Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'iowa'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 25 results

  1. Denne utfordringi har eg hatt liggjande i over 30 år utan å komma noko nærare ei løying: Rasmus alias Robert «Casey» ANDERSON var son av Andrew Olson (Teigen) (1836-1894) og Ellen Rasmusson (Bergset) (1848-1897), emigrantar frå Jostedalen som farma i Jacksonville township, Chickasaw Co., Ia. Robert var fødd i Chickasaw Co., KA 25.12.1880, men voks delvis opp i Forestburg, Sanborn Co., SD der svogeren Ole Klevjord frå Flesberg var prest på den tidi. Sidan vart Robert «laborer» i Bemidji, Beltrami Co., MN før han altso hamna i McGrath, Aitkin Co., MN der han ifølgje slekti skal vera avliden på 1950-talet. Han var ikkje gift. Er det nokon som kan greia finna lagnaden til Robert «Casey» Anderson ville eg gle meg svært mykje over det! Hjarteleg takk på førehand!
  2. Dette er ei utfordring som eg har kjempa med i mange år og som no skal vera ein del av siste bandet i bygdebokserien for Luster. Greier nokon å løysa denne floka? Anna Nilsdotter Urnæs, var fødd på husmannsplassen Hagen under Urnes i Hafslo 6.10.1883. Her er «gjen»utvandringi hennar frå 1914: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000736939 Ho gifte seg i Thief River Falls, MN 16.11.1919 med Bernhard Hansson Helgerud frå Land (1888-1932), som utvandra til Amerika i 1909. Her er dei i: * FT1920 i Divide Co., ND (båe med utvandringsår 1910): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RFH-3JM * FT1930 i Divide Co., ND (han med utvandringsår 1910, ho med utvandringsår 1907): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRCN-3K Eg føler eg har leitt både høgt og lågt, men eg finn ikkje denne utvandringi. Det var ei Anna Nilsdotter Næsset som utvandra frå Hafslo i 1906, men det var ei onnor jente! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Opplysningane om huslyden til Nils Torkildson Rønnei alias Nels T. Reno fekk eg i all hovudsak frå ein dotterson for 40 år sidan, og opplysningane såg gode ut, men det syner seg i ettertid at ein par vesentlege detaljar manglar. Det gjeld særleg: * Dødsfallet til Nels Reno? * Opplysningar om svigerdotteri Inga Jacobson frå «Bergen»? * Opplysningar om svigersonen Einar Mæland frå Årdal i Ryfylke? Kanskje er det nokon som kan «sjå» løysingi på nokre av desse utfordringane? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~~ Nils Torkildson Rønnei, frå Sandvikøyri under Sandviki, var f. 28.12.1845 og gifte seg 17.7.1879 med Martha Andersdotter, dotter av føregåande husmann og herifrå plassen, f. 4.10.1851. Nils og Martha var innerstfolk i Lunden, truleg hjå foreldri hennar her i Lunden 5 under Kalhagen, fram til 1882, men skreiv seg òg for Rønnei. Då dei flytte herifrå, vart foreldri hennar buande att åleine på plassen, og då Anna Sjursdotter fall ifrå i 1894, vart plassen nedlagd. Stova vart rivi, og den vesle jordi som låg kring tufti, vart truleg lagd til naboplassen i Lunden 6 under Kalhagen. I 1882 utvandra so Nels og Martha Reno til Amerika. Dei fór då til Jackson, Jackson Co., Minn., men flytte året etter til ein farm i High Lake township, Emmet Co., Ia. Kring 1890 flytte dei so vidare til Graettinger, Palo Alto Co., Ia. der Nels Reno var jarnbanearbeidar («railroad section boss»). Han vart sidan sjuk og skal vera avliden i Cherokee, Ia. kring 1905, ##### (this info. to be verified?) medan Martha Reno d. i Hampton, Franklin Co., Ia. 14.8.1939. Dei fekk åtte born i lag: a. Anders, kjend som Andrew N. Reno, f. i Luster 5.1.1875, utvandra til Amerika med foreldri i 1882 og d. i Watertown, S.D. 1.10.1936. Andrew gifte seg i Watertown, S.D. 28.12.1912 med ##### (kona sitt norske namn? – opphavet hennar? – Bergen og omland?) i Amerika kjend som Inga Jacobson. Ho var dotter av ##### (fulle namn på foreldri med yrke, bustad og opphav?) og f. ##### (fødestaden hennar?) 24.1.1866. Ho utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret hennar?) og d. i Hot Springs, S.D. 25.8.1953. Andrew Reno var arbeidar («laborer»), og han og Inga budde i Watertown, Codington Co., S.D. Dei var barnlause. b. Anna N. Reno, f. i Luster 5.2.1879, utvandra òg med foreldri til Amerika i 1882 og d. i Graettinger, Ia. 11.2.1910. Ho gifte seg i Graettinger, Ia. 6.6.1898 med Peter Larson Duhn, f. i Palo Alto Co., Ia. 4.7.1871. Han d. i Graettinger, Ia. 24.11.1968. Anna og Peter Duhn farma i Walnut township, Palo Alto Co., Ia. og fekk seks born i lag. c. Maria, kjend som Mary N. Reno, f. i Luster 22.1.1882, utvandra til Amerika med foreldri i 1882 og d. i Alameda, Cal. 15.4.1969. Mary gifte seg i Humboldt Co., Ia. 16.5.1903 med Peder Johannes, kjend som Peter J. Lansing. Han var f. i Humboldt Co., Ia. 3.11.1878 og d. i Alameda, Cal. 28.2.1961. Mary og Peter farma først ei tid i Delana township, Humboldt Co., Ia. men budde sidan mange år i Bode, Humboldt Co., Ia. der Peter var møllearbeidar («elevator worker»). På 1940-talet flytte dei so til Alameda, Cal. der Peter Lansing arbeidde som kontrollør ved ein marinebase («naval base stock room controller»). Dei fekk åtte born i lag. d. Thea Amalia Reno, f. i Emmet Co., Ia. 14.12.1883, d. i Hampton, Ia. 3.3.1971. Thea gifte seg i Cerro Gordo Co., Ia. 21.2.1917 med Grover Arthur Banker. Grover var f. i Franklin Co., Ia. 27.2.1889 og d. i Oakdale, Ia. 21.2.1947. Grover og Thea Banker farma i Marion township, Franklin Co., Ia., men busette seg på 1920-talet i Hampton, Franklin Co., Ia. Dei fekk to born i lag. e. Nilsine Margrethe, kjend som Sena Reno, f. i Emmet Co., Ia. 26.4.1886, d. i Humboldt, Ia. 5.2.1963. Sena gifte seg i Spokane, Wash. 2.8.1908 med William Nels Chantland, f. i Webster Co., Ia. 19.4.1882. Han d. i Ft. Dodge, Ia. 9.8.1971. Sena og William Chantland farma i Waconsta og Delana townships, Humboldt Co., Ia. og fekk fem born i lag. f. Christina Sophie Reno, f. i Emmet Co., Ia. 18.5.1889, d. i Prairie Farm, Wis. 20.1.1972. Ho gifte seg i Emmetsburg, Ia. 18.6.1909 med Einar Einarson Mæland frå Kyrkhus i Årdal, Ryfylke, i