Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'lom'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 15 results

  1. Hei Noen som vet hvor jeg kan finne mer opplysninger om denne damen. Ragnhild er vel født. ca. 1650, ble gift med Ola Olsen Hoft fra Bøverdalen, jeg har registrert 7 barn på dem født i perioden 1679-1697. Er også interessert i opphavet til Ola Olsen Hoft, hans foreldre har jeg notert som Ola Olsen Hoft og Torø Rolvsdatter og de har jeg 6 barn av.
  2. Dette er ei anna kjempeutfordring som eg sleit med på 1980-talet, men som grunna mangel på kjelder aldri vart løyst den gongen. Kanskje det går betre no? I samband med ei tingsak (åstadsak?) i Luster i 1770 kom denne Thomas Halvorson fram som vitne og fortalte at han budde i Lom, og der hadde han nok butt i lang tid! Før han reiste dit var han husmann i Stein under Skagen i Luster, og han hadde nok med seg minst to born då han fór over fjellet... Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Thomas Halvorson Stein, frå Kilen, var f. kring 1702 og gifte seg kring 1729 med Christi Torbjørnsdotter frå Fortun, f. kring 1704. Ho d. «i armod» i 1740 eller 1741. ##### (kan ho vera avlidi i Lom??) I 1770 vitna Thomas Halvorson at han hadde vore husmann under Skagen i tre år, i sa fall må det ha vore frå kring 1731 til 1734. Kvar dei so budde dei neste seks‑sju åri, kan me ikkje seia sikkert. Men kring 1742 må Thomas Halvorson vera flytt til Lom, ##### (budde framleis i Lom i 1770, lagnaden hans der? - attgift??) Me kjenner til to born frå ekteskapet hans med Christi: a. Martha Thomasdotter, døypt i Luster 10.8.1732, ##### (lagnaden hennar?) b. Christopher Thomasson, døypt i Luster 6.9.1739, ##### (lagnaden hans?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg finn denne vigsli i Lom frå 1755 og lurer på om det kan vera «vår» Thomas: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001183770 Og kanskje er dette gravferdi hans frå 1771, året etter at han hadde vore i Luster på vitjing: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000676567 Kanskje bygdebøkene for Lom har fleire opplysningar her? Eg kan forresten leggja til at Thomas hadde minst to søsken som òg forsvinn frå Luster: * Christen Halvorson, fødd kring 1690, budde i Jostedalen i 1711 før han forsvinn frå Sogn! * Johannes Halvorson, fødd kring 1704, budde hjå foreldri sine i Kilen i Luster i 1714 før han forsvinn frå Sogn! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Denne huslyden arbeidde eg første gongen med tidleg på 1980-talet, den gongen kyrkjebøkene for Lom berre var tilgjengelege på Statsarkivet på Hamar, og eg greidde aldri å komma «heilt i mål» med alle datoane... I mellomtidi er òg bygdebøkene for Lom komne, og kanskje har dei opplysningar som kan komma til nytte? Slik ser manuskriptet mitt ut pr. i dag: ~~~~~~~~~~~~~~ Ellef Henrikson {Skagen}, var f. {i Luster} 12.8.1825. Ellef Henrikson flytte i ung alder til Lom der han 11.11.1851 gifte seg med Marit Rolfsdotter frå Brenna i Skjåk. ##### (sjekka at ho voks opp der?) Ho var dotter av ##### (yrkestitel?) Rolf Rolfson frå Øylo og Marit Paulsdotter frå Hole og f. i Skjåk 7.6.1820. Ellef og Marit var ei tid gardbrukarar på Leirmoen søndre i Bøverdalen, men flytte sidan til Perstugu, Slålien nordre i Bøverdalen der Ellef d. som gardbrukar 2.10.1899. Marit d.som gardbrukarenkje same staden 2.12.1905. Dei fekk tre born i lag: ##### (sjekka at dei ikkje hadde fleire?) a. Barbro Ellefsdotter, f. i Lom 10.3.1852, ##### (lagnaden hennar?) b. Ole Ellefson, f. i Lom 13.9.1853, utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret?) ##### (budde i Chicago, IL der han d. før 1899 – kanskje d. 13.4.1891? – married laborer Ole Ellefson aged 37!) ##### (opplysningar elles? – kan dette vera han – utv. 1882 frå Lom 28 år gamal http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=emikra1&gardpostnr=56732&merk=56732#ovre) c. Martin Ellefson, f. i Lom 23.3.1859, d. #####(dødsstaden? – Perstugu?) 27.2.1937. Martin Slaalien gifte seg i Lom 27.5.1885 med Marit Olsdotter frå Kleivi, Sulheim, f. i Lom 31.3.1862. Ho d. ##### (dødsstaden? – Perstugu?) 7.3.1936. Martin og Marit tok over heimebruket hans i Perstugu, Slålien nordre og fekk sju born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips til utfylling av «blanke» felt! Særleg ser denne utvandringi frå 1882 litt spennande ut! Var Ole gift i Noreg? Budde han ei tid i Odalen?
