Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'jostedalen'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 11 results

  1. Det var mykje naud i øvre Gudbrandsdalen sist på 1700-talet, og mange huslydar trekte ned til indre Sogn, ikkje minst til Jostedalen, for der å kunna brødfø seg betre. Fleire av desse flytte attende til Gudbrandsdalen før 1820. Ein av desse huslydane er tema for dette emnet: Hans Hansson, barnefødd på Skamsar i Skjåk. men i fleire år husmann i Bråtå, heit øvst i Skjåk på grensa til Jostedalen, flytte kring 1794 med huslyden sin til Jostedalen. Eg arbeidde ein del med denne ætti for om lag 30 år sidan, men manglande tilgong til kjelder den gongen gjorde det vanskeleg å koma so langt som eg ønskte. Hans flytte attende til Skjåk, og dei fleste borni vart gifte og budde der, men ei svigerdotter forsvinn og likeins forsvinn fleire barneborn. Ymse tydar på at dei fór vidare til Romsdalen, men der har eg aldri greidd å finna dei att! Kanskje tidi no er komi for å gjera noko med dette? Eg satsar på ekspertisen i Brukarforum! Her følgjer eit oppdatert manuskript for heile denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~~ Hans Hansson Dalen, opphavleg frå Skamsar i Skjåk, var son av gardbrukar Hans Larsson på Skamsar, opphavleg frå ##### (kvar fødd/oppvaksen?) og kona Ragnhild Syversdotter frå ##### (kvar fødd/oppvaksi?) og vart døypt i Skjåk 10.10.1756. Han gifte seg i Skjåk 20.1.1783 med Martha Larsdotter frå ##### (opphavet hennar? – budett på Hole i Skjåk i 1783!) Ho var dotter av ##### (foreldri hennar?) ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – kring 1757!?) Hans og Marit budde først som plassfolk i Bråtå i Skjåk fram til kring 1794. Kring 1794 flytte so Hans Hansson og Martha hit til Jostedalen for å busetja seg som plassfolk på Runningen under Myklemyr. Me veit ikkje om det hadde butt nokon på plassen sidan Endre flytte herifrå i 1765, so kan henda laut Hans og Martha rydda opp att plassen då dei kom hit, men dei vart i alle fall buande her like til kring 1813. Kring 1813 flytte Hans og Marit attende til Skjåk, og dei busette seg då som plassfolk på Dalen under Sperstad i Skjåk der Marit d. som husmannskone 18.3.1821. Hans d. same staden som innerst og enkjemann 28.10.1822. Me kjenner til seks born etter Hans og Martha på Runningen: ##### (hadde dei fleire fødde i Skjåk?) 1. Ragnhild Hansdotter (1783-1841), vart gift med husmannssonen Lars Johannesson frå Rønneisøyri under Rønnei i Luster (1774-1850) (s.d.). 2. Lars Hansson, døypt i Skjåk 7.1.1787, vart konfirmert i Jostedalen i 1803. Lars Hansson flytte attende til Skjåk med foreldri kring 1813 og gifte seg der 3.4.1823 med Anna Thoresdotter frå Gløverstad i Skjåk. Ho var dotter av gardbrukar Thor Hansson på Gløverstad, opphavleg frå ##### (kvar fødd/oppvaksen?) og kona Brit Nilsdotter frå Kummen og vart døypt i Skjåk 28.7.1797. Lars og Anna busette seg som plassfolk på Øyom under Sperstad i Skjåk der Lars d. som legdelem 5.9.1829. Anna Thoresdotter flytte truleg som enkje kring 1839 til Aukra i Romsdalen, ##### (den seinare lagnaden hennar?) Lars og Anna fekk to born i lag: a. Marit Larsdotter, f. i Skjåk 7.8.1824, d. i barseng som husmannskone på Mallaugsøygard i Skjåk 10.7.1860. Ho gifte seg i Skjåk 10.5.1859 med Johannes Olson frå Mallaugsøygard i Skjåk. Han var f. i Skjåk 25.3.1834 og d. som gardbrukar på Øygarden i Skjåk 6.9.1921. Johannes gifte seg som enkjemann att i Skjåk 5.5.1872 med Anna Amundsdotter frå Skjåkeiget i Skjåk. Ho var f. i Skjåk 3.12.1839 og d. som kårenkje på Øygarden 20.2.1924. Johannes Olson var snikkar og postbod og busette seg som gardbrukar på Øygarden, Gløverstad i Skjåk. Han fekk i alt sju born; av desse var ei dotter frå første ekteskapet