Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'nelson'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 3 results

  1. Dette er ein huslyd som eg hadde god kontakt med då eg første gongen arbeidde med soga deira på 1980-talet. Særleg hugsar eg at ein av etterkomararne (barneborni) fortalte meg dei hadde hatt storopprydning etter at eitt av søskeni (borni) døydde på 1950-talet, og der gjekk ein bråte med gamle brev på bålet!!! Vel, eg har no freista finna ut meir om dei to søskeni som utvandra til Amerika og har lukkast langt på veg, men ei stor utfordring er å finna ut kven den tysk-norske svigersonen John C. Wilson kan ha vore? Og kanskje like vanskeleg, den svenske svigerdotteri Nettie Nelson. Men den største utfordringi er truleg svigerdotteri Mathilda...? No vonar eg på eksperthjelp frå Brukarforum og legg fram eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Kirstina Ellingsdotter {Talle}, f. {i Luster} 5.5.1838, Christine Ellingsdotter flytte i ung alder til Bergen der ho 26.6.1864 gifte seg med Peder Haagenson frå Navarsete i Sogndal, ein son av gardbrukardotteri Britha Pedersdotter frå Kvam nedre i Hafslo (1816-1899), i Bergen kjend som Peder Haakonsen. Han var f. i Sogndal 16.7.1841. Peder var ei tid dagarbeidar i Bergen, men vart sidan stuert. Han og Christine budde mange år i Fjeldgaten i Bergen, men flytte sist i 1870-åri inn i eit nytt hus som dei då bygde i Torden­skjoldsgaten. Peder d. der 18.1.1896, medan Christine Haakonsen d. same staden 23.4.1908. Dei fekk åtte born i lag: a. Johanna Andrea Pedersdotter Haakonsen, f. i Bergen 14.8.­1862, d. i Bergen 7.4.1863. b. Johanna Andrea, kjend som Hannah Pedersdotter Haakonsen, f. i Bergen 5.6.1864, utvandra til Amerika i 1883 ##### (sjekka utvandringsåret?) og gifte seg i Minneapolis, Minn. 17.1.1891 med ##### (norsk namn og opphav?) i Amerika kjend som John C. Wilson. Han var son av ##### (foreldri med yrke, bustad og opphav? - faren skal vera TYSK av fødsel - jmf. dødsattest - mori norsk) og f. ##### (fødestaden hans? - fødselsår 1860?) 30.5.1858, men utvandra til Amerika i 1878 ##### (sjekka utvandringsåret?) John var ei tid maskinist («machinist») i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., men han og Hannah vart sidan fruktfarmarar i Greenwood township, Hennepin Co., Minn. der John d. 28.7.1934. Hannah Wilson d. same staden 25.1.1938. Dei var barnlause. c. Karen Berentine Pedersdotter Haakonsen, f. i Bergen 19.7.1866, d. i Bergen 3.12.1868. d. Haakon Theodor Pederson Haakonsen, kjend som Hawkin Hawkenson, f. i Bergen 13.4.1869, utvandra til Amerika i 1887 og gifte seg første gongen i Minneapolis, Minn. 9.1.1896 med ##### (svensk namn og opphav?) i Amerika kjend som Nettie Nelson. Ho var dotter av ##### (foreldri hennar med yrke, bustad og opphav?) og f. ##### (fødestaden hennar? - i Sverige!) 19.9.1870, men utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret hennar? - 1886?) Hawkin var køyrekar og sidan prenteverksarbeidar («teamster and printer's stockman»), og han og Nettie budde levetidi ut i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der Nettie d. 27.4.1930. Hawkin gifte seg att ##### (ei Mathilda levde att som enkje etter Hawkin i 1937! - kven var ho??) men so d. Hawkin i Minneapolis, Minn. 27.7.1937, medan Mathilda ##### (lagnaden hennar?) Hawkin fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine. e. Henrik Johan Pederson Haakonsen, f. i Bergen 9.7.1871, d. i Bergen 11.5.1952. Han gifte seg i Bergen 5.12.1897 med Othilie Marie Andreasdotter Ludvigsen frå Bergen, f. i Bergen 8.10.1875. Ho d. i Bergen 19.11.1952. Henrik Haakonsen var typograf, og han og Othilie budde i Bergen levetidi ut. Dei fekk sju born i lag. f. Eilert Johan Pederson Haakonsen, f. i Bergen 1.9.1873, d. i Bergen 25.8.1922. Han gifte seg i Bergen 21.3.1897 med Kristine Hansine Martine Hansdotter Olsen frå Bergen. Ho var f. i Bergen 23.4.1876 og d. i Bergen 29.4.1958. Etter mange år som enkje gifte ho seg att ##### (dato og stad for denne vigsli? - kring 1936) med Annanias Johannes Johannessen frå ##### (opphavet hans?) Han var f. ##### (fødestaden hans?) 30.1.1874 og d. i Bergen 28.8.1955. Eilert Haakonsen var først sjømann og sidan fabrikkarbeidar i Bergen, medan Annanias Johannessen var bakar. Huslyden budde i Bergen levetidi ut. Kristine fekk i alt sju born, alle frå første ekteskapet med Eilert Haakonsen. g. Peder Christian Pederson Haakonsen, f. i Bergen 21.12.1875, d. i Bergen 24.2.1954. Han gifte seg i Bergen 28.11.1903 med Anna Katrine Johannesdotter Larsen frå Bergen, f. i Bergen 13.2.1880. Ho d. i Bergen 13.11.1964. Peder Christian Haakonsen var snikkarsvein og arbeidde på ein pianofabrikk i mange år. Han og Anna budde i Bergen levetidi ut og fekk fem born i lag. h. Henriette Sofie Pedersdotter Haakonsen, f. i Bergen 8.6.1881, d. ugift i Bergen 2.8.1906. ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Albert Lovinus Nelson, eldste son av Zacharias Nilsson Tho frå Tysnes og Ragnhild Olsdotter Skildum frå Luster, var fødd i Columbia Co., WI 1.5.1871, men flytte året etter med foreldri til Winnebago Co., IA. Slekti har fortalt meg at Albert reiste heimefrå sist i 1880-åri, og siste gongen ein høyrde gjete Albert var i 1919. Då var han jarnbanearbeidar og budde i Grand Forks, ND. Er det mogeleg å finna ut kvar det vart av denne norsk-amerikanaren? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Bygdebokprosjektet for Luster kommune er i avslutningsfasen, og eg vil i kveld gjerne få syna fram denne kjempeutfordringi som i utgongspunktet er ein del av følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/173530-ole-iverson-everson-1818-og-kirsti-stina-olson-1822-ei-amerikansk-utfordring/ Eg har freista samla dei manglande detaljane om denne huslyden gjennom fleire års aktiv innsats i Amerika, men no står eg fullstendog «bom fast», og det hadde vore so kjekt for prosjektet vårt om i alle fall nokre av «tomrommi» kunne verta fyllte med svar... No er ekspertisen i Brukarforum mi siste von! Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~~~ 1. Mari Olsdotter (Krogen), f. i Hafslo 4.1.1845, Mary Olson utvandra til Amerika i 1862 og gifte seg i Dane Co., Wis. 21.3.1864 med enkjemannen Johannes Nilsson, opphavleg frå Bakka i Aurland, i Amerika kjend som John B. Nelson. Han var son av husmann Nils Abrahamson på ein plass under Bakka, opphavleg frå ein plass under Styvi, og kona Anna Mortensdotter frå ein plass under Ramsøy. Nils var ein soneson av Rasmus Torkildson (1728-1789) som før hadde vore husmann her på Skophammar under Kroken (sjå ovanfor). John var f. i Aurland 15.10.1837 og gifte seg første gongen i Aurland 28.3.1858 med Ingeborg Knutsdotter frå Loven i