  4. Dette var utan tvil ein huslyd som levde i tråd med tankane til Hans Nielsen Hauge. Johannes og Britha gifte seg i Luster, men flytte tidleg til Lom der dei var gardbrukarar på Heslatadkjørvet. Eg veit ikkje kva bygdebøkene for Lom skriv om dei, men eg har oppdaga fem born. Dei to eldste flytte til haugianske slektningar i Grytten, medan ein tok over garden i Lom, og dei to siste utvandra til Buffalo Co., WI. Mange detaljar er komne på plass, men eg er ganske so «blank» på dei to eldste og manglar òg ein del detaljar for dei andre og huslydane deira. Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Johannes Torbjørnson {Forthun}, døypt 11.11.1786, gifte seg 12.6.1815 med Britha Arnesdotter frå Hauge, døypt 27.7.1788. Johannes og Britha budde som innerstfolk på Fortun fram til kring 1820. Johannes Torbjørnson og kona Brit flytte kring 1820 til Lom der me finn dei att som gardbrukarar på Helstadkjørvet, og der vart dei buande levetidi ut. Johannes d. som kårmann på Helstadkjørvet 15.8.1853, medan Brit d. same staden 14.9.1854. Dei fekk fem born i lag: ##### (sjekka om dei kan ha fått fleire born i Lom??) a. Torbjørn Johannesson, f. i Luster 13.1.1817, flytte med foreldri til Lom og vidare i 1830‑åri til Grytten i Romsdalen der ##### (lagnaden hans?) b. Sophia Johannesdotter, f. i Luster 11.7.1819, flytte òg til Lom med foreldri og sidan vidare til Grytten i lag med bror sin, men kom snart etter til Trondheim der ho 27.7.1843 gifte seg med Ole Halvorson frå Osdalen i Rendal, i Trondheim kjend som Ole H. Aas. Han var son av gardbrukar Halvor Semmingson på Osdalen og kona Sigrid Olsdotter frå Otnes og f. i Rendal 17.6.1821. ##### (lagnaden deira?) ##### (talet på søner og døtrer? - inkl.: * Anna Bergitte, f. Vår Frue, Trondheim 25.5.1844 * Johan, f. Vår Frue, Trondheim 16.11.1845 ?* Annette Cecilie Bernhoff, f. Nesna 18.5.1849 c. Arne Johannesson, f. i Lom 2.4.1823, d. som kårenkjemann på Helstadkjørvet i Lom 24.10.1896. Han gifte seg i Lom 9.11.1848 med Marit Eriksdotter frå Lilleøygarden i Lom. Ho var f. i Lom 2.9.1816 og d. som kårkone på Helstadkjørvet 26.12.1886. ##### (yrke og bustad? – 1865: paktarar på Helstad søndre i Lom! – elles? – tok tydeleg over heimebruket på Helstadkjørvet!) og fekk sju born i lag. ##### (sjekka at eg har fått med meg alle? – inkl.: * Anna, f. Lom 19.11.1849 - n. 1865 * Brit, f. Lom 23.2.1853 - n. 1865 * Johannes, f. Lom 28.9.1855 * Marit, f. Lom 28.9.1855 - n. 1865 * Erik, f. Lom 17.12.1857 - n. 1865 * Johannes, f. Lom 4.2.1861 - n. 1865 * Arne, f. Lom 10.9.1862 - n. 1865) d. Thor Johannesson, f. i Lom 24.2.1826, gifte seg i Lom 30.7.1858 med Marit Olsdotter frå ##### (opphavet hennar?) Ho var f. i Lom ##### (fødselsdatoen hennar? – Skjåk?) 1830. Thor og Marit var ei tid plassfolk på Lilleblaker under Blaker i Lom, men utvandra til Amerika i 1866. Under namni Thor og Mary Johnson finn me parfolket att som farmarar i Nelson township, Buffalo Co., Wis. der Thor d. 3.9.1891. Mary Johnson d. ##### (date and place of her death?) ##### (number of sons and daughters born to Thor and Mary? – five or six? – incl.: * Hans. born Lom 12.8.1854, listed 1865 * Brit, born Lom 4.5.1859, listed 1865 * Anna, born Lom 6.12.1862, listed 1865 * Jane, born Wis. 1868, listed 1880 * Sophia, born Wis. 1870, listed 1880 * Ole, born Wis. 1871, listed 1880) e. Gunnhild Johannesdotter, f. i Lom 17.12.1829, gifte seg i Lom 7.4.1857 med Syver Hansson frå ##### (opphavet hans? - Teigen?) f. i Lom 15.7.1827. Syver og Gunnhild var først plassfolk på Teigen søndre under Kjestad i Lom, men utvandra òg til Amerika i 1866. Under namni Syver og Gunnilda Hanson finn me dei att som farmarar i Modena township, Buffalo Co., Wis. der Syver d. 19.6.1895. Gunnilda Hanson d. same staden ##### (place of her death to be verified?) 