Amerika kjend som Einer Maland. Han var son av handelskar Einar Einarson Østerhus på Kyrkhus, opphavleg frå ##### (kvar fødd/oppvaksen?) og kona Ingeborg Tjærandsdotter frå ##### (kvar fødd/oppvaksi?) og f. i Årdal 11.4.1885. Han utvandra til Amerika i 1907 og d. i Prairie Farm, Wis. 23.10.1980. Christina og Einer Maland farma mellom anna i Liberty township, Hamilton Co., Ia., i Sherman township, Hardin Co., Ia. Og til sist i Prairie Farm township, Barron Co., Wis. Dei fekk seks born i lag. g. Louis Vance Reno, f. i Palo Alto Co., Ia. 8.2.1892, d. i Des Moines, Ia. 26.6.1935. Lewis gifte seg i Nevada, Ia. 2.11.1925 med Gladys Pearl Lounsberry. Ho var f. i Tama Co., Ia. 2.12.1907 og d. i Marshalltown, Ia. 4.7.1965. Lewis Reno var murar («mason»), og han og Gladys budde i Marshalltown, Marshall Co., Ia. Dei fekk tre born i lag. h. Albert Henry, kjend som Tom Reno, f. i Palo Alto Co., Ia. 3.4.1894, d. i San Luis Obispo, Cal. 13.10.1984. Tom gifte seg i Marshalltown, Ia. 1.7.1922 med Edna Dorothy Dolash. Ho var f. i Tama Co., Ia. 16.4.1903 og d. i Tulare Co., Cal. 4.9.1989. Tom Reno var jarnbanekonduktør («railroad conductor»), og han og Edna budde i Marshalltown, Marshall Co., Ia., men flytte som pensjonistar til Cayucos, San Luis Obispo Co., Cal. Ingen born. ~~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Dette er ei jente som eg har leitt etter i over 40 år, men aldri greidd å komma på sporet etter. Kanskje nokon kan klara det? Christina Halvorsdotter, fødd på garden Rønnei i Luster 11.9.1845, yngste barnet av Halvor Pederson (1799-1852) og Gjertrud Endresdotter (1800-1863). Christina utvandra i 1869 i lag med broren Anders Halvorson (1844-1893) til Amerika. Om Anders veit me at han gifte seg i Columbia Co., WI 4.12.1875 med nabojenta Ingeborg Nilsdotter frå Rønnei i Luster 1850-1916), og våren 1876 flytte dei til ein farm i Jacksonville township, Chickasaw Co., IA der dei fekk sju born i lag. Dei skreiv seg for Halvorson! Det næraste eg kjem i kveld, er denne ugifte tenestejenta i Chicago, IL 1870: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7163/images/4262753_00140?usePUB=true&_phsrc=Nzx24080&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=15810551 Kan det vera denne: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:V2P8-LTT Det hadde vore gildt om me endeleg kunne komma på sporet etter denne jenta frå Luster, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Dette er ein huslyd frå Luster som eg jobba ganske aktivt med då eg vitja Midt-Vesten i 1979 og 1982. Skilsmålspapiri til eldste dotteri Oline ligg lagra i Prairie du Chien, WI, og dei kunne fortelja om ein «lat og doven» andre ektemann Constantin Seaman som ikkje utførte so mykje som ein dags arbeid på farmen etter han vart «herre i huset»! Eg vitja òg etterkomarar i Worth Co., IA, men diverre var det mange detaljar dei ikkje kunne hjelpa meg med! Ein del detaljar har eg finne i ettertid, men ein god del manglar, og no vonar eg på hjelp til å finna fram til i alle fall ein del av desse? Kanskje svigersonen frå Rollag samt svigersonen frå Austfold kan sporast opp? Kanskje ranchar Charles Watson i Wyoming kan identifiserast? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #22 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden og ønskjer fortsatt Godt Nytt År!
  6. Denne huslyden er ei ny utfordring, som eg strevde veldig med for 30 år sidan, men som eg den gongen ikkje greidde å gjera noko som helst med! No er eg endeleg heilt tilfeldig komen på sporet etter desse folki, og eg ønskjer i kveld å syna fram eit oppdatert manuskript. Framleis manglar eg nokre detaljar, særleg om: * Den svenske kona Amanda «Malin» Fanberg, opphav og lagnad? * Dødsfallet hans - med liktale (obituary)? Her følgjer manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~~~ Karl Mathias, kjend som Charles Mathew Thompson, son av Martha Christensdotter og ein ukjend Knut Knutson, var f. i Dane Co., Wis. 9.9.1862 og vart adoptert av besteforeldri sine. Han gifte seg i Toledo, Tama Co., Ia. 30.8.1888 med Amanda ##### (kalla Mollie ved vigsli! - fullt svensk namn? – Malin? – svensk opphav? – Irtackvlin, Sverige?) i Amerika kjend som Amanda Fanberg. Ho var dotter av ##### (foreldri William Fanberg og Luden Peterson – fulle namn – yrke, bustad og opphav? – William Fanberg with 2nd wife in 1900: Sioux Falls, SD: https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=7602&h=69750104&tid=&pid=&queryId=b0cd1382ea4f958332e6dec38f2e9b98&usePUB=true&_phsrc=Nzx22659&_phstart=successSource og f. ##### (dato og stad for fødsli hennar?) .1.1873, men utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret hennar?) Charles var symaskinagent («sewing machine agent»), og han og Amanda budde fleire år i Nevada, Story Co., Ia. og sidan hjå adoptivmori hans i Heron Lake township, Jackson Co., Minn., ##### (census 1895: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-D1KL-GJ men flytte sist på 1890-talet til Sioux Falls, Minnehaha Co., S.D. der det vart skilde våren 1900. I 1902 var dei båe i Brookings, Brookings Co., S.D., men sidan flytte Amanda til ##### (lagnaden hennar? – she a laundress 1900!) medan Charles ##### (andre bustadar før Corson Co., SD?) slo seg ned som ranchar i T19-19 nær Athboy, Corson Co., S.D. Han d. ##### (date and place of his death? – maybe in Spink Co., SD Sep. 12, 1931?) ##### (date and place of Amanda’s death?) Dei fekk fire born i lag. ##### (to be verified? * Edward., f. IA Dec. 1888 * Robert L., f. Nevada, Story Co., IA 6.11.1891: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/6482/images/005245786_07672?treeid=&personid=&hintid=&queryId=75961d5283d8e02c5204c3634eab0e91&usePUB=true&_phsrc=Nzx22694&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.60940200.529769245.1608677962-1442769865.1532627837&pId=1225135 * Minnie Alice, f. Nevada, Story Co., IA 19.6.1893: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/107336145/person/250055882560/facts * Myrtle Charlotte, f. Brookings, SD 