Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'thompson'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 11 results

  1. Erik Thorson, son av Thor Torkildson (1817-1874) og Elisabeth Olsdotter (1817-1898), husmannsfolk på Hammaren under garden Sande i Luster, var fødd i Luster 7.4.1844, men utvandra med foreldri til Amerika i 1854 og busette seg i Buffalo Co., WI. Men, då Borgarkrigen melde seg, slutta Erik seg til dei friviljuge. Han skal ha kalla seg for Erick THOMPSON, men det vert fortalt at han miste livet på slagmarki, truleg i Georgia våren 1865. Kan nokon hjelpa meg finna fleire detaljar om lagnaden hans? Eg takkar si mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Eg har leitt høgt og lågt, men finn ikkje denne vigsli nokon stad: Albert Theodore Thompson, fødd i Vernon Co., WI 3.11.1878 av foreldre frå Hafslo i Sogn Hilda Francine Carmichael, fødd i Vernon Co., WI 19.8.1888 flytte i 1913 til Minnesota og skal ifølgje FT1930 ha gift seg i 1913, men eg finn ikkje denne vigsli nokon stad! Dei budde mellom anna i Frazee, Becker Co., MN og i Long Prairie, Todd Co., MN og til sist i Sauk Centre, Stearns Co., MN, men: Albert Thompson døydde i Fergus Falls, Otter tail Co., MN 18.9.1951 Hilda Thompson døydde som enkje i Hillsboro, Vernon Co., WI 19.4.1984 Kanskje kan ein av obituariane finnast og fortelja oss om vigsli deira?? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Dette er ein huslyd som eg første gongen jobba med på 1980-talet, men som eg aldri heilt greidde å komma «til bånns» i. Eldste broren Bottolf hadde to søner og ein steson som forsvinn, og ikkje heller veit me kvar det vart av Hermund, som i mange år budde i Grand Forks, ND. Kanskje er det nokon som har tankar og idéar om korleis me kan komma vidare med desse utfordringane? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #10 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Dette er ei skikkeleg «nøtt» som eg har «kava med» i mange år, men som eg aldri har greidd å løysa. Kanskje tidi no er kommi? NBNB: I innlegg #7 kjem delar av løysingi på denne gåta - difor har eg endra på emnetitelen! Johannes Christenson Hærum, fødd i Luster 5.9.1845, utvandra i 1868 og gifte seg før 1872 med ei ANNA, fødd i Noreg 10.4.1851. Ho skal òg ha utvandra kring 1868. Denne Anna er oppgjevi med fleire ulike namn: * 23.7.1872 er dotteri Kari fødd på Spring Prairie, WI - då heiter mori Anna Olsdotter: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314946-00357?pid=1473894&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D1473894%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx16008%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx16008&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.130906639.1838428864.1567436143-1442769865.1532627837#?imageId=41742_314946-00348 Name: Kari Kristensen Baptism Age: 0 Record Type: Baptism Birth Date: 23 Jul 1872 Baptism Date: 20 Oct 1872 Baptism Place: Dane, Wisconsin, USA Father: Johannes Kristensen Mother: Anna Olsdatter Church Name: Spring Prairie Lutheran Church Church Location: DeForest, Wisconsin * 6.7.1874 er dotteri Ingrid fødd på Spring Prairie, WI - då heiter mori Anna Olsdotter: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314946-00357?pid=1473894&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D1473894%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx16008%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx16008&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.130906639.1838428864.1567436143-1442769865.1532627837#?imageId=41742_314946-00353 * 12.10.1876 er dotteri Dorthea fødd på Spring Prairie, WI - då heiter mori Anna Knutsdotter: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314946-00357?pid=1473894&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D1473894%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx16008%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx16008&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.130906639.1838428864.1567436143-1442769865.1532627837 