Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'gulen'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 12 results

  1. Dette er ein huslyd som eg har slite med sidan tidleg på 1980-talet og som rett og slett berre «forsvinn» for meg. Johannes Olson Lavold var av gamal Lustra-ætt, og det var ogso første kona Clara, men andre kona Margretha har han nok henta utante, kan henda frå Åretun i Lærdal(?). Men so selde han garden sin og flytte bort. Broren John hadde mellom anna tre døtrer som alle flytte til Fresvik og sjølv hadde eldste sonen hans, som var «etablert» før faren reiste frå Luster, òg ei dotter som i ung alder flytte til Vik. No har eg oppdaga at dei to yngste sønene hans, Jens og Claus, KAN vera gifte i Gulen, men dette kan eg ikkje finna prov på. Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ Johannes Olson Lavold, son av føregåande brukar og herifrå garden, var f. kring 1683 og fekk alt 20.3.1705 bygsel hjå faren på størstedelen av bruket. Han gifte seg første gongen kring 1714 med Clara Nilsdotter frå Nes. Ho var f. kring 1686, men vart gravlagd frå Lavoll 26.6.1731. Johannes gifte seg so 19.11.1735 att med enkja Margretha Andersdotter, opphavleg frå ##### (opphavet hennar - gift før med kven? - oppl.? - truleg frå ei anna bygd? - NB: ei Margretha Andersdotter gifte seg i Tønjum, Lærdal 27.10.1715 med ein Johannes Anfindson! - budde kanskje på Åretun med born: * Samuel Johannesson, døypt Lærdal 15.6.1720, gravlagd Lærdal 23.6.1720 * Anders Johannesson, døypt Hafslo 16.8.1721 - d. 1791 - g. Lærdal 9.11.1740 med Elsa Nilsdotter Rikheim (Nygard, Lærdal bd. II - s. 443 - f. 1719) - budde under Rå (Lærdal bd. II - s. 358) - sidan på Glitre (Lærdal bd. II - s. 103)) Ei anna Magretha Andersdotter gifte seg i Stedje, Sogndal 1.1.1708 med Baard Larsson der ho visstnok var f. kring 1690. I 1715 fekk broren John (sjå under) bygsel på eine helfti av garden, so frå den tid brukte Johannes Olson berre hi helfti, og formelt fekk han 9.3.1720 bygslebrev på helfti si. Skøyte må han truleg ha fått hjå faren 4.4.1725, same dagen som broren John fekk skøyte på helfti si, men me kan ikkje sjå at skøyta til Johannes nokon gong vart tinglesi. Ved skiftet etter frste kona slutta 24.3.1732 vart garden for gjeld utlagd sorenskrivar Jersin på Talle, men han skøytte 24.4.1737 attende til Johannes som elles hadde drive bruket òg medan Jersin var eigar. Same året selde so Johannes vidare til broren. Det ser likevel ut til at Johannes og Margretha vart buande på Lavoll fram til kring 1742. Johannes og Margretha ser ut til å vera farne frå Luster kring 1742 ##### (kvar flytte dei? - NB: tre av borni til broren John flytte sidan til Fresvik, og ei av sønedøtrene til Johannes frå første ekteskapet flytte til Vik, so kanskje det var til ein av desse stadane at Johannes og Margretha tok vegen? - dødsfalli deira?) Johannes Olson på Lavoll fekk sju born, som var alle frå første ekteskapet: 1. Lars Johannesson (1715‑1788), vart husmann på Hammarslott under Dalsøyri. 2. Ole Johannesson (1718‑1763), vart gardbrukar på Berge i Dale. 3. Anna Johannesdotter, f. kring 1720, Anna Johannesdotter gifte seg truleg i Luster 3.11.1742 med husmannen Jacob Olson ##### (flytte frå bygdi på same tid - lagnaden deira?) 4. Nils Johannesson (1722‑1762), hadde ei tid bruket her på Lavoll, men vart sidan husmann i Skildeimskleivi under Søvde i Dale (s.d.). 5. Jørgen Johannesson, f. kring 1725, levde på Lavoll i 1741. Jørgen Johannesson flytte truleg kring 1742 frå bygdi med faren og stemori ##### (lagnaden hans?) 6. Jens Johannesson, f. kring 1727, levde på Lavoll i 1741. Jens Johannesson reiste nok òg kring 1742 frå bygdi med faren og stemori ##### (lagnaden hans? - ein Jens Johannesson Kraagaas gifte seg i Gulen 17.7.1751 med Kari Knutsdotter Fallebø!?) 7. Claus Johannesson, f. kring 1730, levde på Lavoll i 1741. Claus Johannesson flytte sikkert òg kring 1742 frå bygdi med faren og stemori ##### (lagnaden hans? - ein Claus Johannesson Fallebø gifte seg i Gulen 1.7.1759 med Bertha Torkildsdotter Sognefest!?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan bidra til å løysa denne kjempeutfordringi!