8.9.1902: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/107336145/person/250055882554/facts ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg hadde vorte svært so glad om nokon kunne greia å fylla nokre av hòli i denne ættetavle og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  7. Tvillingene Hans og Nils (min tipp-tipp-tipp) blir født 27. juni 1832 og døpt fra Fanavoll i Fana 1. juli 1832. Bygdeboka Sund på Søre Sotra skriver om familien: "I 1837 var dei komne til Bjelkarøyna som paktarar, flyttinga var skriven i kyrkjeboka i 1841, far og mor og sju born. Skiftet etter Kristoffer vart halde i 1846." Om Hans skriver bygdeboka at han trolig døde ung, og at søsknene kalte ham opp. Selv om denne bygdeboka er knallgod på mye, tar de feil om hvor ung han i tilfelle døde her. Samtidig er min tippoldefar oppkalt etter Hans i 1865 - etter farfar, men før morfar kalles opp. Det kan synes som han tjente i Fusa etter faren døde, ingen nær slekt der, det jeg vet, men: Hans blir konfirmert fra Litle Lid i 1848. (Tvillingbroren Nils i Sund). Gift fra Skjørsand i Fusa 1860. Og emigrerer med kone og stesønn i 1861. Men i USA har jeg ikke funnet verken ham eller kona, Anna Johannesdtr. Skaathun (f. 17. juni 1818 på Skote i Fusa). Jeg finner stesønnen Vilhelm Johannes Wilhelms. Krüger (William Kruger) først i 1880 i Marion, Clayton, Iowa, og i 1900, 1910 i Westfield, Dodge, Minnesota. Noen som er god på leting derover, som kan hjelpe med hint?
  8. Eg syner til denne innførsli i FT1925 for Adams Co., IA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QSQ-G9XG-8JF7 Her finn me på linje #68: Rachel Grady, 48 år gamal, fødd i Noreg og gift med John Grady. På neste side: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QSQ-G9XG-8J6J les me at foreldri hennar var Andrew Retland (83) og Ragnhild Hetland (76) Frå andre kjelder finn me at Rachel var fødd i Noreg 2.11.1876, og ho skal ha utvandra med foreldri sine i 1883. Ho gifte seg første gongen i Carbon, IA 2.8.1900 med enkjemannen Lars G. Osheim (1865-1910). Rachel Grady døydde 11.7.1976, nær 100 år gamal: https://www.findagrave.com/memorial/93979939/rachel-grady Kan nokon hjelpa meg identifisera denne Rachel og fortelja meg: ** Fullt norsk namn? ** Fulle namn på foreldri hennar med yrke og opphav til båe? ** Stadfesting av utvandringsåret hennar 1883? ** Dødsstaden hennar? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  9. Dette er ein huslyd som eg først vart merksam på for nokre år sidan, men som ikkje vart teken med den gongen eg skreiv om foreldri i Luster, av den enkle grunn at denne eldste sonen av Haaver Jørgenson og Ingeborg Olsdotter på Talle i Luster ikkje flytte med foreldri frå Vang til Luster. Ikkje desto mindre ønskjer eg no å samla ein del opplysningar om dei, om eg berre hadde greidd å finna dei att... Her følgjer eit oppdatert manuskript med det eg veit so langt: ~~~~~~~~~~~~~~ Christopher Haaverson {Berge}, f. i Vang 24.9.1825, Christopher Haaverson flytte ikkje med far sin til Luster, men gifte seg i Vestre Slidre 17.6.1864 med Anna Tollefsdotter frå Jarstad i Vestre Slidre. Ho var dotter av husmann Tollef Helgeson på Jarstadmarki under Jarstad, opphavleg frå Nesja, og kona Anna Knutsdotter frå ein plass ##### (kva plass?) under Viste og f. i Vestre Slidre 5.5.1844. Parfolket budde ei kort tid som innerstfolk på Berge i Vang, men utvandra til Amerika i 1866. ##### (lagnad i Amerika? - resided 1870 as a laborer «Holverson» i St. Ansgar township, Mitchell Co., IA – still at St. Ansgar 1873 – shall also have lived near Carpenter, Mitchell (or Worth?) Co., Ia. in the 1870’s – 1885: farming in Warsaw township, Goodhue Co., MN - then «Christopher Hagen» with wife Ingeborg, born 1837) ##### (date and place of his death?) ##### (date and place of her death?) Dei fekk fire born i lag: ##### (sjekka at alle er medkomne?) a. Ingeborg, kjend som Emma Hoverson, f. i Vang 16.9.1864, ##### (nemnd 1873 - biography?) b. Anna Tonette Hoverson, f. i Mitchell Co., Ia. 15.10.1868, ##### (nemnd 1873 - biography?) c. Endre Olaus Hoverson, f. i Mitchell Co., Ia. 10.9.1870, ##### (nemnd 1873/1885 (Edw) – confirmed Vang, Dennison, MN 1885 - biography?) d. Christine Hoverson, f. i Mitchell Co., Ia. 27.1.1873, ##### (nemnd 1885 - confirmed Vang, Dennison, MN 1887 - biography?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg er ikkje overtydd om at dei har skrive seg for Hoverson. I 1885 står dei som Hagen, men om det er retningsgjevande, veit eg ikkje... Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  10. Ingrid Eriksdotter Bratterud, oppgjeven fødd i Noreg 2.2.1860, døydde i Worth Co., IA 7.6.1950. Ho gifte seg første gongen i Worth Co., IA 7.10.1884 med enkjemannen Peder Hansson Dalsøren frå Luster (1837-1896), og etter han var avliden gifte ho seg att i Worth Co., IA 15.3.1897 med: Carl Johan Sæther, oppgjeven fødd i Noreg 20.5.1868, døydde i Osage, IA 7.4.1959. Her er Carl og Ingrid i: FT1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RV8-632 FT1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRXW-D4T FT1930: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RHW-PTF FT1940: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QSQ-G9M1-V81Z Carl er oppgjeven med utvandringsår 1891 (i 1910 og 1920) og 1883 (i 1930), medan Ingrid har utvandringsår mellom 1883 og 1880. Er det utifrå desse opplysningane mogeleg å finna dei norske opphavi deira? * Fulle «norske» namn? * Dato og stad for fødslene deira? * Fulle namn på foreldri deira med yrke, bustad og opphav? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  11. Huslyden til Torsten Erikson som i 1856 utvandra til Amerika frå Luster med kone og fire born har i mange år vore eit «mysterium». Truleg er det slik at både kona og ei av døtrene døydde på vegen over havet, men nokon dokumentasjon på dette har eg so langt ikkje greidd å finna. Det har ogso vore ei gåte kvar det vart av sonen Anders «Andrew Thompson» som etter det dei seier skal ha flytt til California, medan dotteri Anna «Anna Aaberg» skal ha butt i Hancock, IA. Dette er vel kanskje Andrew Thompson som i 1910 dukkar opp i Pasadena, Los Angeles Co., CA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RV6-77X Og her er Bertha som enkje i 1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GR69-3CD og likeins i 1930: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRHM-SB men dødsfalli deira har eg ikkje finne so langt... Anna Aaberg ser eg ikkje noko meir til i det heile! Kanskje nokon har betre auge enn eg? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #15 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  12. Søker igjen om det er mulig å finne lagnaden til Nils Olsson Hersvik – Harswick f. 13.7.1869. -Foreldra hans var: Ola Jonsson Wergeland – Verkland (1827-1910) og Marie Elisabeth Olsdtr. Hertzberg 1829-1905). Nils og annen familie har vore diskutert før, men fortsatt er Nils sine endelig lagnad ikkje kjent: https://forum.arkivverket.no/topic/146544-61150-usa-nils-olsson-hersvik-til-usa-i-1890-lagnad/?page=2&tab=comments#comment-1230825 https://forum.arkivverket.no/topic/146978-61588-usa-h%C3%A5kon-guttormsen-fr%C3%A5-bergen-til-usa-i-1924-lagnad/?tab=comments#comment-1234725 g. 1901 m. Katherine M. Balzerck (1881-1963). Ho g. 30 Jun 1921 m. Edwin Z. Christeson (1886-1976) Arrival: 1890 • New York, New York Residence: 1905 • German, Kossuth, Iowa, USA Residence: 1910 • Fairbury, Jefferson, Nebraska, USA Residence: 1924 • Fairbury, Jefferson, Nebraska Residence: 1935 • Fairbury, Jefferson, Nebraska Residence: 1940 • Rock Creek, Jefferson, Nebraska, USA -Nils og Katherine skal iht C1919 ha fått 3 barn, men ingen er i livet i 1910. -Om Nils kom til USA i 1890, kvar er han ved C1900, og kva er han i 1920 og 1930? -Kan dette vere ein son for han? Iowa, Births and Christenings Index, 1800-1999 Name: Nels Harswich Gender: Male Spouse: Kate Hemtz Child: George Harswich Birth Date:6 Dec 1903 Birth Place:Kossuth County, Iowa FHL Film Number: 1451890
  13. Ingebrikt Johannesen Grindheim, født i 1827 på Grindheim i Etne (sønn av Johannes Sjursen Grindheim og Sara Ingebriktsdatter), utvandrer med foreldrene og søsteren Kari til Illinois i 1847. I 1870 census er familien i Illinois. "1870 census - Home in 1870:Dement, Ogle, Illinois Albert Grindeim 42 (Ingebrit recorded as Albert) Johanna Grindeim 30 Sarah Grindeim 12 Martin Grindeim 9 Caroline Grindeim 7 Isabel Grindeim 5 Johannah Grindeim 3 Ingebrit er da feilaktig oppført som Albert, men navn kona og barna stemmer. På Findagrave er Ingebrit oppført med en del opplysninger, som også stemmer. https://www.findagrave.com/memorial/116295177/ingebrit-j-grindem Her ektefellen kalt Johanna Sonde. Hun oppgis å være født i Norge i 1840 (muligens basert på at hun er oppgitt som 30 år gammel i 1870) Sande og Sunde finnes i Etne og Skånevik. Ingen direkte aktuelle kandidater funnet i disse områdene. Det oppgis at Ingebrit dro videre til Iowa etter at kona døde i barsel ca 1873. De får en rekke barn fram til hun dør: Sigrid "Siri or Sarah" Grindem født 7 aug 1858. Martha "Mattie" Johanne "Jane" Grindem, født 14 jan 1861 i Ottawa,Kane county,Illinois,[1][1] Karen Sophia "Cora" Grindem født 0 ___ 1863. Isabel Oline "Belle" Josephine Grindem født 17 jul 1865. Johannah Severine Grindem, født 0 ___ 1867 i Illinois,USA. Olene Johanne Grindem, født 0 ___ 1868 i Illinois,USA. Jonas Riggins Grindem født 7 aug 1870. Samuel Grindem, født 26 jan 1875 i Lee,Illinois,[2][2] død BEF 1880. I og med at det er oppført i U.S., Evangelical Lutheran Church in America Church Records, 1826-1969 at Samuel Grindem blir født i Januar 1875 i Illinois, må det antas at Johanna dør som følge av denne fødselen i 1875.https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314936-00082?pid=2377239&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D2377239%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DFDI1519%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=FDI1519&_phstart=successSource&usePUBJs=true Metodikken kan muligens betviles, at Samuel er født i 1874. Oppført linje 7 Name: Samuel Grindem Baptism Age: 0 Record Type: Baptism Birthdate: 26 jan 1875 Baptism Date: 03 Feb 1875 Baptism Place: Lee,Illinois,USA Father: Ingebrigt J Grindem Mother: Johanne Grindem Church name: Norwegian Lutheran Church Ved dåpen av datteren, Siri, Evangelical Lutheran Church i 1859 er morens navn ført som Johanne Margrete Svendsdatter. https://search.ancestry.com/cgi-in/sse.dll?viewrecord=1&r=an&db=ELCAbmd&indiv=try&h=1406627 Jeg vil sette stor pris på innspill om hvem denne Johanna Sonde født i Norge kan ha vært. Jeg har rimelig god oversikt over etterkommerne og forfedrene til Ingebrit Grindem. Mvh Hans Gangstø
  14. Dette er ein huslyd som eg jobba med på 1980-talet, men som eg den gongen ikkje greidde heilt å verta «klok» på. Diverre ser det ikkje ut til å vera so mykje enklare i dag, men ein del nytt har eg finne. No står eg likevel «bom fast», og kan henda er det avisoppslag me først og fremst treng for å komma vidare? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #11 under! Kanskje er det mogeleg å finna eit par obituaries? Eller oppslag kring vigslene til Clara og Nora, kring skilsmålet til Nora og John Wolcott...? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  15. Dette emnet gjeld ei svigerinne til Walter Mikesell som vert drøfta i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/223612-walter-mikesell-avliden-i-missouri-i-1953-var-gift-med-norske-ragnhild-krogen-«lena-crogan»-kven-kan-denne-mannen-vera-og-kva-tidkvar-gifte-han-seg-med-lena-ei-amerikansk-utfordring/ Christen Olson Krogen (1844) og kona Sophie Ellingsdotter Talle (1834), båe frå Luster, utvandra til Amerika i 1866 og busette seg i McFarland, Dane Co., WI der dei båe skal vera avlidne i året 1880 (ikkje stadfesta!). Dei lét etter seg sju born i alderen 4-15 år, som truleg voks opp hjå dei to søskeni som faren hadde i Grant Co., WI,.. Mellom desse borni var: Anna Christine Krogen, fødd i Dane Co., WI 14.11.1872. Ho tok i ung alder namnet Tina eller Tena Crogan, og i 1900 finn me ho som hotellarbeidar i lag med to av søstrene (mellom anna Lena Crogan Mikesell) i Mason City, Cerro Gordo Co., IA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6PCH-GGH Tina og søsteri er nemnde i city directories frå Mason City, IA i fleire år, men forsvinn so frå Mason City, for på ny å dukka opp der kring 1913. I 1915 forsvinn båe søstrene på ny, og me veit at Lena i 1916 gifte seg i Sapulpa, OK med Walter Mikesell. I 1920 dukkar dei to søstrene opp i lag på ein farm i Springdale township, Washington Co., AR: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9R6C-V3P Då legg me merke til at Tina Crogan er oppført som DIVORCED. Ifølgje slekt skal Tina ha butt i lag med Lena Mikesell i mange år og dei meinte Tina òg skulle vera flytt til Sheldon, Vernon Co., MO, men eg kan ikkje sjå noko til Tina der og finn heller ikkje nokon dødsattest for ho i Missouri! Eg har ein gong sett ein kort obituary for Lena Mikesell frå 1950, og då er Tina IKKJE nemnd, so ho må med andre ord vera avlidi mellom 1920 og 1950! Dersom det stemmer at Tina var skild før 1920, vil eg tru at ekteskapet hennar kan ha vore inngått ein gong mellom 1900 og 1913, og at ho tok attende jentenamnet sitt då ho vart skild og på ny dukka opp i Mason City, IA på den tidi!? To store utfordringar kjem ut av dette emnet: ** Opplysningar om ekteskapet til Tina Crogan? Kanskje finst ho i FT1910 som kona til ein eller annan...? ** Opplysningar om dødsfallet til Tina Crogan - mellom 1920 og 1950? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  16. Eg er i dag komen borti ei utfordring frå Varhaug (Hå) i Rogaland og vonar at nokon med lokal kunnskap, eventuelt med hjelp av ei bygdebok, kan hjelpa meg vidare? Ole Salveson, i Amerika kjend som Ole S. QUEE, var fødd i Varhaug sokn, Hå 6.8.1868 som son av husmann Salve Abrahamson og kona Oline Johannesdotter, då sagt å bu «under Djøseland»: https://media.digitalarkivet.no/view/6285/81 Eg finn foreldri hans i FT1865 busette på ein plass under Skretting: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038202002695 Og eg finn dei i FT1875 busette på Rangen, visstnok under Kvie: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052243001420 So finn eg vigsli til Salve Abrahamson «under Kvie» og Oline Johannesdotter «under Odland» 3.7.1849: https://media.digitalarkivet.no/view/1612/126 Men, eg finn IKKJE noki utvandring for Ole Salveson frå Varhaug kring 1889/1890: https://media.digitalarkivet.no/view/3644/271 Her er Ole Quee som farmar 1900 i Okoboji township, Dickinson Co., IA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6W2G-Y Eg sit då att med desse utfordringane: * Kva år utvandra Ole Salveson Kvie «Quee» til Amerika? * Frå kva plass under Kvie hadde Salve Abrahamson opphavet sitt? * Frå kva plass under Odland hadde Oline Johannesdotter opphavet sitt? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  17. Denne utfordringi tek utgongspunkt i denne fødsli frå Skedsmo: https://media.digitalarkivet.no/view/5526/121 Anna Dorthea Christophersdotter, fødd 22.12.1870 og døypt 19.3.1871 av foreldri skulelærar Christopher Larsson og kona Maren Lovise Olsdotter Kongsrud. Her er vigsli til foreldri hennar i Skedsmo 1.4.1863 - han med namn Asak og ho med namn Baalerud: https://media.digitalarkivet.no/view/546/226 Her er foreldri hennar i FT1875 for Skedsmo, gardbrukar og lærar på garden Kongsrud: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052047000021 Her er mori Lovise Larsen i FT1900 som kårenkje på garden Uldreng søndre i Skedsmo: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037036000304 Og konfirmasjonen til Anna Dorthea frå 1886 syner at dei alt då var komne til Uldreng: https://media.digitalarkivet.no/view/547/207 Her er utvandringi hennar frå Skedsmo i 1888, utan gardsnamn: https://media.digitalarkivet.no/view/547/359 Desse opplysningane utløyser hjå meg flere utfordringar som eg vonar at ein eller annan med lokal kunnskap eller tilgjenge til ei bygdebok kan hjelpa meg løysa: * Kva gard i Skedsmo kan me seia at Anna Dorthea voks opp på, Kongsrud eller Uldreng? * Kva gard/plass i Skedsmo hadde faren Christopher Larsson oppveksten sin på? * Kva gard/plass i Skedsmo hadde mori Maren Lovise Olsdotter oppveksten sin på? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  18. Frå Iowa får eg opplyst at: Marie Berntine Eriksdotter Børseth skal vera fødd i Noreg 3.7.1877 av foreldri Erik Børseth og Marie Eriksdotter. Huslyden skal ha utvandra til Amerika i 1883(?). Marie gifte seg på Washington Prairie nær Decorah i Winneshiek Co., IA 2.2.1899 med Jens J. Moe frå Luster i Sogn (1871-1939) og skal vera avliden i Waukon, IA i 1943, dato ukjend. Er det nokon som dreg kjensel på dette namnet og som kan hjelpa meg finna ut/stadfesta: ** Fullt namn i Noreg? ** Dato og stad for fødsli hennar? ** Utvandringsåret? ** Fulle namn på foreldri med yrke, bustad og opphav? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  19. Eg ønskjer i dag å presentera ei sak som eg rett nok har hatt liggjande i over 40 år, men som eg ikkje kan hugsa har vore oppe til drøfting her før! Ole Lasseson (Rønnei) alias Ole Lewis utvandra 15 år gamal i 1857 med foreldri sine frå Luster til Dekorra township, Columbia Co., WI og budde der til han først på 1870-talet slo seg ned som farmar i Webster Co., IA Alt før han flytte til Iowa dreiv Ole i lag med den eldre broren Christopher Lewis (1835-1887) med kjøp og sal av eigedomar der dei budde i Wisconsin. Dette heldt dei fram med i Iowa, men Christopher vart sjuk og flytte i 1877 inn på ein lokal sjukeheim. Ole derimot heldt fram inntil han ein gong tidleg på 1880-talet greidde å selja same farmen TO gongar, først til mori Unni «Julia» Lewis for ein dollar og so til svogaren Ole S. Tang for noko meir! Dette vart det sak av, og kring 1886 tok han med seg søsteri Martha Lewis og rømte til Guthrie, Oklahoma. Men då sheriff'en reiste dit for å henta han attende til Iowa, var han rømt på ny. Siste kjende adresse frå 