg vil i kveld gjerne få henta from ein av brørne til Daniel Anderson frå plassen Ytreland under Hærum i Luster, Christopher Anderson, som utvandra i 1873 og var gullgravar i Colorado til han slo seg ned som farmar i Russell Co., KS. Eg har no slite med å få oppgradert de gamle notatane mine om denne huslyden og har etter kvart finne ut av det meiste, men eg står fast på fleire detaljarm, og særleg er det ei stor utfordring å finna ut kva som skjedde med sonen John, som ifølgje rapportar eg fekk hjå slekti i 1982, skal ha mist livet i Nord-Atlantaren kring 1935. No har nokon greidd å finna han att i Wyoming. Eg tviler sterkt på om det kan stemma, men kanskje greier nokon å finna ut av det? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~ Christopher Andersson {Hærum}, f. {i Luster} 24.12.1852, Christopher «Kitt» Anderson utvandra til Amerika i 1873 og ##### (residence prior to 1887? - 1880 a miner in 86th District, Lake Co., CO) Han gifte seg i Russell Co., Ks. 19.11.1887 med Mary Elizabeth, kjend som Elizabeth Meharg, f. i Kankakee Co., Ill. 14.12.1868. Kitt og Elizabeth Anderson slo seg ned som farmarar i Fairfield township, Russell Co., Ks. og budde der levetidi ut. Kitt d. i Larned, Pawnee Co., Ks. 10.1.1933, medan Elizabeth Anderson d. i Russell, Ks. 9.11.1957. Dei fekk åtte born i lag: a. Tora Gunilda Anderson, f. i Russell Co., Ks. 4.9.1888, d. i McPherson, Ks. 28.5.1982. Tora gifte seg i Russell Co., Ks. 19.2.1913 med Jesse Floyd, kjend som Floyd Rock, f. i Russell Co., Ks. 20.12.1885. Han d. i Saline, Ks. 5.5.1973. Tora og Floyd Rock farma først i Newbern township og sidan i Logan township, båe i Dickinson Co., Ks. Dei fekk tre born i lag. b. Susie Blanche Anderson, f. i Russell Co., Ks. 9.12.1890, d. i Warrensburg, Mo. 1.11.1973. Susie gifte seg i Russell Co., Ks. 18.2.1916 med Harvey Daniel Luckenbaugh. Han var f. i Dickinson Co., Ks. 28.4.1893 og d. i Navarre, Ks. 25.5.1955. Harvey og Susie farma i Logan township, Dickinson Co., Ks. og fekk to born i lag. c. Christopher Andrew Anderson, f. i Russell Co., Ks. 1.4.1893, d. i Ponca City, Okla. 14.2.1978. Han gifte seg første gongen i Perry, Okla. 27.8.1919 med Frances Roberta Bressie, f. i Big Springs, Tx. 29.9.1896. Ho d. i Ponca City, Okla. 21.8.1962, og Christopher gifte seg att i Olathe, Ks. 19.12.1962 med Elma Jensen ##### (info on her?) Christopher og Frances farma i Bressie township, Noble Co., Okla., men flytte sidan til Ponca City, Kay Co., Okla. der Christopher òg budde med andre kona Elma. ##### (to be verified?) Han fekk tre born, som alle var frå første ekteskapet med Frances. d. Nels Eugene Anderson, f. i Russell Co., Ks. 10.11.1895, d. ugift i Russell Co., Ks. 7.1.1913. e. Arne Norman Anderson, f. i Russell Co., Ks. 21.5.1898, d. i Russell, Ks. 23.4.1984. Arne var farmarbeidar og slaktar («farm laborer and butcher») og budde i Russell, Russell Co., Ks. Han var ugift. ##### (this is information I got from the family 1982 - a family tree has him married to Marie Duke: Russell city cemetery shows: Marie Duke, born Mar. 16, 1912, died Jan. 15, 2006 - a resident of Salina, KS - her obituary: Hays Daily News - Jan. 17, 2006 - Marie Ella Duke, 93, Russell, died Sunday, Jan. 15, 2006, at Lindsborg. She was born March 16, 1912, at Vivian, La., to Thomas Jefferson and Ruby Ella (Owens) Latham. She was a homemaker. Her family lived in the Shreveport, LA, area before moving to Kansas in 1945. They settled in Russell in 1954. She was married first to Unknown Powell; later to Unknown Duke. Survivors include two sons, James Earl