med Marit Larsdotter. b. Hans Larsson, f. i Skjåk 22.9.1827, flytte kring 1839 til Aukra i Romsdalen, truleg i lag med mor si, ##### (lagnaden hans?) 3. Hans Hansson, døypt i Skjåk 23.11.1788, vart konfirmert i Jostedalen i 1804. Hans Hansson flytte òg attende til Skjåk i vaksen alder og gifte seg der 1.3.1816 med Embjørg Larsdotter frå Skamsar i Skjåk. Ho var dotter av innerst Lars Olson på Skamsar, opphavleg frå ##### (kvar fødd/oppvaksen?) og kona Anna Pedersdotter frå ##### (kvar fødd/oppvaksi?) og vart døypt i Skjåk 26.12.1791. Hans og Embjørg slo seg ned som plassfolk på Øyom under Sperstad i Skjåk der Embjørg d. som husmannskone 15.5.1839. Hans Hansson d. same staden 27.11.1844. Dei fekk ni born i lag: a. Ole Hansson, f. i Skjåk 9.12.1815, d. som enkjemann i Brukvernstugun i Skjåk 26.9.1874. Ole gifte seg i Skjåk 15.11.1847 med Eldri Larsdotter frå Hjelter i Skjåk. Ho var f. i Skjåk 9.9.1819 og d. som innerstkone i Øyom 16.7.1858. Ole Hansson var møllar, og han og Eldri budde på Øyom under Sperstad i Skjåk. Dei fekk tre søner i lag. b. Marit Hansdotter, d.e., f. i Skjåk 2.2.1818, vart konfirmert i Skjåk i 1832, ##### (lagnaden hennar?) c. Marit Hansdotter, d.y., f. i Skjåk 23.4.1821, d. som kårenkje på Krossvegen i Skjåk 16.6.1898. Marit gifte seg i Skjåk 27.4.1847 med Ole Olson frå Dalen i Skjåk. Han var f. i Skjåk 19.2.1818 og d. som husmann på Krossvegen 24.6.1869. Ole og Marit var plassfolk på Krossvegen under Vigstad i Skjåk og fekk ei dotter i lag. d. Hans Hansson, f. i Skjåk 4.1.1824, d. i Dalen i Skjåk 7.3.1824. e. Anna Hansdotter, f. i Skjåk 10.4.1825, flytte i 1842 til Romsdalen, ##### (lagnaden hennar?) f. Ragnhild Hansdotter, f. i Skjåk 20.2.1828, d. på Brukvernstugun i Skjåk 15.9.1904. Ragnhild var spinnerske og budde i lag med søsteri Embjørg på Brukvernstugun under Vigstad i Skjåk, ugift. g. Embjørg Hansdotter, d.e., f. i Skjåk 26.1.1831, d. som husmannsenkje på Grimstadhaug i Skjåk 6.3.1922. Embjørg gifte seg i Skjåk 21.5.1862 med Hans Olson frå Henrikstugun i Skjåk. Han var f. i Skjåk 1.12.1825 og d. som legdelem på Brukvernstugun i Skjåk 3.3.1898. Embjørg og Hans tok først over heimeplassen hans på Henrikstugun under Ånstad nordre i Skjåk, men flytte sidan til Brukvernstugun under Vigstad i Skjåk. Som enkje utvandra Embjørg i 1900 til Amerika, men ho kom nok snart attende til Skjåk. Ho og Hans fekk fem born i lag. h. Hans Hansson, f. i Skjåk 15.2.1834, d. i Dalen i Skjåk 14.5.1839. i. Embjørg Hansdotter, d.y., f. i Skjåk 21.4.1839, d. i Dalen i Skjåk 21.6.1839. 4. Martha Hansdotter, døypt i Skjåk 19.8.1792, vart konfirmert i Jostedalen i 1807. Også Marit Hansdotter flytte attende til Skjåk med foreldri kring 1813 og gifte seg der 30.3.1821 med Lars Hansson frå Hove i Skjåk. Han var son av gardbrukar Hans Sølfestson på Hove, opphavleg frå ##### (kvar fødd/oppvaksen?) og kona Livø Larsdotter frå ##### (kvar fødd/oppvaksi?) og vart døypt i Skjåk 25.4.1779. Lars og Marit slo seg ned som plassfolk i Hovsbakken under Hove der Lars d. som husmann 9.8.1831. Marit Hansdotter d. som husmannsenkje same staden 19.4.1868. Ho fekk i alt fem born, fire med ektemannen og eitt før ho gifte seg: a. Marit Martinsdotter, dotter av Marit og ein Martin Torstenson frå Dalen i Skjåk, var f. i Skjåk 6.1.1816. Marit vart konfirmert i Skjåk i 1830, ##### (lagnaden hennar?) b. Hans Larsson, d.e., f. i Skjåk 9.12.1819, vart konfirmert i Skjåk i 1836, ##### (lagnaden hans?) c. Hans Larsson, d.y., f. i Skjåk 30.8.1823, vart konfirmert i Skjåk i 1838, ##### (lagnaden hans?) d. Torsten Larsson, f. i Skjåk 30.12.1827, gifte seg i Skjåk 17.5.1853 med Marit Hansdotter frå Hjeltartrædet under Hjeltar i Skjåk. Ho var f. i Skjåk 26.2.1826. Torsten og Marit var plassfolk på Hovsbakken under Hove i Skjåk, men utvandra i 1862 til Amerika. ##### (lagnadane deira?) e. Live Larsdotter, f. i Skjåk 21.3.1831, d. på Hovsbakken 3.5.1836. 