1891 var Austin, Travis Co., Texas! Saki kom opp til handsaming i Humboldt Co., IA, og i 1982 sat eg ein heil ettermiddag i kjellaren på Humboldt County Courthouse og las meg igjennom store mengder saksdokument der desse opplysningane kom fram! Det var altfor mykje papir til at eg kunne kopiera alt saman...! Kva eg sidan fann ut, er at han og kona Anna skilde lag kring 1885, og kona og dei fem borni deira, som då framleis levde, flytte til skyldfolk av mori (Luraas) i Stoughton, WI, men eg har aldri greidd å få noko skikkeleg oversyn over lagnadane deira, bortsett ifrå at då eldste sonen James Lemark Lewis døydde i Chicago, IL i 1940, var den næraste slektningen hans ei moster som budde i Stoughton, WI. Dette tyder på at dei andre søskeni alle var avlidne utan å etterlata seg born...!? No vonar eg det skal vera mogeleg å komma litt vidare med denne biografien og ber om hjelp i dette fantastiske Brukarforum! Her følgjer eit utdrag av manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~~~~~~ Ole Lasseson {Rønnei}, f. {i Luster} 5.11.1842, Ole Lewis utvandra til Amerika med foreldri sine i 1857 og gifte seg i Polk Co., Ia. 31.3.1871 med Anna J. Nelson, f. i Dane Co., Wis. 27.4.1852. Ole Lewis farma først ei tid i Dekorra township, Columbia Co., Wis., men då han gifte seg, flytte han og Anna til ein farm i Badger township, Webster Co., Ia. Dei skal òg ha butt i Wahkonsa, Webster Co., Ia., men Ole og Anna skilde lag i 1885, og Anna flytte attende til Stoughton, Dane Co., Wis. der ho d. 27.9.1898. Ole vart borte på same tidi, men flytte tydeleg kring 1886 med søsteri Martha til Guthrie, Logan Co., Okla. og kring 1890 vidare til Austin, Travis Co., Tx., men etter 1891 høyrer me ikkje noko meir til Ole, og den seinare lagnaden hans er førebels ukjend. ##### (what became of him after 1891?) Ole og Anna fekk seks born i lag: a. James Lemark, kjend som Lemark Lewis, f. i Webster Co., Ia. 19.10.1871, d. i Chicago, Ill. 29.9.1940. ##### (closest survivor an aunt (Luraas) in Stoughton, WI) b. Ole Benjamin Lewis, f. i Webster Co., Ia. ?.1.1873, d. visstnok i Webster Co., Ia. kring 1878. ##### (exact date of his death? – ony child buried at Badger, Webster Co., IA!?) c. Adolf Herman, kjend som Herman Lewis, f. i Webster Co., Ia. 16.2.1875, ##### (confirmed Stoughton, WI 1889 - d. prior to 1896?) d. Daisy Alvina Lewis, f. i Webster Co., Ia. 21.1.1877, ##### (1900 and 1910: single servant Stoughton, Dane Co., WI! – died prior to 1940!) e. Amalia Julietta, kjend som Millie Lewis, f. i Webster Co., Ia. 20.5.1878, d. i Stoughton, Wis. 20.6.1894. f. Jesse Benjamin, kjend som Ben Lewis, f. i Webster Co., Ia. 2.11.1882, ##### (was confirmed in Stoughton, WI 1897 – died before 1940! – destiny?) ~~~~~~~~~~~~~~~~~~ Eg vil tru det må ha vore litt skriveriar om denne saki som Ole Lewis var innblanda i på 1880-talet, og kanskje finst det òg etterlysningsannonsar frå Oklahoma eller Texas? Det hadde vore kjempebra å kunna komplettera denne biografen, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  20. Dagens påskenøtt tek oss til Nord-Austerdalen og derifrå til Amerika: Torger Johnson, fødd i Luster 7.1.1838, utvandra til Amerika i 1858 og vart som enkjemann attgift i Clayton Co., IA 20.3.1888 med ei jente som då kalla seg for: TILDA OLSON. Ho oppgav vera fødd på RØROS 7.5.1869 som dotter av Esten Olson og Eli Thorsdotter og skal ha utvandra i 1885(?). Ho vart enkje alt i 1889, men gifte seg att og døydde i Richmond, CA 29.1.1953. Eg har no oppdaga at denne jenta i røyndi heitte: TYRI Estensdotter, og ho var fødd «uekte» i Os, Tolga 7.5.1869. Foreldri var ungkar Esten Olson Oseng og jenta Elia Thorsdotter Faaset: https://media.digitalarkivet.no/view/8907/104 Kan dette vera mori: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0436&kenr=005&bnr=0013 Kan dette vera faren: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0436&kenr=011&bnr=0005&lnr=000 Er det mogeleg utifrå dei føreliggjande opplysningane å svara på desse spørsmåli: ** På kva plass/gard voks Tyri Estensdotter opp? ** Kva år utvandra ho til Amerika? ** På kva plass/gard var faren Esten Olson oppvaksen og kvar budde han med kva yrke i vaksen alder? ** På kva plass/gard var mori Elia Thorsdotter oppvaksi og kvar budde ho med kva yke i vaksen alder? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og ønskjer ein God Påske!
  21. Dette emnet er ei oppdatert oppfølgjing av tema #15758 frå det gamle brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/101553-15758-christen-andersen-og-suneva-pedersdatter-fra-luster-i-sogn/?tab=comments#comment-834093 Etter nye opplysningare er denne huslyden no «flytt» til siste bandet av bygdebokserien for Luster som skal komma ut om ikkje so lenge. Christen og Synneva «Susan» utvandra i 1855 og busette seg etter kvart i Lake Mills, Winnebago Co., IA. Eg har i mellomtidi greidd å få tak i det meste, men so er det nokre detaljar som rett og slett «gøymer seg» so altfor godt... Siste versjon av manuskriptet mitt ser slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter at nye opplysningar no er komne til, er dette manuskriptet erstatta av eit nytt i innlegg #5 nedanfor! Christen og Synneva «Susan» fekk ni born i lag, og ifølgje FT1900 var åtte av dei då i live: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6GBH-GRV?i=8&cc=1325221 Sonen John Martin døydde på ein pleieheim i Independence., IA i 1892, noko som tyder at både sonen Peder og dotteri Inger Susanne då framleis var i live. Peder veit eg ikkje noko om i det heile, men eg mistenkjer dette for å vera dotteri Inger Susanne, «Inger S. Anderson», som i 1900 var pasient på den same pleieheimen i Independence, IA som der John døydde nokre år før: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6SLW-3N8 Det er særleg desse to borni eg er oppteken av å finna ut meir om, og kan henda vil dette vera mogeleg dersom me kan finna obituaries for foreldri som båe døydde i Lake Mills, IA i 1906? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne utfordrande huslyden!
