Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'benson'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • Ask the National Archives of Norway
    • Questions about archival material and use of the archives
    • Questions about the use of the Digital Archives
    • Inquiries and messages about technical errors and metadata errors in the Digital Archives
  • Ask users of the Digital Archives
    • Users' own forum
    • Assistance with transcribing handwriting
  • Collaboration between the National Archives and users of the Digital Archives
    • Questions about volunteer efforts and source registration
    • Questions about proofreading of AMF material
  • Archived forums
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Miscellaneous

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 2 results

  1. Josefine Albertine Benson, oppgjeven fødd i Sverige kring 1866/1868 (FT1900 seier August 1868), utvandra kring 1886 og gifte seg i San Bernardino, CA 11.11.1890 med Nicholas A. Johnson frå Bergen, omskriven i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/236795-kari-olsdotter-eide-1832-1896-frå-luster-til-bergen-og-gift-med-john-johnsen-frå-nordfjord-1831-1886-kvar-vart-det-av-alle-sønene-deira-new-york/ Josefine Johnson døydde i Los Angeles, CA 1.4.1904 med alder oppgjeven til 37 år og 7 månader: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QSQ-G9SF-XJ5J?i=207&cc=2001287&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AQG5C-1B14 Er det mogeleg ut ifrå desse opplysningane å identifisera Josefine? * Fullt namn? * Dato og stad for fødsli hennar? * Utvandringsåret hennar? * Fulle namn på foreldri hennar med bustad, yrke til far og opphav til båe? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Dette er ein huslyd som eg jobba ganske mykje med på 1980-talet, men som eg grunna utilgjengelege kjelder aldri greidde å få skikkeleg «tak» på. No har eg greidd å fylla ein del av hòli, ikkje minst med opplysningar om den eine svigersonen Olaus Hanson frå Troms, sjå tema: https://forum.arkivverket.no/topic/223876-olaus-trinberg-lorentsson-hansen-fødd-i-malangen-1870-til-amerika-på-1880-talet-utvandringsåret-hans-og-detaljar-om-foreldri-hans/ men eg slit framleis med nokre detaljar. Det gjeld særleg tre av dei yngre borni, Peter, Caroline og Ingeborg! No vonar eg på lite vetta «eksperthjelp» i Brukarforum. Kanskje kan til dømes ein obituary for Peter Thompson frå Sioux Falls, SD 1939 lokaliserast? Eller for andre søsken som kan fortelja oss om lagnaden til Caroline i Chicago, IL? Slik ser manuskriptet mitt for denne huslyden ut pr. i dag: ~~~~~~~~~~~~~~ Eli Andersdotter {Heltne}, f. {i Luster} 7.5.1843, gifte seg i Luster 1.6.1865 med Knut Torstenson frå Skjel i Vestre Slidre, Valdres. Han var son av gardbrukar Torsten Endreson på Skjel og andre kona Anna Olsdotter frå Vevlen i Vang og f. i Vestre Slidre 12.5.1842. Eli og Knut budde visstnok her i Skaret fram til våren 1866. Knudt og Ellen Thompson utvandra til Amerika i 1866 og farma først i Kenyon township, Goodhue Co., Minn. , men flytte i 1879 til ein farm i Lyons township, Minnehaha Co., S.D. Ellen vart kring 1885 sjuk og levde dei siste åri sine på ein sjukeheim i Yankton, S.D. der ho d. 1.5.1903. Knudt Thompson d. i Minnehaha Co., S.D. 12.6.1928. Dei fekk tretten born i lag: a. Christi, kjend som Christine K. Thompson, f. i Luster 18.8.1864, utvandra til Amerika med foreldri i 1866 og d. i Sioux Falls, S.D. 19.10.1948. Christine var hushaldar («housekeeper») og budde i Sioux Falls, Minnehaha Co., S.D., ugift. b. Torsten, kjend som Thomas K. Thompson, f. i Goodhue Co., Minn. 30.5.1867, d. i Sioux Falls, S.D. 1.6.1939. Thomas var farmarbeidar («farm laborer») og budde på heimefarmen i Lyons township, Minnehaha Co., S.D., ugift. c. Andreas, kjend som Andrew T. Skjel, f. i Goodhue Co., Minn. 11.11.1868, d. i Minnehaha Co., S.D. 23.8.1956. Ogso Andrew var farmarbeidar («farm laborer») og budde på heimefarmen i Lyons township, Minnehaha Co., S.D., likeins ugift. d. Anna K. Thompson, f. i Goodhue Co., Minn. 2.3.1870, d. i Sioux Falls, S.D. 7.5.1946. Anna gifte seg i Minnehaha Co., S.D. 20.1.1897 med Knut Olson frå Husabø på Leikanger, i Amerika kjend som Knute Huseboe. Han var son av gardbrukar Ole Knutson på Husabø og kona Britha Endresdotter frå Romøyri i Balestrand og f. i Leikanger 23.3.1860. Han utvandra til Amerika med foreldri sine i 1866 og d. i Sioux Falls, S.D. 25.4.1935. Knute Huseboe var snikkar («carpenter»), og han og Anna budde i Sioux Falls, Minnehaha Co., S.D. Dei fekk to born i lag. e. Karine Gurine, kjend som Carrie Thompson, f. i Goodhue Co., Minn. 1.10.1872, d. i Watertown, S.D. 29.10.1954. Carrie gifte seg i Minnehaha Co., S.D. 29.7.1893 med Olaus Trinberg Lorentson frå Kirkevik i Malangen, Balsfjord, i Amerika kjend som Olaus T. Hanson. Han var son av skreddar og fiskar Lorents Mikael Hansson i Kirkevik, opphavleg frå Gamvii i Lavangen, Ibestad, og kona Hanna Bergitte Olsdotter frå Kirkevik og f. i Malangen 14.4.1870, men utvandra til Amerika med mor si i 1887. Han d. i Sioux Falls, S.D. 11.9.1941. Olaus Hanson var målar («painter and paper hanger»), og han og Carrie budde i Sioux Falls, Minnehaha Co., S.D. og farma òg ei tid i Goodwin toiwnship, Deuel Co., S.D. Men dei vart skilde i 1924, og Olaus flytte attende til Sioux Falls, Minnehaha Co., S.D. der han gifte seg att, medan Carrie flytte til Watertown, Codington Co., S.D. der ho livnærte seg som syerske («dressmaker») Dei fekk sju born i lag. f. John K. Thompson, f. i Goodhue Co., Minn. 3.1.1874, d. visstnok i Minneapolis, Minn. 10.6.1928. John var gassverksarbeidar («gas worker») og budde i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., ugift. g. Petter Olaus, kjend som Peter K. Thompson, f. i Goodhue Co., Minn. 13.5.1875, d. ##### (date and place of his death? – probably Minnehaha Co., SD Mar. 9, 1939!?) ##### (WW1 draft and soc.sec. 1937 says Peter K. Thompson of Minnehaha Co., SD – born May 15, 1875! – supposed to have been a farm laborer at Colton, Minnehaha Co., S.D. – single!?) h. Elen Marie, kjend som Mary Thompson, f. i Goodhue Co., Minn. 15.3.1877, d. i Minneapolis, Minn. 6.3.1956. Mary gifte seg i Minnehaha Co., S.D. 20.1.1897 med William M. ##### (middle name?) Sampson, f. i New York City, N.Y. 25.3.1868. Han d. i Minneapolis, Minn. 23.3.1951. William Sampson var kostemakar («broom maker»), og han og Mary budde i Sioux Falls, Minnehaha Co., S.D. til dei tidleg på 1920-talet flytte til Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der dei sidan kjøpte og styrte ein husværebygning («appartment bulding owner and operator»). Dei fekk to born i lag. i. Caroline, kjend som Lena Thompson, f. i Goodhue Co., Minn. 22.7.1878, d. ##### (supposedly died in Chicago, Ill. about 1945 – single hospital worker? – one Caroline Thompson, single servant, born in SD 1880, lived 1940 in Chicago, IL! – could be her?) j. Knud Edward, kjend som Edward K. Thompson, f. i Minnehaha Co., S.D. 16.1.1880, d. i Minnehaha Co., S.D. 18.8.1928. Edward tok i lag med broren William over som farmarar på heimefarmen i Lyons township, Minnehaha Co., S.D., men var ugift. k. Ingeborg Thompson, f. i Minnehaha Co., S.D. 20.10.1881, d. ##### (date and place of her death? – Omaha, NE about 1910?) ##### (was married to a Mr. Benson and had one child – further info?) l. William K. Thompson, f. i Minnehaha Co., S.D. 2.9.1883, d. i Parkston, S.D. 28.2.1968. William tok i lag med broren Edward over som farmar på heimefarmen i Lyons township, Minnehaha Co., S.D., men var likeins ugift. m. Knud, kjend som Knudt Skjel, f. i Minnehaha Co., S.D. 20.11.1885, d. i Minnehaha Co., S.D. 23.8.1957. Knudt Jr. var farmarbeidar («farm laborer») og budde på heimefarmen i Lyons township, Minnehaha Co., S.D., ugift. ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.