Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'kaupanger'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 1 resultat

  1. Dette er ein huslyd som eg har slite med i 30 år, og eg hadde vel ei lita von om at dei nye bygdebøkene for Kaupanger skulle hjelpa meg finna svar på spørsmåli mine, men diverre vart det med voni.... So no vil eg freista om nokon kan hjelpa meg i Brukarforum? Her er eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~ Jens Paulson {Mosevold}, døypt {i Jostedalen} 25.5.1806, Jens Paulson flytte til Sogndal med mori kring 1820 og gifte seg der 30.6.1834 med Britha Hansdotter frå Foss i Sogndal. Ho var dotter av husmann Hans Olson på Malthaug under Foss, opphavleg frå Uglum, og kona Guri Andersdotter frå Stedje og vart døypt i Sogndal 5.12.1812. Jens og Britha slo seg ned som plassfolk i Hola under Kaupanger i Sogndal der Jens d. 18.4.1866. Britha Hansdotter d. som husmannsenkje same staden 29.1.1903. Ho og Jens fekk ti born i lag: a. Gunnhild Jensdotter, f. i Sogndal 25.11.1834, gifte seg i Sogndal 9.11.1860 med Knut Nilsson frå Vollevik i Vik, f. i Vik 10.7.1831. Knut vart nemnd handelskar i 1860, og i 1861 fekk Gunnhild attest for å flytta til Vik. Knut og Gunnhild budde truleg ei tid på Odlene i Arnafjorden, Vik, men flytte visstnok derifrå alt kring 1862. Kan henda utvandra dei då til Amerika, for i 1866 finn me att Knute og Gunnilde Nelson som farmarar i Pilot Mound township, Fillmore Co., Minn. der Gunnilde d. kring 1868. Knute gifte seg 10.12.1869 att i Fillmore Co., Minn. med enkja Anna Knutsdotter, opphavleg husmannsdotter frå Husabø i Leikanger. Ho var f. i Leikanger 22.2.1843, men utvandra til Amerika kring 1862. Ho hadde før vore gift med Torsten Torkildson frå Jordal i Balestrand, truleg kjend som Torsten Thompson. Knute og Anna heldt fram som farmarar i Pilot Mound township, Fillmore Co., Minn. til dei i 1882 selde farmen og flytte derifrå, ##### (seinare lagnad?) Knute fekk visstnok i alt ni born, tre frå første ekteskapet og seks frå det andre; dessutan hadde første kona Gunnilde ein son frå før, medan Anna hadde minst to born frå første ekteskapet sitt. b. Hans Jensson, f. i Sogndal 9.12.1836, d. som kårmann i Hola under Kaupanger 8.11.1898. Han gifte seg i Sogndal 17.10.1872 med Anna Baardsdotter frå Neset under Amla nedre i Sogndal. Ho var f. i Sogndal 10.8.1839 og d. i Hola 24.6.1930. Hans og Anna tok over heimeplassen hans i Hola under Kaupanger og vart buande der levetidi ut. Dei fekk ei dotter i lag, men Anna hadde òg ei dotter frå før. c. Guri Jensdotter, f. i Sogndal 16.3.1839, gifte seg i Sogndal 3.4.1866 med Ole Johannesson frå Vatnet under Lægreid i Årdal, f. i Årdal 3.5.1841. Ole var handelskar i 1866. ##### (lagnaden deira?) d. Kari Jensdotter, f. i Sogndal 22.1.1842, levde i 1865 og budde då i Sogndal, men den seinare lagnaden hennar er ukjend. ##### (lagnaden hennar? – arbeidde på Fana Spinneri?) e. Anna Jensdotter, f. i Sogndal 20.3.1844, fekk ein son i Sogndal i 1870, men ser sidan ut til å vera faren frå Sogndal utan at me veit noko om lagnaden hennar. ##### (lagnaden hennar?) f. Anders Jensson, f. i Sogndal 27.6.1846, d. i Sogndal 29.6.1846. g. Bertha Jensdotter, f. i Sogndal 12.4.1848, d. i Sogndal 14.4.1848. h. Jens Jensson, f. i Sogndal 22.2.1851, flytte i 1877 til Nordland ##### (lagnaden hans?) i. Bertha Jensdotter, f. i Sogndal 19.5.1854, gifte seg i Sogndal 11.6.1877 med Nils Torbjørnson frå Rudsviki på Kaupanger, Sogndal, f. på Borlaug i Feios, Leikanger 3.4.1849. Bertha og Nils budde først nokre år i Rudsviki på Kaupanger, men utvandra til Amerika med to born i 1881. ##### (lagnaden deira?) j. Britha Jensdotter, f. i Sogndal 31.7.1856, gifte seg i Sogndal 7.10.1878 med Anders Olson frå Haukåsen på Kaupanger. Han var f. i Sogndal 2.6.1853. Britha og Anders utvandra til Amerika med ein son i 1880. ##### (lagnaden deira?) ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.