Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'christopherson'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 4 results

  1. Bertha Torbjørnsdotter Drevdal var fødd i Luster 23.1.1848 av foreldri: Torbjørn Christopherson (1813-1873) og Kirsti Christensdotter (1822-1907). Huslyden utvandra til Amerika i 1853 og under namni Torger og Christine Christopherson finn me dei att som farmarar i Freeman township, Crawford Co., WI: FT1860: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9BS6-ZKM FT1870: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DCY9-5WS I 1880 hadde Kirsti «Christine» vorte enkje, men eg finn ho korkje i FT1880, FT1900 eller FT1905 - ho døydde i Vernon Co., WI 14.2.1907 - kvar var ho i 1880, 1900 og 1905? Ein son tok ættenamnet Torger, medan alle dei andre skreiv seg Torgerson, og bortsett ifrå ein son som i 1879 flytte til Becker Co., MN, var dei alle busette i Crawford eller Vernon Co., WI. Det siste eg ser til dotteri Bertha, som både i 1860 og 1870 er kalla BETSY, var då ho fekk ei «uekte» dotter: * Bertina, fødd i Crawford Co., WI 22.4.1873 - faren var John T. Sandy (1847-1921). Eg finn korkje Bertina eller mori i FT1880!! Då eg jobba med denne huslyden i Wisconsin for om lag 40 år sidan, vart eg fortald følgjande: Bertha skal ha gift seg kring 1882 med Iver Knutson Ramsøy frå Aurland, fødd 19.1.1830, utvandra i 1866. Han skal ha butt i Jefferson township, Vernon Co., WI og døydde på West Prairie, Vernon/Crawford Co., WI 13.1.1890. Då skulle Bertha vera avlidi kring 1885. MEN: eg finn ikkje noko prov for at dette siste stemmer! Berre dødsfallet til Iver i 1890 er dokumentert! Vigsli til Iver og Bertha er ikkje å sjå nokon stad i nabolaget, og eg finn heller ikkje Iver i nokon folketeljingar! Kan dei eventuelt ha butt ein annan stad? Becker Co., MN?? Eg ville satt svært stor pris på om nokon kunne sjå på denne problemstillingi og til dømes fortelja meg: ** Kvar var Kirsti «Christine» Christopherson (eller Torgerson) i 18880, 1900 og 1905? ** Finst det fleire spor etter Iver Knutson Ramsøy i Amerika? ** Er noko meir å sjå til Bertha «Betsey» og dotteri Bertina? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne utfordrande huslyden!
  2. Dette er ei vigsle som eg har leitt etter sidan førre hundreåret, men aldri greidd å finna: Hans Andersson Sperle (son av Anders Otteson Sperle), fødd i Luster 14.7.1851, utvandra i 1867 til Dane Co., WI Dorthea A. Christopherson (dotter av Anders Christopherson Leirdal), fødd i Luster 9.3.1855, utvandra i 1862 til Dane Co., WI skal vera vigde kring 1873. Eldste barnet deira var Andreas Olaus, fødd i McFarland, Dane Co., WI 21.9.1873. Etter det eg veit budde dette parfolket alltid i McFarland, Dane Co., WI, og eg har sjølv vitja farmen deira der! Desse folketeljingslistene seier båe at dei vart vigde i 1873: FT1900 (finn ikkje hjå FamilySearch!): https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7602/images/4120622_00811?usePUB=true&usePUBJs=true&pId=73607562 FT1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYK-SJYB Normalt skal alle vigsler på den tidi vera registrerte i dei offisielle kjeldene, i alle fall var dette so i Wisconsin. Men kanskje dei kan ha drege ein eller annan stad for å gifta seg «out of state»? Men dette var ikkje vanleg so tidleg! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Dette innlegget er kanskje litt usamanhengande og med mykje informasjon som det ikkje er lett å få oversikt over, med eg vonar likevel at nokon som kjenner slektene i Stryn kan gje svar på nokon av spørsmåla eg stiller. Kven er Synneve Joensdatter, kona til Anders Kristenson Øfrejde? Ho er i BB for Øvre Eide i Nedstryn kalla Synneve Jakobsdatter (Stauri), d. 61 år gammal i 1795. Men for det fyrste finn eg ingen Jakob på Stauri som kan passe. For det andre er den Synnøve det her er vist til i dødsinnskrivinga i 1795 kalla Synnøve Rasmusdatter. Då har vi to andre mulige Synnøve: Synneve Jonsdatter og Synnøve Rasmusdatter. Er det rett det som står i BB, skal ho vere fødd i 1734. Men sonen Kristen er i fylgje BB fødd i 1748, og då var mora berre 14 år, så det kan ikkje vere rett. Det er inga kyrkjebok for Innvik frå før 1750, så dette kan ikkje sjekkast ut der. Det er heller ingen aktuelle folketeljingar eller manntal i denne perioden. Då står vi att med eventuelle skifteforretningar. Men eg har ikkje funne skifte verken for Anders Kristenson, faren Kristen Jetmundson, Synneve Jonsdatter eller Synnøve Rasmusdatter. Ei mogeleg løysing kan vere at Anders var gift to gonger, først med Synneve Jonsdatter, og seinare med Synnøve Rasmusdatter. Men eg finn ikkje innføring i gravferdslistene korkje for Anders Øfrejde eller for Synneve Jonsdatter. Veit nokon meir om dette? Så til andre spørsmål som har samanheng med det første: Kvifor er Jon Jetmundson Stauri kalla Støfrejde ved fødselen av sonen Jetmund, 13. januar 1755 ?https://www.digitalarkivet.no/kb20070509640296 For slik eg forstår det er det her snakk om Jon Jetmundson Stauri og første kona hans Marte Rasmusdatter. Mellom fadrane er truleg broren, Hans Jetmundson Støfrejde og Anders Øfrejde. Er Stauri og Støfrejde same garden? I BB er det ingen gard i Innvik med namnet Støfrejde, men det er tydeleg at garden ligg ein stad i Nedstryn. Og kven er Ingebor Joensdatter Støfrejde, som er fadder på Joen, son til Anders Øfrejde og kona Synneve Joensdatter? https://www.digitalarkivet.no/kb20070509640294 I første omgang verkar det ikkje så rart at det var fadrar frå Stauri og frå Tenden ved dåpen til Joen Andersson Øfrejde, sidan BB kan forståast slik at far til Anders, føremannen hans på garden, Kristen Jetmundson, var frå Stauri og mora , Marte Jonsdatter, var fødd Tenden. Det kunne då vere naturleg å spørje om Kristen Jetmundson Stauri var son til Jetmund Olson Stauri? Men så viser det seg at ved dåpsinnføringa av Anders og Synneve si dotter Maren, 23. mars 1750, er Anders kalla Christophersen Øfrejde og ikkje Christenson. Fadrane er no Absolon Rasmussen Giørven, Jens Joensson Støfrejde, Anne Didrichsdatter Settre, Anne Matthisdatter Tennen og Malene Joensdatter Støfrejde. Her ser vi det er fleire med etternamnet Støfrejde, og alle har patronymet Jonson/Jonsdatter. Kan denne Jens Jonsen Støfrejde vere den same som er nemnd i skiftet etter Peder Rasmussen Tonning i 1702? http://arkivverket.no/URN:sk_read/24217/28/ Men det er nok ikkje mogeleg, for det er skifte etter denne Jens Jonsen Støvereid i 1703: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24217/88/ Men kvar er denne Jens Jonsen Støvereid frå? Ifølgje folketeljinga for 1801 er det eit bruk i Innvik prestegjeld som har namnet Støvreid. Her finn eg ein Jens Jonsen Støvereid, 88 år gammal og inderst, enkemann og far til husbonden, Jon Jensen Støvreid. 