Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'larson'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 2 results

  1. Dette er ein huslyd som eg samla opplysningar om på 1980-talet, og eg hadde kontakt med etterkomarar, men det var lite dei visste, og etter at eg no har studert huslyden på ny, oppdagar eg at opplysningane om eine dotteri Hilda må vera svært so upresise; eg finn ikkje att mann hennar, Chester Wallen, i nokon kjelder, og heller ikkje finn eg dødsfallet hennar! Eg vart dessutan fortald at to søner, Thomas og Albert, reiste heimefrå i ung alder som jarnbanearbeidarar,. og dei høyrde aldri meir gjete dei. No har eg sport båe gutane fram til WW2 draftet i 1942, men der er det brått slutt! Kanskje er det ein eller annan ekspert på utvandring som kan hjelpa meg fylla nokre av dei hòli eg har i denne huslyden? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Anders Larsson {Lingjerde}, f. {i Luster} 8.1.1846. Andrew Larson utvandra til Amerika i 1872, men kom snart etter attende til Nord-Noreg. Han gifte seg i Ibestad i Troms 29.5.­1877 med Hansina Bertine Torgersdotter frå Dragøy i Tranøy. Ho var dotter av gardbrukar Torger Peder Hansson på Dragøy, opphavleg frå Stangenes, og kona Anna Bergitta Jørgensdotter frå Vangsvik i Tranøy og f. Tranøy 1.8.1851. Andrew og Sena Larson utvandra i lag til Amerika i 1877 og farma ei tid i Nelson township, Buffalo Co., Wis. Kring 1890 flytte dei so til ein farm i Maxville township, Buffalo Co., Wis. der Sena d. 9.3.1909. Andrew Larson d. i Buffalo Co., Wis. 6.12.1933. Dei fekk sju born i lag: a. Thomas Larson, f. i Buffalo Co., Wis. 21.2.1879, budde framleis heime hjå foreldri i 1900, men reiste sidan bort på jarnbanearbeid («railroad worker»), og dei høyrde aldri meir gjete han. ##### (1918: Franksville, Racine Co., WI - 1942: Chicago, Cook Co., IL - what became of him?) b. Nikoline Berntine, kjend som Lena Larson (1881-1957), vart gift med husmannssonen Elias Andersson frå Ekrene under Haganes (1878-1953) (s.d.). c. Susanna Helmine, kjend som Susie Larson (1883-1951), vart gift med husmannssonen Arne Andersson frå Ekrene under Haganes (1871-1952) (s.d.). d. Hilda Almine Larson, f. i Buffalo Co., Wis. 11.9.1885, d. ##### (date and place of her death? - Rochester, MN?) 1932. Ho gifte seg i Jackson Co., Wis. 24.6.1914 med Andrew Chester, kjend som Chester Wallen. Han var f. i Jackson Co., Wis. 23.3.1891 og d. i Taylor, Wis. 26.2.1937. Hilda var kjolesyerske («dressmaker»), medan Chester var farmar, bokhaldar og kornmølleoperatør («farmer, bookkeeper and elevator operator»). Dei budde på ein farm i Hixton township, Jackson Co., Wis. og fekk ein son i lag. e. Albert Olai Larson, f. i Buffalo Co., Wis. 12.2.1888, reiste liksom broren Thomas bort på jarnbanearbeid («railroad­ worker») og vart heller ikkje høyrd frå meir. ##### (1918: still at home - ?1930: patient at asylum in Westport, Dane Co., WI - 1942: unemployed at County Hospital, Rockford, Winnebago Co., IL - what became of him?) f. Jeny Barothea, kjend som Jensena Larson, f. i Buffalo Co., Wis. 25.2.1890, d. i Buffalo Co., Wis. 5.10.1891. g. Minnie, kjend som Mena Larson, f. i Buffalo Co., Wis. 24.1.1895, d. i Buffalo Co., Wis. 16.11.1941. Mena gifte seg ##### (date and place of her marriage? - after 1930/prior to 1940!) med John M. ##### (middle name? - M. in 1900 - C. in WW1 draft) Stewart, f. i Buffalo Co., Wis. 18.3.1889. Han d. i Buffalo Co., Wis. 13.9.1948. John Stewart var farmarbeidar («farm laborer»), og han og Mena budde i Maxville township, Buffalo Co., Wis. Dei var barnlause. ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Dette er ein huslyd som eg arbeidde med på 1980-talet, og so seint som i 2011 hadde eg kontakt med etterkomarar etter sonen Nelvin, men sidan den tid har eg ikkje høyrt noko meir frå dei, og eg sit med ein del utfordrande «hòl» som eg so gjerne skulle ha fyllt ut... Kanskje er det Canada-ekspertar som kan hjelpa meg med obituaries? Kanskje kan nokon greia det svenske opphavet til svigersonen Gottfrid Norman frå «Havre, Sweden»? Slik ser manuskriptet mitt ut pr. i dag: ~~~~~~~~~~~~~~~ Anna Thomasdotter Havellen, f. {i Luster} 28.3.1872, Anna Havellen utvandra til Amerika i 1892 og gifte seg i Pollock, S.D. 14.9.1894 med Nils Larsson frå Jørandrud i Uvdal, i Amerika kjend som Nels Larson. Han var son av gardbrukar Lars Nilsson på Jørandrud, opphavleg frå Nørstebø, og kona Ragnhild Wilhelmsdotter frå Jørandrud og f. i Uvdal 29.7.1861. Han utvandra til Amerika med mori og dei fleste søskeni i 1878. Nels og Anna farma ei tid i LaGrace township nær Pollock, Campbell Co., S.D., men flytte i 1916 til Donalda, Alta. og tok «homestead» der. I 1945 trekte dei seg attende og flytte til Port Coquitlam, B.C. der Nels d. 9.3.1946. Anna Larson d. i Surrey, B.C. 5.4.1962. Dei fekk ni born i lag: a. Luther Larson, f. i Campbell Co., S.D. 26.4.1895, var farmarbeidar («farm laborer»), men d. ugift i Donalda, Alta. ##### (exact date of Luther’s death?) 1918. b. Rebecca Larson, f. i Campbell Co., S.D. 27.12.1896, d. i Tehama Co., Cal. 5.5.1929. Ho gifte seg i Donalda, Alta. ##### (exact date of Rebecca’s marriage?) 1918 med Lide Mason Barber. Han var f. i Cowley Co., Ks. 8.9.1893 og d. ##### (place of Lide’s death? – Tehama? – Tehama Co., Cal.!!) 18.3.1977. Lide og Rebecca budde først nær Donalda, Alta. og sidan i kortare periodar i Silverton, Marion Co., Ore. og i White Rock, B.C. til dei i 1927 flytte til foreldri hans på farmen deira i Los Molinos, Red Bluff precinct, Tehama Co., Cal. Dei fekk tre born i lag. c. Tony Larson, f. i Campbell Co., S.D. 15.2.1899, d. i Campbell Co., S.D. ##### (date of his death? – after 1900/prior to 1903!) d. Carl Larson, f. i Campbell Co., S.D. 27.6.1901, d. i Camrose, Alta. 2.10.1960. Han gifte seg ##### (date and place of Carl’s marriage?) med Ruby ##### (Ruby’s middle name?) Welch. Ho var f. ##### (date and place of Ruby’s birth?) ##### (date and place of her death? - after 1987!) Carl og Ruby farma nær Donalda, Alta. og fekk sju born i lag. e. Tony Larson, f. i Campbell Co., S.D. 13.9.1903, d. i Prince George, B.C. 3.3.1987. Tony gifte seg ##### (date and place of Tony’s marriage?) med Cora ##### (Cora’s middle name?) Lien. Ho var f. ##### (date and place of Cora’s birth?) 1905 og d. i Prince George, B.C. 17.7.1987. Tony var skogsarbeidar («lumber man»), og han og Cora budde i Prince George, B.C. Dei fekk sju born i lag. f. May Larson, f. i Campbell Co., S.D. 24.2.1906, d. ##### (exact date and place of her death? - Port Coquitlam or Kelowna?) 1997. May gifte seg ##### (date and place of May’s marriage?) med Gottfrid ##### (Gottfrid’s middle name? - parents Olaf Norman and Maria Hernstedt - detaljar om dei??) Norman. Han var f. ##### (exact date and place of Gottfrid’s birth? - «Havre, Sweden»!) 13.7.1897, men utvandra til Amerika i ##### (year of his emigration?) og d. i Essondale, B.C. 14.4.1969. Gottfrid var sagbruksar­beidar («sawmill worker»), og han og May budde i Port Coquitlam, B.C. Dei fekk tre born i lag. g. Nelvin Larson, f. i Campbell Co., S.D. 30.11.1908, d. i Kelowna, B.C. 8.3.1976. Han gifte seg i Rimbey, Alta. 18.5.1933 med Ethel Mellissa Bowmen McKeon, f. Hannah, f. i Madoc, Ont. 19.11.1907. Ho d. i Kelowna, B.C. 25.1.1997. Nelvin var mekanikar («mechanic»), og han og Ethel budde i Elk Point, Alta., men flytte sidan til Kelowna, B.C. Dei fekk tretten born i lag. ##### (Ethel 1st married William Bowmen (one son) - then 2nd married George Leslie McKeon (two children)) h. Agna Larson, f. i Campbell Co., S.D. 12.9.1911, d. ##### (place of her death? - Sylvan Lake, AB?) 7.2.1977. Agna gifte seg i Edmonton, Alta. 29.6.1937 med Norman ##### (Norman’s middle name?) McLeod. Han var f. i Athabasca, Alta. 7.6.1908 og d. i Sylvan Lake, Alta. 12.7.1983. Norman McLeod var bokhaldar («accountant»), og han og Agna budde i Sylvan Lake, Alta. Dei fekk tre søner i lag. i. Susanna Christina Larson, f. i Campbell Co., S.D. 19.9.1915, d. i Terrace, B.C. 1.12.1996. Ho gifte seg ##### (date and place of her marriage?) med Ed ##### (full first (Edward/Edwin?) and middle names?) Stroule. Han var f. ##### (date and place of his birth?) ##### (date and place of his death? - after 1987!) Ed var byggmeister («buil­ding contractor»), og han og Susanna budde i Terrace, B.C. Dei fekk fem born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.