  2. Dette emnet vart første gongen teke opp i det gamle brukarforum i 2009 som #66217, men eg fekk den gongen ingen svar. I mellomtidi er det dukka oppp nye lesarar i Brukarforum, so kanskje det no er mogeleg å komma vidare med denne saki? Det er i alle fall lov å vona... Knut Ingebrigtson (1714-1766), husmann på Havellen under Flahammar og sidan i Haugen under Heltne i Dale sokn, Luster, var gift tre gonger og fekk med dei første to konene åtte born og ein steson. Tre av borni døydde kort etter fødsli, og ei dotter vart gift og budde i Luster. Dei andre fem borni ser alle ut til å vera farne frå bygdi i 1760-åri, log den eldste av dei, Erik Knutson, har me sidan finne att på Halland i Gulen! Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~ Knut Ingebrigtson Haugen, opphavleg frå Havelden under Flahammar, var f. kring 1714 og vart visstnok gravlagd frå Skår, truleg som legdelem, 19.2.1766. Han gifte seg første gongen 4.11.1741 med Sophia Andersdotter frå Søvde i Dale. Ho var f. kring 1718, men d. alt kring 1744. Knut gifte seg so 30.11.1747 att med Inga Andersdotter frå ##### (opphavet hennar?) Ho var f. kring 1712 og vart gravlagd frå Haugen 21.7.1757. Knut gifte seg so tredje gongen 29.3.1758 med Mari Torbjørnsdotter frå Vinjane under Hauge. Ho var f. kring 1715 og vart gravlagd som legdelem 24.1.1783. Det var i 1751 at Knut Ingebrigtson busette seg her i Haugen i lag med andre kona si etter at dei først visstnok hadde butt nokre år heime på Havelden. Han hadde plassen til kring 1760. Det ser ut til at siste kona kom på legd på den tidi, og i 1762 ser me at Knut budde åleine på Kvalsøyri under Kvale. Han fekk i alt åtte born; siste ekteskapet vart barnlaust, men med første kona fekk han to søner, medan Inga Andersdotter vart mor til dei seks andre borni hans. Dessutan hadde Inga Andersdotter ein son frå før, og siste kona Mari hadde to born før ho gifte seg med Knut i Haugen: 1. Erik Knutson (1741‑1741). 2. Erik Knutson, døypt 16.2.1743, Erik Knutson flytte i svært ung alder til Gulen og gifte seg der første gongen 24.11.1772 med enkja Siri Endresdotter, opphavleg frå Molland i Hafslo. Ho vart døypt i Hafslo 14.6.1721 og hadde før vore gift med gardbrukar Lars Erikson på Halland i Gulen (1717-1771), opphavleg frå La i Hafslo sokn, Hafslo (s.d.). Men Siri vart gravlagd frå Halland i Gulen 6.8.1799, og Erik gifte seg att i Gulen 8.7.1800 med Elsa Hansdotter frå Unneland nordre i Gulen. Ho var dotter av gardbrukar Hans Ambjørnson på Unneland nordre, opphavleg frå Austgulen, og kona Kari Tørrisdotter frå Tunsberg og vart døypt i Gulen 12.11.1775. Erik d. som kårmann på Halland 20.11.1816, medan Elsa d. som enkje og legdelem på Nese i Gulen 13.5.1845. Erik fekk fem born, som alle var frå andre ekteskapet med Elsa Hansdotter: a. Siri Eriksdotter, døypt i Gulen 17.12.1800, d. som enkje og legdelem på Nese i Gulen 6.7.1883. Siri gifte seg i Gulen 6.5.1820 med Mons Olson frå Nordgulen i Gulen, døypt i Gulen 2.10.1790. Han d. som legdelem på Haveland i Gulen 8.10.1873. Mons og Siri var først plassfolk i Skrubbehaugen under Nordgulen i Gulen, men flytte i 1840 til ein plass i Naustdalen under Haveland i Gulen. Dei fekk sju born i lag. b. Hans Erikson, døypt i Gulen 3.1.1803, vart konfirmert i Gulen i 1820, ##### (lagnaden hans?) c. Sophia Eriksdotter, døypt i Gulen 28.4.1805, d. som husmannskone på Fondetangen i Gulen 24.10.1875. Sophia gifte seg første gongen i Gulen 23.6.1837 med Hans Jacobson frå