  22. Bygdebokprosjektet for Luster kommune er i avslutningsfasen, og eg vil i kveld gjerne få syna fram denne kjempeutfordringi som i utgongspunktet er ein del av følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/173530-ole-iverson-everson-1818-og-kirsti-stina-olson-1822-ei-amerikansk-utfordring/ Eg har freista samla dei manglande detaljane om denne huslyden gjennom fleire års aktiv innsats i Amerika, men no står eg fullstendog «bom fast», og det hadde vore so kjekt for prosjektet vårt om i alle fall nokre av «tomrommi» kunne verta fyllte med svar... No er ekspertisen i Brukarforum mi siste von! Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~~~ 7. Ole Olson (Krogen), f. i Hafslo 12.7.1858, Ole Olson, sidan kjend som Ole Everson, utvandra òg med foreldri til Amerika i 1866 og gifte seg i Worth Co., Ia. 12.6.1889 med Anna Johanna Sanvik, dotter av husmann Ludvig Ellingson Sanvik frå Langen under Talle i Luster (1843-1941). Anna var f. i Luster 10.2.1871, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1882. Ole og Anna farma ei tid i Silver Lake township, Worth Co., Ia., men flytte sidan inn til Lake Mills, Winnebago Co., Ia. der dei dreiv pensjonat («boarding and rooming house owners and operators»). Ole d. i Lake Mills, Ia. 15.2.1940, medan Anna Everson d. same staden 5.12.1963. Dei fekk ti born i lag: a. Mattie Lourensa Everson, f. i Worth Co., Ia. 5.9.1890, d. i Forest City, Ia. 11.3.1967. Mattie gifte seg i Lake Mills, Ia. 27.2.1910 med Albert W. Anderson, f. i Worth Co., Ia. 17.2.1889. Han d. i Lake Mills, Ia. 21.1.1965. Mattie og Albert farma i Silver Lake township, Worth Co., Ia. og sidan i Newton township, Winnebago Co., Ia. Dei fekk tre born i lag. b. Emma Caroline Everson, f. i Worth Co., Ia. 12.11.1892, d. i Glenville, Minn. 10.9.1982. Ho gifte seg i Emmons, Minn. 11.6.1913 med Otto Olson. Han var f. i Freeborn Co., Minn. 4.7.1887 og d. i Glenville, Minn. 16.3.1965. Otto Olson var meieriarbeidar («buttermaker»), og han og Emma budde mellom anna i Armstrong og Estherville, Emmet Co., Ia., i Lake Park, Dickinson Co., Ia., i Kiester, Faribault Co., Minn. og til sist i Glenville, Freeborn Co., Minn. Dei fekk to søner i lag. c. Oden Lawrence Everson, f. i Worth Co., Ia. 18.9.1895, d. i Mason City, Ia. 29.5.1972. Han gifte seg i Worth Co., Ia. 14.6.1925 med Gina, kjend som Gena Leegaard, f. i Freeborn Co., Minn. 13.10.1895. Ho d. i Cherokee, Ia. 25.3.1966. Oden og Gena farma i Silver Lake township, Worth Co., Ia., men var barnlause. d. Gina Josephine, kjend som Josie Everson, f. i Worth Co., Ia. 16.4.1898, d. i Albert Lea, Minn. 30.6.1972. Josie gifte seg første gongen i Forest City, Ia. 18.2.1919 med Mikal Jeremias Olson Mikalson frå Kjærvik i Malangen, Balsfjord, i Amerika kjend som Michael J. Mikkelson. Han var son av gardbrukar Ole Andreas Volnum Mikalson på Kjærvik og kona Elina Christine Jørgensdotter frå Kirkevik og f. i Malangen, Balsfjord 27.5.1897, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1901. Han d. ¤¤¤¤¤ (exact date and place of his death? – buried Oakwood cemetery, Plymouth, IA) .6.1955. Michael var meieriarbeidar («buttermaker»), først i Kiester, Faribault Co., Minn. og sidan i Plymouth, Cerro Gordo Co., Ia., men vart skild frå Josie kring 1933. Josie gifte seg so att i ¤¤¤¤¤ (date and place of her 2nd marriage? – after 1930!) med Leo Franklin Schollian. Leo var f. i Franklin Co., Ia. 12.7.1896 og d. i Dubuque, Ia. 29.8.1977. Leo livnærte seg som ¤¤¤¤¤ (occupation? – 1930 with 1st wife and one dau salesman at granite works, Mason City, Cerro Gordo Co., IA) og han og Josie budde i Cedar Rapids, Linn Co., Ia., men vart skilde kring 1938, og Josie flytte til Dubuque, Dubuque Co., Ia. der ho var butikkdame («sales clerk»). So gifte ho seg tredje gongen i Bay City. Mich. 24.12.1945 med Mark Van Hurk, f. i Bay Co., Mich. 10.8.1890. Han d. i Bay City, Mich. 19.3.1949. Mark var fabrikkarbeidar («sugar boiler»), og han og Josie budde i Bay City, Bay Co., Mich., men som enkje flytte Josie i 1955 til Albert Lea, Freeborn Co., Minn. der ho arbeidde som kokke («cook»). Josie fekk to born, som båe var frå første ekteskapet. e. Elma Henrietta Everson, f. i Worth Co., Ia. 24.6.1900, d. i Worth Co., Ia. 6.8.1910. f. Esther Ovidia Everson, f. i Worth Co., Ia. 3.11.1902, d. i Lake Mills, Ia. 20.7.1989. Esther gifte seg i Mason City, Ia. 30.6.1926 med Benjamin Charles Doege. Han var f. i Wright Co., Ia. 31.3.1896 og d. i Albert Lea, Minn. 21.12.1972. Esther og Benjamin farma først i Lincoln og Norway townships, Winnebago Co., Ia., men flytte sidan til Brainerd, Crow Wing Co., Minn. der dei dreiv ein feriepark («resort owners and operators»). Dei adopterte ei dotter. g. Lester Ingvald Everson, f. i Worth Co., Ia. 5.3.1905, d. i Lake Mills, Ia. 12.10.1956. Lester gifte seg i Northwood, Ia. 11.4.1937 med Myrtle Geneva Richards, f. Peterson, f. i Worth Co., Ia. 1.12.1909. Ho d. i Forest City, Ia. 29.1.2000. Som enkje gifte ho seg ¤¤¤¤¤ (date and place of her 3rd marriage? – NB: she married 1st time Northwood, IA Oct. 12, 1929 to James George Richards, moulder, born Denver, CO 1904 – res. De Moines, IA) att med Arthur Conrad Nelson, f. i Worth Co., Ia. 3.1.1905. Han d. ¤¤¤¤¤ (place of his death?) 