Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'civil war'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • Ask the National Archives of Norway
    • Questions about archival material and use of the archives
    • Questions about the use of the Digital Archives
    • Inquiries and messages about technical errors and metadata errors in the Digital Archives
  • Ask users of the Digital Archives
    • Users' own forum
    • Assistance with transcribing handwriting
  • Collaboration between the National Archives and users of the Digital Archives
    • Questions about volunteer efforts and source registration
    • Questions about proofreading of AMF material
  • Archived forums
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Miscellaneous

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 5 results

  1. Mellom dei tidlege norske settlarane i Naples township, Buffalo Co., WI finn me dette parfolket frå Luster: Anders Iverson Haganes (1821-1898) og Britha Pedersdotter Eide (1826-1891). Dei utvandra i 1862, og etter eit kort opphald i Iowa Co., WI busette dei seg kring 1864 i Buffalo Co., WI Då det vart halde skifte etter Anders «Andrew Everson» i 1898, får me greie på lagnadane til dei to eldste borni: * Anders «Andres» Everson, fødd i Luster 11.10.1845, melde seg som soldat i Borgarkrigen, truleg medan huslyden framleis budde nær Dodgeville, WI, og skal vera fallen i krigen kring 1864. * Kari «Carrie» Everson, fødd i Luster 15.10.1848, døydde før 1898, men hadde vore gift med ein Solon Egbert og budde i Hutchinson, McLeod Co., MN. Ho let etter seg to døtrer, og dei skal ha flytt med far deira til Oregon! Hjå ancestry.com finn eg følgjande family tree som syner at Solon Bevins EGBERT var fødd ni Springfield, IL 27.2.1845 og døydde i Umatilla Co., OR 6.2.1829, men bortsett ifrå opplysningare om at kona heitte Everson og at dei minst hadde ei dotter Nettie, er det ikkje stort me får vita om Kari «Carrie»: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/153615682/person/202074555896/facts Hjå ancestry finn eg òg følgjande vigsle: Name: Solon Egbert Gender: Male Marriage Date: 23 May 1868 Marriage Place: Wabasha, Minnesota Spouse's Name: Carrie Edwards Spouse Gender: Female Event Type: Marriage FHL Film Number: 1320196 Dessutan finn eg: FT1875 bur Solon Egbert med tre kvinner i Maxville township, Buffalo Co., WI (truleg kona og dei to døtrene...): https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/1055/images/48361_555792-00200?treeid=&personid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx26571&_phstart=successSource&pId=3306410 FT1895 bur Solon med dotteri Nettie i Hutchinson, McLeod Co., MN: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/1058/images/MNV290_74-0771?treeid=&personid=&hintid=&queryId=3fba21cff84a33a49eb5d0f8b3a15cee&usePUB=true&_phsrc=Nzx26572&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=2257572 Men det store spørsmålet er framleis: ** Kvar vart det av Kari «Carrie»?? Eg takkar som mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Dette emnet er delvis ei vidareføring av følgjande tema, sjå særleg side #2: https://forum.arkivverket.no/topic/202497-samuel-larsson-fødd-i-noreg-kring-1834-til-wisconsin-før-1858-kven-kan-han-ha-vore-to-vigsler-ei-skikkeleg-utfordring/page/2/ FT1860 for Sparta township, Monroe Co., WI syner denne huslyden: LEWIS, Samuel 26 Nor farmer LEWIS, Isabel 22 Nor wife LEWIS, Augusta 4 mo WI daughter Lokalavisa Monroe Sentinel frå 2.10.1861 syner ei rekke unge soldatar (Privates) som då forlét Monroe Co., WI til Camp Utley i Racine Co., WI som del av Capt. O. F. Pinney’s Artillery, og ein av desse var Samuel LEWIS: https://www.newspapers.com/image/52172297/?terms=Samuel%2BLewis Me ser ikkje noko meir til Samuel i Monroe Co., WI etter dette, og kring 1868 gifte kona seg att med John Olson (Urness) frå Hafslo! Kvar vart det av Samuel? Kan det vera denne Samuel Lewis av Co. B i Wis. 25th Regiment som 30.8.1863 døydde av dysenteri i Paducah, KY? https://www.ancestry.com/interactive/2123/32729_649063_0260-00096?pid=379040&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D2123%26h%3D379040%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx20393%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx20393&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.93875933.1581086823.1588866349-1442769865.1532627837 Eg er ingen ekspert på militære dokument frå Borgarkrigen, men eg veit det sit ein og annan i Brukarforum som har litt peiling, so kanskje er det mogeleg å få lite vetta hjelp vidare? Ei utfordring er det at det var fleire borgarkrigssoldatar med same namn... Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Lars Olson Skildum var fødd i Luster 3.2.1836 som eldste son av Ole Larsson og Ragnhild Olsdotter, plassfolk på Heggelund under Skildeim i Luster. Lars utvandra i 1860 til Columbia Co., WI og er nemnd i live då det i 1862 vart halde skifte etter mori i Luster. Lars hadde fleire yngre søsken som utvandra til Amerika, og eg har gode opplysningar om dei fleste av dei. Eg vart for mange år sidan fortald at Lars alias Louis O. Sheldon gjekk inn som soldat i den amerikanske borgarkrigen 1861-1865, men at han miste livet ved drukning, anten på slutten av krigen eller kort tid etter at krigen var slutt. Er det mogeleg å finna fleire detaljar om lagnaden til Lars? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Arne Monsson Eide var fødd i Luster 16.10.1836, som «uekte» son av Mons Jensson Hauge (1817-1854) og Ingeborg Pedersdptter Eide (1815-1896). Denne Arne utvandra til Amerika i 1860, men er ikkje nemnd då skiftet etter m,ori vart slutta i Luster i 1900, so truleg døydde Arne før den tid, men dette kan me aldri vera siklre på... Utvandringstidspunktet høver svært bra med den amerikanske borgarkrigen. Svært mange unge nordmenn verva seg som soldatar, og registeri over borgarkrigssoldatar syner ein einaste person med dette namnet (kopiert frå ancestry): Name: Arne Monson Side: Union Regiment State/Origin: Union Regular Army Regiment: 3rd Regiment, US Cavalry (Regular Army) Company: I Rank Out: Private Film Number: M233 roll 30 Meir kan eg ikkje finna om denne personen, men eg veit det sit ekspertar «der ute», so kanskje kan ein eller annan finna ut meir om denne Arne? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Eg har frå Amerika motteke dette dokumentet, tydeleg kopiert frå Fold3, som nemner ein Christopher Anderson, 30 år gamal, som i september 1861 gjekk inn som soldat i den amerikanske borgarkrigen. Me har i eit tidlegare emne debattert det norske opphavet til ein annan Christopher Andersson, som framstod som mordar i Kansas i 1863: https://forum.arkivverket.no/topic/222370-christopher-anderson-alias-chris-hanson-ein-norsk-mordar-i-missouri-døydde-i-1876-fleire-opplysningar/?tab=comments#comment-1880376 I samband med den debatten hadde me framme fleire «aktuelle kandidatar» til kven mordaren kunne vera, og ein av desse andre «kandidatane» kan gøyma seg attom denne soldaten frå Colorado! Og særleg er eg svært oppteken av denne unge mannen frå Hafslo: Christopher Andersson Kjørlaug (Nitter), fødd i Hafslo 5.5.1831, utvandra til Amerika i 1851! Er det nokon som eventuelt kan bidra med hjelp til å finna ut meir om denne soldaten frå Colorado? Eg takkar so mykje på førehand for alje gode tips! Christopher Anders0n of Colorado.pdf
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.