21.6.1919. ##### (number of sons and daughters? – incl. three born in Norway: * Hans, born Lom 12.1.1857, listed 1865, 1880 * Johannes, born Lom 21.6.1861, listed 1865 * Ole, born Lom 1864, listed 1865, 1880 * Ben, born Wis. 1867, listed 1880 * Tena, born Wis. 1870, listed 1880 * Arne, born Wis. 1872, listed 1880) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Knut Findson Forthun, son av Find Knutson og Kirsti Torbjørnsdotter, gardbrukarar på Fortun i Luster, vart døyptm i Luster 18.3.1742. Diverre manglar me konfirmantlister for Luster i åri kring 1759/1760, so han kan godt ha vorte konfirmert her, men me veit det ikkje. Derimot veit me at han levde då det i 1769 vart halde skifte etter faren Find Knutson. Han var då til stades, men i Luster ser me ikkje noko meir til denne karen etter den tid. https://media.digitalarkivet.no/view/24140/19?indexing= Kvar kan han ha vorte av? Bergen? ytre Sogn? Lom? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  6. FT1865 for garden Kveum søndre i Lom syner denne huslyden: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0514&kenr=003&bnr=0019&lnr=00 Ole Johannesen hf g Gaardbruger og Selveier 1818 Lom Pauline Olsdatter Hans Kone g 1817 Ringeboe Johannes Olsen Deres Søn ug Hjælper Faderen 1841 Lom Carl Petter Olsen Deres Søn ug 1852 Lom Anne Olsdatter Deres Datter ug 1843 Lom Ser me på utvandringslista frå Lom, finn me i 1869 denne huslyden: https://media.digitalarkivet.no/view/6072/278 Ole Joh. Kveom 51 Pauline hustru 52 Kari dotter 23 1/2 Mali dotter 20 1/2 Carl Peter son 17 Utvandra i 1866: https://media.digitalarkivet.no/view/6072/273 Johannes O. Kveum 25 Anna O. Kveum 23 FT1870 for Nelson township, Buffalo Co., WI syner denne huslyden: Johnson, John 29 farmer NOR Johnson, Ole 62 at home NOR Johnson, Pauline 53 keeping house NOR Johnson, Peter 18 at home NOR Johnson, Torson 27 at home NOR Johnson, Reinold (male) 22 at home NOR Johnson, Chifsel (female) 20 at home NOR Eg finn fem born døypte av desse foreldri i Lom: * Johannes, fødd 28.5.1841, døypt 27.6.1841: https://media.digitalarkivet.no/view/8915/33 * Anna, fødd 23.7.1843, døypt 13.8.1843: https://media.digitalarkivet.no/view/8915/51 * Kari, fødd 30.11.1845, døypt 1.2.1846: https://media.digitalarkivet.no/view/8915/77 * Mali, fødd 22.12.1848, døypt 14.1.1849: https://media.digitalarkivet.no/view/8915/114 * Carl Peter, fødd 2.3.1852, døypt 11.4.1852: https://media.digitalarkivet.no/view/8915/159 Ser me på FT1870, ser det ut til å vera eit par born til i denne huslyden som ikkje er døypte i Lom, eller kanskje dei ikkje høyrer til denne huslyden i det heile? Men kven var eigentleg foreldri? Her er vigsli deira i Lom 21.10.1941: https://media.digitalarkivet.no/view/8916/13 Ole Johannesson Gougstad, 23 p: Johannes Hansson Pouline Olsdotter Gougstad, 24 p: Ole Knutson Kvar var dei fødde og oppvaksne? Kan nokon med lokal kunnskap hjelpa meg: ** Identifisera borni frå FT1870 (dei tre siste nemnde over)? ** Frå kva gard/plass hadde Ole Johannesson opphavet sitt? ** Frå kva gard/plass hadde Pauline Olsdotter opphavet sitt? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  7. Kari Østensdotter vart døypt «uekte» i Luster 26.12.1734. Far hennar var Østen Andersson (1706-1755), sidan gardbrukar på Holmestad i Luster, medan mori Anna Pedersdotter (Sage) (1716-1782) sidan gifte seg med husmann Sølfest Ingebrigtson (1716-1763) og busette seg på plassen «ved Sjøen» under Eide i Luster. Faren Østen Andersson vart gift med ei enkje som var faster til Anna Pedersdotter, men dei fekk ikkje born i lag og tok tydeleg tiln seg dotteri hans, Kari Østensdotter, som vart konfirmert frå Holmestad i 1756. Men der sluttar alle spor! Kari flytte frå Luster, og sidan me veit at foreldri hadde slekt som om lag på same tid flytte til Lom, spekulerer eg på om Kari òg kan ha flytt dit? Eg ser at ei Kari Østensdotter «Elfseter» gifte seg i Lom 3.11.1760 med Ole Johnson Galde: https://digitalarkivet.no/view/327/pv00000001184099 og truleg er det den same jenta som med namnet «Galde» gifte seg som enkje i Lom 11.7.1776 med Johannes Olson Gauper: https://digitalarkivet.no/view/327/pv00000001185249 Eg ser at ei innerst med namn Kari Østensdotter på 59 år bur på Galde i Lom i 1801, men det står ikkje noko om at ho er gift eller enkje: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058251001544 Og truleg er det ho som døydde på Galde i 1823, 83 år gamal: https://digitalarkivet.no/view/267/pg00000001664529 Ser me på fødselseegisteri frå Lom, finn me at Østen Elveseter mellom anna hadde to døtrer: * Karen Østensdotter, døypt 2.12.1740: https://digitalarkivet.no/view/255/pd00000002154431 * Kari Østensdotter, døypt 28.7.1743: https://digitalarkivet.no/view/255/pd00000002155659 Eg reknar med at den første av desse to døydde kort etter fødsli...