Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'raaum'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 8 resultater

  1. Dette er ein huslyd som eg jobba mykje med på 1980-talet, men det var ikkje noki enkel sak å finna ut so mykje som eg gjorde. Den gongen hadde eg ikkje tilgjenge til fattigprotokollane for Bergen! Kanskje er det lettare i dag? Slik ser manuskriptet mitt ut: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #12 under! Når det gjeld Carl Adolf August, finn me han nemnd tre gongar i fattigmanntalet, alle med referanse til Morken på Manger: https://www.digitalarkivet.no/view/51/pc00000000068015 https://www.digitalarkivet.no/view/51/pc00000000066847 https://www.digitalarkivet.no/view/51/pc00000000057579 Når det gjeld Gustav, ser eg at han er kalla både Gustav Adolf og Gustav Olaf. Han er nemnd i fattigmanntalet, og alle innførslene syner til Kolstad på Manger: https://www.digitalarkivet.no/view/51/pc00000000072504 https://www.digitalarkivet.no/view/51/pc00000000068019 https://www.digitalarkivet.no/view/51/pc00000000066851 https://www.digitalarkivet.no/view/51/pc00000000057583 Når det gjeld Agnes Charlotte, var ho ifølgje fattigmanntalet plassert i Bergen og sidan på Kolstad på Manger: https://www.digitalarkivet.no/view/51/pc00000000072506 https://www.digitalarkivet.no/view/51/pc00000000068021 https://www.digitalarkivet.no/view/51/pc00000000066853 https://www.digitalarkivet.no/view/51/pc00000000057585 I 1910 var ho med eitt i Christiania: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036392300506 Men i 1922 var ho attende i Bergen: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01065522029287 Når det gjeld Christine Marie, ser eg at ho i fattigmanntalet er plassert på Strømsnes på Askøy: https://www.digitalarkivet.no/view/51/pc00000000072508 Der vart ho òg konfirmert i 1905: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000293382 Men i 1910 er ho kommi som tenestejente til Bergen: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036708002769 På 1980-talet var eg i kontakt med etterkomarar etter Johan Andreas, som fortalte meg om den sørgelege lagnaden til denne huslyden der alle borni vart «spreidde» i ulike fosterheimar. Dei hadde hatt kontakt med Agnes og visste om at August og Gustav hadde vore på Manger, der òg Johan var ei tid, men Christine visste dei ikkje noko om i det heile! Og frå onkelen i Amerika hadde det aldri kome ein lyd heim! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Denne unge mannen frå Luster freista eg spora opp i Amerika alt på 1980-talet, men fann ingen spor etter han! Når eg no tek opp att leitingi etter Nils, er eg forundra over at me sjølv med «moderne» kjelder likevel ikkje lukkast i å finna spor etter han: ** Nils Hansson Raaum/Sandvik, fødd i Luster 30.10.1876 som son av Hans Henrikson Sandvik og Synneva Larsdotter Raaum, utvandra til Amerika i 1892 Eg kan leggja til at Nils hadde ein yngre halvbror, Lars Hermundson Sandvik (1885-1967) som i 1905 utvandra til Amerika med reisemål North Dakota. Han busette seg på ein farm i Bottineau Co., ND! Lars var næraste slekt for Nils i Amerika, bortsett ifrå at faren Hans Henrikson Sandvik «stakk av» til Amerika i 1877 og farma i mange år i South Dakota før han flytte til Canada kort etter hundreårsskiftet! Det hadde vore kjempeflott om me greidde å finna att lagnaden til Nils i Amerika, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Kirsti Jensdotter Raaum, døypt i Luster 8.7.1798, levde ugift til ho 12.7.1847 henta heim Nils Pederson frå Molland i Hafslo, og dei budde som kårfolk og sidan plassfolk i Råaberget under Råum i Luster der Kirsti døydde 13.5.1869. Ho hadde tre born før ho gifte seg med Nils, men to av dei var tydeleg avlidne, og om sonen: * Johannes Johannesson,fødd i Hafslo 24.3.1832, heitte det at dei ikkje hadde høyrt gjete han sidan han reiste frå bygdi i ung alder! Her ser me at Johannes Johannesson Raaum flytte til Bergen i 1849 - 17 år gamal (#30): https://media.digitalarkivet.no/view/8401/207 Men opphaldet i Bergen varte ikkje lenge, for i 1851 flytte han til Nordland - 19 år gamal (#107): https://media.digitalarkivet.no/view/8401/213 Frå ei anna kjelde (passprotokoll?) får me opplyst at han i 1851 var middels høg, hadde blondt hår og blå auge. Frå endå ei anna kjelde, truleg ein lensmannsprotokoll, kan henda frå dødsmeldingi etter mori, får me so opplyst at Johannes var heime på ny i 1872, truleg for å gjera krav på arv etter mori, men kjeldene fortel oss ikkje kvar han då budde! Er det i det heile mogeleg å finna lagnaden til denne Johannes Johannesson Raaum? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Anna Johanna Eriksdotter Raaum var fødd i Luster 19.3.1877, dotter av gardbrukar Erik Erikson Raaum (1841-1924) og kona Maren Andersdotter f. Eikum (1843-1930) Ho nytta til dagleg namnet Johanna og er nemnd heime hjå foreldri * i 1891: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053010002515 * i 1900: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037351002719 Ætti hennar i Luster fortalte meg på 1980-talet at Johanna skule vera flytt til Christiania kort etter hundreårsskiftet og «skal ha» utvandra derifrå til Amerika. Men då skifti vart haldne etter foreldri hennar i Luster, får me vita at ingen hadde høyrt gjete ho etter 1912! Det hadde vore kjempekjekt om me endeleg i dag kunne finna ut noko meir om lagnaden hennar, både i Christiania og i Amerika og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! PS: Ho hadde ein einaste bror, Anders «Andrew Erickson», som utvandra til Amarika, og han busette seg i Latah Co., Idaho, men heller ikkje der har nokon høyrt gjete ho!