Powell, Hardtner; and Dan Powell, Russell; three daughters, Mary Nell Fisher, Albany, Ore., Betty Marie Swicegood, Santa Rosa Beach, Fla., and Vera Joyce Denney, Salina; a sister Allie Mae Chiles, Bossier City, La.; 14 grandchildren; and numerous great, great-great- and great-great-great-grandchildren. Services will be at 2 p.m. Thursday at Pohlman-Heise Mortuary, 610 N. Maple, Russell, KS 67665; burial in Russell City Cemetery. Memorials are suggested to St. Jude's Hospital and can be sent in care of the mortuary. Arne's obituary: Arnie N Anderson, Russell - Arnie Norman Anderson, 85, died April 23 1984 at Russell City Hospital. Born May 1 1898 at Russell, he married Marie Duke. He was a retired farm laborer, and had been a lifetime resident of Russell. He was a member of the American Legion, Russell. Survivors: wife, of the home; five stepchildren; several nieces and nephews. Graveside service will be 3 pm Wednesday at Russell City Cemetery, with military honors, the Rev Lonald Bridges. Friends may call Tuesday until service time at Cline Funeral Home, Russell. Arnie Norman Anderson, son of Christopher and Mary Elizabeth (Meharg) Anderson, was born May 1 1898 in Russell, Kansas and departed this life April 23 1984 at Russell City Hospital, at the age of 85 years, 11 months and 22 days. Arnie was reared and received his education in Russell. He spent most of his life working as a farm laborer, and also was a butcher for a number of years. He served his country in both WW1 and WW2, and was a member of the Russell American Legion William Roe #99. In October 1983 he suffered a stroke and soon thereafter entered the Russell Care Center where he spent his remaining days until he entered the hospital Monday morning. To cherish his memory are his wife, Marie Duke Anderson, of 756 E 2nd Street, Russell; five stepchildren and several nieces and nephews. He was preceded in death by five brothers and two sisters. Services: Graveside services conducted Wednesday, April 25 1984, at 3 pm at the Russell City Cemetery, Russell, Kansas. Pastor Lonald Bridges Officiating. Military Honors conducted at the graveside by American Legion Post #99 of Russell. Casket Bearers - members of the American Legion. Laid to rest in Russell City Cemetery, Russell, Kansas. Services entrusted to Cline Funeral Home, Russell, Kansas.) ##### (konklusjon: det som manglar er dato og stad for vigsli til Arnie Anderson og Marie Duke!?) f. John Theodore Anderson, f. i Russell Co., Ks. 6.8.1903, sette livet til ved eit ulukkeshende i Nordatlanteren i 1935. ##### (exact date and place of his death? - 1933 lived at Long Island, NY!) John var handelsmann og sjømann («merchant and seaman») og budde i White Plains, Westchester Co., N.Y. Han var ugift. ##### (desse opplysningane fekk eg hjå slekti i 1982 - og han er ikkje nemnd i skiftepapiri etter onkelen Arne Anderson frå 1948 - no seier eit family tree at John T. Anderson died at Meeteetsie, Park Co., WY Oct. 1976 - to be verified!?) g. Thomas Bruce Anderson, f. i Russell Co., Ks. 7.2.1907, d. i Russell, Ks. 1.12.1961. Thomas gifte seg i Barton Co., Ks. 30.12.1927 med Bertha Louise Abel, f. i Logan Co., Ks. 9.11.1910. Ho d. i Russell, Ks. 16.12.2004. Thomas var ei tid tankbilførar («oil truck driver»), og han og Bertha budde i Russell, Rssell Co., Ks., men tok mot sutten 1930-talet over rancharar og farmarar (»ranchers and farmers») i Fairfield township, Russell Co., Ks. Dei fekk to døtrer i lag. h. Fred Roy Anderson, f. i Russell Co., Ks. 16.10.1908, d. i Little Rock, Ark. 23.5.1976. Han gifte seg første gongen i McDonald Co., Mo. 14.9.1935 med Leona Mathilda Weeks. Ho var f. i Russell Co., Ks. 22.3.1916 og d. ##### (place of her death?) 