Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'johnson'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 3 results

  1. Jacob Johnson døydde i Tacoma, WA 6.8.1970 og vert då oppgjeven fødd i Noreg 20.1.1883. Same fødselsdato kjem både på WW1 draftet og WW2 draftet. Han gifte seg i Minneapolis, MN 3.11.1911 med Caspara Pauline Haverberg, fødd i Jackson Co., MN 4.9.1891. Her er dei i FT1920 - utvandringsår for Jacob 1906: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RFS-PX9 Her er dei i FT1930 - utvandringsår for Jacob 1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRCN-K4D Her er dei i FT1940: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QSQ-G9M1-7CYJ Truleg er Jacob her i FT1910 som ugift - utvandringsår 1905: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRV4-7TD Er det mogeleg å identifisera det norske opphavet til denne Jacob Johnson? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Eg vil i kveld få presentera ei ny utfordring som eg sleit mykje med tidleg på 1980-talet. Dette var ein haugianarætt som i fleire år budde på Rise i Lesja før dei kom til Luster. Sidan fór det vidare til Amerika der i alle fall ein av brørne til Henrik var gullgravar i California, kjend som «California-Johnson»! Henrik var nok aldri i California, men eg har likevel vanskar med å finna ut av borni hans, særleg gjeld det sonen John som var gift to gongar og budde i Green Co., WI. Kven var konene hans? Dessutan dei to yngste borni i huslyden. Christine og Henry Jr., som er heilt borte for meg! Det hadde vore kjempefint om nokon kunne sjå på denne huslyden og kanskje supplera med eitt og anna... Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Henrik Nitter Johannesson Bjerk, frå Høyeim, var f. på Rise i Lesja 15.11.1815, men kom til Luster i ung alder med foreldri sine. Han gifte seg 21.11.1841 med Kari Christensdotter frå Berge i Fortun, døypt 22.12.1811. Henrik og Kari var visstnok først plassfolk på Haugen under Berge i Fortun, men kom kring 1844 til Bjørk. Me trur det var dei som då rydda denne plassen i Ekrebakken, og her budde dei fram til 1848. Hendrik og Kari Johnson utvandra til Amerika i 1848 og slo seg ned som farmarar i Springdale township, Dane Co., Wis. der Kari d. 12.11.1890. Hendrik d. same staden 30.4.1895. Dei fekk seks born i lag: a. Johannes H. Johnson (1841‑1842), f. og d. i Luster. b. Johannes, kjend som John H. Johnson, f. i Luster 10.2.1843, utvandra med foreldri i 1848 og d. i Green Co., Wis. 23.7.1914. John gifte seg første gongen ##### (date and place of his 1st marriage? - about 1865!?) med Anna Tidemannsdotter frå ##### (norsk opphav?) Ho var dotter av ##### (foreldri? - fulle namn, yrke, bustad og opphav?) og f. ##### (fødestaden?) 27.8.1840, men utvandra til Amerika i ##### (year of emigration?) Anna d. i Green Co., Wis. 14.5.1894, og John gifte seg att ##### (date and place of his 2nd marriage - about 1895!?) med Ingeborg ##### (norsk opphav?) Ho var dotter av ##### (foreldri? - fulle namn, yrke, bustad og opphav?) og f. ##### (dato og stad for fødsli hennar?) .1.1852, men utvandra til Amerika i ##### (year of emigration? -1885? ) Ho d. ##### (date and place of her death? - after 1900) John H. Johnson farma i York township, Green Co., Wis. og fekk i alt ##### (number of sons and daughters? - at least eight!) som alle var frå første ekteskapet. c. Britha, kjend som Betsy H. Johnson, f. i Luster 22.1.1846, utvandra òg med foreldri i 1848 og d. i Minnehaha, Co., S.D. 26.3.1919. Betsy gifte seg i Dane Co.. Wis. 11.12.1876 med enkjemannen Mons Jensson frå Berdal i Leikanger, i Amerika kjend som Mons J. Berdahl. Han var son av gardbrukar Jens Monsson på Berdal, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Kari Olsdotter frå Berdal og f. på Leikanger 3.10.1835. Han utvandra til Amerika i 1861 og d. i Colton, S.D. 30.1.1915. Mons gifte seg første gongen ##### (date and place of his 1st marriage?) med Britha Hermundsdotter frå Eggum i Leikanger, i Amerika kjend som Betsy Eggum. Ho var dotter av gardbrukar Hermund Erikson på Eggum og kona Synneva Larsdotter frå Grinde og f. på Leikanger 15.2.1839, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1854. Denne første kona hans d. i Dane Co., Wis. kring 1873. ##### (exact date and place of her death?) Mons Berdahl farma først i Springdale township, Dane Co., Wis., men flytte kring 1878 til ein «homestead» i Taopi township, Minnehaha Co., S.D. der han og andre kona Betsy budde levetidi ut. Mons Berdahl fekk i alt ##### (number of sons and daughters? - incl. five from 2nd marriage!) d. Karen H. Johnson (1848-1893), vart gift med Erik, kjend som Elick Thompson (1844-1908), son av husmannen Torsten Erikson frå Øygarden under Dalsøyri (1812‑1881) (s.d.). e. Christine H. Johnson, f. i Dane Co., Wis. ##### (date of her birth? - 1854?) ##### (lived at home 1860 - her destiny?) f. Hendrik Nitter, kjend som Henry H. Johnson, f. i Dane Co., Wis. ##### (date of his birth? - 1859?) ##### (lived at home 1880 - his destiny?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  3. Gena Julia, kjend som Julia Benton (namn frå ein husmannsplass kalla Bentehilleren i Luster!), fødd i Fillmore Co., MN 11.9.1872, gifte seg i Fillmore Co., MN 20.6.1905 med: Charles L. Johnson - fødd i Noreg kring 1868 - utvandra i 1869 * busett 1910 med kona Julia i Lanesboro, Fillmore Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RJ1-WX5 * busett 1920 med kona Julia i Lanesboro, Fillmore Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RNN-DKP Men so døydde Julia i Lanesboro, MN 6.8.1920, og slekti fortel meg at Charles då pakka sakene sine og dro til ARKANSAS! Er det mogeleg ut ifrå desse spinkle opplysningane å finna ut: ** Kven var Charles L. Johnson - norsk namn? ** Dato og stad for fødsli hans? ** Utvandringsåret? ** Kven var foreldri hans - namn, yrke, bustad og opphav? ** Og endeleg, kva lagnad fekk Charles etter han dro frå Lanesboro, MN? Eg veit dette er ei ganske so utfordrande sak å løysa, men om nokon greier det, so har eg klokketru på dykk i Brukarforum! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.