Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'missouri'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 4 results

  1. Dette er ei skikkeleg «nøtt» som eg har hatt liggjande i årevis, men som eg aldri har greidd å komma noko lenger med. Kanskje er det andre som har tankar og idéar kring denne personen? Walter M. Mikesell vert ved dødsfallet oppgjeven fødd i Iowa i april 1861, foreldre ukjende: https://www.sos.mo.gov/images/archives/deathcerts/1953/1953_00024174.PDF På Find-a-grave er fødselsåret endra til april 1871: https://www.findagrave.com/memorial/93859732/walter-m.-mikesell Kona Ragnhild Therovia, kjend som Lena Mikesell, f. Crogan var fødd i Dane Co., WI 10.1.1869, dødsattesten seier 1872: https://www.sos.mo.gov/images/archives/deathcerts/1950/1950_00019300.PDF Ser me no på folketeljingane, finn me dei: FT1940 MO: Walter 78 år fødd i Iowa: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-L9MB-TGCX FT1930 MO: Walter 59 år fødd i Iowa (foreldri Virginia og Ireland): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRCH-YW FT1920 AR: W. M. 50 år fødd i Iowa (foreldri Virginia og Ireland): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9R6C-V3P Tek me so ein ny kikk på FT1930, kan me lesa at Walter gifte seg første gongen i ein alder av 22 år, medan Lena var 41. Det tolkar eg slik at dei må ha gift seg kort før 1920, og Walter må ha vore gift før.... So har eg ein merknad som ein ættling gav meg for mange år sidan at dei skulle ha gift seg i Sapulpa, OK i 1916! Ser me på «soga» til Lena Krogen «Crogan» finn me ho her (i lag med to søstrer): FT1900 IA: Lena Crogan house (hotel) servant i Mason City, IA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6PCH-GGH Eg finn ingen spor etter Walter Mikesell FØR 1920. Eg finn ikkje nokon Mikesell i det heile i FT1880-1910 fødde i Iowa med foreldre frå Virginia og Ireland! So kven kan han vera?? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Denne saki var eg sovidt borti for 6-7 år sidan då eg arbeidde med biografien til denne karen: Nils Erikson Lahd, alias Nels E. Ladd, fødd i Hafslo 23.11.1834. Han utvandra i 1852 og gifte seg i Kansas våren 1862 med den 16 år gamle Martha Jane Brock, fødd i Washington Co., AR 2.1.1846. Dei busette seg i Greenwood Co., KS, men alt 11.9.1862 vart Nels Ladd myrda av ein Christopher Anderson som i mange år gjekk under namnet Chris Hanson. Denne Chris Hanson vart sidan tiltalt for i lag med den tredje kona si (namn ukjent) å ha freista myrda ein Edwin E. Lang i Osceola, St. Clair Co., MO, og han sat fengsla i Missouri State Prison i Jefferson, MO då ein bror av Nels, eg trur det var Ole E. Ladd (1838-1911), likeins busett i Greenwood Co., KS, fekk greie på dette og ville reisa tiltale for mordet på Nels Ladd, Men Christopher Anderson alias Chris Hanson døydde i fengslet i Jefferson, MO 30.7.1876 før denne tiltalen vart reist! Nokre tilleggsopplysningar fekk eg tak i den gongen eg jobba med dette, men ikkje mykje: Christopher Anderson alias Chris Hanson var gift tre gongar og skal i alle fall ei tid ha butt i Osceola, St. Clair Co., MO. Første kona hans var ei søster av Mrs. Lewis Smith «of Osceola, MO, formerly of Franklin Co., MO», som eg trur kan vera identisk med denne L. W. Smith som med kona Susan budde i Osceola, St. Clair Co., MO i 1860: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9BS4-Q97 Når det gjeld identiteten til Christopher Anderson, har eg ein «mistenkt» i «kikkerten», Christopher Andersson Kjørlaug (Nitter), fødd i Hafslo 5.5.1831. Far hans sat fengsla i Bergen for falskmyntnari då han døydde i 1848, og i 1851 døydde ogso mori. Christopher var einaste barnet deira, og han utvandra til Amerika alt i 1851! Eg vil tru det må finnast ein del avisartiklar om denne karen og det han «stelte til» i Kansas og Missouri (og kanskje ogso andre stadar), men eg stangar hovudet i veggen og vonar no at nokon kan hjelpa meg leita fram litt fleire opplysningar!? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Eg har i lengre tid slite med å «komma i mål» med dette parfolket, og no vonar eg på hjelp hjå dykk: Eg attgjev frå manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~ c. Emery Dale, kjend som Red Haydal, f. i Fallon Co., Mont. 3.5.1930, d. i Boise, Idaho 7.12.2017. Red gifte seg ¤¤¤¤¤ (exact place of his marriage? – somewhere in NM – Albuquerque?) 15.6.1957 med Mary Ann Nickelson, f. ¤¤¤¤¤ (place of her birth? – somewhere in MO!) Mo. 17.10.1923. Ho d. i Hammett, Idaho 14.7.2012. Red var yrkesoffiser («US Air Force Sergeant») og sidan flyelektrikar («aircraft electrician»). Han og Mary var stasjonert mange stadar, mellom anna i Arizona, i California, i Vietnam, i Japan og i South Carolina, men flytte 1973 til Rio Linda, Sacramento Co., Cal. og i 1992 som pensjonistar til Hammett, Elmore Co., Idaho. Dei fekk to døtrer i lag, men Mary hadde òg fire born frå to tidlegare ekteskap. ~~~~~~~~~~~~~ Eg har vore i kontakt med eine dotteri, men ho greier ikkje finna svari på dei detaljane som manglar! Mori Mary Ann Nickelson skal ha vore frå ein «patchwork»-familie, men finst det ikkje eit fødselsregister for Missouri som i det minste kan fortelja oss KVAR i Missouri ho vart fødd? Her er eit ancestry family tree som nemner Mary Ann og mor hennar: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/118040637/person/250170918110/facts Når det gjeld vigsli, finst det kanskje eit avisoppslag om denne? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Dette emnet gjeld ei svigerinne til Walter Mikesell som vert drøfta i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/223612-walter-mikesell-avliden-i-missouri-i-1953-var-gift-med-norske-ragnhild-krogen-«lena-crogan»-kven-kan-denne-mannen-vera-og-kva-tidkvar-gifte-han-seg-med-lena-ei-amerikansk-utfordring/ Christen Olson Krogen (1844) og kona Sophie Ellingsdotter Talle (1834), båe frå Luster, utvandra til Amerika i 1866 og busette seg i McFarland, Dane Co., WI der dei båe skal vera avlidne i året 1880 (ikkje stadfesta!). Dei lét etter seg sju born i alderen 4-15 år, som truleg voks opp hjå dei to søskeni som faren hadde i Grant Co., WI,.. Mellom desse borni var: Anna Christine Krogen, fødd i Dane Co., WI 14.11.1872. Ho tok i ung alder namnet Tina eller Tena Crogan, og i 1900 finn me ho som hotellarbeidar i lag med to av søstrene (mellom anna Lena Crogan Mikesell) i Mason City, Cerro Gordo Co., IA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6PCH-GGH Tina og søsteri er nemnde i city directories frå Mason City, IA i fleire år, men forsvinn so frå Mason City, for på ny å dukka opp der kring 1913. I 1915 forsvinn båe søstrene på ny, og me veit at Lena i 1916 gifte seg i Sapulpa, OK med Walter Mikesell. I 1920 dukkar dei to søstrene opp i lag på ein farm i Springdale township, Washington Co., AR: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9R6C-V3P Då legg me merke til at Tina Crogan er oppført som DIVORCED. Ifølgje slekt skal Tina ha butt i lag med Lena Mikesell i mange år og dei meinte Tina òg skulle vera flytt til Sheldon, Vernon Co., MO, men eg kan ikkje sjå noko til Tina der og finn heller ikkje nokon dødsattest for ho i Missouri! Eg har ein gong sett ein kort obituary for Lena Mikesell frå 1950, og då er Tina IKKJE nemnd, so ho må med andre ord vera avlidi mellom 1920 og 1950! Dersom det stemmer at Tina var skild før 1920, vil eg tru at ekteskapet hennar kan ha vore inngått ein gong mellom 1900 og 1913, og at ho tok attende jentenamnet sitt då ho vart skild og på ny dukka opp i Mason City, IA på den tidi!? To store utfordringar kjem ut av dette emnet: ** Opplysningar om ekteskapet til Tina Crogan? Kanskje finst ho i FT1910 som kona til ein eller annan...? ** Opplysningar om dødsfallet til Tina Crogan - mellom 1920 og 1950? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.