(?) Reint «empirisk» kan det sjå ut som om det var denne Kari Østensdotter fødd 1743 som sidan dukkar på Galde, MEN i so fall var ho berre 17 år då ho i 1760 gifte seg med Ole Johnson Galde, og det var for den tidi ganske so «ung alder» for ekteskap! Kan det ha vore TO personar med namnet Kari Østensdotter, og at det var Kari frå Luster som stod brur i Lom i 1760? Kva seier bygdeboki for Lom om dette? Elles skal me ikkje gløyma at det frå 1750-åri og utover var ei stor utflytting frå indre Sogn både til Bergen og til ytre Sogn/Sunnfjord, og eg ser ein barnedåp i Domkyrkja i Bergen som vekker interesse: * Anna Lovise, døypt 11.11.1759 av foreldri Johannes Larsson, bordarbeidsmann, og Karen Østensdotter: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011719dk&gardpostnr=6110&personpostnr=50144&merk=50144#ovre Fadrane seier meg ikkje noko som helst, lg dette er einaste barnet eg kan finna registrert for dette parfolket. Ikkje heller finn eg noki vigsle for Johannes og Kari/Karen noikon stad i landet! Førenamnet Anna Lovise KUNNE vera ei oppkalling av Anna Pedersdotter...!? Eg ser forresten ei vigsle i Askvoll 1.7.1765 for Ole Gjertson Roseth(?) og Kari Østensdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8596/92 Dette parfolket fekk i alle fall desse borni (kjelde FamilySearch): * Anna Olsdotter, døypt i Askvoll 15.10.1768 * Mathis Olson, døypt i Askvoll 7.7.1772 * Borni Olsdotter, døypt i Askvoll 20.5.1774 * Eli Olsdotter, døypt i Askvoll 3.10.1776 * Sara Olsdotter, døypt i Askvoll 20.8.1779 Her har me òg Anna-namnet, men «vår» Kari var fødd i 1734, so då vert ho kanskje litt i eldste laget for alle desse borni? Det hadde vore skikkeleg «artig» om me kunne greidd å spora opp Kari Østensdotter frå Holmestad, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  8. Kyrkjeboki for Jostedalen inneheld for 16.1.1785 denne teksten: «D. 16de blev jordet En gammel svag omfarende Stakkar som hiemmehørdte til Loms Præstegield men var fød i Lysters gield nafnlig Christopher Kystelsen 65 Aar» https://media.digitalarkivet.no/view/11519/40 Denne namnekombinasjon er svært uvanleg, men faktisk dukkar det opp ein slik person i Lom som brudgom 22.10.1776: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001185284 Denne Christopher Kjøstelson Galde er enkjemann, medan bruri Marit Jacobsdotter Galde er enkje. Eg har tross leiting ikkje greidd å finna noko meir av opplysningar om denne personen, so no spør eg Brukarforum: ** Er det mogeleg å finna ut lite vetta om livet til Christopher? ** Kven var første kona hans? ** Kven var Marit Jacobsdotter? ** Hadde han elles slekt i Lom? Eg reknar forresten med at Christopher må ha vore ein «uekte» son av gardbrukar Kjøstel Pederson på Berge i Luster (1696-1741), for han er ikkje i nemnd i skiftet etter Kjøstel i 1741. Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  9. Dette er ei utfordring som eg vart merksam på alt tidleg på 1980-talet, men med dårleg kjeldetilgong fekk eg aldri gjort noko meir med saki den gongen. No er kanskje tidi kommi til å sjå litt meir på denne utfordringi? Christen Johannesson og kona Rønnaug Stenersdotter gifte seg i Lom 10.11.1756: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001183882 Christen og Rønnaug får ei dotter Kirsti som vart døypt frå Eidsneset (plass under garden Eide) i Luster 16.2.1772: https://media.digitalarkivet.no/view/11589/82 So forsvinn dei att frå Luster! Kvar kan dei ha vorte av? Og kven var dei? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  10. Eg syner til denne barnedåpen i Eid sokn av Gryttens prestegjeld: Marit Olsdotter, fødd 26.6. og døypt 2.8.1845. Foreldri var Marit Pedersdotter Glømstad(?) frå Lom og målar Ole Samuelson Vigen frå Sunndal: https://media.digitalarkivet.no/view/16030/40 Barnefaren fekk ogso eit «uekte» barn i Søndre Land i 1851, men flytte sidan til Jostedalen og gifte seg der før han i 1866 utvandra til Amerika. Men kvar vart det av denne dotteri som han fekk i Eid, Grytten? Kan det vera denne kona som ved FT1900 budde på Frøiset i Veøy? https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037396001675 Her er i so fall mann hennar i FT1910, ein heimvend norsk-amerikanar og enkjemann: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036776001910 NB: Det var òg ei anna Marit Olsdotter som var fødd på Hamre i Eid sokn i Grytten 28.8.1845: https://media.digitalarkivet.no/view/16030/41 Kanskje det var ho som gifte seg til Frøiset? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  11. Torø Anita Ringebo-Roen

    Marit og Anne Pedersdotter fra Lom til Amerika

    tar opp igjen dette emnet. Hva skjedde med Marit og Anne i Amerika
  12. Årets siste påskenøtt frå mi side dreier seg om ein heller «merkeleg» huslyd frå Luster der me veit at born voks opp og forsvann, men me kan ikkje finna sikre spor etter dei! Eg attgjev frå eit revidert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ Johannes Torbjørnson Forthun, frå Fortun ( bnr. 3), var f. kring 1699 og d. e. 1770, truleg på Lovolden. Han gifte seg kring 1725 med Sophia Andersdotter frå Åsen i Jostedalen, f. i Jostedalen kring 1704. Men på eitt eller anna tidspunkt rauk dei visstnok uklare med kvarandre, og Sophia flytte heimatt til Jostedalen. Ho tente 1760 heime i Åsen og vart gravlagd som legdelem i Jostedalen 15.12.1789. Johannes og Sophia dreiv først heimebruket hans på Fortun, men Johannes selde garden i 1829 og flytte då som husmann eller kårmann til Lovolden der han framleis levde i 1770. Me kjenner til fem born etter Johannes og Sophia: 1. Britha Johannesdotter (1727‑ ), vart gift med husmann og enkjemann Torbjørn Pederson på Lovold under Fortun (1716-1768); dei fekk ta over heimeplassen hennar (sjå under). 2. Torbjørn Johannesson, f. kring 1730, ##### (Torbjørn lyste i 1749 odelsrett til Fortun (bnr. 3 og 4), men vart ikkje konfirmert i Luster og var tydeleg ikkje busett i Luster på den tidi – seinare lagnad?) 3. Anna Johannesdotter (1732‑1780), vart gift med husmann Anders Henrikson på Furehaugen under Bergset i Jostedalen (1739‑1800). 4. Sophia Johannesdotter (1735-1810), vart gift med husmann Lars Pederson på Kyrkjeteigen under Bollingberg (1737‑1791). 5. Anders Johannesson, døypt 5.10.1738, ##### (vart konfirmert i Luster 1756 og budde då i Vigdalen – på hans vegne lyste faren i 1753 odelsrett til Fortun (bnr. 3 og 4) – må vera flytt frå bygdi før 1762 – seinare lagnad?) Torbjørn Pederson Forthun, opphavleg frå Kvenolane under Berge i Fortun, var f. kring 1716 og vart gravlagd frå Fortun 15.9.1768. Han gifte seg første gongen 13.10.1743 med Britha Torbjørnsdotter frå Vinjane under Hauge, f. kring 1718. Ho vart gravlagd frå Stein 9.5.1756, og Torbjørn gifte seg 7.11.1756 att med Britha Johannesdotter, dotter av føregåande brukar og herifrå plassen, f. kring 1727. Torbjørn Pederson var i mange år husmann i Stein under Skagen, men i 1757 flytte han til Fortun (bnr. 3) som han kjøpte same året. Den garden dreiv han til 1762 då han selde til ein svoger og flytte hit til Lovolden. ##### (Britha budde i 1784 som enkje på Øyene i Luster, men ser ut til å vera flytt frå bygdi kort tid etter – kan henda i lag med ein av sønene? – seinare lagnad?) Torbjørn Pederson fekk i alt ti born, sju frå første ekteskapet og tre frå det andre. Dessutan hadde visstnok andre kona eit barn frå før: 1. Britha Torbjørnsdotter (1743-1744). 2. Britha Torbjørnsdotter, d.e. (1745‑1817), vart gift med husmann Asbjørn Larsson på Volden under Holmestad (1746‑e. 1801). 3. Elisabeth Torbjørnsdotter (1747‑1748). 