15.5.1994. Fred var bygningsarbeidar («construction worker») i Russell, Russell Co., Ks., men han og Leona flytte i 1939 til ein farm i Decatur township, Benton Co., Ark. Dei vart skilde kring 1945, og Leona gifte seg att i Trego Co., Ks. 26.12.1948 med August Julius Mai. Han var f. i Trego Co., Ks. 14.12.1907 og d. i WaKeeney, Ks. 28.12.1979. Dei farma i Collyer township, Trego Co., Ks. Fred gifte seg att ##### (date and place of their marriage? - 1960?) med Disie ##### (middle name?) McCarroll Gordon, f. Mallonee, f. i Marion Co., Ark. 31.7.1921. Ho d. i Searcy, Ark. 11.2.2001. Fred og Disie farma i Kentucky township near Rose Bud, White Co., Ark. Fred fekk to døtrer, som båe var frå første ekteskapet med Leona. Ho fekk ikkje born i andre ekteskapet sitt, men Disie hadde sju born frå to tidlegare ekteskap. ~~~~~~~~~~~~~~~ Her er ein obituary for Disie Mallonee Anderson: Disie Anderson of Rose Bud died February 11, 2001 at White County Medical Center in Searcy. Born in Flippin [AK] on July 31 1921, she was 79. She was the daughter of the late Thomas Barney and Carrie (Turner) Mallonee. She was a homemaker and had been a resident of Rose Bud most of her life. She was a member of the Liberty Hill Baptist Church at Rose Bud. She was preceded in death by her husband, Fred R Anderson, who died on May 23, 1976; by two sons, Robert McCarroll and Jamie Gordon; one grandson Jeremiah and one granddaughter Susie. She is survived by two sons, Phillip McCarroll and Richard McCarroll of Rose Bud; three daughters, Helen Arnold of Bates City MO; Barbara Cole and Pat Dowls of Palco KS; 21 grandchildren and six great-grandchildren. She is also survived by other relatives and many friends. Funeral services will be held February 14 at 2pm in the Olmstead Chapel. Interment will follow in the Sidon Cemetery. Og ein for Fred Anderson: Fred Anderson - Funeral services were held Wednesday, May 26 at 2pm in Olmsteads Chapel for Fred R Anderson of Rose Bud, who passed away at the Veterans Hospital in Little Rock on Sunday, May 23 1976. Mr Anderson was the son of Christopher A and Mary (Meharg) Anderson and was born in Russell County, Kansas, Oct 16 1908, but he had made his home in the Rose Bud community for the past 16 years. He was a Baptist by faith, was a veteran of WW2, and was by trade a farmer at the time of his death at age 67. He is survived by his wife, Disie Mallonee Anderson of Rose Bud; two daughters, Mrs Fern Booth of Russell Kansas, and Mrs Helen L Carney of Abilene Kansas; two brothers, Chris Anderson of Oklahoma and Arnie Anderson of Russell and one sister, Tora Rock, also of Kansas. He is survived by four grandchildren besides other relatives and friends. Services were conducted by Rev Dana Whitfield and interment was in the Sidon Cemetery by Olmstead Funeral Service. Og endeleg obituarien for Christopher Anderson: Christopher Anderson was born December 25th 1851 in Bergen, Norway, and departed this life January 10th 1933, at the Larned State Hospital, Larned KS, age 81 years and 16 days. He came to America before he was 21 years old, and for several years was a gold miner in Colorado, where he endured many of the hardships of the miners of that day, as well as receiving some prosperity. He came to Russell county, Kansas in the year 1887, and settled on a farm 12 miles south of Russell, which farm he still owns. November 19, 1887, he was united in marriage