Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'christenson'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 5 resultater

  1. For 40 år sidan då eg jobba med opphavet til Lemvig-ætti i Luster, kom eg over ein fut i Sunnhordland med namn Nils Christenson. Tidsmessig - og standsmessig - høver han svært godt som far til lensmann og storbonde Christen Nilsson FUHR i Luster (1603-1685), og dette skreiv eg om i band II av bygdebokserien for Luster - sitat: «Christen Nielsen Fuhr, truleg son av ein Nils Christenson som tidleg på 1600-talet var fut i Sunnhordland». No ser eg at «nokon» på GENI har identifisert denne futen som: Nils Christenson GJERSVIK (1570-1614) gift med Anna Johannesdotter GALTE frå Torsnes i Jondal (1575-1646) - busette på Flateraker på Tysnes. https://www.geni.com/people/Nils-Gjersvik/4162186596380089689 Eg ser at Nils vert presentert som bror av Skak Christenson WESTREM på Kaupanger i Sogndal, so sambandet til indre Sogn ser ut til å vera «legitimert». Er det nokon som har studert denne ætti i detalj og som kan supplera med fleire opplysningar? Finst det prov for at Christen Nilsson på Fuhr i Luster var son av futen? I tillegg til dette har same GENI-sida identifisert første kona til Christen Nilsson som Kari Jensdotter HOLST (1610-1673), opphavleg frå Dale i Vaksdal(!)... Kvar i all verdi har dei finne dette? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Dette er ei kjempegåte som eg jobba veldig mykje med for om lag 40 år sidan, men som eg aldri greidde å koma nokon veg med! No vonar eg at einkvan i Brukarforum kan hjelpa meg vidare...? Gunnhild Christensdotter var fødd på Ormbergstølen i Jostedalen 14.8.1843 og utvandra til Amerika i 1870. Foreldri hennar var Christen Andersson (1798-1849) og Kari Eriksdotter (1811-18990, og då mori døydde i 1899, vart det fortalt at Gunnhild var gift i Amerika med ein «Mr. Johnson», men ingen kunne bidra med nokon adresse! Gunnhild hadde to brør i Amerika: * Erik Christenson (1831-1930), utvandra med kona Martha i 1860 til Wisconsin, men slo seg kring 1862 ned som farmarar i Brule township, Union Co., SD, der dei budde levetidi ut. Dei fekk fjorten born i lag. * Ole Christenson (1848-1935), utvandra med kona Ingeborg i 1869 og slo seg same året ned som farmarar i Spink township, Union Co., SD, der dei budde levetidi ut. Dei fekk sju born i lag. Både Erik og Ole var heime på vitjing til Jostedalen kring hudreårsskiftet, og det var ogso fleire bror- og søsterborn som utvandra til Amerika mot slutten av 1800-talet; dei fór alle som ein til Union Co., SD eller til det næraste nabolaget!! Eg hadde kontakt med fleire etterkomarar på 1980-talet, men INGEN hadde høyrt gjete «tante Gunnhild»! Det hadde vore heilt kjempe om nokon kunne greia finna ut av lagnaden til Gunnhild. Kanskje kalla ho seg for Julia? Eller kanskje det vart Nellie? Cornelia er eit tredje alternativ! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Nils Christenson er ein person som eg har vore på leiting etter i over 35 år! Han var fødd i Luster 26.8.1845 som «uekte» son av Gjertrud Nilsdotter frå Sørheim (Sørum) i Luster (1823-1908) og husmann Christen Christenson på plassen Brunane under Lerum i Luster (1826-1870). Nils var i 1865 tenestedreng på Lerum i Luster: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038261001817 Nils utvandra til Amerika i 1866, og i passasjerlista over Québec er namnet feilskrive Saium (for Sørum): https://www.digitalarkivet.no/view/194/pe00000000338677 Mori hadde to brør, Iver (1820-1900) og Johannes (1827-1908) som utvandra til Amerika, Iver «Iver Sorum» i 1856 til Fillmore Co., MN og Johannes «John Sorum» i 1853 til Olmsted Co., MN. Elles gifte mori seg sidan