Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'romsdalen'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • Ask the National Archives of Norway
    • Questions about archival material and use of the archives
    • Questions about the use of the Digital Archives
    • Inquiries and messages about technical errors and metadata errors in the Digital Archives
  • Ask users of the Digital Archives
    • Users' own forum
    • Assistance with transcribing handwriting
  • Collaboration between the National Archives and users of the Digital Archives
    • Questions about volunteer efforts and source registration
    • Questions about proofreading of AMF material
  • Archived forums
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Miscellaneous

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 2 results

  1. Det var mykje naud i øvre Gudbrandsdalen sist på 1700-talet, og mange huslydar trekte ned til indre Sogn, ikkje minst til Jostedalen, for der å kunna brødfø seg betre. Fleire av desse flytte attende til Gudbrandsdalen før 1820. Ein av desse huslydane er tema for dette emnet: Hans Hansson, barnefødd på Skamsar i Skjåk. men i fleire år husmann i Bråtå, heit øvst i Skjåk på grensa til Jostedalen, flytte kring 1794 med huslyden sin til Jostedalen. Eg arbeidde ein del med denne ætti for om lag 30 år sidan, men manglande tilgong til kjelder den gongen gjorde det vanskeleg å koma so langt som eg ønskte. Hans flytte attende til Skjåk, og dei fleste borni vart gifte og budde der, men ei svigerdotter forsvinn og likeins forsvinn fleire barneborn. Ymse tydar på at dei fór vidare til Romsdalen, men der har eg aldri greidd å finna dei att! Kanskje tidi no er komi for å gjera noko med dette? Eg satsar på ekspertisen i Brukarforum! Her følgjer eit oppdatert manuskript for heile denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~~ Hans Hansson Dalen, opphavleg frå Skamsar i Skjåk, var son av gardbrukar Hans Larsson på Skamsar, opphavleg frå ##### (kvar fødd/oppvaksen?) og kona Ragnhild Syversdotter frå ##### (kvar fødd/oppvaksi?) og vart døypt i Skjåk 10.10.1756. Han gifte seg i Skjåk 20.1.1783 med Martha Larsdotter frå ##### (opphavet hennar? – budett på Hole i Skjåk i 1783!) Ho var dotter av ##### (foreldri hennar?) ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – kring 1757!?) Hans og Marit budde først som plassfolk i Bråtå i Skjåk fram til kring 1794. Kring 1794 flytte so Hans Hansson og Martha hit til Jostedalen for å busetja seg som plassfolk på Runningen under Myklemyr. Me veit ikkje om det hadde butt nokon på plassen sidan Endre flytte herifrå i 1765, so kan henda laut Hans og Martha rydda opp att plassen då dei kom hit, men dei vart i alle fall buande her like til kring 1813. Kring 1813 flytte Hans og Marit attende til Skjåk, og dei busette seg då som plassfolk på Dalen under Sperstad i Skjåk der Marit d. som husmannskone 18.3.1821. Hans d. same staden som innerst og enkjemann 28.10.1822. Me kjenner til seks born etter Hans og Martha på Runningen: ##### (hadde dei fleire fødde i Skjåk?) 1. Ragnhild Hansdotter (1783-1841), vart gift med husmannssonen Lars Johannesson frå Rønneisøyri under Rønnei i Luster (1774-1850) (s.d.). 