Midtun indre i Gulen, døypt i Gulen 18.5.1796. Hans og Sophia var plassfolk under Grytten i Gulen der Hans d. som husmann 18.2.1849. Sophia gifte seg so att i Gulen 4.6.1850 med Mathias Aritsson, opphavleg frå Gryttestigen under Grytten i Gulen, f. i Gulen 23.9.1823. Han d. som husmann og fiskar på Grytten 4.2.1897. Mathias var enkjemann då han gifte seg med Sophia, og vart òg gift ein tredje gong etter at Sophia var borte. Han pakta ei tid Eivindvik prestegard, men busette seg med Sophia som husmann på Fondetangen under Fondevik i Gulen og budde sidan der levetidi ut. Han fekk ein son, som var frå ekteskapet med Sophia, men Sophia hadde òg seks born frå første ekteskapet sitt med Hans Jacobson. d. Eli Eriksdotter, døypt i Gulen 8.3.1808, d. som kårenkje på Simmerøen under Nesøen i Solund 27.5.1888. Eli gifte seg i Gulen 15.6.1847 med Anders Einerson frå ein plass under Hauge i Gulen, f. i Gulen 13.4.1820. Han d. som kårmann på Simmerøen 1.3.1888. Anders og Eli vart plassfolk på Simmerøen under Nesøen i Solund og fekk fem born i lag. e. Claus Erikson, døypt i Gulen 10.4.1814, vart gravlagd frå Halland i Gulen 24.7.1814. 3. Lars Bottolfson, son av Inga Andersdotter og husmann Bottolf Bottolfson på Notasva under Hauge (1710‑1777), vart døypt 12.12.1734. Lars Bottolfson ser òg ut til å vera reist frå Luster i ung alder ##### (lagnaden hans? - ytre Sogn?) 4. Sophia Knutsdotter (1745‑før 1752). 5. Anders Knutson, dypt 14.3.1748, Anders Knutson må vera faren frå Luster i ung alder ##### (lagnaden hans? - ytre Sogn?) 6. Knut Knutson (1751‑1751). 7. Sophia Knutsdotter (1752‑1826), vart gift med strandsitjar og enkjemann Endre Pederson på Kvalsøyri under Kvale (1753‑1833). 8. Ingebrigt Knutson, døypt 11.3.1754, Ingebrigt Knutson ser ut til å vera faren frå Luster i ung alder. ##### (lagnaden hans? - ytre Sogn?) 9. Agatha Knutsdotter, døypt 18.9.1755, Agatha Knutsdotter ser òg ut til å vera reiste frå Luster i ung alder. ##### (lagnaden hennar? - ytre Sogn?) 10. Torbjørn Johannesson (1742‑1742) var son av Mari Torbjørnsdotter og gardbrukarsonen Johannes Pederson frå Berge i Dale (1718‑1747). 11. Mari Pedersdotter Bandscher (1746‑1816), dotter av Mari Torbjørnsdotter og skomakarsvein Peder Nilsson Bandscher (1712‑1780), sidan busett på Nagløyri i Sogndal, vart trulova første gongen med gardbrukarsonen Hans Nilsson frå Skildeim (1750‑1784) (s.d.) og sidan gift med husmann Nils Jørgenson på Bøen under Berge i Dale (1757‑1813) (s.d.). ~~~~~~~~~~~~~ Den eine dotteri Sophia som vart buande i Luster, var gift, men fekk ikkje born med mann sin, berre tre born før ho vart gift. Eine dotteri hennar var Agatha Asbjørnsdotter, som flytte til morbror sin på Halland Gulen. Huslyden hennar vart drøfta i 2015: https://forum.arkivverket.no/topic/195256-agatha-asbjørnsdotter-1779-1843-og-erik-gregoriusson-1770-1844-på-blidensol-skjerjehamn-i-gulen-huslyden-deira/?tab=comments#comment-1651786 Men Sophia hadde òg ei dotter Inga Pedersdotter (1773) og ei stedotter Inga Torstensdotter (1770) som òg forsvinn frå Luster i ung alder, og som òg godt kan ha hamna i ytre Sogn. Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~ Endre Pederson Qualsøren, frå Rønneisøyri under Rønnei, vart døypt 14.3.1753 og d. som legdelem på Kvalsøyri 9.4.1833. Han gifte seg første gongen 20.7.1786 med Gunnhild Sjursdotter frå Bakken under Ottum. Ho vart døypt 25.12.1745 og d. på Kvalsøyri kring 1797. Endre gifte seg so att 10.1.1799 med Sophia Knutsdotter frå Haugen under Heltne i Dale. Ho vart døypt 9.6.1752 og d. på Kvalsøyri 20.7.1826. Endre Pederson fekk denne strandsitjarplassen på Kvalsøyri, visstnok då ein ny plass, frå midt i 1780‑åri og budde her levetidi ut, men stesonen Anders tok over styringi frå kring 1820, og Endre sjølv hamna på legd. Endre Pederson på Kvalsøyri fekk ein son, og han var frå første ekteskapet. Derimot hadde første kona to born frå før, og andre kona hadde tre born frå før. Dei til saman seks borni vart soleis: 1. Inga Torstensdotter, dotter av Gunnhild Sjursdotter og husmann Torsten Johnson på Sage under Fuhr (1741‑1784), vart døypt 29.7.1770, vart ikkje konfirmert i Luster. Inga Torstensdotter flytte truleg frå bygdi i svært ung alder, utan at me kjenner lagnaden hennar. ##### (lagnaden hennar? - ytre Sogn?) 2. Sjur Jørgenson (1779‑1780), var son av Gunnhild Sjursdotter og gardbrukar Jørgen Johannesson på Myklemyr i Jostedalen (1756‑1816). 3. Peder Endreson (1787‑1868), einaste «ektefødde» barnet i denne huslyden, vart husmann på Kvasshilleren under Høyeim. 4. Inga Pedersdotter, dotter av Sophia Knutsdotter og husmann Peder Johannesson på Kvalsøyri 6 under Kvale (1752‑1811), vart døypt 18.4.1773. Liksom stesøsteri med same namnet må òg Inga Pedersdotter vera fari frå Luster i ung alder, men lagnaden hennar er ukjend. ##### (lagnaden hennar? - ytre Sogn?) 5. Agatha Asbjørnsdotter, dotter av Sophia Knutsdotter og husmannssonen Asbjørn Aamundson frå Teigane under Bolstad (1755‑ ), vart døypt 11.11.1779. Agatha Asbjørnsdotter flytte i ung alder til Gulen og tente der på Halland då ho vart konfirmert i 1796. Ho gifte seg i Gulen 6.7.1802 med Erik Gregoriusson frå Hjertås i Gulen. Han var son av gardbrukar Gregorius Erikson på Hjertås, opphavleg frå Norddalen i Gulen, og kona Ingeborg Gregoriusdotter frå Hjertås og vart døypt i Gulen 16.1.1770. Erik Gregoriusson var husmann og skaffar, og dei budde på plassen Blidensol under Skjerjehamn i Gulen der Agatha d. som husmannskone 24.4.1843. Erik d. som legdelem på Dale i Gulen 23.2.1844. Agatha fekk i alt ti born, ni i ekteskapet og eitt utanom: a. Gregorius Erikson, døypt i Gulen 18.7.1802, var tenestedreng på Børholmen i Gulen, men miste livet på sjøen 14.7.1834, ugift. b. Iver Erikson, døypt i Gulen 13.11.1804, vart gravlagd i Gulen 9.7.1805. c. Ingeborg Eriksdotter, døypt i Gulen 7.12.1806, d. som legdelem på Skjerjehamn 15.11.1890. Ho gifte seg i Gulen 28.12.1833 med Johan Petter, kjend som Petter Johannesson frå Bergen, f. i Bergen 15.3.1810. Han d. som enkjemann og legdelem på Skjerjehamn 10.4.1898. Petter og Ingeborg budde først på Mjømna i Gulen, men fekk so ta over som plassfolk på Blidensol under Skjerjehamn etter foreldri hennar. Dei fekk fire born i lag. d. Anna Iversdotter, dotter av Agatha og svogeren Iver Gregoriusson frå Hjertås i Gulen, vart døypt i Gulen 12.2.1810 og d. i Gulen 12.5.1852. Ho gifte seg i Gulen 8.6.1848 med enkjemannen Arits Johannesson frå Stigen under Gryten i Gulen, døypt i Gulen 18.10.1794. Han d. i Gulen 21.3.1870. Arits tok over heimeplassen etter foreldri sine på Stigen under Gryten, men vart sidan sjølveigar og gardbrukar same staden. Arits var gift både før og etter ekteskapet med Anna. Han fekk i alt elleve born i ekteskapi sine; av dei var tre søner frå ekteskapet med Anna. e. Anders Erikson, døypt i Gulen 4.12.1812, d. som legdelem i Gulen 8.6.1828. f. Inga Eriksdotter, døypt i Gulen 18.6.1815, d. som husmannskone på Austgulen