med Lars Christenson Ottum. Dei hadde fleire born i lag, og huslyden utvandra i 1862 til Long Lake, Watonwan Co., MN der Gertrude døydde 24.2.1908. Eg kan ikkje sjå noko til Nils Christenson i Watonwan Co., MN, men etterkomarar etter halvsøskeni hans meiner dei har høyrt gjete at Nils, truleg kjend som Nels Christenson eller Nels Sorum, skal ha butt som farmar i South Dakota. Eg ville setja stor pris på opplysningar om lagnaden til Nils i Amerika og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Dette innlegget er kanskje litt usamanhengande og med mykje informasjon som det ikkje er lett å få oversikt over, med eg vonar likevel at nokon som kjenner slektene i Stryn kan gje svar på nokon av spørsmåla eg stiller. Kven er Synneve Joensdatter, kona til Anders Kristenson Øfrejde? Ho er i BB for Øvre Eide i Nedstryn kalla Synneve Jakobsdatter (Stauri), d. 61 år gammal i 1795. Men for det fyrste finn eg ingen Jakob på Stauri som kan passe. For det andre er den Synnøve det her er vist til i dødsinnskrivinga i 1795 kalla Synnøve Rasmusdatter. Då har vi to andre mulige Synnøve: Synneve Jonsdatter og Synnøve Rasmusdatter. Er det rett det som står i BB, skal ho vere fødd i 1734. Men sonen Kristen er i fylgje BB fødd i 1748, og då var mora berre 14 år, så det kan ikkje vere rett. Det er inga kyrkjebok for Innvik frå før 1750, så dette kan ikkje sjekkast ut der. Det er heller ingen aktuelle folketeljingar eller manntal i denne perioden. Då står vi att med eventuelle skifteforretningar. Men eg har ikkje funne skifte verken for Anders Kristenson, faren Kristen Jetmundson, Synneve Jonsdatter eller Synnøve Rasmusdatter. Ei mogeleg løysing kan vere at Anders var gift to gonger, først med Synneve Jonsdatter, og seinare med Synnøve Rasmusdatter. Men eg finn ikkje innføring i gravferdslistene korkje for Anders Øfrejde eller for Synneve Jonsdatter. Veit nokon meir om dette? Så til andre spørsmål som har samanheng med det første: Kvifor er Jon Jetmundson Stauri kalla Støfrejde ved fødselen av sonen Jetmund, 13. januar 1755 ?https://www.digitalarkivet.no/kb20070509640296 For slik eg forstår det er det her snakk om Jon Jetmundson Stauri og første kona hans Marte Rasmusdatter. Mellom fadrane er truleg broren, Hans Jetmundson Støfrejde og Anders Øfrejde. Er Stauri og Støfrejde same garden? I BB er det ingen gard i Innvik med namnet Støfrejde, men det er tydeleg at garden ligg ein stad i Nedstryn. Og kven er Ingebor Joensdatter Støfrejde, som er fadder på Joen, son til Anders Øfrejde og kona Synneve Joensdatter? https://www.digitalarkivet.no/kb20070509640294 I første omgang verkar det ikkje så rart at det var fadrar frå Stauri og frå Tenden ved dåpen til Joen Andersson Øfrejde, sidan BB kan forståast slik at far til Anders, føremannen hans på garden, Kristen Jetmundson, var frå Stauri og mora , Marte Jonsdatter, var fødd Tenden. Det kunne då vere naturleg å spørje om Kristen Jetmundson Stauri var son til Jetmund Olson Stauri? Men så viser det seg at ved dåpsinnføringa av Anders og Synneve si dotter Maren, 23. mars 1750, er Anders kalla Christophersen Øfrejde og ikkje Christenson. Fadrane er no Absolon Rasmussen Giørven, Jens Joensson Støfrejde, Anne Didrichsdatter Settre, Anne Matthisdatter Tennen og Malene Joensdatter Støfrejde. Her ser vi det er fleire med etternamnet Støfrejde, og alle har patronymet Jonson/Jonsdatter. Kan denne Jens Jonsen Støfrejde vere den same som er nemnd i skiftet etter Peder Rasmussen Tonning i 1702? http://arkivverket.no/URN:sk_read/24217/28/ Men det er nok ikkje mogeleg, for det er skifte etter denne Jens Jonsen Støvereid i 1703: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24217/88/ Men kvar er denne Jens Jonsen Støvereid frå? Ifølgje folketeljinga for 1801 er det eit bruk i Innvik prestegjeld som har namnet Støvreid. Her finn eg ein Jens Jonsen Støvereid, 88 år gammal og inderst, enkemann og far til husbonden, Jon Jensen Støvreid. 