Name: Dorthea Harum Baptism Age: 0 Record Type: Baptism Birth Date: 12 Oct 1876 Baptism Date: 19 Nov 1876 Baptism Place: Dane, Wisconsin, USA Father: John C Harum Mother: Anna Knudsdatter Church Name: Spring Prairie Lutheran Church Church Location: DeForest, Wisconsin * 18.8.1879 er dotteri Julie fødd i Primrose, WI - då heiter mori Anna Olsdotter: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314953-00155?pid=2237980&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D2237980%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx16010%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx16010&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.161355965.1838428864.1567436143-1442769865.1532627837 Name: Julie Christensen Baptism Age: 0 Record Type: Baptism Birth Date: 18 Aug 1879 Baptism Date: 21 Sep 1879 Baptism Place: Dane, Wisconsin, USA Father: Johannes Christensen Mother: Anne Olsdatter Church Name: Primrose Norwegian Evangelical Church Location: Dane County, Wisconsin * 19.4.1883 er dotteri Julie Dela fødd i Primrose, WI - då heiter mori Anna Olsdotter: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314953-00156?pid=2238010&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D2238010%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx16012%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx16012&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.202839569.1838428864.1567436143-1442769865.1532627837 Name: Julie Dela Christensen Baptism Age: 0 Record Type: Baptism Birth Date: 19 Apr 1883 Baptism Date: 27 May 1883 Baptism Place: Dane, Wisconsin, USA Father: Johannes Christensen Mother: Anne Olsdatter Church Name: Primrose Norwegian Evangelical Church Location: Dane County, Wisconsin * 2.4.1885 er dotteri Amelia fødd på Spring Prairie, WI - då heiter mori Anna Olsdotter Stegen: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314946-00299?pid=1469311&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D1469311%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx16006%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx16006&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.236344577.1838428864.1567436143-1442769865.1532627837 Name: Amelia Herum Baptism Age: 0 Record Type: Baptism Birth Date: 2 Apr 1885 Baptism Date: 27 Aug 1885 Baptism Place: Dane, Wisconsin, USA Father: Johane Karoline Herum Mother: Anne Absdr Hegen Church Name: Spring Prairie Lutheran Church Church Location: DeForest, Wisconsin Mange år etter, i samband med vigslene til fleire av borni, opptrer mori med «jentenamnet» Anna Thompson, utan at eg kan sjå noki rimeleg forklaring å dette namnet. Er det so mogeleg, utifrå desse opplysningane, å finna det norske opphavet til Anna Harum? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Huslyden til Torsten Erikson som i 1856 utvandra til Amerika frå Luster med kone og fire born har i mange år vore eit «mysterium». Truleg er det slik at både kona og ei av døtrene døydde på vegen over havet, men nokon dokumentasjon på dette har eg so langt ikkje greidd å finna. Det har ogso vore ei gåte kvar det vart av sonen Anders «Andrew Thompson» som etter det dei seier skal ha flytt til California, medan dotteri Anna «Anna Aaberg» skal ha butt i Hancock, IA. Dette er vel kanskje Andrew Thompson som i 1910 dukkar opp i Pasadena, Los Angeles Co., CA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RV6-77X Og her er Bertha som enkje i 1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GR69-3CD og likeins i 1930: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRHM-SB men dødsfalli deira har eg ikkje finne so langt... Anna Aaberg ser eg ikkje noko meir til i det heile! Kanskje nokon har betre auge enn eg? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #15 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  6. Dette er ei nøtt som eg har slite med lenge og som eg so gjerne skulle ha løyst i samband med siste bandet av Gards- og Ættedoga for Luster. Kan nokon komma med gode tips? Nils Thomasson Urness alias Nels Thompson, fødd i Hafslo 1.8.1842, utvandra i 1862 og gifte seg i Vernon Co., WI 6.12.1870 med Anna Andersdotter frå Prestegarden i Heidal, Vågå, fødd i Vågå 16.8.1854. utvandra i 1868. Dette parfolket busette seg etter kvar på ein farm i Aastad township, Otter tail Co., MN der Nels døydde 31.8.1914, medan Anna Thompson 31.10.1914. Dei fekk tolv born i lag, og «problembarnet» er denne dotteri: Christine Elizabeth, kjend som Elizabeth C. Thompson, fødd i Otter tail Co., MN 19.4.1891. Ho flytte i ung alder, eg veit ikkje nøyaktig kva tid, til Chicago, IL og arbeidde som hatteteiknar «hat designer» hjå firmaet «Marshall Fields» i Chicago, IL. Ho gifte seg, men mannens namn er ukjent, og etter at han «had been fooling around» kom det til skilsmål, truleg ein gong på 1920-talet, og Elizabeth gifte seg att i Chicago, IL 3.11.1930 med enkjemannen Peter Walter Dahlquist, fødd i Bjuråker i Sverige 10.12.,1879. Name: Elizabeth C Thompson Marriage Date: 3 Nov 1930 Spouse: Peter W Dahlquist Marriage Location: Cook County, IL Marriage license: {1B99C853-738D-4D73-97B3-E8B71FFCDFAE} File Number: 1295818 Archive Collection Name: Cook County Genealogy Records (Marriages) Archive repository location: Chicago, IL Archive repository name: Cook County Clerk Han var bygningsingeniør i Chicago, IL, men i 1947 flytte Peter og Elizabeth som pensjonistar til Fergus Falls, Otter tail Co., MN der Peter døydde 10.2.1951. Elizabeth Dahlquist døydde i Alexandria, MN 27.10.1971. Ho var barnlaus! Utfordringi her er: * Let det seg gjera å identifisera første mannen til Elizabeth Thompson i Chicago, IL?? Om ho var gift før foreldri døydde i 1914, veit eg ikkje, men då kunne jo eventuelle obituaries hjelpa oss? Eller kanskje finst det andre vis å finna ut av dette på? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  7. Fire brør frå husmannsplassen Torehaugen under Leirmo i Luster utvandra til Amerika: * Thore Thoreson (1850-1903) - i Amerika dels kjend som Thore Leirmo og dels som Thore Thoreson, var gift og utvandra i 1880. Dei vart farmarar i Naples township, Buffalo Co., WI * Ole Thoreson (1852-1903) - i Amerika dels kjend som Ole Leirmo og dels som Ole Thompson, var gift og utvandra likeins i 1880. Dei vart òg farmarar i Naples township, Buffalo Co., WI. * Lars Thoreson, fødd i Luster 21.6.1860, utvandra med dei to brørne sine i 1880 - lagnad ukjend...!? * Johannes Thoreson, fødd i Luster 12.1.1863, utvandra til Amerika i 1887 - lagnad ukjend...!? Dei hadde to søstrer som var att i Noreg, og eit barn eller barnebarn av ei av dei var det som for over 40 år sidan fortalte meg at ein av dei to yngste brørne, Lars eller Johannes, skal ha vore matros på ei skute som siglde på Lake Superior! Meir veit me diverre ikkje, men no vonar eg sjølvsagt at noion i Brukarforum kan hjelpa meg finna lagnadane til desse sakna brørne? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  8. Det er gongar då eg lurer på om eg er blind eller ikkje ser skogen for berre trestammar? Eg har i lenger tid vore på leiting etter denne vigsli: Johannes, son av Endre Hermundson Nesse frå Kvamsøy, var fødd i Kvamsøy 4.7.1865, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1867 og voks opp i Houston Co., MN under namnet John Hermanson. Tina Marie, dotter av Sjur «Sever» Thomasson frå Hafslo (1847-1929), som utvandra i 1867 og slo seg ned som farmar i Vernon Co., WI, var fødd i Vernon Co., WI 20.1.1873 og voks opp der under namnet Mary T. Thompson. Ein biografi påstår at John og Mary gifte seg 5.9.1903, men dette er den vigsli som eg ikkje greier finna nokon stad! John og Mary busette seg i Houston Co., MN, men Mary døydde i barselseng i Minneapolis, MN alt 15.4.1909. Dei fekk tre born i lag. Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips for å finna dato og stad for vigsli deira!?