i Gulen 16.1.1887. Ho gifte seg i Gulen 9.11.1844 med Lorents Einerson frå ein plass under Hauge i Gulen, f. i Gulen 10.5.1817. Han d. som husmann og enkjemann på Austgulen 9.12.1890. Inga og Lorents vart husmannsfolk på ein plass under Austgulen i Gulen. Dei fekk ikkje born i lag, men Lorents fekk ein son utanfor ekteskap som voks opp hjå han og Inga. g. Kari Eriksdotter, f. og d. i Gulen 20.3.1817. h. Ole Erikson, f. i Gulen 10.3.1818, d. ugift i Gulen 9.7.1844. ##### (skiftedato! – ikkje gravlagd Gulen!) i. Claus Erikson, f. i Gulen 11.6.1821, kom bort på sjøen og d. som husmann under Kversøy i Gulen 15.6.1883. Han gifte seg første gongen i Gulen 28.6.1844 med Johanna Ellingsdotter frå Kvernøy store i Gulen, f. i Gulen 25.9.1816. Ho d. som husmannskone på Kvernøy store i Gulen alt 15.6.1851, og Claus gifte seg att i Gulen 27.12.1855 med Jannike Jensdotter frå Utvær i Solund, f. i Solund 27.2.1827. Ho kom bort på sjøen samstundes med mannen 15.6.1883. Claus og første kona Johanna var gardbrukarar og sidan plassfolk på Kvernøy store i Gulen, men han og andre kona Jannike vart plassfolk på Stuholmen under Kversøy i Gulen. Claus fekk i alt og fekk i alt åtte born, to frå første ekteskapet og seks frå det andre. j. Magdeli Eriksdotter, f. i Gulen 12.2.1824, ##### (konf. 1839 – lagnaden hennar?) 6. Anders Iverson (1785‑1846), son av Sophia Knutsdotter og husmann Iver Olson på Utheim under Sørheim (1765‑1850), vart strandsitjar her på Kvalsøyri 4 under Kvale etter mori og stefaren. ~~~~~~~~~~~~~ Det hadde vore kjempebra om det let seg gjera spora opp nokon av desse søskeni, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Dette er ei utfordring som eg vart merksam på alt tidleg på 1980-talet, men som vart liggjande i påvente av «betre tider»! Kanskje det no er på tide... Eg attgjev frǻ eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Arne Pederson Lovold, frå Fortun (bnr. 5), var f. kring 1698 og vart gravlagd som legdelem frå Fortun 13.5.1764. Han gifte seg kring 1729 med Anna Paulsdotter frå Legene 1 under Fortun. Ho var f. kring 1707 og d. truleg på Lovold kring 1740. Arne og Anna rydda truleg denne plassen på Lovolden kring 1730, og Arne dreiv plassen til han i 1759 kom på legd. Arne og Anna fekk fire born i lag: 1. Peder Arneson, f. i Luster kring 1730, Peder Arneson flytte før konfirmasjonsalderen til ##### (var i 1763 busett i Eivindvig i Nordhordlens fogderi – lagnaden hans? – born? – fleire alternativ: * Hagen gift Gulen 24.6.1749 med Martha Iversdotter Hagen: https://media.digitalarkivet.no/view/11442/75 * Hagen gift Gulen 24.6.1753 med Mari Larsdotter Krogevaag: https://media.digitalarkivet.no/view/11443/31 ** Cornelius, døypt Hagen, Gulen 6.12.1750, gravlagd 6.1.1751 ** ?Jørgen, døypt T(S?)ogning, Gulen 7.7.1752ørgen, døypt Togning, Gulen 7.7.1752øen 16.1.1758, gravlagd 19.2.175851ne dreiv plassen fram til 1759, då han kom på legd. Arne ** Arne, døypt Hagen, Gulen 28.4.1754 ** Martha, døypt Hagen, Gulen 3.12.1756 ** Lars, døypt Hagen, Guløen 16.1.1758, gravlagd 19.2.1758 * Einen(?) gift Askvoll 17.5.1758 med Abelona Jonasdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8596/60 ** Jonas, døypt Eynen, Askvoll 31.8.1760 * Musøen gift Askvoll 31.5.1762 med Magnhild Strømmen: https://media.digitalarkivet.no/view/8596/105 ** Alis, døypt Musøen, Askvoll 9.11.1762 2. Kirsti Arnesdotter, døypt i Luster 2.4.1734, Kirsti Arnesdotter flytte òg før konfirmasjonsalderen til ##### (var i 1763 busett i Eivindvig i Nordhordlens fogderi – lagnaden hennar? – born?) 3. Ole Arneson (1736-1737). 