Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'loven'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 2 results

  1. Dette er ei kjempeutfordring som eg har jobba med i minst 35 år, men som eg aldri har greidd å løysa! Kanskje no er tidi kommi? Eg syner til denne huslyden frå FT1801 for garden Loven i Luster: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058398001211 Ole Johannesson, 32, husmann med jord Mari Johannesdotter, 41, kona hans Dei var då plassfolk på plassen Lovelund under Loven der dei visstnok flytte inn kring 1797. Kring 1811 flytte dei so eit lite stykke utover fjorden til plassen Ekrene under Kroken i Hafslo, og der døydde dei; Ole Johannesson 6.5.1847, 78 år: https://media.digitalarkivet.no/view/11460/38 Mari Johannesdotter 12.11.1837, 83 år: https://media.digitalarkivet.no/view/11460/8 Som enkjemann gifte Ole seg att i Luster 11.7.1838, 68 år, med far Johannes Olson: https://media.digitalarkivet.no/view/11592/125 Som fødestad er oppgjeven Ekrene, men der var han i alle fall IKKJE fødd! Og eg veit ikkje om me kan stola på at faren heitte Johannes Olson heller!? Eg har so langt ikkje greidd å finna opphavi til korkje Ole eller Mari, og ei òrsak er at eg ikkje finn vigsli deira! For Ole har eg to alternativ: * Ole, f. i Lærdal 2.6.1768 som son av gardbrukar Johannes Olson på Aarethun * Ole, døypt i Hafslo 1.10.1769 som son av paktar Johannes Ingebrigtson på Hafslo prestegard, sidan busett i Holten på Kaupanger i Sogndal. Om denne siste har me ei fråsegn frå 1793 om at han då var busett i ytre Sogn, men seinare lagnad er ukjend! Det hadde vore berre heilt fantastisk om nokon greidde finna: * Dato og stad for vigsli til Ole og Mari kort før 1801? * Dato og stad for fødslene til Ole og Mari på 1760-talet? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Dette er ei utfordring som eg har hatt liggjande i minst 35 år og som eg aldri har greidd å finna løysing på, heller ikkje med dei noverande moderne søkemetodane. Kan ein eller annan hjelpa meg med tips? Mons Olson, truleg ein innflyttar til Luster, fødd kring 1700, gifte seg her kring 1725 med Anna Jacobsdotter frå Loven i Luster, fødd kring 1703, og fekk same året bygsel på heimebruket til mkona si på Loven i Luster. Der vart dei buande fram til kring 1740 då dei flytte til ein plass under nabogarden Lingjerde kalla Kvitten, truleg same plassen som sidan fekk namnet Runningen. Anna døydde på Kvitten og vart gravlagd der 12.5.1743. Skiftet hennar vart halde 7.5.1743: https://media.digitalarkivet.no/view/24137/106 I skiftet les me at ho vart etterlevd av mannen Mons og fem born, sønene Ole og Nils og døtrene Johanna, Anna og Britha. Ei eldre dotter Siri er ikkje nemnd. Buet var fallitt! Mons gifte seg att, men døydde før 1762 då andre kona Bertha Tollefsdotter var legdelem på Flattun i Luster. Av borni etter Mons og Anna vart døtrene Siri, Johanna og Britha buande i Luster og døydde her. MEN dei tre hine forsvinn frå bygdi: ** Ole Monsson, døypt i Hafslo 30.5.1728 ** Nils Monsson, døypt i Luster 11.5.1735 ** Anna Monsdotter, døypt i Luster 19.1.1738 Kvar i all verdi kan dei ha vorte av? Særleg namnekombinasjonen Nils Monsson er ganske so uvanleg. Me finn eit par av dei på Leikanger i Sogn, men eller er det fleire i og kring BERGEN. Det same gjeld for Anna Monsdotter, men denne kombinasjonen finn me mellom anna òg i Gulen, medan Ole Monsson finst «overalt»...! Eg står heilt utan konkrete spor, men vonar på hjelp og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.