Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'crawford co wi'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 4 resultater

  1. Godt over halvparten av settlarane i Freeman township, Crawford Co., WI var frå indre Sogn, mange av dei frå Luster. Men diverre synest fleire av desse namni vera so «omskrivne» at eg har vanskar med å identifisera dei. Det gjeld særleg desse: Dwelling 98: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DCY9-5QY Andersen, John 40 farmer Nor Andersen, Betsey 39 keeping house Nor Andersen, Andrew 17 farming Nor Andersen, Caroline 12 at school Nor Andersen, Johanna 10 at school WI Andersen, C 8 at school WI Andersen, Anna 6 at school WI Dwelling 119: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DCY9-PYH Hendersen, Nels 30 farmer Nor Hendersen, Betsy 25 keeping house Nor Dwelling 134: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DCY9-P5M Selferst, Selfer 45 farmer Nor Selferst, Betsy 50 keeping house Nor Dwelling 147: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DCY9-5ZD https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DCY9-P1Y Hansen, Hans 32 farmer Nor Hansen, Betsy 29 keeping house Nor Hansen, Caroline 2 – Nor Dwelling 180: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DCY9-5QZ Olesen, Andrew 48 farmer Nor Olesen, Caroline 36 keeping house Nor Olesen, Christena 7 at school IA Olesen, Julia 5 at school IA Olesen, Christian 3 – IA Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Nokre huslydar er dyktige til å gøyma seg bort, og dette er ein av dei... Utfordringi har lege hjå meg i fleire tiår, men først no er eg vorten skikkeleg merksam på problemet, og dette vrt ikkje enklare når eg oppdaga at «Find-a-grave» har blanda denne Christopher «Christian» Fortney med ein annan, som til og med nytta same kyrkja! Manuskriptet for «denne» Christian J. Fortney ser slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~ Siri Andersdotter {Forthun}, f. {i Luster} 28.8.1860, Sarah A. Forthun utvandra til Amerika i 1882 og gifte seg i Crawford Co., Wis. 30.5.1884 med søskenbarnet John Christopher, kjend som Christian J. Fortney, ein son av farbroren Christopher Christopherson herifrå Fortun (bnr. 4) (1816-1905) (sjå over), f. i Crawford Co., Wis. ##### (exact date of his birth?) .2.1860. Christian og Sarah tok over som farmarar etter foreldri hans i Clayton township, Crawford Co.. Wis., men Sarah d. ##### (date and place of her death? – after 1901/prior to 1905) og 28.10.1910 gifte Christian seg att i Vernon Co., Wis. med Lucy ##### (middle name?) Pitzenberger, f. i Crawford Co.,. Wis. ##### (exact date of her birth?) .8.1891. Christian og Lucy busette seg i Gays Mills, Crawford Co., Wis. der Christian var farmarbeidar («farm laborer») ##### (at least 1920 – what later? – their deaths? – 1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRFM-34K Christian Fortney fekk visstnok i alt ti born, alle frå første ekteskapet, men fire av desse d. kort etter fødsli utan at me kjenner korkje namn eller datoar: a. Elmer Charles Fortney, f. i Crawford Co., Wis. 10.5.1885, d. i Madison, Wis. 25.6.1952. Elmer gifte seg første gongen i Crawford Co., Wis. 2.3.1913 med Agnes May Clason, f. i Crawford Co., Wis. 21.1.1896. Men ho d. i Gays Mills, Wis. alt 12.9.1917, og Elmer gifte seg att i Crawford Co., Wis. 30.3.1934 med Josephine Elizabeth Lloyd, f. Meyers, f. i Vernon Co., Wis. 21.6.1898. Ho d. i Milwaukee, Wis. 30.11.1942. Elmer Fortney var barvert («bartender») og budde i Soldiers Grove, Crawford Co., Wis. Han fekk to søner, som båe var frå første ekteskapet, men andre kona Josephine hadde òg ei dotter frå første ekteskapet sitt. b. Christopher Severin, kjend som Severin C. Fortney (1888-1955), vart gift første gongen med husmannsdotteri Bertha Malena, kjend som Malena Kristoffersdotter Hauge frå Bolstad (bnr. 77) (1896-1929) (s.d.) og sidan attgift med Esther Bernice Nelson (1912‑1994), sjå òg under Bolstad. c. Clarence Adolph Fortney, f. i Crawford Co., Wis. 12.4.1891, d. i Westby, Wis. 21.11.1975. Clarence Fortney farma i Clayton township, Crawford Co., Wis., men var ugift. d. Melvin Fortney, f. i Crawford Co., Wis. 29.7.1896, d. i Viroqua, Wis. 17.1.1978. Melvin var farmarbeidar («farm laborer») og budde i Viroqua township, Vernon Co., Wis., likeins ugift. e. Selma Aleda Fortney, f. i Crawford Co., Wis. 19.10.1898, d. i Viroqua, Wis. 8.11.1973. Selma gifte seg i Vernon Co., Wis. 21.1.1925 med Palmer H. Johnson, f. i Vernon Co., Wis. 14.3.1903. Han d. i La Crosse, Wis. 6.9.1979. Palmer og Selma farma i Viroqua township, Vernon Co., Wis. og fekk tre born i lag. f. Stella Christina Fortney, f. i Crawford Co., Wis. 5.1.1901, d. i Viroqua, Wis. 21.4.1989. Stella gifte seg i Vernon Co., Wis. 10.10.1925 med Alvin Bernhard Johnson. Han var f. i Vernon Co., Wis. 11.10.1903 og d. i Viroqua, Wis. 17.5.1979. Alvin Johnson var snikkar («carpenter»), og han og Stella budde i Viroqua, Vernon Co., Wis. Dei fekk ei dotter i lag. ~~~~~~~~~~~~~~ Her er Christian (her kalla