to Mary Elizabeth Meharg, and to this union eight children were born, all of whom are living with the exception of a son Nelson E Anderson who died January 7 1913. He leaves to mourn his loss, his wife Mary E Anderson of Russell KS, and his children: Tory G Rock of Navarre KS; Susie B Luckenbaugh of Navarre KS; Christ A Anderson of Marland OK; Arnie N Anderson of Russell KS; John T Anderson of Long Island NY; Tom B Anderson of Russell KS; Fred R Anderson of Honolulu HI; two brothers: Henry Anderson of Marland OK and Arnie Anderson of Ponca City OK, who are unable to be present because of sickness. He also leaves one sister Christina who lives in Bergen, Norway. Funeral services are being held this afternoon at the Shannon Friends Church with Rev TH Parrott of the Methodist church officiating; burial in the Shannon Cemetery, with Deines Brothers in charge. Card of Thanks: We wish to express our sincere thanks and appreciation to our friends and neighbors for the many kindnesses shown us in this out bereavement - Mrs Mary E Anderson and children. Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  11. Etter stor success med dei to Cedergren-søstrene frå Högsby i Sverige vil eg no gjerne ta opp til drøfting lagnaden til Amanda Cedergren og mann hennar frå Luster, Daniel Andersson frå plassen Ytreland under Hærum. Eg meiner eg har leitt «høgt og lågt», men eg finn berre ikkje ut av vigsli deira, som må ha finne stadf i eller nær Kansas kring 1880. Heller ikkje finn eg vigsli til sonen Thomas, som etter «tradisjonen» skal ha gift seg i Seattle, WA kring 1916 med Emma Jorgine Hovig frå Mankato, MN, men med røter frå Askvoll i Sunnfjord. Ogso lagnaden til eine svigerdotteri er eit «mysterium»... Kanskje nokon kan hjelpa meg vidare gjennom avisoppslag eller liknande? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ Daniel Andersson {Hærum}, f. {i Luster} 3.1.1847, Daniel Anderson utvandra til Amerika i 1867, og etter ei tid i Wisconsin ##### (to be verified? - kvar er han i 1870 og 1880?? - utvandra i lag med broren Anders, f. 15.1.1850 - kanskje budde dei i lag i 1870?) flytte han til Russell Co., Ks. Han gifte seg ##### (date and place of his marriage? - Kansas about 1880!?) med Amanda Christine Cedergren frå Oskarshamn i Kalmar län i Sverige, kjend som Amanda Cedergren, ei søster av Selma som gifte seg med den yngre broren hans, Hans, kjend som Henry Anderson (sjå under). Dei var båe døtrer av landhandlar og seinare ølbryggjar Eric Carlsson Cedergren i Oskarshamn, opphavleg frå Granbäcken i Mörlunda, Kalmar län, og kona Anna Sophia, kjend som Sophia Petersdotter frå Brunnsmåla i Högsby, Kalmar län. Amanda var f. på Sandslätt i Högsby, Kalmar län i Sverige 7.7.1861, men utvandra til Amerika i 1877. Daniel og Amanda farma først i Fairfield township, Russell Co., Ks., men flytte kring 1896 til ein farm i Cross township, Kay Co., Okla. og derifrå kring 1899 til ein farm i Dog Fish Bay precinct, Kitsap Co., Wash. Noko seinare finn me Daniel att som maskinmeistar og snikkar («grading contractor and carpenter») i Seattle, King Co., Wash. der han d. 4.11.1917. Amanda Anderson d. i Edmonds, Wash. 23.2.1930. Dei fekk fem born i lag: a. Andrew Norman Anderson, f. i Russell Co., Ks. 14.12.1881, d. i Seattle, Wash. 14.5.1927. Andrew gifte seg i San Francisco, Cal. 23.9.1913 med Elisabeth Viola Olga Clara, kjend som Elsie V. Sellmer, f. i Milwaukee Co., Wis. 5.10.1894. Ho d. ##### (date and place of her death? - still lived 1945 at Bellingham, WA - ?Elisabet Anderson of Phoenix, AZ - died July 1971 - SS