8. august 1751 vert ein son av Jens Jonsen Støfrejde og Berte Jensdatter døypt. Her er fadrane m.a. Jetmund Støfrejde og Anders Øfrejde. https://www.digitalarkivet.no/kb20070509640288 side 7, venstre del, innføring nr. 50. Ved dåpsinnføring nr. 10, s. 9 https://www.digitalarkivet.no/kb20070509640290 for Jon, sonen til Hans Tenden og Mari Jonsdatter, ser vi at ein Lars Arneson Øfrejde, Synnøve Jonsdatter Øfrejde og Jon Jetmundson Støfrejde er fadrar. Ved innskrivinga av Jon, son til Jens Jonsen Støfrejde og Berte Jensdatter, side 10, venstre del, innføring 38 https://www.digitalarkivet.no/kb20070509640291 finn vi desse som fadrar: Jon Jetmundson Støfrejde og Synnøve Jonsdatter Støfrejde. Ved innføringa av Anna, dotter til Lars Øfrejde og Brite Larsdatter , side 10, høgre del, innføring nr. 5 https://www.digitalarkivet.no/kb20070509640291 er Hans Tenden og Synnøve Jonsdatter Øfrejde mellom fadrane. Ved å samanlikne desse namna stiller eg meg spørsmålet: Er kona til Anders Øfrejde, Synneve Jonsdatter Øfrejde den same som Synneve Jonsdatter Støfrejde, og kven er forfedrene hennar? Og er Synneve Jonsdatter syster til Jens Jonsen Støfrejde, Malene Jonsdatter Støfrejde og Ingebor Jonsdatter Støfrejde? Og kva med Anders Øfrejde? Er patronymet hans Christenson eller Christopherson? Kven er så forfedrene hans?
  5. So har eg fått ei ny kjempeutfordring å hanskas med i Amerika: Peder Christenson Aasen, yngste barn av gardbrukar Christen Christenson Aasen (1781-1870) og kona Lucris Iversdotter (1789-1869), var fødd i Hafslo 7.9.1834: https://media.digitalarkivet.no/view/11456/87 Han budde i 1865 hjå foreldri sine i Hafslo: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038260002664 Han utvandra til Amerika i 1867: https://media.digitalarkivet.no/view/6870/64 Peder hadde tre eldre søstrer, Kirsti (1824), Lucris (1825) og Cecilia (1829) som før hadde utvandra til Amerika og som alle budde i «kvar sin ende» av Dane Co., WI, ei av dei i Mt. Horeb, og nettopp i Mt. Horeb, Dane Co., WI finn eg ei «mistenkeleg» vigsle 14.2.1876: Peder Christofersen Aasen - 34 år - son av Christopher og LUCRICE Aasen Kari Johnsdotter - 42 år - dotter av John og Rønnaug Eilefson Forlovarar er Johannes Hillestad og ein Eilif Obele(?), og nettopp Johannes Hillestad var gift med Lucris Christensdotter!!! https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314951-00361?pid=3429275&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D3429275%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx4894%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx4894&_phstart=successSource&usePUBJs=true Til tross for avvik både i namn og alder, kan dette likevel vera «vår» Peder Christenson Aasen?? Når det gjeld Kari, finn eg ein god «kandidat» i denne jenta, sjølv om me ogso her ser eit visst avvik i alder...: Karen Johnsdotter, fødd i Lom 18.12.1831 som dotter av John Eilefson Nordjordet og Rønnaug Johnsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/9245/93 Kanskje ho som i 1865 var ugift på Kvernstuen i Lom hjå broren Eilef: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0514&kenr=002&bnr=0024&lnr=00 Eilif og Kari Kvernstuen utvandra frå Lom til Amerika i 1866: https://media.digitalarkivet.no/view/6072/272 MEN, eg finn ikkje nokon som liknar Peder og Kari i FT1880 for Dane Co., WI, so kvar vart det av dei?? Og, kan nokon stadfesta at eg har finne «rett» Peder og «rett» opphav til Kari Johnsdotter? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.