  5. Mari Tollefsdotter, dotter av Tollef Einerson (1763-1824) og Ingeborg Andersdotter (1798-1869), husmannsfolk på Meinsete i Råaberget i Luster, var fødd kring 1819, men er ikkje innskrivi i kyrkjeboki. Derimot finn me ho konfirmert i 1834, og same året er ho òg nemnd i dette skiftet: https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000001009167 Men sidan ser me ikkje noko meir til ho korkje i Luster eller i nabobygdene. Broren Anders (1822-1904) budde ei tid i Balestrand, men kom attende til Luster og døydde her som ugift legdelem! Er det mogeleg å finna ut kvar det vart av ho Mari? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  6. Gjertrud Marie Samuelsdotter Raaum er ei jente frå Luster som eg har vore på leiting etter i minst 40 år. Kanskje det no omsider er på tide å finna ut meir om lagnaden hennar? Ho var fødd i Luster 20.7.1872 som dotter av dåverande kårmann Samuel Bugge Erikson Raaum (1805-1897) og tredje kona hans Ingeborg Olsdotter (1833-1910). So vidt me veit, nytta ho til dagleg namnet Maria (eller Mary) etter at ho i 1893 utvandra til Amerika. Då far hennar døydde i Luster i 1897, var ho busett i Starbuck, Pope Co., MN. Mori Ingeborg døydde under namnet Ingeborg Samuelson i Madison, Lac qui parle Co., MN 10.1.1910, men nokon liktale (obituary) for ho har eg ikkje finne. Ættenamnet til Gjertrud Marie kan ha vore anten Raaum eller Samuelson. Etterkomarar etter søskeni hennar fortalte meg på 1980-talet at «aunt Mary» frå Starbuck, Pope Co., MN skal ha flytt til Milam, Chippewa Co., MN, men at ho døydde under ein sjukehusoperasjon før 1945, truleg på sjukehuset i Appleton, Swift Co., MN. Eg har ingen opplysningar om at ho var gift! Er det mogeleg ut ifrå desse opplysningane å finna ut: * Kva yrke ho hadde på ulike bustadar? * Kva dato og stad ho døydde? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  7. Hans Olson Raaum, sidan kjend som Henry O. Raaum, var fødd i Luster 3.1.1855 som son av Ole Olson og Britha Jensdotter, gardbrukarar på garden Råum i Luster. Hans/Henry utvandra til Amerika i 1873 og skal først ha busett seg i Willmar, Kandiyohi Co., MN der han var «laborer». Sidan flytte han som jarnbanearbeidar til Minneapolis, Hennepin Co., MN der me finn han i 1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6Q2W-XG4 men kort etter hundreårsskiftet forsvinn han for oss. Me trur han kan vera faren til Milbank, Grant Co., SD, men han må vera avliden ikkje lenge etter. Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om kva lagnad Hans/Henry kan ha hatt i Amerika!
  8. Dette er ei utfordring som eg har hatt liggjande i mange år, men som eg aldri har greidd å komma nokon veg med. I kveld er eg endeleg komen eit stykke på veg! Eg attgjev eit oppdatert manuskript for husmannsplassen Moseng under garden Josvanger i Hafslo: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye oppdagingar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #3 under! Her ser me John Roum etter ankomsten til Pope Co., MN i 1885: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DWPS-1L9 Her er John «single» i 1910 på eit «insane asylum» i Orofino precinct, Nez Perce Co., ID: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RKS-24V Her er Anna Roum som enkje i 1940 i Spokane, WA med mellom anna dotter Margaret Christie: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QSQ-G9M1-Q84R Og gravi til Anna Raaum (1848-1944) i Spokane, WA: https://billiongraves.com/grave/person/4000841 Og her er dødsfallet til dotteri Margaret Christie i Spokane, WA: Age 97 Given Name Margaret Surname Christie Birth Date 21 Nov 1872 State Washington Last Place of Residence Spokane, Washington Previous Residence Postal Code 99203 Event Date 15 Jul 1969 Margaret og Thomas Christie i Troy, ID 1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DYW9-KP1 Margaret og Thomas Christie i Troy, ID 1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRV7-LYY Margaret og Thomas Christie i Troy, ID 1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9R6W-SD Margaret og Thomas Christie i Spokane, WA 1930: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRZB-K67 Første gongen Anna dukker opp er i FT1920 då ho som enkje budde hjå dotteri i Troy, ID. Men den store utfordringi her er heilt klart å finna att John og Anna fram til 1920! ** Kvar var dei i 1900? ** Kvar var Anna i 1910? ** Kvar vart det av John etter 1910? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.