4.1.1991. Lester Everson var målar («painter»), og han og Myrtle budde i Lake Mills, Winnebago Co., Ia., medan Arthur Nelson var ¤¤¤¤¤ (his occupation? – 1940: road construction patrol operator) og han og Myrtle budde i Kensett, Worth Co., Ia. Myrtle fekk ei dotter som var frå første ekteskapet. h. Gilma Amanda Everson, f. i Worth Co., Ia. 11.2.1907, d. i Albert Lea, Minn. 5.4.1980. Ho gifte seg første gongen i Albert Lea, Minn. 31.12.1927 med Harland Gerhard, kjend som Gerhard H. Peterson. Han var f. i Worth Co., Ia. 6.4.1899 og d. i Albert Lea, Minn. 20.12.1958. Gilma var lærar («school teacher»), medan Gerhard var snikkar og farmar («carpenter and farmer»). Dei budde i King township, Winnebago Co., Ia., men flytte i 1957 til Albert Lea, Freeborn Co., Minn. Dei fekk to søner i lag. i. Laura Nina Everson, f. i Worth Co., Ia. 7.2.1909, d. i Mason City, Ia. 10.11.1992. Ho gifte seg i Pasco, Wash. 12.11.1941 med Robert Milton Seaman. Han var f. i Floyd Co., Ia. 11.3.1913 og d. i Des Moines, Ia. 29.5.1986. Robert var snikkar («carpenter»), medan Laura var lærar («school teacher»). Dei budde i Nora Springs, Floyd Co., Ia. og fekk ei dotter i lag. j. Evelyn Margaret Everson, f. i Worth Co., Ia. 28.4.1911, d. i Adel, Ia. 4.8.2001. Ho gifte seg i Manchester, Ia. 2.9.1933 med Theodore August Rumbley. Han var f. i Polk Co., Ia. 14.4.1909 og d. i Mason City, Ia. 14.5.1998. Theodore Rumbley var leiar for ein trelasthandel («lumberyard manager»), og han og Evelyn budde i Manly, Worth Co., Ia. Dei fekk ein son i lag. ~~~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og vonar at «gullalderen» enno ikkje er forbi!
  23. Martinus var født 1846, sønn av Størk Brekke på Brekke i daværende Stord prestegjeld (nå Austevoll) og Martha (Marita) Ingebrigtsdatter: SAB, Stord Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 7, 1841-1861, s. 38 Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070222690214 I 1873 var Marthinus passasjer på den dramatiske turen fra Bergen til Quebec med barken Valkyrien (passasjer nr. 20): http://www.norwayheritage.com/p_list.asp?jo=1993&ps=15831 (denne reisen er behørig omtalt i Martin Ulvestads bok "Nordmænderne i Amerika, deres historie og record" fra 1907). Marthinus reiste videre til Iowa, og året etter giftet han seg med Synneva Troland fra Austevoll (emigrert i 1867). Fra nå av kaller han seg Martin Brekke. 10. september 1874 fikk de datteren Anna Serina. Anna Serina giftet seg i 1893 i Minnesota med sin fetter Mons Troland. De fikk mange barn, disse har jeg bra dokumentert, så denne etterlysningen gjelder ikke henne. På diverse slektstavler har jeg observert hele seks barn til av Martin og Synneva. Det jeg trenger hjelp til er å finne dokumentasjon for disse, hvis de eksisterte. De skal alle være født i Iowa, men familien flyttet til Minnesota ca 1882. Barna er følgende; 1. Anna Serina (1874-1960), hun er som sagt godt dokumentert 2. Askil Ole (1875- ?) 3. Marie (1876-1876) 4. Minnie (1877-1880) 5. Samson Amelius (1878-1885) 6. Oscar Ole (1879- ?) 7. Mons (1880-1901) Jeg har funnet en Oscar Brekke som skal være født i Iowa 1879. I 1917 var han pasient ved et sinnssykehospital i Chicago: Ved US-Census 1900 fant jeg Martin Brekke boende alene (fant ikke kona Synneva noe sted), men senere tellinger bodde de sammen. (Han kalles her Martin O. Brakke. O-en kan være fra faren som het Størk Olsen): Martin O Brakke United States Census, 1900 Name:Martin O Brakke Event Type:Census Event Year:1900 Event Place:Stony Run Township, Yellow Medicine, Minnesota, United States Gender:Male Age:54 Marital Status:Married Race:White Race (Original):W Relationship to Head of Household:Servant Relationship to Head of Household (Original):Servant Years Married:26 Birth Date:Jan 1846 Birthplace:Norway Marriage Year (Estimated):1874 Immigration Year:1873 Father's Birthplace:Norway Mother's Birthplace:Norway --------------------- At kona Synneva ikke var her tenkte jeg kunne ha sammenheng med den eventuelle sønnen Mons som døde i 1901. Kanskje mora var hos ham? Dette er alt jeg har om de seks yngste barna. Noen som vil hjelpe?
  24. Ole Mathias Olsen fra Skudeneshavn dro fra Stavanger til Iowa 27.5.1904. Han kom tilbake og døde her i landet i 24.9.1926. Er det noen databaser, evt amerikanske, der jeg kan lete etter O M Olsen den tiden han var i USA?
  25. Nils Andreas Vibe

    Norsk koloni i St.Ansgar, Iowa

    Hei! Min farfar Fredrik Ludvig (Fred) Vibe emigrerte alene til Amerika i mai 1885, ennå ikke fylt 17 år. Bakgrunnen kan ha vært at faren, som hadde eid Vulkan jernstøperi fra 1874, gikk konkurs året før. I følge emigrantprotokollen har reisemålet vært St.Ansgar i Iowa der det fantes en skandinavisk koloni og der foreldrene sannsynligvis har hatt venner eller slektninger. I 1888 lot han seg fotografere i Osage, en naboby til St.Ansgar, så han har trolig oppholdt seg i området i noen år før han reiste videre rundt i USA. Han vendte tilbake til Norge etter ca åtte år. Er det noen i dette forumet som har kontakter med norskættede i dette området som kanskje kan ha opplysninger av verdi for meg. Jeg vet nemlig så godt som ingen ting om denne perioden i farfars liv. Mvh Nils Vibe
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.