  9. Dette er ei kjempeutfordring som eg har hatt liggjande i 40 år, men som eg grunna manglande kjeldetilgong aldri har greidd å gjera noko med! Kanskje tidi no er kommi? Martha Dyresdotter utvandra som enkje frå Luster i 1867 etter at dotteri Anna var reist alt i 1861, og i 1869 følgde sonen Dyre etter. Eit skifte frå Luster frå 1871 seier at dei to borni Anna og Dyre i 1871 var busette på West Prairie i Vernon Co., WI, men der har eg aldri greidd å finna dei att! MEN, no er Wisconsin state census for 1875 publisert, mellom anna hjå FamilySearch, og eg finn i Viroqua, Vernon Co., WI huslyden til ein David Thompson med ein mann og fire kvinner i husholdningi, og det er vel ikkje utenkjeleg at dette er Dyre «David» med mor og søster og kanskje ei kone? Dyre vart ofte «amerikanisert» til David, medan Torstenson ofte vart til Thompson! https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-D52K-NC Men kvar kan de so ha vorte av? Her følgjer eit manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~ Torsten Ellingson Præstegaard, frå Svangstu lille, var f. 21.1.1822 og d. som innerst på Svangstu lille 24.4.1850. Torsten gifte seg 7.7.1843 med Martha Dyresdotter, dotter av føregåande brukar og herifrå garden, f. 2.1.1819. Parfolket budde visstnok på Svangstu lille då Torsten fall ifrå, men elles var han og Martha stort sett innerstfolk hjå mor hennar her på Prestegard (bnr. 1, a). Tanken var kanskje at dei skulle ta over heimebruket hennar, men så langt kom dei ikkje. Martha vart rett nok buande på Prestegard like til 1867, men som nemnt vart garden alt i 1851 seld ved kongeskøyte til John Zachariasson på Nes. John flytte ikkje hit, men selde året etter vidare til Ludvig Erikson på nabobruket på Prestegard (bnr. 1) som såleis samla garden att til eitt bruk under heimebruket sitt (s.d.). Martha Thompson(?) utvandra til Amerika i 1867, ##### (what became of her in America?) Torsten og Martha på Prestegard fekk to born i lag: 1. Anna Torstensdotter, f. 1.9.1844, Anna Thompson(?) utvandra til Amerika alt i 1861 og skal i 1871 ha vore busett på West Prairie, Vernon Co., Wis., ##### (what became of her in Amerca?) 2. Dyre Torstenson, f. 9.7.1846, David Thompson(?) utvandra til Amerika i 1869 og skal òg ha butt på West Prairie, Vernon Co., Wis. i 1871, ##### (what became of him in America? ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  10. Dette er ein huslyd som eg jobba ganske mykje med på 1980-talet, men som eg grunna utilgjengelege kjelder aldri greidde å få skikkeleg «tak» på. No har eg greidd å fylla ein del av hòli, ikkje minst med opplysningar om den eine svigersonen Olaus Hanson frå Troms, sjå tema: https://forum.arkivverket.no/topic/223876-olaus-trinberg-lorentsson-hansen-fødd-i-malangen-1870-til-amerika-på-1880-talet-utvandringsåret-hans-og-detaljar-om-foreldri-hans/ men eg slit framleis med nokre detaljar. Det gjeld særleg tre av dei yngre borni, Peter, Caroline og Ingeborg! No vonar eg på lite vetta «eksperthjelp» i Brukarforum. Kanskje kan til dømes ein obituary for Peter Thompson frå Sioux Falls, SD 1939 lokaliserast? Eller for andre søsken som kan fortelja oss om lagnaden til Caroline i Chicago, IL? Slik ser manuskriptet mitt for denne huslyden ut pr. i dag: ~~~~~~~~~~~~~~ Eli Andersdotter {Heltne}, f. {i Luster} 7.5.1843, gifte seg i Luster 1.6.1865 med Knut Torstenson frå Skjel i Vestre Slidre, Valdres. Han var son av gardbrukar Torsten Endreson på Skjel og andre kona Anna Olsdotter frå Vevlen i Vang og f. i Vestre Slidre 12.5.1842. Eli og Knut budde visstnok her i Skaret fram til våren 1866. Knudt