2. Lars Hansson, døypt i Skjåk 7.1.1787, vart konfirmert i Jostedalen i 1803. Lars Hansson flytte attende til Skjåk med foreldri kring 1813 og gifte seg der 3.4.1823 med Anna Thoresdotter frå Gløverstad i Skjåk. Ho var dotter av gardbrukar Thor Hansson på Gløverstad, opphavleg frå ##### (kvar fødd/oppvaksen?) og kona Brit Nilsdotter frå Kummen og vart døypt i Skjåk 28.7.1797. Lars og Anna busette seg som plassfolk på Øyom under Sperstad i Skjåk der Lars d. som legdelem 5.9.1829. Anna Thoresdotter flytte truleg som enkje kring 1839 til Aukra i Romsdalen, ##### (den seinare lagnaden hennar?) Lars og Anna fekk to born i lag: a. Marit Larsdotter, f. i Skjåk 7.8.1824, d. i barseng som husmannskone på Mallaugsøygard i Skjåk 10.7.1860. Ho gifte seg i Skjåk 10.5.1859 med Johannes Olson frå Mallaugsøygard i Skjåk. Han var f. i Skjåk 25.3.1834 og d. som gardbrukar på Øygarden i Skjåk 6.9.1921. Johannes gifte seg som enkjemann att i Skjåk 5.5.1872 med Anna Amundsdotter frå Skjåkeiget i Skjåk. Ho var f. i Skjåk 3.12.1839 og d. som kårenkje på Øygarden 20.2.1924. Johannes Olson var snikkar og postbod og busette seg som gardbrukar på Øygarden, Gløverstad i Skjåk. Han fekk i alt sju born; av desse var ei dotter frå første ekteskapet med Marit Larsdotter. b. Hans Larsson, f. i Skjåk 22.9.1827, flytte kring 1839 til Aukra i Romsdalen, truleg i lag med mor si, ##### (lagnaden hans?) 3. Hans Hansson, døypt i Skjåk 23.11.1788, vart konfirmert i Jostedalen i 1804. Hans Hansson flytte òg attende til Skjåk i vaksen alder og gifte seg der 1.3.1816 med Embjørg Larsdotter frå Skamsar i Skjåk. Ho var dotter av innerst Lars Olson på Skamsar, opphavleg frå ##### (kvar fødd/oppvaksen?) og kona Anna Pedersdotter frå ##### (kvar fødd/oppvaksi?) og vart døypt i Skjåk 26.12.1791. Hans og Embjørg slo seg ned som plassfolk på Øyom under Sperstad i Skjåk der Embjørg d. som husmannskone 15.5.1839. Hans Hansson d. same staden 27.11.1844. Dei fekk ni born i lag: a. Ole Hansson, f. i Skjåk 9.12.1815, d. som enkjemann i Brukvernstugun i Skjåk 26.9.1874. Ole gifte seg i Skjåk 15.11.1847 med Eldri Larsdotter frå Hjelter i Skjåk. Ho var f. i Skjåk 9.9.1819 og d. som innerstkone i Øyom 16.7.1858. Ole Hansson var møllar, og han og Eldri budde på Øyom under Sperstad i Skjåk. Dei fekk tre søner i lag. b. Marit Hansdotter, d.e., f. i Skjåk 2.2.1818, vart konfirmert i Skjåk i 1832, ##### (lagnaden hennar?) c. Marit Hansdotter, d.y., f. i Skjåk 23.4.1821, d. som kårenkje på Krossvegen i Skjåk 16.6.1898. Marit gifte seg i Skjåk 27.4.1847 med Ole Olson frå Dalen i Skjåk. Han var f. i Skjåk 19.2.1818 og d. som husmann på Krossvegen 24.6.1869. Ole og Marit var plassfolk på Krossvegen under Vigstad i Skjåk og fekk ei dotter i lag. d. Hans Hansson, f. i Skjåk 4.1.1824, d. i Dalen i Skjåk 7.3.1824. e. Anna Hansdotter, f. i Skjåk 10.4.1825, flytte i 1842 til Romsdalen, ##### (lagnaden hennar?) f. Ragnhild Hansdotter, f. i Skjåk 20.2.1828, d. på Brukvernstugun i Skjåk 15.9.1904. Ragnhild var spinnerske og budde i lag med søsteri Embjørg på Brukvernstugun under Vigstad i Skjåk, ugift. g. Embjørg Hansdotter, d.e., f. i Skjåk 26.1.1831, d. som husmannsenkje på Grimstadhaug i Skjåk 6.3.1922. Embjørg gifte seg i Skjåk 21.5.1862 med