Guro Olsdotter Aspevig var fødd i Lærdal 10.3.1837 og var gift i Lærdal med husmann Hans Andersson Sandnes (1835-1870). Dei fekk fire born i lag, deriblant tre døtrer, Synneva 1862, Metta Kirstine 1865 og Ragnhild 1869.
I 1883 utvandra Guro Aspevig med dei tre døtrene til Atlanta township, Becker Co., MN, og der budde Guro i 1885, 1900 og 1910. Berre i 1895 var ho i Home Lake township, Norman Co., MN.
* Men kvar vart det av Guro Aspevig etter 1910?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!