og Ellen Thompson utvandra til Amerika i 1866 og farma først i Kenyon township, Goodhue Co., Minn. , men flytte i 1879 til ein farm i Lyons township, Minnehaha Co., S.D. Ellen vart kring 1885 sjuk og levde dei siste åri sine på ein sjukeheim i Yankton, S.D. der ho d. 1.5.1903. Knudt Thompson d. i Minnehaha Co., S.D. 12.6.1928. Dei fekk tretten born i lag: a. Christi, kjend som Christine K. Thompson, f. i Luster 18.8.1864, utvandra til Amerika med foreldri i 1866 og d. i Sioux Falls, S.D. 19.10.1948. Christine var hushaldar («housekeeper») og budde i Sioux Falls, Minnehaha Co., S.D., ugift. b. Torsten, kjend som Thomas K. Thompson, f. i Goodhue Co., Minn. 30.5.1867, d. i Sioux Falls, S.D. 1.6.1939. Thomas var farmarbeidar («farm laborer») og budde på heimefarmen i Lyons township, Minnehaha Co., S.D., ugift. c. Andreas, kjend som Andrew T. Skjel, f. i Goodhue Co., Minn. 11.11.1868, d. i Minnehaha Co., S.D. 23.8.1956. Ogso Andrew var farmarbeidar («farm laborer») og budde på heimefarmen i Lyons township, Minnehaha Co., S.D., likeins ugift. d. Anna K. Thompson, f. i Goodhue Co., Minn. 2.3.1870, d. i Sioux Falls, S.D. 7.5.1946. Anna gifte seg i Minnehaha Co., S.D. 20.1.1897 med Knut Olson frå Husabø på Leikanger, i Amerika kjend som Knute Huseboe. Han var son av gardbrukar Ole Knutson på Husabø og kona Britha Endresdotter frå Romøyri i Balestrand og f. i Leikanger 23.3.1860. Han utvandra til Amerika med foreldri sine i 1866 og d. i Sioux Falls, S.D. 25.4.1935. Knute Huseboe var snikkar («carpenter»), og han og Anna budde i Sioux Falls, Minnehaha Co., S.D. Dei fekk to born i lag. e. Karine Gurine, kjend som Carrie Thompson, f. i Goodhue Co., Minn. 1.10.1872, d. i Watertown, S.D. 29.10.1954. Carrie gifte seg i Minnehaha Co., S.D. 29.7.1893 med Olaus Trinberg Lorentson frå Kirkevik i Malangen, Balsfjord, i Amerika kjend som Olaus T. Hanson. Han var son av skreddar og fiskar Lorents Mikael Hansson i Kirkevik, opphavleg frå Gamvii i Lavangen, Ibestad, og kona Hanna Bergitte Olsdotter frå Kirkevik og f. i Malangen 14.4.1870, men utvandra til Amerika med mor si i 1887. Han d. i Sioux Falls, S.D. 11.9.1941. Olaus Hanson var målar («painter and paper hanger»), og han og Carrie budde i Sioux Falls, Minnehaha Co., S.D. og farma òg ei tid i Goodwin toiwnship, Deuel Co., S.D. Men dei vart skilde i 1924, og Olaus flytte attende til Sioux Falls, Minnehaha Co., S.D. der han gifte seg att, medan Carrie flytte til Watertown, Codington Co., S.D. der ho livnærte seg som syerske («dressmaker») Dei fekk sju born i lag. f. John K. Thompson, f. i Goodhue Co., Minn. 3.1.1874, d. visstnok i Minneapolis, Minn. 10.6.1928. John var gassverksarbeidar («gas worker») og budde i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., ugift. g. Petter Olaus, kjend som Peter K. Thompson, f. i Goodhue Co., Minn. 13.5.1875, d. ##### (date and place of his death? – probably Minnehaha Co., SD Mar. 9, 1939!?) ##### (WW1 draft and soc.sec. 1937 says Peter K. Thompson of Minnehaha Co., SD – born May 15, 1875! – supposed to have been a farm laborer at Colton, Minnehaha Co., S.D. – single!?) h. Elen Marie, kjend som Mary Thompson, f. i Goodhue Co., Minn. 15.3.1877, d. i Minneapolis, Minn. 6.3.1956. Mary gifte seg i Minnehaha Co., S.D. 20.1.1897 med William M. ##### (middle name?) Sampson, f. i New York City, N.Y. 25.3.1868. Han d. i Minneapolis, Minn. 23.3.1951. William Sampson var kostemakar («broom maker»), og han og Mary budde i Sioux Falls, Minnehaha Co., S.D. til dei tidleg på 1920-talet flytte til Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der dei sidan kjøpte og styrte ein husværebygning («appartment bulding owner and operator»). Dei fekk to born i lag. i. Caroline, kjend som Lena Thompson, f. i Goodhue Co., Minn. 22.7.1878, d. ##### (supposedly died in Chicago, Ill. about 1945 – single hospital worker? – one Caroline Thompson, single servant, born in SD 1880, lived 1940 in Chicago, IL! – could be her?) j. Knud Edward, kjend som Edward K. Thompson, f. i Minnehaha Co., S.D. 16.1.1880, d. i Minnehaha Co., S.D. 18.8.1928. Edward tok i lag med broren William over som farmarar på heimefarmen i Lyons township, Minnehaha Co., S.D., men var ugift. k. Ingeborg Thompson, f. i Minnehaha Co., S.D. 20.10.1881, d. ##### (date and place of her death? – Omaha, NE about 1910?) ##### (was married to a Mr. Benson and had one child – further info?) l. William K. Thompson, f. i Minnehaha Co., S.D. 2.9.1883, d. i Parkston, S.D. 28.2.1968. William tok i lag med broren Edward over som farmar på heimefarmen i Lyons township, Minnehaha Co., S.D., men var likeins ugift. m. Knud, kjend som Knudt Skjel, f. i Minnehaha Co., S.D. 20.11.1885, d. i Minnehaha Co., S.D. 23.8.1957. Knudt Jr. var farmarbeidar («farm laborer») og budde på heimefarmen i Lyons township, Minnehaha Co., S.D., ugift. ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  11. Dette er ei kjempeutfordring som eg har slite med i mange år. No er Brukarforum mi siste von: Ole Fredrik THOMPSON, fødd i Tranøy i Troms 21.2.1855, utvandra i 1867 til St. Croix Co., WI der han 26.1.1894 gifte seg med Martha AMUNDSON (Kinserdal), fødd i Årdal i Sogn 16.12.1874. Desse farma i Cylon township, St. Croix Co., WI: 1900 census: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-D8MW-NNS?cc=1325221 1905 census: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-63JW-MYT?i=8&cc=1443899 men Ole var òg skogsarbeidar («logger») og skal ifølgje ætti ha mist livet ved eit ulukkeshende, uvisst kvar, i 1905 (jmf. gravstøtta) eller i 1909 (jmf. slekti hans). Han ligg gravlagd nær heimen sin! ** Er det mogeleg å finna dødsfallet til Ole F. Thompson, kan henda gjennom eit avisoppslag? Martha gifte seg att i St. Croix Co., WI 4.1.1910 med Ole S. EVENSON, fødd i Støren 31.5.1863 og utvandra i 1867, og dei vart buande på farmen hennar i Cylon township, St. Croix Co., WI 1910 census: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBS-9DW5?i=1&cc=1727033 1920 census: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RV4-NRW?i=1&cc=1488411 der Ole døydde 20.12.1940. Martha Evenson døydde same staden 4.1.1941. Av borni i denne huslyden vil eg i dag innskrenka meg til eldste dotteri, som er den største utfordringi: Pauline Henriette THOMPSON, fødd i St. Croix Co., WI 4.7.1894. Ho skal ha gift seg i St. Croix Co., WI 6.2.1912 med Johannes «John» PETERSON, fødd i Brookings Co., SD 2.5.1890. Ifølgje slekti skal John ha vore smed («blacksmith»), og dei budde i Cylon township, St. Croix Co., WI, men Pauline døydde etter barselseng same stad 16.4.1914, og ifølgje slekti skal John Peterson vera avliden om lag på same tid!? Dei fekk to døtrer som vart oppalne hjå bestemori Martha: * Viola Pearl, fødd i St. Croix Co., WI 20.3.1912 * Jeannette Pauline, fødd i St. Croix Co., WI 9.4.1914 ** Er det mogeleg å identifisera lagnaden til John Peterson, dødsfallet eventuelt lagnaden hans, kan henda gjennom eit avisoppslag? Her er John Peterson i 1905 med foreldri sine i Cylon township, St. Croix Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-63JW-9R9?i=7&cc=1443899 https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-63JW-MYT?i=8&cc=1443899 Her er fødsli hans i Brookings Co., SD 2.5.1890: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314922-00174/4892547?backurl=https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/86131673/person/36534988647/facts/citation/840366906196/edit/record Men eg finn han ikkje i FT1910! So vidt eg har forstått, var denne huslyden medlem av ein lokal metodistkyrkjelyd, so kyrkjebøker ligg for å hjelpa oss vidare... Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og vonar at «gullaldaren» ikkje enno er over...
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.