Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'texas'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 5 results

  1. Susanna Gjertsdotter Lerum alias Susie Jackson var fødd i Luster 9.3.1863, men utvandra til Amerika i 1881 og busette seg i Ft. Worth, TX der ho vart gift og fekk fire døtrer! Eg har i mange år slite med å finna fleire av vigslene til døtrene hennar, og no vonar eg at nokon kan hjelpa meg? Kanskje finst det avisoppslag? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Susanna Gjertsdotter Lerum, f. {i Luster} 9.3.1863, Susie Jackson Lerum utvandra til Amerika i 1881 og gifte seg i Ft. Worth, Tx. 12.4.1888 med William Ferdinand, kjend som Fredrick Helmcamp, f. i Ripley Co., Ind. 15.4.1867. Fredrick var ei tid spannkøyrar («teamster»), men vart sidan fôrhandlar («feedstore owner and operator»). Susie var i 1923 ein tur til Noreg på vitjing, men elles vart ho og Fredrick buande levetidi ut i Ft. Worth, Tarrant Co., Tx. Fredrick d. i Ft. Worth, Tx. 9.9.1940, medan Susie Helmcamp d. same staden 18.12.1958. Dei fekk fire døtrer i lag: a. Lillian Henrietta Helmcamp, f. i Tarrant Co., Tx. 22.10.­1888, d. i Ft. Worth, Tx. 4.5.1959. Ho gifte seg i Ft. Worth, Tx. 2.6.1910 med Leon Roy, kjend som Roy Ellis. Han var f. i Memphis, Tenn. 15.6.1888 og d. i Ft. Worth, Tx. 14.11.1972. Roy Ellis var kolonialkjøpmann («grocer»), og han og Lillian budde i Ft. Worth, Tarrant Co., Tx. Dei fekk fire døtrer i lag. b. Edna Claudine Helmcamp, f. i Tarrant Co., Tx. 30.4.1890, d. i Midland, Tx. 2.5.1965. Ho gifte seg første gongen i Ft. Worth, Tx. 28.10.1909 med John Wells Dawson, f. på Manhattan, N.Y. 27.2.1881. John var elektrikar («electrician»), og han og Edna budde for det meste i Ft. Worth, Tarrant Co., Tx. der John sette livet til ved eit ulukkeshende 30.6.1928. Edna gifte seg so 9.4.1932 att i Kansas City, Mo. med Edward Thornton Marsh, f. i Henry Co., Mo. 11.2.1892. Edward var dyrlækjar («veterinarian») og d. i Midland, Tx. 20.4.1965. Edward og Edna budde i St. Joseph, Buchanan Co., Mo. og i Odessa, Ector Co., Tx., men flytte i 1955 som pensjonistar til Midland, Midland Co., Tx. Edna fekk fire born, som alle frå første ekteskapet. c. Mabel Willie Helmcamp, f. i Tarrant Co., Tx. 18.12.1892, d. i Ft. Worth, Tx. 17.12.1967. Mabel gifte seg ##### (date and place of Mabel’s marriage? – 1913/1914? – Worth Co., TX?) med Roger Cleveland Neely, f. i Harland Co., Ky. 16.1.1886. Han d. i Ft. Worth, Tx. 18.1.1964. Roger Neely var trygdeagent (”insurance salesman”), og han og Mabel budde i Ft. Worth, Tarrant Co., Tx. Dei fekk ein son i lag.­ d. Ida Marguerite, kjend som Marguerite J. Helmcamp, f. i Tarrant Co., Tx. 18.12.1899, d. i Ft. Worth, Tx. 24.8.1944. Ho gifte seg ##### (date and place of Marguerite’s marriage? – 1918? – Worth Co., TX?) med John William Gorden, f. i Cisco, Tx. 26.9.1896. Han d. i Ft. Worth, Tx. 21.5.1955. John Gorden var bokhaldar («accountant»). Han og Marguerite budde i Ft. Worth, Tarrant Co., Tx. og fekk to døtrer i lag. ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Elen Larsdotter Hærum, ei av dei yngre søstrene i Hærum-ætti som utvandra frå Luster til Fort Worth, TX, har sett fleire grå hår i hovudet hjå meg. Eg har leitt og leitt, men finn ikkje denne vigsli hennar med William Dodson. Kanskje er eitt eller fleire namn feilskrivne? William var framleis ugift i 1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DR5B-FB Ellen kan eg ikkje finna nokon stad i 1900! Eg har òg vanskar med nokre detaljar når det gjeld svigerdotteri deira i California, som eg trur kan løysast gjennom obituaries...? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ Elen Larsdotter Hærum, f. {i Luster} 12.3.1864, Ellen Harum utvandra likeins med foreldri til Amerika i 1877 og gifte seg ##### (date and place of her marriage? - Texas about 1900?) med William Burts Dodson, f. i Tarrant Co., Tx. 7.7.1869. William Dodson var medeigar i eit større tømmerkompani («partner of a lumber business»), og han og Ellen budde ei tid i Fort Worth, Tarrant Co., Tx. Kring 1920 flytte dei so til Albuquerque, N.Mex., og derifrå kring 1938 til San Diego, San Diego Co., Cal. der William d. 12.9.1942. Ellen Dodson d. som enkje i Chula Vista, Cal. 11.12.1956. Dei fekk ein son i lag: a. William Raymond Dodson, f. i Tarrant Co., Tx. 21.6.1904, d. i Los Angeles, Cal. 10.9.1932. William Dodson, Jr. gifte seg i Yuma, Az. 23.3.1928 med Una Mae, kjend som Mae Webb, f. i Washington Co., Ky. 25.4.1907. Ho d. i San Bernardino, Cal. 11.2.1980. William var lækjar («Medical Doctor»), og han og Mae budde i Los Angeles, Los Angeles Co., Cal. Mae gifte seg att i Orange Co., Cal. 14.2.1933 med Walter Kay Armstrong, f. i Orange Co., Cal. 2.2.1906. Han d. i San Mateo, Cal. 15.3.1960. Walter var arbeidar og musikar («laborer and musician»), og han og Mae budde i Anaheim, Orange Co., Cal., men vart skilde alt kring 1934. Mae flytte då til San Diego, Cal. og gifte seg tredje gongen ##### (date and place of her 3rd marriage? - prior to 1938!) med Frederick William Dorman, f. i Los Angeles Co., Cal. 27.9.1908. Han d. i San Bernardino, Cal. ##### (place of death to be verified? - obituary in San Bernardino, CA Feb. 14, 1980!) 6.2.1980. Frederick var ##### (occupation?) og han og Mae budde i San Diego, San Diego Co., Cal. og sidan i San Bernardino, San Bernardino Co., Cal. Mae fekk ei dotter, som var frå første ekteskapet med William Dodson. ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  3. Soga til denne søsteri i Hærums-ætti frå Luster, som i 1877 utvandra til Amerika, er ganske so ulik soga til dei andre søskeni. Far hennar sendte bod på ein brorson Thomas Hærum frå Lærdal, og han gifte seg med Britha. Men lykken varte ikkje so lenge, for Britha døydde kort tid etter, og Thomas reiste heimatt til Lærdal. Først i dag har eg med ein god slump «fantasi» greidd å finna vigsli i 1882 der brudgomen i registeret hjå ancestry er tolka som Thos HAMM: https://www.ancestry.com/interactive/9168/45605_b220551-00106?pid=25957187&treeid=&personid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx17305&_phstart=successSource Eg har derimot ikkje greidd å finna detaljane kring dødsfallet hennar, men kanskje er namnet endå meir feilskrivne, eller eg har berre ikkje leitt på rette staden? Og dødsfallet til Thomas Hærum i Norderhov har eg heller ikkje fått tak i... Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~ Britha Larsdotter Hærum, f. {i Luster} 27.1.1859, Bertha Harum utvandra med foreldri til Amerika i 1877 og gifte seg i Fort Worth, Tx. 8.3.1883 med søskenbarnet Thomas Thomasson Hærum, i Amerika kjend som Thomas Harum, son av husmannssonen Thomas Jacobson herifrå Myrane under Hæri (1831‑1876) (sjå over). Thomas var f. i Lærdal 28.8.1861 og utvandra til Amerika i 1880. Men Bertha d. ##### (date and place of her death? - Fort Worth, TX about 1883?) og i 1884 vende Thomas Hærum attende til Noreg. Han gifte seg att i Lærdal 3.12.1886 med Ingeleiv Halvorsdotter frå Æ­ri i Lærdal, f. i Lærdal 3.2.1854. Thomas Hærum var fargar og budde først ei tid på Lærdalsøyri, men han og Ingeleiv flytte sidan til Gol i Hallingdal der Ingeleiv d. 30.7.1939. Thomas Hærum d. ##### (dato og stad for dædsfallet hans? - gravlagd Norderhov) 1945. Thomas fekk fire born, som alle var frå andre ekteskapet med Ingeleiv Halvorsdotter. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Christopher Larsson Fladhammer, fødd på Gullskogen under Lavoll i Luster 31.3.1821, var gift med Anna Larsdotter (1826-1876), og dei var plassfolk på Nausti under Fladhammer i Luster. Dei fekk åtte born i lag, men eitt døydde i ung alder. I 1877 utvandra Christopher åleine til Amerika og let alle dei sju borni i alderen 3-24 år etter seg i Luster. Etter kvart utvandra alle desse borni òg til Amerika, og etterkomarar som eg var i kontakt med for snart 40 år sidan, fortalde meg den gongen at: «Grandpa Christopher supposedly moved to Texas where he died some time later» Det var ei viss utvandring frå Luster på den tidi til Fort Worth, Tarrant Co., TX, men om det var dit Christopher drog, veit eg ikkje. Eg har aldri greidd å finna ut noko meir om lagnaden hans, og no set eg liti mi til ekspertisen i Brukarforum. Kanskje nokon greier gjera noko med denne nøtta? Eg ville vorte svært so glad og takkar so mykje å førehand for alle gode tips!
