I eit gamalt tema i Brukarforum finn eg ein referanse til «Studenterne ved Københavns Universitet 1479-1602».
Uttrykket tyder på at dette er publisert matrikkel, men KVAR er den å finna - eventuelt i ein søkberr online versjon? Eg er særleg interessert i siste helfti av 1500-talet.
Finst det elles andre universitet som kunne vera aktuelle for danske/norske borgarar på slutten av 1500-talet? Kan henda Rostock?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
PS: I det gamle Brukarforum #67472 finn eg følgjande innlegg:
Gjest Lars Ove Wangensteen
Skrevet Februar 23, 2009
Studenterne ved Københavns Universitet 1479 - 1602 Av H.Friis- Petersen 1942.Dette verket finnes kun i 3 fotokopierte eksemplarer, hvorav et er på landsarkivet i København. Dette har jeg nå fått fotografert, og jeg har publisert del 1 (side 1-51 eller 1479-1564). Resten kommer etterhvert, men dette er nok for de fleste helt ukjent materiale.
Kanskje Lars Ove kan bidra med noko for perioden 1565-1600?