Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'einum'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 1 resultat

  1. Dette er ein huslyd som eg òg har slite med i mange år, utan nemneverdig resultat! Slekti fortel at denne Hans Sandvik reiste til Nord-Noreg og gifte seg der med Andrea Einum frå Vardø. So utvandra dei til Amerika og dreiv mellom anna eit hotell der borte til dei i 1934 flytte attende til Bergen. Hans døydde i Bergen i 1938, og Andrea kom til sist atende tul Vardø og døydde der i 1951. No har eg finne nokre detaljar gjennom «moderne» kjelder, men ikkje noko om at dei budde nordpå, og heller ikkje at dei dreiv hotell i Amerika. Manuskriptet mitt ser no slik ut: ~~~~~~~~~~~~~ Hans Olson {Sandvik}, f. {i Luster} 29.8.1856, Hans O. Sandvik flytte i ung alder som sjømann til Tromsø, men gifte seg ##### (dato og stad for vigsli deira? – finn dei ikkje i Vardø!! – 1910: hadde vore gifte i 15 år!) med Andrea Berentine Andersdotter Einum frå Vardø, ei søsterdotter av kona til husmannssonen Anders Andersson frå Grandane under Flattun (1845-1911). Andrea var dotter av fiskar Anders Arntson Einum i Vardø, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Maria Magdalena Isaksdotter Clemo frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Vardø 12.11.1869. Hans var Steinarbeidar, og han og Andrea budde på Frydenlund i Ankenes, Narvik ##### (budde i alle fall der frå 1900 til 1907! - kva med 1890-talet?) men utvandra til Amerika, han i 1906 og ho i 1907. Me finn att Hans som fiskar («fisher man»), og han og Andrea busette seg i Schroeder township, Cook Co., Minn. ##### (finn dei ikkje att etter 1920! – kvar kan dei då ha vore? – det vert i Noreg fortalt at Hans skal ha drive hotell før han kom attende til Bergen i 1934!) men i 1934 kom dei attende til Noreg. Dei busette seg då i Bergen der Hans livnærte seg som steinhoggar. Han d. i Bergen 6.7.1939. Andrea flytte same året attende til Vardø der ho d. 5.4.1951. Dei var barnlause. ~~~~~~~~~~~~~ Mellom dei opplysningane som eg no har oppdaga hjå FamilySearch er desse: * Ankomsten til Andrea Sandvik i Amerika i 1907: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-99D9-CT4T * Parfolket i FT1910 for Cook Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RVN-VWQ * Parfolket i FT1920 for Cook Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RXR-HWT Det hadde vore kjempeflott om nokon greidde å finna ut av denne «jungelen», og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.