Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'sandvik'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 4 resultater

  1. Dette er ein huslyd som eg òg har slite med i mange år, utan nemneverdig resultat! Slekti fortel at denne Hans Sandvik reiste til Nord-Noreg og gifte seg der med Andrea Einum frå Vardø. So utvandra dei til Amerika og dreiv mellom anna eit hotell der borte til dei i 1934 flytte attende til Bergen. Hans døydde i Bergen i 1938, og Andrea kom til sist atende tul Vardø og døydde der i 1951. No har eg finne nokre detaljar gjennom «moderne» kjelder, men ikkje noko om at dei budde nordpå, og heller ikkje at dei dreiv hotell i Amerika. Manuskriptet mitt ser no slik ut: ~~~~~~~~~~~~~ Hans Olson {Sandvik}, f. {i Luster} 29.8.1856, Hans O. Sandvik flytte i ung alder som sjømann til Tromsø, men gifte seg ##### (dato og stad for vigsli deira? – finn dei ikkje i Vardø!! – 1910: hadde vore gifte i 15 år!) med Andrea Berentine Andersdotter Einum frå Vardø, ei søsterdotter av kona til husmannssonen Anders Andersson frå Grandane under Flattun (1845-1911). Andrea var dotter av fiskar Anders Arntson Einum i Vardø, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Maria Magdalena Isaksdotter Clemo frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Vardø 12.11.1869. Hans var Steinarbeidar, og han og Andrea budde på Frydenlund i Ankenes, Narvik ##### (budde i alle fall der frå 1900 til 1907! - kva med 1890-talet?) men utvandra til Amerika, han i 1906 og ho i 1907. Me finn att Hans som fiskar («fisher man»), og han og Andrea busette seg i Schroeder township, Cook Co., Minn. ##### (finn dei ikkje att etter 1920! – kvar kan dei då ha vore? – det vert i Noreg fortalt at Hans skal ha drive hotell før han kom attende til Bergen i 1934!) men i 1934 kom dei attende til Noreg. Dei busette seg då i Bergen der Hans livnærte seg som steinhoggar. Han d. i Bergen 6.7.1939. Andrea flytte same året attende til Vardø der ho d. 5.4.1951. Dei var barnlause. ~~~~~~~~~~~~~ Mellom dei opplysningane som eg no har oppdaga hjå FamilySearch er desse: * Ankomsten til Andrea Sandvik i Amerika i 1907: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-99D9-CT4T * Parfolket i FT1910 for Cook Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RVN-VWQ * Parfolket i FT1920 for Cook Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RXR-HWT Det hadde vore kjempeflott om nokon greidde å finna ut av denne «jungelen», og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Det er fleire ungdomar som berre «forsvinn» frå heimbygdi Luster ved midten av 1800-talet utan at me kan finna noki forklaring på dette. Ei av dei er: Gjertrud Olsdotter Sandvik eller Tandle, fødd i Luster 10.11.1839: https://media.digitalarkivet.no/view/11592/64 Foreldri var Ole Nilsson (1804-1862) og Mari Eriksdotter (1814-1862), plassfolk på Sandvikøyri under garden Tandle i Luster. Gjertrud vart konfirmert i Luster i 1856 etter to års førebuingar(?): https://media.digitalarkivet.no/view/8401/131 Men det er det siste me ser til ho! Gjertrud hadde berre to søsken som voks opp: * Elsa Olsdotter (1836-1922) utvandra til Amerika i 1861 i lag med Dyre Dyreson Prestegard (1831-1903), og dei dukkar opp i Buffalo Co., WI alt hausten same år då sonen Arne var fødd 1.11.1861. Vigsli deira har eg aldri finne... * Hans Olson (1856-1939), drøfta i Brukarforum under dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/223214-hans-olson-sandvik-1856-frå-luster-og-andrea-berentine-einum-1869-frå-vardø-gifte-kring-1890-men-kvar-budde-kvar-til-amerika-i-1907-eit-underleg-parfolk/ Båe foreldri døydde i 1862, og me finn yngstemann Hans att i FT1865 som legdelem hjå ein nabo i Gaupne: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1426&kenr=010&bnr=0071&lnr=000 Alle gode tips om kvar det kan ha vorte av Gjertrud Olsdotter, vert mottekne med òpne armar!
  3. Denne unge mannen frå Luster freista eg spora opp i Amerika alt på 1980-talet, men fann ingen spor etter han! Når eg no tek opp att leitingi etter Nils, er eg forundra over at me sjølv med «moderne» kjelder likevel ikkje lukkast i å finna spor etter han: ** Nils Hansson Raaum/Sandvik, fødd i Luster 30.10.1876 som son av Hans Henrikson Sandvik og Synneva Larsdotter Raaum, utvandra til Amerika i 1892 Eg kan leggja til at Nils hadde ein yngre halvbror, Lars Hermundson Sandvik (1885-1967) som i 1905 utvandra til Amerika med reisemål North Dakota. Han busette seg på ein farm i Bottineau Co., ND! Lars var næraste slekt for Nils i Amerika, bortsett ifrå at faren Hans Henrikson Sandvik «stakk av» til Amerika i 1877 og farma i mange år i South Dakota før han flytte til Canada kort etter hundreårsskiftet! Det hadde vore kjempeflott om me greidde å finna att lagnaden til Nils i Amerika, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Christopher Christenson var fødd som «uekte» son i Luster 24.12.1863 av foreldri Christen Andersson Leirmo (1837-1925) og jenta Torborg Christophersdotter Sandvig (1841-1869): https://media.digitalarkivet.no/view/8402/42 Christopher vart konfirmert i Luster 6.7.1879 og heitte då Sandvig: https://media.digitalarkivet.no/view/6916/257 Christopher utvandra til Amerika i 1880 og nytta då namnet Leirmo: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000662599 Næraste slekti Christopher hadde i Amerika var ei moster Gjertrud Marie Christophersdotter Sandvig (1847-1929) som utvandra i 1874 til Buffalo Co., WI og gifte seg der med Peter Everson (1854-1924), men der kan eg ikkje sjå noko til Christopher! Det hadde vore so kjekt om me kunne finna att denne guten i Amerika, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.