Aurland. Ho var dotter av gardbrukar Knut Ellingson på Haugen, Loven og kona Kari Larsdotter frå Otternes og f. i Aurland 7.9.1822. John og Ingeborg utvandra til Amerika i 1858 og busette seg i McFarland, Dane Co., Wis. der Ingeborg d. kring 1863. John var smed («blacksmith»), og han og Mary budde nokre år i Black Earth, Dane Co., Wis. og sidan i Bloomington, Grant Co., Wis., men flytte kring 1875 til Albert Lea, Freeborn Co., Minn. Kring 1879 flytte dei vidare til St. James, Watonwan Co., Minn. og i 1881 derifrå til Mankato, Blue Earth Co., Minn. der dei sidan budde levetidi ut. John d. i Mankato, Minn. 3.2.1910, medan Mary Nelson d. same staden 10.1.1911. John skal i alt ha hatt femten born, tre frå første ekteskapet og tolv frå det andre, men eitt av borni frå andre ekteskapet d. kort etter fødsli utan at me kjenner korkje namn eller datoar. Derimot tok dei til seg og fostra opp einaste dotteri til eldste dotter hans: a. Anna Bertine, kjend som Annie B. Nelson, f. i Dane Co., Wis. 22.12.1858, d. i Freeborn Co., Minn. 16.3.1912. Ho gifte seg i Mankato, Minn. 31.5.1907 med enkjemannen Knut Knutson, opphavleg frå Nystuen i Vang, Valdres, i Amerika kjend som Knut Nystuen. Han var son av gardbrukar og gjestgjevar Knut Johnson på Nystuen og andre kona Kari Olsdotter frå Midtljøsne i Lærdal og f. i Vang 18.2.1845. Han gifte seg første gongen i Vang 27.6.1872 med Maren Johnsdotter Wangensteen frå Kvam i Vang. Ho var dotter av gardbrukar og lensmann John Larsson Wangensteen på Kvam og kona Ingrid Jørgensdotter frå Ringestad i Vestre Slidre og f. i Vang 26.3.1851. Knut og Maren var ei tid gardbrukarar på Herstad i Nes, Hedmark, men utvandra derifrå til Amerika i 1882. Me finn dei att under namni Knut og Maren Nystuen som farmarar i Silver Lake township, Worth Co., Ia., men kring 1890 flytte dei til ein farm i Albert Lea township, Freeborn Co., Minn. der Maren d. 1.3.1903. Knut arbeidde sidan som postbod («rural mail carrier»), men han og Annie vart buande i Albert Lea township, Freeborn Co., Minn., men i dei seinare åri flytte Knut mellom tre av døtrene sine i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., i Desloge, St. Francois Co., Mo. og i Auburndale, Wood Co., Wis. Han d. i Auburndale, Wis. 25.10.1929. Knut og Annie fekk ikkje born i lag, men Knut hadde ni born frå første ekteskapet sitt. Annie hadde òg ei dotter som vart oppali hjå far og stemor hennar (sjå nedanfor). b. Kari Nelson, f. i Dane Co., Wis. 6.4.1861, d. kort etter fødsli. c. Knut, kjend som Knute B. Nelson, f. i Dane Co., Wis. 9.10.1862, d. i St. Paul, Minn. 24.6.1917. Han gifte seg i St. Paul, Minn. 26.8.1886 med Julia A. ¤¤¤¤¤ (middle name? – were members of the Lutheran church of Preston, MN chartered in 1875! – confirmed there? – parents Jacob and Marie Kramer are buried in the Crown Hill cemetery!) Kramer, f. i Stratford, Ont. 24.5.1863. Ho d. i Los Angeles, Cal. 21.10.1949. Knute var snikkar («carpenter»), medan Julia var butikkdame («department store sales woman»). Parfolket budde for det meste i St. Paul, Ramsey Co., Minn. Som enkje gifte Julia seg kring 1921 att i St. Paul, Minn. med Philip Anthony, kjend som Anthony Springer, f. i Ramsey Co., Minn. 7.11.1864. Han d. i St. Paul, Minn. 24.12.1940. Anthony var farmar og spannkøyrar («farmer and teamster») og budde i Roseville, Ramsey Co., Minn., men alt i 1926 flytte Julia attende til Preston, Fillmore Co., Minn. for å stella for ei sjuk søster. Frå 1946 var ho so busett hjå ei anna søster i Los Angeles, Cal. Ho fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine. d. Nils, kjend som Nels B. Nelson, f. i Dane Co., Wis. ¤¤¤¤¤ (exact date of his birth?) 1866, d. i Albert Lea, Minn. 24.10.1877. e. Kjerstine, kjend som Stena Nelson, f. i Dane Co., Wis. 17.3.1868, d. i Mankato, Minn. 18.9.1950. Stena gifte seg første gongen i Mankato, Minn. 8.6.1892 med Oscar Frank Anderson, f. i Chicago, Ill. 7.12.1864. Oscar var murarbeidar («bricklayer»), og han og Stena budde i Mankato, Blue Earth Co., Minn. der Frank d. 12.5.1900. Stena gifte seg 16.2.1907 att i Mankato, Minn. med enkjemannen Edward G. ¤¤¤¤¤ (middle name?) Harvey, f. i Sauk Co., Wis. 29.10.1869. Han d. i Mankato, Minn. 5.8.1937. Edward var i mange år støyperiarbeidar og sidan parkarbeidar («foundry moulder and park caretaker»), og han og Stena budde òg i Mankato, Blue Earth Co., Minn. Stena fekk i alt fem born, tre frå første ekteskapet og to frå det andre; dessutan hadde Edward to born frå første ekteskapet sitt. f. Ole Nelson, f. i Dane Co., Wis. 14.4.1869, d. kort etter fødsli. g. Nettie J. ¤¤¤¤¤ (full name?) Nelson, f. i Grant Co., Wis. 27.6.1872, d. i St. Paul, Minn. 10.1.1945. Ho gifte seg første gongen i Nicollet Co., Minn. 4.3.1897 med enkjemannen Martin L. ¤¤¤¤¤ (middle name?) Yeoman, f. i Clinton Co., Mich. 28.12.1858. Han d. i Minneapolis, Minn. 1.12.1918. Martin var vogn- og skiltmålar («carriage and sign painter»), medan Nettie var kjolesyerske («dressmaker»). Dei budde nokre år i Mankato, Blue Earth Co., Minn., men flytte kring 1902 til Minneapolis, Hennepin Co., Minn. Nettie gifte seg so att i St. Paul, Minn. 21.5.1921 med enkjemannen Gabriel Pederson, opphavleg frå Østerhus i Strand, i Amerika kjend som Gabriel Peterson. Han var son av gardbrukar Peder Knutson på Østerhus og kona Gunnhild Asbjørnsdotter frå Nerhus og f. i Strand 28.11.1851, men utvandra visstnok til Amerika i 1878. Gabriel gifte seg første gongen i St. Paul, Minn. 15.6.1882 med Anna Rebecca Hansdotter frå Sletner i Fet, Akershus, i Amerika kjend som Anna R. Stenerud. Ho var dotter av gardbrukar Hans Hansson på Sletner, Ånerud og kona Christina Torstensdotter frå Svendal under Svindal og f. i Fet 9.11.1848, men utvandra til Amerika i 1870. Ho d. i St. Paul, Minn. 9.6.1901, medan Gabriel d. same staden 25.4.1934. Gabriel var mjølkeprodusent («dairy farmer») og budde i St. Paul, Ramsey Co., Minn. Han fekk i alt fem born, som alle var frå første ekteskapet med Anna, som òg hadde ein son frå før. Nettie fekk sjølv to born, som båe var frå ekteskapet med Martin, men båe d. kort etter fødsli. Martin hadde fire born frå første ekteskapet sitt. h. Othelia, ¤¤¤¤¤ (middle name?) kjend som Tillie Nelson, f. i Grant Co., Wis. 30.6.1874, ¤¤¤¤¤ (death record says she was born May 30! – what is correct?) d. i Mankato, Minn. 12.10.1947. Ho gifte seg i Mankato, Minn. 13.3.1895 med Fred W. ¤¤¤¤¤ (middle name?) Swan, f. i Ramsey Co., Minn. 12.3.1872. Han d. i Mankato, Minn. 20.1.1933. Fred var kommunearbeidar og sidan spannkøyrar («city worker and teamster»), og han og Tillie budde i Mankato, Blue Earth Co., Minn. Dei fekk ni born i lag. i. Maria, kjend som Mary B. Nelson, f. i Freeborn Co., Minn. 30.6.1876, d. i St. Peter, Minn. 19.11.1956. Ho gifte seg i Mankato, Minn. 12.8.1903 med John James Grimm, f. i Lafayette Co., Wis. 25.10.1875. Han d. i St. Peter, Minn. 13.3.1959. John var maskinist («machinist»), og han og Mary budde mellom anna i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. og i Duluth, St. Louis Co., Minn., men var frå 1927 busette i Mankato, Blue Earth Co., Minn. Dei fekk to born i lag. j. Nilla, kjend som Nellie Nelson, f. i Freeborn Co., Minn. 5.10.1878, d. i Mankato, Minn. 1.3.1922. Nellie gifte seg i Mankato, Minn. 1.5.1901 med Henry Stevens Devens, f. i Blue Earth Co., Minn. 29.10.1878. Han d. i Mankato, Minn. 21.12.1946. Som enkjemann gifte han seg 17.6.1929 att med enkja Helen C. Hottinger Polchow, f. i Brown Co., Minn. 2.5.1878. Ho d. i St. Peter, Minn. 9.3.1960. Henry var mellom anna lastebilførar, butikkmann og kommunearbeidar («truck driver, furniture store salesman and city worker») og budde i Mankato, Blue Earth Co., Minn. Han fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, men andre kona Helen hadde ein son frå første ekteskapet sitt. k. Julia R. ¤¤¤¤¤ (middle name?) Nelson, f. i Blue Earth Co., Minn. 17.9.1881, d. i Blue Earth Co., Minn. ¤¤¤¤¤ (date and place of her death? – prior to 1885!) l. Henry C. ¤¤¤¤¤ (middle name?) Nelson, f. i Blue Earth Co., Minn. 2.6.1883, d. i Blue Earth Co., Minn. ¤¤¤¤¤ (date and place of his death? – prior to 1885!) m. Clara B. ¤¤¤¤¤ (middle name?) Nelson, f. i Blue Earth Co., Minn. 28.5.1887, d. i Mankato, Minn. 25.2.1951. Clara gifte seg første gongen i Mankato, Minn. 24.4.1907 med Magnus A. ¤¤¤¤¤ (middle name?) Gronquist, f. i Eau Claire Co., Wis. 28.10.1885. Han d. ved eit ulukkeshende i Mankato, Minn. 29.7.1916. Magnus var jarnbanemaskinist («railroad engineer»), og han og Clara budde i Mankato, Blue Earth Co., Minn. Clara gifte seg 16.2.1928 att i Mankato, Minn. med Will ¤¤¤¤¤ (full first and middle names? – son Dudley Gray of Elmhurst, IL) Gray, f. i Keokuk Co., Ia. 7.1.1875. Han d. i Mankato, Minn. 18.9.1947. Will var symaskinseljar («sewing machine salesman»), og han og Clara budde òg i Mankato, Blue Earth Co., Minn. Clara fekk ei dotter, som var frå første ekteskapet, men Will Gray hadde òg ein son frå første ekteskapet sitt. n. Hattie N. ¤¤¤¤¤ (middle name?) Nelson, f. i Blue Earth Co., Minn. 10.12.1889, d. i Mankato, Minn. 14.1.1972. Ho gifte seg i Mankato, Minn. 4.6.1913 med Lloyd Wesley Rowland, f. i Watonwan Co., Minn. 9.2.1892. Han d. i Mankato, Minn. 28.3.1962. Hattie var i mange år telefondame («telephone operator»), medan Lloyd var møbelsnikkar («cabinet maker»). Dei budde i Mankato, Blue Earth Co., Minn. og fekk ei dotter i lag. 0. Edith M. ¤¤¤¤¤ (middle name?) McLaney, dotter av Annie Nelson og soleis dotterdotter av John Nelson, var f. i Blue Earth Co., Minn. 4.4.1890 og d. i Mankato, Minn. 4.11.1956. Ho gifte seg i Mankato, Minn. 17.9.1912 med William Francis O’Brien, f. i Rice Co., Minn. 19.5.1891. Han d. i Mankato, Minn. 12.10.1971. William var ei tid butikkmann («shop keeper»), men var lengste tidi leiar for ei reinseriverksemd («towel cleaning business manager»). Han og Edith budde levetidi ut i Mankato, Blue Earth Co., Minn., men var barnlause. ~~~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og vonar at «gullalderen» enno ikkje er forbi!
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.