  5. Eg ønskjer i dag å presentera ei sak som eg rett nok har hatt liggjande i over 40 år, men som eg ikkje kan hugsa har vore oppe til drøfting her før! Ole Lasseson (Rønnei) alias Ole Lewis utvandra 15 år gamal i 1857 med foreldri sine frå Luster til Dekorra township, Columbia Co., WI og budde der til han først på 1870-talet slo seg ned som farmar i Webster Co., IA Alt før han flytte til Iowa dreiv Ole i lag med den eldre broren Christopher Lewis (1835-1887) med kjøp og sal av eigedomar der dei budde i Wisconsin. Dette heldt dei fram med i Iowa, men Christopher vart sjuk og flytte i 1877 inn på ein lokal sjukeheim. Ole derimot heldt fram inntil han ein gong tidleg på 1880-talet greidde å selja same farmen TO gongar, først til mori Unni «Julia» Lewis for ein dollar og so til svogaren Ole S. Tang for noko meir! Dette vart det sak av, og kring 1886 tok han med seg søsteri Martha Lewis og rømte til Guthrie, Oklahoma. Men då sheriff'en reiste dit for å henta han attende til Iowa, var han rømt på ny. Siste kjende adresse frå 1891 var Austin, Travis Co., Texas! Saki kom opp til handsaming i Humboldt Co., IA, og i 1982 sat eg ein heil ettermiddag i kjellaren på Humboldt County Courthouse og las meg igjennom store mengder saksdokument der desse opplysningane kom fram! Det var altfor mykje papir til at eg kunne kopiera alt saman...! Kva eg sidan fann ut, er at han og kona Anna skilde lag kring 1885, og kona og dei fem borni deira, som då framleis levde, flytte til skyldfolk av mori (Luraas) i Stoughton, WI, men eg har aldri greidd å få noko skikkeleg oversyn over lagnadane deira, bortsett ifrå at då eldste sonen James Lemark Lewis døydde i Chicago, IL i 1940, var den næraste slektningen hans ei moster som budde i Stoughton, WI. Dette tyder på at dei andre søskeni alle var avlidne utan å etterlata seg born...!? No vonar eg det skal vera mogeleg å komma litt vidare med denne biografien og ber om hjelp i dette fantastiske Brukarforum! Her følgjer eit utdrag av manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~~~~~~ Ole Lasseson {Rønnei}, f. {i Luster} 5.11.1842, Ole Lewis utvandra til Amerika med foreldri sine i 1857 og gifte seg i Polk Co., Ia. 31.3.1871 med Anna J. Nelson, f. i Dane Co., Wis. 27.4.1852. Ole Lewis farma først ei tid i Dekorra township, Columbia Co., Wis., men då han gifte seg, flytte han og Anna til ein farm i Badger township, Webster Co., Ia. Dei skal òg ha butt i Wahkonsa, Webster Co., Ia., men Ole og Anna skilde lag i 1885, og Anna flytte attende til Stoughton, Dane Co., Wis. der ho d. 27.9.1898. Ole vart borte på same tidi, men flytte tydeleg kring 1886 med søsteri Martha til Guthrie, Logan Co., Okla. og kring 1890 vidare til Austin, Travis Co., Tx., men etter 1891 høyrer me ikkje noko meir til Ole, og den seinare lagnaden hans er førebels ukjend. ##### (what became of him after 1891?) Ole og Anna fekk seks born i lag: a. James Lemark, kjend som Lemark Lewis, f. i Webster Co., Ia. 19.10.1871, d. i Chicago, Ill. 29.9.1940. ##### (closest survivor an aunt (Luraas) in Stoughton, WI) b. Ole Benjamin Lewis, f. i Webster Co., Ia. ?.1.1873, d. visstnok i Webster Co., Ia. kring 1878. ##### (exact date of his death? – ony child buried at Badger, Webster Co., IA!?) c. Adolf Herman, kjend som Herman Lewis, f. i Webster Co., Ia. 16.2.1875, ##### (confirmed Stoughton, WI 1889 - d. prior to 1896?) d. Daisy Alvina Lewis, f. i Webster Co., Ia. 21.1.1877, ##### (1900 and 1910: single servant Stoughton, Dane Co., WI! – died prior to 1940!) e. Amalia Julietta, kjend som Millie Lewis, f. i Webster Co., Ia. 20.5.1878, d. i Stoughton, Wis. 20.6.1894. f. Jesse Benjamin, kjend som Ben Lewis, f. i Webster Co., Ia. 2.11.1882, ##### (was confirmed in Stoughton, WI 1897 – died before 1940! – destiny?) ~~~~~~~~~~~~~~~~~~ Eg vil tru det må ha vore litt skriveriar om denne saki som Ole Lewis var innblanda i på 1880-talet, og kanskje finst det òg etterlysningsannonsar frå Oklahoma eller Texas? Det hadde vore kjempebra å kunna komplettera denne biografen, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.