from WA!) Andrew var aksjeseljar («stock promotor»), og han og Elsie budde i Portland, Multnomah Co., Ore., men flytte kring 1921 til Vancouver, Clark Co., Wash. og kring 1924 vidare til Bellingham, Whatcomb Co., Wash. der Andrew var seljar («salesman»). Som enkje livnærte Elsie seg som restaurantstyrar og fotograf («restaurant manager and photographer»). Dei fekk tre born i lag. b. Eric Richard Anderson, f. i Russell Co., Ks. 29.12.1882, d. i Vancouer, Wash. 15.3.1975. Eric gifte seg i Portland, Ore. 22.6.1910 med Josephine Lucke, f. i Multnomah Co., Ore. 9.9.1889. Ho d. som Josephine Kistler i Vancouver, Wash. 12.7.1967. Erik var leiar for eit oljeselskap, og han og Josephine budde i Portland, Multnomah Co., Ore., men flytte i 1921 til Vancouver, Clark Co., Wash. der Eric livnærte seg som aksjemeklar («stock broker»). Dei vart skilde i 1939, men Josephine gifte seg sidan att tre gongar. Eric og Josephine fekk fire born i lag. c. Thomas Edward Anderson, f. i Russell Co., Ks. 14.9.1884, d. i Seattle, Wash. 28.2.1975. Thomas gifte seg i Seattle, Wash. 16.8.1915 med Emma Jorgina, kjend som Peggy Hovig, f. i Blue Earth Co., Minn. 11.8.1887. Ho d. i Seattle, Wash. 23.11.1982. Thomas var ei tid bokhaldar («bookkeeper») i Portland, Multnomah Co., Ore., men han og Peggy flytte i 1920-åri til Edmonds, Snohomish Co., Wash. der Thomas var tømmeragent («timber salesman») og først på 1930-talet til Seattle, King Co., Wash. der Thomas var eigedomsseljar («realestate salesman»). Han og Peggy fekk ein son i lag. d. Sophia Thora Anderson, f. i Russell Co., Ks. 22.1.1886, d. i Edmonds, Wash. 20.7.1961. Sophia Anderson gifte seg i Seattle, Wash. 21.6.1905 med Albert Edward Maxwell. Han var f. i Yankton Co., S.D. 22.10.1883 og d. i Edmonds, Wash. 10.6.1979. Albert Maxwell var bankfunksjonær («bank clerk»), og han og Sophia budde først i Seattle, King Co., Wash., men flytte i 1921 til Edmonds, Snohomish Co., Wash. Dei fekk tre born i lag. e. Julius Daniel, kjend som Andy Anderson, f. i Kay Co., Okla. 2.4.1897, d. i Lincoln City, Ore. 25.9.1985. Han gifte seg i Portland, Ore. 31.12.1920 med Neva Alta Thomas, f. i La Crosse Co., Wis. 30.7.1900. Ho d. i Woodburn, Ore. 16.7.1993. Julius Anderson var bilmekanikar («auto mechanic»), medan Neva var korrekturlesar («proof reader»). Dei budde i Portland, Multnomah Co., Ore., men flytte i 1940 til Lincoln City, Lincoln Co., Ore. Dei var barnlause. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  12. Eg har frå Amerika motteke dette dokumentet, tydeleg kopiert frå Fold3, som nemner ein Christopher Anderson, 30 år gamal, som i september 1861 gjekk inn som soldat i den amerikanske borgarkrigen. Me har i eit tidlegare emne debattert det norske opphavet til ein annan Christopher Andersson, som framstod som mordar i Kansas i 1863: https://forum.arkivverket.no/topic/222370-christopher-anderson-alias-chris-hanson-ein-norsk-mordar-i-missouri-døydde-i-1876-fleire-opplysningar/?tab=comments#comment-1880376 I samband med den debatten hadde me framme fleire «aktuelle kandidatar» til kven mordaren kunne vera, og ein av desse andre «kandidatane» kan gøyma seg attom denne soldaten frå Colorado! Og særleg er eg svært oppteken av denne unge mannen frå Hafslo: Christopher Andersson Kjørlaug (Nitter), fødd i Hafslo 5.5.1831, utvandra til Amerika i 1851! Er det nokon som eventuelt kan bidra med hjelp til å finna ut meir om denne soldaten frå Colorado? Eg takkar so mykje på førehand for alje gode tips! Christopher Anders0n of Colorado.pdf
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.