5. Ole Hansson (1795-1797), f. og d. i Jostedalen. 6. Ole Hansson (1798-1799), f. og d. i Jostedalen. ~~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Dette er ein huslyd som eg arbeidde med for over 30 år sidan, men som eg aldri riktig vart «klok på». Eg greidde aldri å finna ut kvar det vart av borni, og etter at Ivar Moe i eit anna tema har gjort meg merksam på denne læraren frå Jostedalen som kring 1760 busette seg i Kristiansund, ønskjer eg å ta opp denne huslyden til drøfting. Kanskje er det nokon med lokalkunnskap i Kristiansund som kan hjelpa meg vidare? Manuskriptet mitt ser i dag slik ut: ~~~~~~~~~~~~~ Lars Olson {Grov}, f. {i Jostedalen} kring 1733, Lars Olson Growe vart utdanna lærar og fekk i 1760 tilsetjing som vektar og skulemeister på Nordlandet i Kristiansund. Han vart trulova i Kristiansund 13.1.1773 med Magnhild Johnsdotter Wigen frå Kristiansund. Ho var dotter av ##### (sjekka om foreldri stemmer? – yrke til far hennar?) John Arentson Wigen i Kristiansund, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Bertha Olsdotter frå ##### (opphabvet hennar?) og f. i Kristiansund ##### (fødsels- eller dåpsdato? – kring 1746?) Lars og Magnhild Growe vart buande i Kristiansund der Lars d. 28.10.1784. Magnhild Growe d. same staden 22.2.1788. Det levde att tre born etter dei: ##### (hadde dei kan henda fleire som døydde?) a. Ole Larsson Growe, f. i Kristiansund 7.7.1774, ##### (nemnd 1784 – lagnaden hans?) b. John Larsson Growe, f. i Kristiansund 19.9.1777, ##### (nemnd 1784 – lagnaden hans?) c. Anna Gjertine Larsdotter Growe, f. i Kristiansund 1.3.1782, ##### (nemnd 1784 – lagnaden hennar?) ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Erik Olson var fødd i Luster 10.8.1837 - foreldri hans var: ** Ole Erikson Prestegard (1796-1876) og første kona hans: ** Ingeborg Jensdotter Raaum (1810-1839): https://media.digitalarkivet.no/view/11592/48 Etter mori døydde so tidleg, kom Erik til oppfostring i Jostedalen, først hjå fasteri Øllegaard Eriksdotter (1801-1874) - gift til Grov i Jostedalen, og sidan til den barnlause farbroren Peder Erikson (1791-1871) - gardbrukar på Bjørk i Jostedalen. Her vart Erik konfirmert i 1852: https://media.digitalarkivet.no/view/8397/84 Og Erik utvandra derifrå i 1856: https://media.digitalarkivet.no/view/8397/160 Faren Ole Erikson Prestegard budde 1865 framleis under Prestegard i Luster: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1426&kenr=010&bnr=0049&lnr=000 Men i 1870 var han framkomen til Burke township, Dane Co., WI der han som Ole Prescott var busett hjå dotteri Ingeborg og svigersonen Henrik: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6WL9-X56 Henrik og Ingeborg utvandra med Fido i 1866, og same året skal òg Christian Olson (Sanvik) (1844-1915), ein son som Ole hadde utanfor ekteskap og som delvis skal ha vokse opp hjå far sin(!), ha utvandra, men eg finn ikkje korkje Christian Olson eller Ole Erikson sjølv i passasjerlistene for 1866! Det høyrer med til soga at Ingeborg døydde hausten 1870, og Ole flytte sidan inn hjå sonen Christian i Blue Mounds township, Pope Co., MN der han d. 4.4.1876. Her er FT1875 frå Pope Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-65XS-DYH Er det nokon som kan hjeklpa meg freista finna svar på følgjande utfordringar: ** Kvar vart det av Erik Olson (Bjørk) i Amerika? ** Kva år utvandra faren Ole Erikson og halvbroren Christian Olson til Amerika (passasjerlister)? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Frants Frantsson Dalen, fødd i Skjåk i 1848, gifte seg i Jostedalen i 1878 og utvandra med kona si til Amerika i 1880. Dei hadde vore gifte i over 60 år då dei båe døydde i 1939, men er det mogeleg å finna ut noko meir om opphavet og foreldri hans? Nokon med lokal kunnskap i Skjåk? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #16 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Då eg tidleg på 1990-talet arbeidde med bygdeboki for Jostedalen, sleit eg mellom anna med å finna lagnadane til tre brør fødde på garden Bjørk i Jostedalen, 2xPeder og Lars Mikkelssøner, søner av Mikkel Larsson og Britha Pedersdotter, gardfolk på Bjørk. Eg oppdaga den gongen at det på Gjervik i Askvoll budde ein Peder Mikkelson som høver godt i alder og som i to ekteskap der ute let etter seg minst tre born. Han var fødd kring 1670 og døydde kring 1740. Er det nokon med ekspertise på Askvoll som kan bidra med fleire opplysningar om Peder Mikkelson på Gjervik og om han kan vera frå Jostedalen? Kanskje finst det òg spor etter brørne hans der ute? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  6. Ivar Moe er i eit anna emne i dag komen med følgjande etterlysing frå 1803: Eg var kjend med at Sjur Paulson flytte til København, men hadde ingen opplysningar om lagnaden hans der nede. Eg har no finne i alle fall ei vigsli for han i 1780, og kanskje er to jenter fødde noko senare òg døtrene hans med ei kone nr. 2? Kanskje sit det ein og annan ekspert på Danmark i Brukarforum som kan hjelpa meg finna fleire detaljar om denne huslyden? Her følger eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ Sjur Paulson {Lien}, døypt {i Jostedalen} 22.11.1744 (foreldri heitte Paul og Anna), Sivert Paulsen Lien flytte i ung alder som soldat til København i Danmark og gifte seg i Garnisonskyrkja i København 5.1.1780 med Birthe Andersdotter Sommer frå ##### (opphavet hennar?) ##### (foreldri hennar?) ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar?) ##### (lagnaden deira? - 1803 vert det sagt at Sivert var gift og fekk i alle fall ein son, men dei hadde ikkje høyrt noko frå han på 20 år!) ##### (følgjande born nemnde i Garnisonskyrkja med foreldri Sivert Paulsen og Anna Marie Mortensdotter Stub: * Charlotte, døypt Garnison 4.4.1786 * Ane Laurette, døypt Garnison 5.7.1789) ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! Eg har nettopp lagt ut dette emnet ogso hjå Dis-Danmark: https://www.slaegtogdata.dk/forum/index.php/topic,143698.0.html
  7. Dette er ein huslyd litt utanom det «vanlege». Det gjeld prestesonen Bastian Nilsson Stabel frå Holla som i 1753 kom som skulehaldar til Jostedalen etter at han før hadde vore klokkar til Fyresdal, men avsett frå den stillingi. Eg jobba ganske so intensivt med denne biografien for om lag 25 år sidan, men kom aldri skikkeleg «til bonns». Til dømers greidde eg ikkje med den gongens tilgjengelege kjelder å finna ut kven kona hans var, eller kvar det vart av Bastian og sambuaren hans etter 1758. Dotteri Kirsti er òg «borte vekk». Kanskje ligg tilhøvi i dag betre til rette for å komma litt vidare med denne biografien? Kanskje nokon sit med heite tips? Slik ser manuskriptet mitt ut pr. i dag: ~~~~~~~~~~~~~~ Bastian Nilsson Stabel, opphavleg frå Holla i Telemark, var son av sokneprest Nils Bastianson Stabel til Holla, opphavleg frå ##### (kvar fødd og oppvaksen?) og kona Kirsti Nilsdotter Tauson frå ##### (kvar fødd og oppvaksi?) og visstnok f. i Fredrikshald (Halden) kring 1708. ##### (sjekka denne fødsli?) Bastian Stabel vart i 1729 student frå skulen i Skien og studerte sidan teologi, men braut av desse studiane. Han gifte seg ##### (dato og stad for vigsli hans? – kring 1739?) med ##### (fullt namn på kon hans? – fødsli hennar? – dødsfallet hennar?) Bastian var ei tid assisterande klokkar i Seljord og deretter klokkar og lærar i Fyresdal til han vart avsett i 1744. ##### (bustaden