4. Ole Arneson, døypt i Luster ?.12.1737, ##### (døydde barnlaus før 1763, men flytte truleg òg til Eivindvig og d. der? – lagnad?) ~~~~~~~~~~~~~~ Kjelda for denne bustaden frå 1763 er skiftet etter David Paulson Øvrebø i Luster, halde våren 1763 der Peder og Kirsti vart sagt å opphalda seg i Eivindvigs prestegjeld i Nordhordlens fogderi: https://media.digitalarkivet.no/view/24139/76?indexing= Sonen Ole er ikkje nemnd i skiftet frå 1763, men kan òg godt ha flytt med søskeni til Eivindvik...? Eg har finne eit par alternativ for Peder Arneson (sjå manuskriptet), men står «bom fast» når det gjeld Kirsti! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Skulle gjerne hatt tak i eksakt vigselsdato og dødsdatoer for Ingeborg f. 24 Jan 1884 Sande, Gulen, S&F og mannen hennes, Thomas Nicholson f. ???. Evt også navn på barn etc. Frå søk på Familysearch gir følgande resultat, dei gifter seg i 1916 og ho dør i 1975: Ingeborg K Sande mentioned in the record of Nicholson and Ingeborg K Sande Name Ingeborg K Sande Event Type Marriage Event Place York, Yorkshire, England Registration District York County Yorkshire Registration Quarter Jan-Feb-Mar Registration Year 1916 Volume 9D Page 13 Affiliate Line Number 74 Spouse Name (available after 1911) Nicholson Possible Spouse Thomas Nicholson Ingeborg Karlsen Nicholson England and Wales Death Registration Index 1837-2007 Name Ingeborg Karlsen Nicholson Event Type Death Registration Quarter Jul-Aug-Sep Registration Year 1975 Registration District Birmingham County Warwickshire Event Place Birmingham, Warwickshire, England Birth Date (available after June quarter 1969) 24 Jan 1884 Volume 32 Page 1229 Affiliate Line Number 133
  5. Eg viser til denne debatten; https://forum.arkivverket.no/topic/233036-sf-johannes-h-asheim-1863-1932-sine-etterkommere og oppsummering i #26 der. To av barna til Johannes H Asheim er ikkje kartlagt ennå; 7.Sjur J. Asheim, adr ukjent [f. 15 Dec 1892, d. ???] ---> Mangler: Evt kone, barn, bustad, dødsdato. 8.Johan J. Asheim, adr ukjent [f. 3 Aug 1893, d. ???] ---> Mangler: Evt kone, barn, bustad, dødsdato. Eg kan ikkje sjå at Bygdeboka for Brekke, gnr. 50 Asheim, gir noko svar om kvar dei tok vegen. Egil J. fann ut at Sjur reiste til USA i 1912: The New York, Passenger and Crew Lists (including Castle Garden and Ellis Island), 1820-1957 Name: Sjur J Asheim Arrival Date: 8 Apr 1912 Birth Date: abt 1892 Birth Location: Nrw Birth Location Other: brokke sogn [Brekke Sogn] Age: 20 Gender: Male Ethnicity/ Nationality: Scandinavian Port of Departure: Liverpool, England Port of Arrival: New York, New York Ship Name: Caronia Utreisen - Egil J. fann også ut av Johan reiste til USA i 1913: The New York, Passenger and Crew Lists (including Castle Garden and Ellis Island), 1820-1957 Name: Johan J Ashum Arrival Date: 24 Mar 1913 Birth Date: abt 1894 Birth Location: Norway Birth Location Other: sojn [Sogn] Age: 19 Gender: Male Ethnicity/ Nationality: Scandinavian Port of Departure: Liverpool, England Port of Arrival: New York, New York Ship Name: Carmania Reisemål: Til broren Sjur i Wisconsin. Utreisen - https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000731971
  6. Dette er ein huslyd som eg arbeidde ein del med for bortimot 40 år sidan, men som eg den gongen aldri greidde å finna ut noko meir om. Kanskje er tidi no kommi til å gjera noko med dette? