Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'nitter'.



Flere søkevalg

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 1 resultat

  1. Er er i dag gjennom eit innlegg #12 i følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/202054-henrik-nitter-ludvigson-1832-1861-til-amerika-1852-ektemakar-og-ektemakars-ektemakar-frå-røldal-lardal-gloppen-og-vik-vangsnes-hjelp/ vorten merksam på ein huslyd med bakgrunn i Luster, som eg aldri greidde å skriva ein komplett biografi for då eg arbeidde med denne øtti på 1980-talet. Kanskje dette vert mogeleg i dag med langt fleire disponible kjelder? Utgongspunktet er Sophia Tøgersdotter Nitter frå Rønnei i Luster, fødd der kring 1708. Ho gifte seg første gongen i Luster 23.11.1733 med enkjemannen Christopher Larsson Skagen (1689-1739). Dei fekk fire born i lag, som alle vart buande i Luster. Denne delen av ætti har eg fullt oversyn over. Men so gifte Sophia seg 12.11.1741 att i Årdal med ein ny enkjemann, Ole Olson Lægreid (1708-1758), men ho vart gravlagd frå Lægreid i Årdal alt 3.11.1748. Ogso i dette ekteskapet fekk Sophia fire born, og to av desse er det som vert etterlyste i nemnde proklama frå 1785. Her følgjer manuskiptet mitt for dei fire borni frå andre ekteskapet hennar: ~~~~~~~~~~~~~~ a. Christopher Olson, døypt i Årdal 3.5.1742, d. ugift i Kvernes ##### (dødsdato eller gravferdsdato?) 1765. b. Malena Olsdotter, døypt i Årdal 5.7.1744, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Malena gifte seg første gongen i Bergen 13.11.1765 med Jacob Ovaldson Messe frå ##### (opphavet hans?) ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans – kring 1728?) Jacob var ##### (yrke?) og han og Malena budde i Bergen der Jacob vart gravlagd 14.12.1770. Malena gifte seg so att ##### (dato og stad for andre vigsli hennar? – kring 1775?) med Jens Jacob Giertsen frå ##### (opphavet hans?) ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans?) ##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hans?) ##### (yrke og bustad?P – 1783 og 1785 busette på garden Svinøy i Nærøy, Nord-Trøndelag – sidan kvar? ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.: * Bertha Sophie, døypt Nykyrkja, Bergen 20.7.1766 * Bertha Sophie, døypt Nykyrkja, Bergen 7.11.1767) c. Inger Mane Olsdotter, døypt i Årdal 23.9.1746, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Inger gifte seg i Årdal 9.10.1775 med Albert Schriver Ludolphson Kramer frå Bergen, døypt i Bergen 25.10.1741. Han d. på Vikingevåg i Gulen 13.1.1795. Albert var handelsmann (kremmar), først på Årdalstangen i Årdal, og frå 1791 på Vikingevag i Gulen. Han og Inger fekk fire born i lag, mellom anna denne sonen: ‑ Ludolf Johan Albertson Kramer (1775‑ ) som vart første landhandlar på Skjolden i Luster (s.d.). d. Tøger Nitter Olson, døypt i Årdal 3.11.1748, ##### (1785: stod i teneste ved det kongelege korps og det 2dre kompani under konstabelgarnisonen i København – lagnaden hans??) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg ser av FamilySearch at ein Jens Giertsen gifte seg i Nærøy 30.10.1785 med ei Elisabeth Carstensdotter og lurer på om det kanskje var enkjemannen etter Malena som då gifte seg att?? Eg vonar å råka ein eller annan med lokal ekspertise i Nærøy son kan hjelpa meg klara opp i denne huslyden... Elles legg eg i dag òg inn eit spørsmål hjå DIS-Danmark om lagnaden til Tøger Nitter Olsen - kanskje er me heldige...? https://www.slaegtogdata.dk/forum/index.php/topic,134996.0.html Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.