hans mellom 1744 og 1753?) Men i 1753 kom Bastian Stabel som skulehaldar til Jostedalen. Kona hans levde framleis i Fyresdal, men Bastian slo seg på same tidi i lag med Britha Olsdotter, visstnok frå Bruheim. Ho var f. kring 1728. Britha Olsdotter flytte i ung alder frå Jostedalen og tente visstnok fleire stader, mellom anna i Fjærland og på Ål i Hallingdal. Det kjem sidan fram at ho der var trulova med gardbrukar Svend Lasseson frå Skarsgard på Ål. Han var son av gardbrukar Lasse Brynjulfson og kona Kari Svendsdotter på Skarsgard og f. på Ål kring 1731. Det vart aldri noko av dette ekteskapet, men Svend vart sidan gift to gongar i Ål og flytte med andre kona si til ein plass, visstnok på Vossabakken, under Gjernes på Voss og derifrå vart han gravlagd 12.10.1809. Bastian og Britha busette seg i 1753 på Hesjevollen, men det vart snart misnøye i dalen med levesettet deira. I tillegg til å leva i lag med påfølgjande tiltale for leigarmål vart dei òg tiltalt for å ha drive handel med brennevin, og i 1757 laut dei flytta frå Hesjevollen. Britha Olsdotter vart i 1758 dømt til åtte år i manufakturhuset i Bergen, ##### (seinare lagnad?) Bastian vart same året omtalt som omstreifar, ##### (seinare lagnad? – attende til Fyresdal?) Bastian og Britha fekk ei dotter i lag, men me kjenner òg til to born etter Britha og Svend Lasseson: 1. Barbro Svendsdotter, tvilling, døypt på Ål 25.4.1751, vart gravlagd på Ål 12.6.1751. 2. Guri Svendsdotter, likeins tvilling og døypt på Ål 25.4.1751, vart gravlagd på Ål 16.6.1751. 3. Kirsti Bastiansdotter Stabel, f. på Hesjevollen kring 1756, Kirsti Bastiansdotter Stabel flytte frå Jostedalen med foreldri i 1758, ##### (seinare lagnad?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  8. Rasmus Ellendson frå garden Alsmo i Luster, var fødd i Jostedalen kring 1671, men flytte på 1690-talet til Valdres og er nemnd som soldat i eit soldatmanntal frå 1697 under gardane Bossum og Rognås i Aurdal. Han gifte seg i Aurdal 13.9.1705 med ei Martha Eriksdotter: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000707005 Er det nokon med lokal kunnskap i Aurdal i Valdres som kan hjelpa meg identifisera Martha og eventuelle born etter dette parfolket. Kvar vart det av dei? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  9. Denne huslyden med opphav i Skjåk jobba eg ein god del med for om lag 25 år sidan, men eg vart ståande fast på mange stadar. Eg har no fått ein del nye opplysningar og har leitt meg fram til nokre andre, men no kjem eg ikkje lenger, og eg vonar på lite vetta hjelp i Brukarforum. Særleg er det eit «mysterium» kvar det vart av dei to eldste sønene, Lars og Johannes, som båe rekte å verta konfirmerte i Skjåk i 1849 før mori fór til Nordland. Manuskriptet mitt ser i dag slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange interessante innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #15 under Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  10. Kyrkjeboki for Jostedalen inneheld for 16.1.1785 denne teksten: «D. 16de blev jordet En gammel svag omfarende Stakkar som hiemmehørdte til Loms Præstegield men var fød i Lysters gield nafnlig Christopher Kystelsen 65 Aar» https://media.digitalarkivet.no/view/11519/40 Denne namnekombinasjon er svært uvanleg, men faktisk dukkar det opp ein slik person i Lom som brudgom 22.10.1776: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001185284 Denne Christopher Kjøstelson Galde er enkjemann, medan bruri Marit Jacobsdotter Galde er enkje. Eg har tross leiting ikkje greidd å finna noko meir av opplysningar om denne personen, so no spør eg Brukarforum: ** Er det mogeleg å finna ut lite vetta om livet til Christopher? ** Kven var første kona hans? ** Kven var Marit Jacobsdotter? ** Hadde han elles slekt i Lom? Eg reknar forresten med at Christopher må ha vore ein «uekte» son av gardbrukar Kjøstel Pederson på Berge i Luster (1696-1741), for han er ikkje i nemnd i skiftet etter Kjøstel i 1741. Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  11. Samuel Olson var fødd i Søndre Land 10.6.1851 som «uekte» son av målar Ole Samuelson og Anna Marie Hansdotter Fuglerudeiget: https://media.digitalarkivet.no/view/8975/23 Faren Ole Samuelson, opphavleg frå Viken i Sunndal på Nordmøre, flytte kring 1857 til Jostedalen der han gifte seg med Kari Endresdotter Elvekrog, og i 1866 utvandra dei til Amerika. Med «på lasset» til Jostedalen i 1857 var sonen Samuel; jmf. FT1865: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1427&kenr=002&bnr=0002&lnr=000 Han følgde òg med dei til Amerika i 1866 og skreiv seg etter kvart for Samuel OLSON. Eg har finne at Samuel kring 1876 gifte seg med ei Bergit Buxtegard, som var fødd kring 1853(?) - dotter av ein Ole Knutson og kona Margretha som i 1870 budde i Wilmington township, Houston Co., MN. Desse skreiv sidan for Buxtegard: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6LDQ-2N9 Og i fødselsregisteret til NAGC i Madison, WI finn eg fødsli hennar i Winnebago Co., IL 3.10.1853: Birth Date 1853-10-03 Age Sex Child's Name Bergith Father's Name Oley Knudsen Mother's Name Magritta Svendsdatter Source Rock Run County Winnebago State Illinois Eg har finne Samuel og Bergit i ulike folketeljingar: FT1880 Fossum township, Polk (Norman) Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YBH-RJN FT1885 Flom, Norman Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-XCQV-NR FT1900 Twin Valley, Norman Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-67M9-BNL FT1905 Twin Valley, Norman Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:9Q97-YSY4-L6P FT1910 Twin Valley, Norman Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RKH-782 FT1920 Halliday, Dunn Co., ND: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRJM-WH3 Etter 1920 ser eg ikkje noko meir til korkje Samuel eller Bergit! Kvar i all verdi vart det av dei? Ifølgje FT1910 hadde Bergit i alt elleve born, men berre seks av desse levde, og heller ikkje desse borni er det so lett å følgja... Av borni deira finn eg: * Louise Mathilde, f. 5.10.1878 og døypt i Lake Park Lutheranb church, Becker Co., MN : https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314422-00219?pid=4074543&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx11070%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26qh%3DmwSbo3kv/1dp45yq0EpmIQ%3D%3D%26db%3DELCAbmd%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26gsfn%3DLouise%26gsfn_x%3DNP_NN%26gsln%3DOlson%26gsln_x%3DNP_NN%26msbdy%3D1879%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D2%26msbpn__ftp%3Dminnesota,%20usa%26msbpn%3D26%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26msfng%3DSamuel%26msfns%3DOlson%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D34%26fh%3D1%26h%3D4074543%26recoff%3D%26ml_rpos%3D2&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx11070&_phstart=successSource&usePUBJs=true Elles budde dei lenge i Twin Valley, MN, og desse borni vart døypte i Wild Rice Lutheran church: * Helmer Hosaias Olson, f. 9.1.1886 * Augusta Severine Olson, f. 31.8.1888 - ho gifte seg med George F. Davis og døydde i Dunn Co., ND 17.2.1921 * Almer Olai Olson, f. 26.4.1891 * Edmund Garfield Olson, f. 27.2.1894 - einaste barnet nemnt 1920 Utfordringane mine er i første rekke desse: ** Dato og stad for vigsli til Samuel Olson og Bergit Knutson/Buxtegard? ** Dato og stad for dødsfallet til Samuel Olson? ** Dato og stad for dødsfallet til Bergit «Bessie» Olson? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.