8. august 1751 vert ein son av Jens Jonsen Støfrejde og Berte Jensdatter døypt. Her er fadrane m.a. Jetmund Støfrejde og Anders Øfrejde. https://www.digitalarkivet.no/kb20070509640288 side 7, venstre del, innføring nr. 50. Ved dåpsinnføring nr. 10, s. 9 https://www.digitalarkivet.no/kb20070509640290 for Jon, sonen til Hans Tenden og Mari Jonsdatter, ser vi at ein Lars Arneson Øfrejde, Synnøve Jonsdatter Øfrejde og Jon Jetmundson Støfrejde er fadrar. Ved innskrivinga av Jon, son til Jens Jonsen Støfrejde og Berte Jensdatter, side 10, venstre del, innføring 38 https://www.digitalarkivet.no/kb20070509640291 finn vi desse som fadrar: Jon Jetmundson Støfrejde og Synnøve Jonsdatter Støfrejde. Ved innføringa av Anna, dotter til Lars Øfrejde og Brite Larsdatter , side 10, høgre del, innføring nr. 5 https://www.digitalarkivet.no/kb20070509640291 er Hans Tenden og Synnøve Jonsdatter Øfrejde mellom fadrane. Ved å samanlikne desse namna stiller eg meg spørsmålet: Er kona til Anders Øfrejde, Synneve Jonsdatter Øfrejde den same som Synneve Jonsdatter Støfrejde, og kven er forfedrene hennar? Og er Synneve Jonsdatter syster til Jens Jonsen Støfrejde, Malene Jonsdatter Støfrejde og Ingebor Jonsdatter Støfrejde? Og kva med Anders Øfrejde? Er patronymet hans Christenson eller Christopherson? Kven er så forfedrene hans?
  4. Christopher Olson, som skal ha vore veteran frå den store nordiske krigen, var visstnok fødd på husmannsplassen Slottet under garden Tandla i Gaupne sokn i Luster kring 1682. Han gifte seg første gongen kring 1724 men Martha Narvesdotter frå plassen Stein under Fuhr i Luster, fødd kring 1705. Dei fekk bygsel på eit brukj på garden Bringe der Martha døydde alt kring 1729. So gifte Christopher seg straks att med Metta Tollefsdotter frå Haganes, fødd kring 1711. Men dette gjekk ikkje so bra! Alt kring 1734 vert det fortalt at Christopher «gjekk frå gard og grunn», samstundes som han skulda kona Metta for å ha vore utru mot han! Me høyrer ikkje meir om saki, men Christopher er nok avliden, for i 1750 gifte Metta seg att med Asbjørn Østensoj i Skår i Luster og flytte dit. Christiopher og Metta hadde to born i lag, og dei vart buande i lag med mori i Luster, men so hadde Christopher tre gutar frå første ekteskapet med Martyha Narvesdotter, og her er det me finn dei store utfordringane: * Trond Christopherson, fødd i Luster kring 1724, budde i 1734 hjå Johannes Kolstad i Luster, som visstnok var formyndaren hans, men det er òg det siste me ser til Trond i Luster. * Halvor Christopherson, fødd i Luster kring 1726, budde endå so seint som i 1741 hjå formyndaren sin, Erik Alme i Luster, men sidan høyrer me heller ikkje meir til han i Luster! * Peder Christopherson, fødd i Luster kring 1728, budde i 1735 hjå formyndaren sin, Johannes Berge i Luster, men det er det siste me høyrer om han i Luster. Ingen av gutane vart konfirmerte i Luster, so dei må vera flytte før dei kom i den alderen...! Men kvar?? Dei mest relevante alternativi er vel Bergen, ytre Sogn eller kanskje Gudbrandsdalen? Eller reiste dei nordover til Møre og Romnsdal eller Nordland? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.