4. Peder Torbjørnson, døypt 17.10.1749, ##### (ser ut til å vera flytt frå Luster i ung alder – lagnaden hans?) 5. Torbjørn Torbjørnson, døypt 19.9.1751, ##### (ser òg ut til å vera flytt frå Luster i ung alder – lagnaden hans?) 6. Elisabeth Torbjørnsdotter, døypt 23.12.1753, vart gravlagd frå Flikki 28.11.1807. Ho flytte på 1780-talet til Dalesokni og tente i mange år på Flikki. Ho var ugift, men fekk to born: a. Eitt barn, son eller dotter av Elisabeth og husmannen Gjert Sølfestson på Øygarden under Yttri (1758‑1829), var f. kring 1783, ##### (lagnad? – truleg d. kort etter fødsli!) b. Cecilia Pedersdotter (1790-1852), dotter av Elisabeth og husmann Peder Johannesson på Kvalsøyri under Kvale (1752‑1811), vart gift med husmann Johannes Pederson på Tuftene under Molland i Hafslo (1791‑1848). 7. Britha Torbjørnsdotter, d.y. (1756‑1814), d. som legdelem på Holmestad der ho budden i mange år, ugift. 8. Kirsti Nilsdotter (1749-1750), var dotter av Britha Johannesdotter og gardbrukar Nils Knutson på Bolstad (1716‑1761). 9. Johannes Torbjørnson, døypt 28.8.1757, ##### (vart konfirmert i Luster 1776 – levde med mor si på Øyene i Luster i 1784, men må vera flytt frå bygdi – seinare lagnad?) 10. Sophia Torbjørnsdotter (1760‑1806), vart gift med strandsitjar Johannes Olson i Årstu under Dale (1767‑1834). 11. Anders Torbjørnson, døypt 5.8.1764, ##### (vart konfirmert i Luster i 1781, men flytte sidan frå bygdi – lagnaden hans?) ~~~~~~~~~~~~~ Når det gjeld dei to sønene etter Johannes Torbjørnson som lyste odel i garden Fortun, so er det vel ikkje so lett å leita etter Anders, men Torbjørn Johannesson er ein namnekombinasjon som er heller uvanleg! Lom ville ha vore førstevalet mitt, men der finn eg ingen som høver. Neste valet ville vera Bergen der me veit det var ein del flytting nettopp frå Fortun midt på 1700-talet, og der finn eg faktisk ein som eg tykkjer ser svært so «spennande» ut: Torbjørn Johannessen og Anna Malene Marcusdotter - vigde i Nykyrkja i Bergen 26.4.1761: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000199840 Eg ser fire born etter dei: * Gurine Cecilie 1762: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006062740 * Marcus 1764: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005893449 * Agathe Christine 1766: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005896168 * Johanna 1767: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005897984 men diverre ingen fadrar som tyder på søsken av Torbjørn og heller ikkje oppkallingar som peiker mot mori Sophia...! So truleg er dette eit «skòt i blinde»... Men når det gjeld dei to «odelsgutane», er kan henda òg eit anna alternativ aktuelt som flyttemål: Faren Johannes Torbjørnson var bror av denne Britha «Birgitte» Torbjørnsdotter som budde i Fredrikshald: https://forum.arkivverket.no/topic/208803-britha-«birgitte»-torbjørnsdotter-fødd-i-luster-kring-1696-gift-i-fredrikstad-1730-med-skreddar-morten-olsen-budde-framleis-der-i-1740-men-kvar-vart-det-av-dei-huslyden-deira/?tab=comments#comment-1755845 Når det gjeld dei to brørne Johannes og Anders Torbjørnssøner, som forsvinn på 1780-talet, ser eg heller ikkje noko til dei, bortsett ifrå denne soldaten Anders Torbjørnson som vart gravlagd i Stavern 23.5.1789, 28 år gamal av 4. divisjon https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001920179 https://media.digitalarkivet.no/view/8255/35 Elles ser eg ein Torbjørn Torbjørnson i Bergen i 1801 som høver godt med «vår» Torbjørn Torbjørnson: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390008423 men kan henda er han identisk med denne frå Gloppen nemnd i undersøkjingskommisjonen 1804/1805: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=berg1804&gardpostnr=2672&merk=2672#ovre Ikkje so enkelt dette, men eg vonar at andre ser noko som eg har oversett, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  13. Eg har prøvd å finne igjen Anton Antonsson frå Lom i USA. Han var fødd på Graffershaugen i Lom 10. august 1864 som son til Anton Larson og Eli Arnesdotter. Her er dåpen: https://media.digitalarkivet.no/kb10040808201040 Han utvandra til USA i 1881 med Sleepy Eye, Minnesota som reisemål: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000952219. Eg har ikkje funne noko meir sikker informasjon om han etter dette. Familien i Wisconsin fortel at Anton fyrst budde i