Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'buffalo co wi'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 1 result

  1. Dette er ein huslyd som eg samla opplysningar om på 1980-talet, og eg hadde kontakt med etterkomarar, men det var lite dei visste, og etter at eg no har studert huslyden på ny, oppdagar eg at opplysningane om eine dotteri Hilda må vera svært so upresise; eg finn ikkje att mann hennar, Chester Wallen, i nokon kjelder, og heller ikkje finn eg dødsfallet hennar! Eg vart dessutan fortald at to søner, Thomas og Albert, reiste heimefrå i ung alder som jarnbanearbeidarar,. og dei høyrde aldri meir gjete dei. No har eg sport båe gutane fram til WW2 draftet i 1942, men der er det brått slutt! Kanskje er det ein eller annan ekspert på utvandring som kan hjelpa meg fylla nokre av dei hòli eg har i denne huslyden? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Anders Larsson {Lingjerde}, f. {i Luster} 8.1.1846. Andrew Larson utvandra til Amerika i 1872, men kom snart etter attende til Nord-Noreg. Han gifte seg i Ibestad i Troms 29.5.­1877 med Hansina Bertine Torgersdotter frå Dragøy i Tranøy. Ho var dotter av gardbrukar Torger Peder Hansson på Dragøy, opphavleg frå Stangenes, og kona Anna Bergitta Jørgensdotter frå Vangsvik i Tranøy og f. Tranøy 1.8.1851. Andrew og Sena Larson utvandra i lag til Amerika i 1877 og farma ei tid i Nelson township, Buffalo Co., Wis. Kring 1890 flytte dei so til ein farm i Maxville township, Buffalo Co., Wis. der Sena d. 9.3.1909. Andrew Larson d. i Buffalo Co., Wis. 6.12.1933. Dei fekk sju born i lag: a. Thomas Larson, f. i Buffalo Co., Wis. 21.2.1879, budde framleis heime hjå foreldri i 1900, men reiste sidan bort på jarnbanearbeid («railroad worker»), og dei høyrde aldri meir gjete han. ##### (1918: Franksville, Racine Co., WI - 1942: Chicago, Cook Co., IL - what became of him?) b. Nikoline Berntine, kjend som Lena Larson (1881-1957), vart gift med husmannssonen Elias Andersson frå Ekrene under Haganes (1878-1953) (s.d.). c. Susanna Helmine, kjend som Susie Larson (1883-1951), vart gift med husmannssonen Arne Andersson frå Ekrene under Haganes (1871-1952) (s.d.). d. Hilda Almine Larson, f. i Buffalo Co., Wis. 11.9.1885, d. ##### (date and place of her death? - Rochester, MN?) 1932. Ho gifte seg i Jackson Co., Wis. 24.6.1914 med Andrew Chester, kjend som Chester Wallen. Han var f. i Jackson Co., Wis. 23.3.1891 og d. i Taylor, Wis. 26.2.1937. Hilda var kjolesyerske («dressmaker»), medan Chester var farmar, bokhaldar og kornmølleoperatør («farmer, bookkeeper and elevator operator»). Dei budde på ein farm i Hixton township, Jackson Co., Wis. og fekk ein son i lag. e. Albert Olai Larson, f. i Buffalo Co., Wis. 12.2.1888, reiste liksom broren Thomas bort på jarnbanearbeid («railroad­ worker») og vart heller ikkje høyrd frå meir. ##### (1918: still at home - ?1930: patient at asylum in Westport, Dane Co., WI - 1942: unemployed at County Hospital, Rockford, Winnebago Co., IL - what became of him?) f. Jeny Barothea, kjend som Jensena Larson, f. i Buffalo Co., Wis. 25.2.1890, d. i Buffalo Co., Wis. 5.10.1891. g. Minnie, kjend som Mena Larson, f. i Buffalo Co., Wis. 24.1.1895, d. i Buffalo Co., Wis. 16.11.1941. Mena gifte seg ##### (date and place of her marriage? - after 1930/prior to 1940!) med John M. ##### (middle name? - M. in 1900 - C. in WW1 draft) Stewart, f. i Buffalo Co., Wis. 18.3.1889. Han d. i Buffalo Co., Wis. 13.9.1948. John Stewart var farmarbeidar («farm laborer»), og han og Mena budde i Maxville township, Buffalo Co., Wis. Dei var barnlause. ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.