Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'borgarkrigen'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 3 results

  1. Johannes Christopherson Berge, fødd i Luster 23.7.1838 som son av Christopher Thomasson og Rannei Samuelsdotter, husmannsfolk i Utladalen på fjellet mellom Luster og Årdal, utvandra til Dane Co., WI i 1857, men er sporlaust forsvunnen der borte. Broren Thomas utvandra i 1859, òg til Dane Co., WI, og med kona Martha Tollefsdotter fekk han 12.5.1863 ei dotter Johanna. Kanskje er det berre «laus gissing», men eg trur at sidan Johannes forsvinn nettopp på den tidi, at Johanna kan vera oppkalla etter han og at Johannes kan vera omkomen i Borgarkrigen!? Fleire av brorborni til Johannes tok ættenamnet Christopher i Amerika, og difor har eg antyda i overskrifti at Johannes KAN ha kalla seg for John Christopher... Lat meg elles leggja til at Johannes hadde to brør i Amerika, i tillegg til Thomas, var det òg ein Peder, og dei flytte båe med huslydane deira kring 1864 til Dakota Co., NE, men der har eg ikkje sett noko til Johannes!! Eg takkar so mykje å førehand for alle gode tips om lagnaden til Johannes!
  2. Ludvig Ingebrigtson, eldste son av Ingebrigt Ludvigson (1810-1846) og kona Synneva Haaversdotter (1812-1884), husmannsfolk på plassen Tubbene under Dalsøyri i Luster, var fødd i Luster 24.12.1838 og utvandra til Amerika i 1862 i lag med bestemori Kari Østensdotter (fødd 1786). Mori og tre søsken var utvandra året før til Madison, WI. Huslyden skreiv seg i Amerika for det meste under namnet BRICKSON, som òg kan ha vore namnet so Ludvig nytta (Louis Brickson?), men medan eg har finne att både mori opg søskeni, har eg so langt ikkje greidd å finna lagnaden til bestemori Kari og unge Ludvig! Kvar kan dei ha gøymt seg? Ludvig var i rett alder til å verva seg som soldat i borgarkrigen, so kanskje det vart lagnaden hans? Det hadde vore skikkeleg moro om me kunne finna att denne ungdomen i Amerika, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Christen Olson Flikki, fødd i Luster 17.9.1835, som «uekte» son av Ole Christenson Alme (1810-1877) og Christi Johannesdotter Sage (1807-1875), sidan gift og busett på ein plass under Dalsøyri i Luster, utvandra til Amerika i 1857 (#80): https://media.digitalarkivet.no/view/8403/11 Christen hadde elles ikkje noko med garden Flikki å gjera, so truleg har han berre tent der, eller kanskje voks han opp der? Han nytta Flikki-namnet også då han vart konfirmert i 1850 (#18): https://media.digitalarkivet.no/view/8401/107 Kan Christen ha vore borgarkrigssoldat? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne karen!
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.