Wisconsin og vart gift der, angra seg og så flytta til Minnesota. Anton hadde ein bror, Ole Haugen, som budde i Maxville, Buffalo County, Wisconsin. På familysearch har eg funne ein Anton Anton(son) som blir gift i Buffalo County i 1890. Nokre av namna må vere forvanska, men foreldrenamna Anton og Ellen (Eli) kan stemme. Eg har ikkje funne lenke til originalkjelder og det er derfor vanskeleg å vite kva som faktisk står der. Northport of Norway er også litt uklart: Other information in the record of Anton Anton and Tora Lurson Alme from Wisconsin, County Marriages Name Anton Anton Event Type Marriage Event Date 08 Sep 1890 Event Place Maxville, Buffalo, Wisconsin, United States Gender Male Race White Birthplace Northport Of Norway Father's Name Anton Anton Mother's Name Ellen Anton Spouse's Name Tora Lurson Alme Spouse's Gender Female Spouse's Race White Spouse's Birthplace Northport of Norway Spouse's Father's Name Lewis Lurson Alme Spouse's Mother's Name Carrie Lurson Alme Citing this Record "Wisconsin, County Marriages, 1836-1911," database, FamilySearch (https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:XR2R-KPP : 3 June 2016), Anton Anton in entry for Anton Anton and Tora Lurson Alme, 08 Sep 1890; citing Maxville, Buffalo, Wisconsin, United States, Wisconsin Historical Society, Madison; FHL microfilm 1,275,781. No image available Wisconsin, County Marriages, 1836-1911 Er det nokon som veit om det finst onlineversjonar av Wisconsin County Marriages? Eg finn ikkje igjen vigsla til Anton i same kykjeboka som broren Ole er registrert gift i tre år før. Eg har heller ikkje funne igjen Tora eller foreldra andre kjelder eller folketeljingar. Nokon som kjenner opphavet eller lagnaden hennar. Kan ho ha opphav frå Alme i Luster? Slektningar i Wisconsin fortel at han arbeidde på eit hotell i Two Harbor og seinare på St James Hotel i Minneapolis. Både blant slektningar i Noreg og USA har det versert historier om at han vart drepen i eit slagsmål på ein bar. Eg har ikkje funne ut når han døydde, men Saint Paul Globe skriv 3. og 5. desember 1895 om ein Anton eller Andrew Antonson som døydde etter vådeskot. Eg veit ikkje om det er Anton frå Lom.
  14. So har eg fått ei ny kjempeutfordring å hanskas med i Amerika: Peder Christenson Aasen, yngste barn av gardbrukar Christen Christenson Aasen (1781-1870) og kona Lucris Iversdotter (1789-1869), var fødd i Hafslo 7.9.1834: https://media.digitalarkivet.no/view/11456/87 Han budde i 1865 hjå foreldri sine i Hafslo: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038260002664 Han utvandra til Amerika i 1867: https://media.digitalarkivet.no/view/6870/64 Peder hadde tre eldre søstrer, Kirsti (1824), Lucris (1825) og Cecilia (1829) som før hadde utvandra til Amerika og som alle budde i «kvar sin ende» av Dane Co., WI, ei av dei i Mt. Horeb, og nettopp i Mt. Horeb, Dane Co., WI finn eg ei «mistenkeleg» vigsle 14.2.1876: Peder Christofersen Aasen - 34 år - son av Christopher og LUCRICE Aasen Kari Johnsdotter - 42 år - dotter av John og Rønnaug Eilefson Forlovarar er Johannes Hillestad og ein Eilif Obele(?), og nettopp Johannes Hillestad var gift med Lucris Christensdotter!!! https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314951-00361?pid=3429275&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D3429275%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx4894%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx4894&_phstart=successSource&usePUBJs=true Til tross for avvik både i namn og alder, kan dette likevel vera «vår» Peder Christenson Aasen?? Når det gjeld Kari, finn eg ein god «kandidat» i denne jenta, sjølv om me ogso her ser eit visst avvik i alder...: Karen Johnsdotter, fødd i Lom 18.12.1831 som dotter av John Eilefson Nordjordet og Rønnaug Johnsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/9245/93 Kanskje ho som i 1865 var ugift på Kvernstuen i Lom hjå broren Eilef: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0514&kenr=002&bnr=0024&lnr=00 Eilif og Kari Kvernstuen utvandra frå Lom til Amerika i 1866: https://media.digitalarkivet.no/view/6072/272 MEN, eg finn ikkje nokon som liknar Peder og Kari i FT1880 for Dane Co., WI, so kvar vart det av dei?? Og, kan nokon stadfesta at eg har finne «rett» Peder og «rett» opphav til Kari Johnsdotter? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  15. Dette er ei oppfølging av to emner frå det gamle Brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/163391-78050-ole-jensson-1781-1875-frå-åsen-hafslo-til-runningen-lom-bygdebokoppslag/?tab=comments#comment-1395647 https://forum.arkivverket.no/topic/103639-17891-bjørnørroan-i-s-trøndelag-oppslag-i-bygdebok-ogeller-kyrkjebok/?tab=comments#comment-852938 Eg slit med den siste «finpussen» av manuskriptet mitt for denne huslyden med røter frå garden Åsen i Kinsedalen, Hafslo. Det gjeld Ole Jensson, òg kjend som «stortjuven frå Aasen». I åri kring 1805/1810 var Ole Jensson innblanda i ei rekke tjuveri i Hafslo, og han skal ha vorte straffa for dette. Me reknar med han sat inne ei tid på Bergenhus festning, og då faren Jens Olson døydde i 1813, står det om Ole at han var «busett» i Bergen! Nærare detaljar er ukjende... Men i 1815 finn me han Ole att i Lom, og sidan budde han òg periodevis i Bjørnør. Her følgjer eit oppdatert manuskript for huslyden hans: ~~~~~~~~~~~~~~~ Ole Jensson (Aasen), døypt i Hafslo 5.8.1781, Ole Jensson flytte i ung alder til ¤¤¤¤¤ (NB: var 1813 busett i Bergen! – truleg i fengsel!?) og fór derifrå til Lom der han 8.11.1815 gifte seg med enkja Rønnaug Olsdotter, opphavleg frå Slålien i Lom. Ho var dotter av gardbrukar Ole Johannesson i Slålien og kona Cathrina Hansdotter frå Flå i Lom og vart døypt i Lom 29.3.1778. Ho gifte seg første gongen i Lom 12.7.1798 med Ole Iverson frå Runningen i Lom. Han var son av gardbrukar Iver Pederson på Runningen, opphavleg frå Slålien, og kona Ragnhild Torgersdotter frå Suleim og vart døypt i Lom 13.12.1761. Ole Iverson og Rønnaug var gardbrukarar på Runningen i Lom der Ole d. 30.3.1814. Dette bruket tok Ole Jensson over då han i 1815 gifte seg med Rønnaug, og dei dreiv bruket fram til 1837. Som kårmann flytte Ole Jensson i 1839 til Bjørnør i Sør-Trøndelag i lag med dotteri Mari. Sidan kom han attende til Lom, for i 1848 flytte han nok ein gong til Bjørnør, då i lag med kona Rønnaug. ¤¤¤¤¤ (lagnad Bjørnør? - ho må vera avlidi før 1865 i Bjørnør eller i Lom?) Ole Jensson kom sist i 1850-åri på ny attende til Lom og busette seg då som husmann på Maurøygarden under Runningen der han d. som enkjemann 26.3.1875. Rønnaug fekk i alt ti born; av dei var desse fire frå andre ekteskapet med Ole Jensson: a. Mari Olsdotter, f. i Lom 20.12.1815, d. i Lom 20.12.1815. b. Ole Olson, f. i Lom 25.11.1816, d. på Maurøygarden i Lom 14.4.1868. Han gifte seg i Lom 20.3.1843 med Marit Sølfestsdotter frå Bakken nedre i Skjåk. Ho var f. i Skjåk 14.3.1817 og d. som enkje i Eklestugu i Lom 10.9.1885. Ole og Marit budde fleire stader i Lom, mellom anna i Bakken, i Runningshaugen og på Slettom, men flytte sidan som plassfolk attende til Maurøygarden under Runningen. Dei fekk seks born i lag. c. Mari Olsdotter, f. i Lom 4.12.1818, flytte med far sin til Bjørnør i 1839 og d. som kårenkje på Bessaker i Bjørnør 2.7.1886. Mari gifte seg i Bjørnør 27.7.1841 med Nils Ingebrigtson frå Bessaker i Bjørnør, f. i Bjørnør 9.4.1815. Han d. som kårmann på Bessaker 24.10.1880. Nils og Mari tok over som gardbrukarar etter foreldri hans på Bessaker i Roan, Bjørnør og fekk ein son i lag. d. Jens Olson, f. i Lom 14.1.1824, d. som husmann i Aukrustbakkane 3.10.1853. Han gifte seg i Lom 13.6.1849 med Rønnaug Gudbrandsdotter frå Aukrustbakkane under Aukrust. Ho var f. i Lom 23.8.1820 og d. som enkje og legdelem på Åmillom i Lom 28.3.1894. Jens og Rønnaug tok over som plassfolk i Aukrustbakkane under Aukrust etter mor hennar og fekk to born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~~ I tillegg til problematikken om livet hans Ole i Bergen er den store uløyste utfordringi kvar det vart av kona Rønnaug! Ho levde framleis i 1848, men var avlidi før 1865, rimelegvis i Bjørnør eller i Lom!?? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.