Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'ytre sogn'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 4 results

  1. Dette er ei utfordring som eg har hatt liggjande i minst 35 år og som eg aldri har greidd å finna løysing på, heller ikkje med dei noverande moderne søkemetodane. Kan ein eller annan hjelpa meg med tips? Mons Olson, truleg ein innflyttar til Luster, fødd kring 1700, gifte seg her kring 1725 med Anna Jacobsdotter frå Loven i Luster, fødd kring 1703, og fekk same året bygsel på heimebruket til mkona si på Loven i Luster. Der vart dei buande fram til kring 1740 då dei flytte til ein plass under nabogarden Lingjerde kalla Kvitten, truleg same plassen som sidan fekk namnet Runningen. Anna døydde på Kvitten og vart gravlagd der 12.5.1743. Skiftet hennar vart halde 7.5.1743: https://media.digitalarkivet.no/view/24137/106 I skiftet les me at ho vart etterlevd av mannen Mons og fem born, sønene Ole og Nils og døtrene Johanna, Anna og Britha. Ei eldre dotter Siri er ikkje nemnd. Buet var fallitt! Mons gifte seg att, men døydde før 1762 då andre kona Bertha Tollefsdotter var legdelem på Flattun i Luster. Av borni etter Mons og Anna vart døtrene Siri, Johanna og Britha buande i Luster og døydde her. MEN dei tre hine forsvinn frå bygdi: ** Ole Monsson, døypt i Hafslo 30.5.1728 ** Nils Monsson, døypt i Luster 11.5.1735 ** Anna Monsdotter, døypt i Luster 19.1.1738 Kvar i all verdi kan dei ha vorte av? Særleg namnekombinasjonen Nils Monsson er ganske so uvanleg. Me finn eit par av dei på Leikanger i Sogn, men eller er det fleire i og kring BERGEN. Det same gjeld for Anna Monsdotter, men denne kombinasjonen finn me mellom anna òg i Gulen, medan Ole Monsson finst «overalt»...! Eg står heilt utan konkrete spor, men vonar på hjelp og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Knut Findson Forthun, son av Find Knutson og Kirsti Torbjørnsdotter, gardbrukarar på Fortun i Luster, vart døyptm i Luster 18.3.1742. Diverre manglar me konfirmantlister for Luster i åri kring 1759/1760, so han kan godt ha vorte konfirmert her, men me veit det ikkje. Derimot veit me at han levde då det i 1769 vart halde skifte etter faren Find Knutson. Han var då til stades, men i Luster ser me ikkje noko meir til denne karen etter den tid. https://media.digitalarkivet.no/view/24140/19?indexing= Kvar kan han ha vorte av? Bergen? ytre Sogn? Lom? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Christopher Olson, som skal ha vore veteran frå den store nordiske krigen, var visstnok fødd på husmannsplassen Slottet under garden Tandla i Gaupne sokn i Luster kring 1682. Han gifte seg første gongen kring 1724 men Martha Narvesdotter frå plassen Stein under Fuhr i Luster, fødd kring 1705. Dei fekk bygsel på eit brukj på garden Bringe der Martha døydde alt kring 1729. So gifte Christopher seg straks att med Metta Tollefsdotter frå Haganes, fødd kring 1711. Men dette gjekk ikkje so bra! Alt kring 1734 vert det fortalt at Christopher «gjekk frå gard og grunn», samstundes som han skulda kona Metta for å ha vore utru mot han! Me høyrer ikkje meir om saki, men Christopher er nok avliden, for i 1750 gifte Metta seg att med Asbjørn Østensoj i Skår i Luster og flytte dit. Christiopher og Metta hadde to born i lag, og dei vart buande i lag med mori i Luster, men so hadde Christopher tre gutar frå første ekteskapet med Martyha Narvesdotter, og her er det me finn dei store utfordringane: * Trond Christopherson, fødd i Luster kring 1724, budde i 1734 hjå Johannes Kolstad i Luster, som visstnok var formyndaren hans, men det er òg det siste me ser til Trond i Luster. * Halvor Christopherson, fødd i Luster kring 1726, budde endå so seint som i 1741 hjå formyndaren sin, Erik Alme i Luster, men sidan høyrer me heller ikkje meir til han i Luster! * Peder Christopherson, fødd i Luster kring 1728, budde i 1735 hjå formyndaren sin, Johannes Berge i Luster, men det er det siste me høyrer om han i Luster. Ingen av gutane vart konfirmerte i Luster, so dei må vera flytte før dei kom i den alderen...! Men kvar?? Dei mest relevante alternativi er vel Bergen, ytre Sogn eller kanskje Gudbrandsdalen? Eller reiste dei nordover til Møre og Romnsdal eller Nordland? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Jens Sjurson (1740-1800) var husmann på Tadlagjerdet under garden Heltne i Luster, den EINASTE bustaden i Luster der soli ALDRI når fram til stovehuset, sjølv ikkje midt på sommaren. Første kona hans døydde barnlaus i 1791, og han gifte seg i 1792 att med: Unni Larsdotter, fødd på Prestegard i Hafslo kring 1752. Dei fekk en son i lag: * Sjur Jensson, døypt i Luster 19.12.1794. FT1801 syner mor og son som plassfolk under Heltne (mori med feil farsnamn Sjursdotter - skal vera Larsdotter!): https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058398000108 Men Unni treivst nok ikkje i den evige skuggen, og i 1802 fekk ein ny husmann feste på plassen, medan Unni og Sjur flytte herifrå. Det har ikkje vore mogeleg å finna ut kvar mor og son flytte i 1802. Eg ser ikkje noko meir til dei korkje i Luster eller i Hafslo, so no ber eg Brukarforum om hjelp til å leita etter dei? Ein kompliserande faktor her er at det finst fleire personar lokalt med namnet Sjur Jensson, nemlig: * Sjur Jensson (1792-1878), i 1801 busett på Bergheim i Luster, vart buande levetidi ut på Bergheim og døydde der. * Sjur Jensson (1797-1862), i 1801 busett på Nes i Luster, vart buande levetidi ut på Nes og døydde der. Kanskje flytte mor og son til ytre Sogn? Eller fór dei til Bergen? Redigert: Eg har no etter ein ekstra «sjekk» oppdaga at i tillegg til dei to andre personane med dette namnet i Luster (Bergheim i 1809 og Nes i 1815), vart ogso ein Sjur Jensson Vigdal konfirmert i Luster i 1812, 16 år gamal, og det er nok mykje som tyder på at dette er «vår» Sjur: https://media.digitalarkivet.no/view/11590/65 Og truleg er det same karen som i 1865 var ugift legdekall på garden Rønnei i Luster: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038261005270 Men eg har ikkje registrert noko dødsfall korkje for Sjur eller mori i Luster - merkeleg! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.