Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'steen'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 2 results

  1. Dette er ein huslyd som eg arbeidde med for om lag femten år sidan, men som eg berre delvis greidde å komplettera den gongen. Kanskje tidi no er kommi til å føya til detaljar, særleg om dei to sønene Oluf Johan og Bernt August - den siste av desse busett ein eller annan stad i England!? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~ Ingebrigt Olai Olson Steen, opphavleg frå Bergen, var son av dagarbeidar Ole Ingebrigtsen i Bergen, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Oline Bertine Berentsen frå ##### (opphavbet hennar?) og f. i Bergen 14.7.1845. Han gifte seg i Bergen 15.9.1867 med Caroline Jensine, kjend som Jensine Jensdotter, opphavleg òg frå Bergen, men sjå Moen under Hillestad. Ho var f. i Bergen 28.8.1835, Ingebrigt var snikkarsvein, og han og Jensine budde først i Bergen og sidan i Solheimsviken ved Bergen fram til 1874. Men i 1874 flytte Ingebrigt og Jensine til Hafslo, og dei busette seg same året i Dalane som innerstfolk. Ingebrigt var snikkar, men parfolket vart ikkje buande i Dalane lenger enn til kring 1877. Kring 1877 flytte Ingebrigt og Jensine Steen attende til Bergen der dei då busette seg på Nygård, sidan i Nygårdsgaten. Ingebrigt heldt fram som modellsnikkar og d. i Bergen 31.12.1899. Jensine Steen d. same staden 22.2.1909. Dei fekk seks born i lag: a. Oluf Johan Ingebrigtson Steen, f. i Bergen 10.10.1867, ##### (levde framleis i 1909 - var 1910 busett i Christiania som gift støyperiarbeidar - lagnaden hans? - https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036392247781 b. Jens Bernhard Ingebrigtson Steen, f. i Bergen 16.3.1870, d. i Bergen 1.7.1873. c. Oline Bertine, kjend som Line Ingebrigtsdotter Steen, f. i Bergen 20.4.1872, d. som enkje i Bergen 18.11.1923. Line gifte seg i Bergen 15.3.1893 med Martin Eriksen frå Fredrikshald (Halden), f. i Fredrikshald 11.5.1868. Han d. i Bergen 4.12.1895. Martin var dampskipsmaskinist, medan Line livnærte seg som strykerske. Dei budde i Bergen og fekk ei dotter i lag. d. Jensine Bernhardine, kjend som Sine Ingebrigtsdotter Steen, f. i Bergen 7.9.1874, d. i Bergen 22.3.1964. Sine gifte seg i Bergen 11.2.1906 med Helmer Konrad Jentoft Nilsson frå Gardløs i Kvæfjord, i Bergen kjend som Helmer Konrad Jentoft Nilsen. Han var f. i Kvæfjord 24.3.1878, men flytte til Bergen i 1898 og d. der 22.7.1962. Helmer var tilskjærar og sidan skomakar i Bergen der han og Sine vart buande levetidi ut. Dei fekk tre born i lag. e. Bernt August, kjend som August Ingebrigtson Steen, tvilling, f. i Bergen 28.1.1878, d. ##### (ved eit ulukkeshende til sjøs kring 1945?) August gifte seg første gongen i Årstad, Bergen 7.2.1903 med Mina Nikoline Madsdotter Olsen frå Solheimsviken, f. i Årstad 4.10.1877. Ho budde i Bergen levetidi ut og d. der 2.7.1957, men vart skild frå August etter eit kortvarig ekteskap. August gifte seg att ##### (dato og stad for andre ekteskapet hans? - i England!) med Grace ##### (fullt namn og data elles? - levde som enkje i 1950-åri) August var modellsnikkar og budde i Bergen med første kona Mina, men flytte kring 1915 til South Shields, England der han sidan budde med andre kona Grace levetidi ut. August fekk to søner, som båe var frå første ekteskapet med Mina. f. Anne Katrine Ingebrigtsdotter Steen, likeins tvilling og f. i Bergen 28.1.1878, d. på gamleheimen på Øvsttun i Fana 1.4.1968. Anne gifte seg i Bergen 14.10.1906 med Peder Andreas Iverson frå Straume i Bø i Vesterålen, i Bergen kjend som Peder Andreas Strømme. Han var f. i Bø 19.9.1882 og d. på Grimen i Fana 10.7.1967. Peder Strømme var stuert, og han og Anne budde først nokre år i Bergen, men flytte kring 1911 til Grimen i Fana. Dei fekk fire born i lag. ~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Følgjande etterlysning er nettopp send ut på den norsk-amerikanske Rootsweblista - dette er vel noko som ein og annan lesar av Brukarforum lett kan løysa...: ~~~~~ My name is Rodney Price and I live in New Zealand.My maternal grandfather was Andrew Heinrich Stone born in Christiania, Norway. He applied for naturalization in New Zealand in 1914. In this application he stated that he was born on 18 November 1882, and that he arrived in New Zealand in September 1901.I understand that his parents were Carl Johan Steen / Marie Josephine Hemmingsen. I do not know the dates of birth or death of his parents. I further understand that Andrew changed his surname from Steen to Stone when he arrived in New Zealand.He married Barbara Ann Stenhouse in Wellington, New Zealand, on 9 March 1908; she was born in Scotland. She also went by the name Barbara Ethel Stenhouse.What I would like to do is apply for a birth certificate for Andrew Heinrich Stone/Steen. Can someone tell me how to apply for such a birth certificate? I'm hoping this birth certificate might give the ages of his parents at the time of his birth. I'm wanting to try and find when and where his parents were born, and when and where they died. I have a photo of the parents in Christiania, Norway, in 1902.I'm looking forward to any help that someone can give me.Rodney Price ~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.