Hans Olson frå Henrikstugun i Skjåk. Han var f. i Skjåk 1.12.1825 og d. som legdelem på Brukvernstugun i Skjåk 3.3.1898. Embjørg og Hans tok først over heimeplassen hans på Henrikstugun under Ånstad nordre i Skjåk, men flytte sidan til Brukvernstugun under Vigstad i Skjåk. Som enkje utvandra Embjørg i 1900 til Amerika, men ho kom nok snart attende til Skjåk. Ho og Hans fekk fem born i lag. h. Hans Hansson, f. i Skjåk 15.2.1834, d. i Dalen i Skjåk 14.5.1839. i. Embjørg Hansdotter, d.y., f. i Skjåk 21.4.1839, d. i Dalen i Skjåk 21.6.1839. 4. Martha Hansdotter, døypt i Skjåk 19.8.1792, vart konfirmert i Jostedalen i 1807. Også Marit Hansdotter flytte attende til Skjåk med foreldri kring 1813 og gifte seg der 30.3.1821 med Lars Hansson frå Hove i Skjåk. Han var son av gardbrukar Hans Sølfestson på Hove, opphavleg frå ##### (kvar fødd/oppvaksen?) og kona Livø Larsdotter frå ##### (kvar fødd/oppvaksi?) og vart døypt i Skjåk 25.4.1779. Lars og Marit slo seg ned som plassfolk i Hovsbakken under Hove der Lars d. som husmann 9.8.1831. Marit Hansdotter d. som husmannsenkje same staden 19.4.1868. Ho fekk i alt fem born, fire med ektemannen og eitt før ho gifte seg: a. Marit Martinsdotter, dotter av Marit og ein Martin Torstenson frå Dalen i Skjåk, var f. i Skjåk 6.1.1816. Marit vart konfirmert i Skjåk i 1830, ##### (lagnaden hennar?) b. Hans Larsson, d.e., f. i Skjåk 9.12.1819, vart konfirmert i Skjåk i 1836, ##### (lagnaden hans?) c. Hans Larsson, d.y., f. i Skjåk 30.8.1823, vart konfirmert i Skjåk i 1838, ##### (lagnaden hans?) d. Torsten Larsson, f. i Skjåk 30.12.1827, gifte seg i Skjåk 17.5.1853 med Marit Hansdotter frå Hjeltartrædet under Hjeltar i Skjåk. Ho var f. i Skjåk 26.2.1826. Torsten og Marit var plassfolk på Hovsbakken under Hove i Skjåk, men utvandra i 1862 til Amerika. ##### (lagnadane deira?) e. Live Larsdotter, f. i Skjåk 21.3.1831, d. på Hovsbakken 3.5.1836. 5. Ole Hansson (1795-1797), f. og d. i Jostedalen. 6. Ole Hansson (1798-1799), f. og d. i Jostedalen. ~~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Dette emnet er ei oppfølgjing av tema #28492 frå det gamle brukarforum https://forum.arkivverket.no/topic/114103-28492-augund-einerson-høgi-f-hafslo-1785-haugianar-til-romsdalen-lagnaden-hans/?tab=comments#comment-931436 som den gongen i 2005 aldri fekk noki løysing. Kanskje det er betre i dag? Under svenskekrigen tidleg på 1800-talet flytte mange haugianarar frå indre Sogn til Romsdalen for å kjøpa seg gardar der oppe, og i 1809 finn me dette reisefølgjet frå garden Høgi i Hafslo: Peder Einerson (1780-1844) med kona Cecilia Torstensdotter (1780-1842) og to søner Randi Asbjørnsdotter, stemor hans og mor hennar, døypt i Vang i Valdres 14.5.1747 Augund Einerson, døypt i Hafslo 5.12.1785 Truleg reiste dei alle til garden Meeg i Bolsøy (noverande Averøy) i Romsdalen der Peder kjøpte seg ein gard, men alt i 1813, uvisst av kva grunn, selde han denne garden att og flytte med kona og borni attende til Høgi i Hafslo. MEN stemori/mori Randi Asbjørnsdotter og broren Augund Einerson ser ut til å ha vorte att i Romsdalen, utan at me til no har greidd å finna lagnadane deira! Kvar kan dei ha vorte av? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.