J. C.) i FT1900 med første kona og borni deira i Clayton township, Crawford Co., WI (eg finn ikkje denne sida hjå FamilySearch!): https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7602/images/4120622_00043?usePUB=true&_phsrc=Nzx23966&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=73571772 Her er Christian i FT1905 som enkjemann, men med alle borni heime i Clayton township, Crawford Co.,WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DTX9-F7R Her er Christian i FT1910 som enkjemann, men berre med dei eldste sønene i Clayton township, Crawford Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBM-JWF Her er Christian (her kalla Christopher) i FT1920 med andre kona Lucy, då i Gays Mills, Crawford Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRFM-34K Eg veit eg har sjekka dette personleg før, men i dag har eg hatt ein telefonsamtale med the Register of Deeds i Prairie du Chien, Crawford Co., WI, og dei har IKKJE registrert dødsfall der, korkje på Siri «Sarah» Fortney, Christian Fortney eller Lucy Fortney. Lucy Fortney sin far, George Park PITZENBURGER/PITZENBERGER, døydde i 1957 i ein alder av 102 år og ligg gravlagd i Crawford Co., WI: https://www.findagrave.com/memorial/72057130/george-park-pitzenburger men liktalen hans seier berre «survived by grandchildren»! Dei store utfordringane i denne huslyden er altso følgjande: ** Dødsfallet til Siri «Sarah» Fortney, f. Forthun mellom 1901 og 1905? ** Kva skjedde med Christopher «Christian» og Lucy Fortney etter 1920 - dødsfalli deira? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Anders Bottolfson Bollingberg (Teigen) alias Andrew Bottolson representerer ein «ufullstendig» manuskriptsnutt som eg har hatt liggjande sidan 1980-talet og som eg aldri har greidd å løysa. Kanskje nokon ser noko som eg har oversett? Slik ser manuskriptet mitt ut: ~~~~~~~~~~~~~~ Anders Bottolfson {Bollingberg/Teigen}, døypt {i Luster} 17.10.1813, Andrew Bottolson utvandra til Amerika i 1851 og gifte seg ##### (date and place of his marriage? – between 1860 and 1870!) med Martha Findsdotter frå Einehaugen under Sørheim, i Amerika kjend som Martha Serum. Ho vart døypt i Luster 13.10.1816 og utvandra til Amerika i 1858. Andrew og Martha slo seg ned som farmarar i Clayton township, Crawford Co., Wis. der Andrew d. 19.1.1889. Martha Bottolson d. ##### (date and place of her death? – perhaps about 1895?) Dei var barnlause. ~~~~~~~~~~~~~~ Andrew B. i FT1860 (eg finn ikkje denne hjå FamilySearch!): https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7667/images/4298897_00200?treeid=&personid=&rc=&usePUB=true&_phsrc=Nzx23871&_phstart=successSource&pId=36039419 Andrew B og Martha i FT1870: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DCY9-5CS Andrew B og Martha i FT1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YBF-TPB Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Bertha Torbjørnsdotter Drevdal var fødd i Luster 23.1.1848 av foreldri: Torbjørn Christopherson (1813-1873) og Kirsti Christensdotter (1822-1907). Huslyden utvandra til Amerika i 1853 og under namni Torger og Christine Christopherson finn me dei att som farmarar i Freeman township, Crawford Co., WI: FT1860: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9BS6-ZKM FT1870: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DCY9-5WS I 1880 hadde Kirsti «Christine» vorte enkje, men eg finn ho korkje i FT1880, FT1900 eller FT1905 - ho døydde i Vernon Co., WI 14.2.1907 - kvar var ho i 1880, 1900 og 1905? Ein son tok ættenamnet Torger, medan alle dei andre skreiv seg Torgerson, og bortsett ifrå ein son som i 1879 flytte til Becker Co., MN, var dei alle busette i Crawford eller Vernon Co., WI. Det siste eg ser til dotteri Bertha, som både i 1860 og 1870 er kalla BETSY, var då ho fekk ei «uekte» dotter: * Bertina, fødd i Crawford Co., WI 22.4.1873 - faren var John T. Sandy (1847-1921). Eg finn korkje Bertina eller mori i FT1880!! Då eg jobba med denne huslyden i Wisconsin for om lag 40 år sidan, vart eg fortald følgjande: Bertha skal ha gift seg kring 1882 med Iver Knutson Ramsøy frå Aurland, fødd 19.1.1830, utvandra i 1866. Han skal ha butt i Jefferson township, Vernon Co., WI og døydde på West Prairie, Vernon/Crawford Co., WI 13.1.1890. Då skulle Bertha vera avlidi kring 1885. MEN: eg finn ikkje noko prov for at dette siste stemmer! Berre dødsfallet til Iver i 1890 er dokumentert! Vigsli til Iver og Bertha er ikkje å sjå nokon stad i nabolaget, og eg finn heller ikkje Iver i nokon folketeljingar! Kan dei eventuelt ha butt ein annan stad? Becker Co., MN?? Eg ville satt svært stor pris på om nokon kunne sjå på denne problemstillingi og til dømes fortelja meg: ** Kvar var Kirsti «Christine» Christopherson (eller Torgerson) i 18880, 1900 og 1905? ** Finst det fleire spor etter Iver Knutson Ramsøy i Amerika? ** Er noko meir å sjå til Bertha «Betsey» og dotteri Bertina? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne utfordrande huslyden!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.