Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'kysttelegrafen'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 1 result

  1. Eg prøver å finna opphavet til Andreas Johannesen Veibel, som var signalstyrar på klaffetelegrafen på Hiskjo i Bremnes (Bømlo) 1807-1814. I Bygdebok for Bremnes står det berre at han kom som til Hiskjo som signalstyrar. Han gifte seg i 1811 inn i Olrich-familien som dreiv handel på Hiskholmen. I den transkriberte versjonen står det "Bosted: Veibel" men det er nok ein feil i transkriberinga. Veibel var etternamnet hans. https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000408929 I "Sjeleregister Finnås 1815" står han oppført som 30 år gamal, sjå vedlegg. I ei vernepliktsliste frå 1814 er han oppført med fødselsår 1784. Torleif Meling har engasjert seg mykje i historia om kysttelegrafen, stått bak ein rekonstruksjon av den som sto på Sønstabøvågen og skrive eit stykke i Årbok for Sunnhordland folkemuseum 2007, om "Kysttelegrafen i Sunnhordland under krigen 1807-14". Der har han skrive om signalstyrarane, men om AJV har han ikkje funne noko meir enn det som står i bygdeboka. Eg har reist til Statsarkivet i Bergen to gonger og funne litt nyare ting, men ikkje opphavet til AJV. Etter tips leita eg gjennom attestar som var samla i arkivet etter soknepresten i Finnås, utan å finna nokon attest for han. Slo òg opp i eit register over militære offiserar (eit verk i to bind, trur eg, som sto i hylla på lesesalen) utan å finna han der. Eg var så heldig å treffa Yngve Nedrebø på lesesalen. Han var sjølvsagt travel, men meinte det var sannsynleg at han kom frå Danmark eller Tyskland, truleg via København. Han meinte det kunne finnast noko på Riksarkivet i Oslo. Kva kjelder skal eg i tilfelle leita i der? Nedrebø nemnde ein forfattar som hadde skrive noko om kystvern/marine eller noko i den retninga, og som hadde brukt kjelder i Oslo, men eg har ikkje greidd å finna bøkene/forfattaren, og har diverre mista lappen eg noterte namnet på. ☹️ Eg har òg kontakta Rigsarkivet i København. Dei svarer: Der findes ikke særlige registre over de officerer, der blev overført til Norge. og Når det gælder slægtsforskning og slægtsforskningsspørgsmål, så ligger såden uden for den service som Spørg arkivaren yder. Eg er takksam for alle tips til kjelder! 🙂 Eg har funne nokre personar i Danmark som KAN vera relevante, men har ingen sikre haldepunkt for om dei faktisk er det: Andreas, son av Johannes, fødd 1782 Johannes Weibel's bo Offiser Feibel i Hirsch' kartotek over danske og norske offiserer // atle
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.