Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'leirmo'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • Ask the National Archives of Norway
    • Questions about archival material and use of the archives
    • Questions about the use of the Digital Archives
    • Inquiries and messages about technical errors and metadata errors in the Digital Archives
  • Ask users of the Digital Archives
    • Users' own forum
    • Assistance with transcribing handwriting
  • Collaboration between the National Archives and users of the Digital Archives
    • Questions about volunteer efforts and source registration
    • Questions about proofreading of AMF material
  • Archived forums
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Miscellaneous

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 3 results

  1. Fire brør frå husmannsplassen Torehaugen under Leirmo i Luster utvandra til Amerika: * Thore Thoreson (1850-1903) - i Amerika dels kjend som Thore Leirmo og dels som Thore Thoreson, var gift og utvandra i 1880. Dei vart farmarar i Naples township, Buffalo Co., WI * Ole Thoreson (1852-1903) - i Amerika dels kjend som Ole Leirmo og dels som Ole Thompson, var gift og utvandra likeins i 1880. Dei vart òg farmarar i Naples township, Buffalo Co., WI. * Lars Thoreson, fødd i Luster 21.6.1860, utvandra med dei to brørne sine i 1880 - lagnad ukjend...!? * Johannes Thoreson, fødd i Luster 12.1.1863, utvandra til Amerika i 1887 - lagnad ukjend...!? Dei hadde to søstrer som var att i Noreg, og eit barn eller barnebarn av ei av dei var det som for over 40 år sidan fortalte meg at ein av dei to yngste brørne, Lars eller Johannes, skal ha vore matros på ei skute som siglde på Lake Superior! Meir veit me diverre ikkje, men no vonar eg sjølvsagt at noion i Brukarforum kan hjelpa meg finna lagnadane til desse sakna brørne? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Etter at Ivar Moe i dag har henta fram rettsdokument on denne sogningen som i mange år sat fengsla på Akershus festning for tredje gongs tjuveri, fekk eg lyst til å leggja ut denne utfordringi i Brukarforum. Eg jobba med denne huslyden på 1980-talet, men fann lite eller inkje ut om dei tre borni som levde att då mori døydde i barselseng i 1831. Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~ Aamund Henrikson {Leirmo}, døypt i Hafslo 23.2.1800, Aamund Leermoe flytte til Bergen i samband med militærtenesta si og gifte seg i Krosskyrkja der 1.6.1828 med Bertha Andersdotter frå ##### (kvar var ho oppvaksi? – Kaupanger?) i Sogndal. Ho var dotter av husmannssonen Anders Johannesson frå Uri under Kaupanger og husmannsdotteri Margretha Rasmusdotter frå Strondi under Ølnes, sidan gift og busett i Sogndalsfjøra, og vart døypt i Sogndal 22.7.1804. Aamund vart sidan dagarbeidar, og parfolket budde mellom anna i Værftsgaten i Bergen. Men Bertha d. i barselseng i Bergen alt 24.7.1831, og det var visstnok ikkje lenge etter at Aamund kom i konflikt med lovi. Han vart i 1835 dømd til tukthusstraff for tjuveri, og dette gjentok seg to goinger, og i 1840 vart han dømd til livsvarig. Han vart etter ei tid i Bergen overført til Akershus festning i Christiania (Oslo) der han framleis sat i 1865, men vart sidan lauslaten og d. som almisselem i Bergen 23.9.1874. Aamund og Bertha fekk tre born i lag: a. Karen Margrethe Aamundsdotter, f. i Bergen 21.12.1825, ##### (lagnaden hennar? - levde i 1885!) b. Henrikke Johanne Aamundsdotter, f. i Bergen 29.1.1829, d. som enkje på Nedre Møllendal i Årstad 6.9.1885. Henrikke gifte seg i Årstad 1.11.1863 med Rasmus Nilsson frå ##### (kvar oppvaksen? – fødd på Stivold i Førde – p: husmann Nils Zachariasson og Kari Baardsdotter) f. i Førde 2.4.1835. Han d. som garvarsvein i Bergen 30.10.1875. Rasmus Nilsen var garvarsvein, og han og Henrikke bdde på Fløen nordre i Årstad, men flytte sidan inn til Bergen. ##### (sjekka bustad: 1865: bus. Fløen nordre i Årstad – 1875: Henrikke enkje og innerst, vaskekone Nedre Møllendal i Årstad) Dei var barnlause. c. Berent Andreas Aamundson, f. i Bergen 19.7.1831, ##### (lagnaden hans? - d. før 1885) ~~~~~~~~~~~~ Som me ser, er eg heilt framleis «heilt blank» når det gjeld lagnadane til Karen Margrethe og Berent Andreas, men dei bør nok finnast der ute, ein eller annan stad!? Dødsmeldingi etter Henrikke frå 1885 (langt nede på høgre side) seier at ho let etter seg ei myndig søster: https://media.digitalarkivet.no/view/23987/29 Og kanskje er det nokon som kjenner geografien i Førde og som kan supplera med opplysningar om opphavet til Rasmus Nilsson? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne utfordrande huslyden!
  3. Dette er ei utfordring som eg har kjobba med sidan 1980-talet, men som eg aldri har greidd å løysa! Kanskje no er tidi kommi? Utgongspunktet er eit stutt manuskript: ~~~~~~~~~~~~ Lars Larsson {Leirmo}, f. {i Luster} 16.2.1849, gifte seg 9.6.1881 med Christina Olsdotter, stedotter av eldste bror hans som tok over heimebruket på Leirmo og soleis òg herifrå garden. Ho var f. 12.11.1856. Lars og Christine Leirmo utvandra til Amerika i 1882 og slo seg ned som farmarar i New Prairie township, Pope Co., Minn. der Lars d. 5.3.1903. ##### (what became of Christine? – date and place of her death?) Dei fekk to born i lag: a. Anna L. Leirmo (1881-1881), f. og d. i Luster. b. Anna Johanna Leirmo, f. i Pope Co., Minn. 26.8.1882, d. i Pope Co., Minn. 31.10.1882. ~~~~~~~~~~~~ Her er huslyden i New Prairie township, Pope Co., MN i 1885: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/1058/images/mnsc_37-0201?treeid=&personid=&hintid=&queryId=b3651ce5f896a66e81fec82d2f8787d7&usePUB=true&_phsrc=Nzx25289&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.100821249.1621079734.1618435785-390650824.1612707015&pId=5181044 Eg finn dei ikkje i FT1895, men: Her er huslyden i New Prairie township, Pope Co., MN i 1900: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7602/images/4120301_00070?usePUB=true&_phsrc=Nzx25291&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=26885280 Her er gravferdi til Lars i 1903: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/60722/images/41742_314900-00335?treeid=&personid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx25300&_phstart=successSource&pId=3861439 Berre dødsfallet til Christine manglar, og eg veit ikkje mi arme råd korleis me skal finna dette? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.