Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'crogan'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 1 result

  1. Dette emnet gjeld ei svigerinne til Walter Mikesell som vert drøfta i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/223612-walter-mikesell-avliden-i-missouri-i-1953-var-gift-med-norske-ragnhild-krogen-«lena-crogan»-kven-kan-denne-mannen-vera-og-kva-tidkvar-gifte-han-seg-med-lena-ei-amerikansk-utfordring/ Christen Olson Krogen (1844) og kona Sophie Ellingsdotter Talle (1834), båe frå Luster, utvandra til Amerika i 1866 og busette seg i McFarland, Dane Co., WI der dei båe skal vera avlidne i året 1880 (ikkje stadfesta!). Dei lét etter seg sju born i alderen 4-15 år, som truleg voks opp hjå dei to søskeni som faren hadde i Grant Co., WI,.. Mellom desse borni var: Anna Christine Krogen, fødd i Dane Co., WI 14.11.1872. Ho tok i ung alder namnet Tina eller Tena Crogan, og i 1900 finn me ho som hotellarbeidar i lag med to av søstrene (mellom anna Lena Crogan Mikesell) i Mason City, Cerro Gordo Co., IA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6PCH-GGH Tina og søsteri er nemnde i city directories frå Mason City, IA i fleire år, men forsvinn so frå Mason City, for på ny å dukka opp der kring 1913. I 1915 forsvinn båe søstrene på ny, og me veit at Lena i 1916 gifte seg i Sapulpa, OK med Walter Mikesell. I 1920 dukkar dei to søstrene opp i lag på ein farm i Springdale township, Washington Co., AR: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9R6C-V3P Då legg me merke til at Tina Crogan er oppført som DIVORCED. Ifølgje slekt skal Tina ha butt i lag med Lena Mikesell i mange år og dei meinte Tina òg skulle vera flytt til Sheldon, Vernon Co., MO, men eg kan ikkje sjå noko til Tina der og finn heller ikkje nokon dødsattest for ho i Missouri! Eg har ein gong sett ein kort obituary for Lena Mikesell frå 1950, og då er Tina IKKJE nemnd, so ho må med andre ord vera avlidi mellom 1920 og 1950! Dersom det stemmer at Tina var skild før 1920, vil eg tru at ekteskapet hennar kan ha vore inngått ein gong mellom 1900 og 1913, og at ho tok attende jentenamnet sitt då ho vart skild og på ny dukka opp i Mason City, IA på den tidi!? To store utfordringar kjem ut av dette emnet: ** Opplysningar om ekteskapet til Tina Crogan? Kanskje finst ho i FT1910 som kona til ein eller annan...? ** Opplysningar om dødsfallet til Tina Crogan - mellom 1920 og 1950? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.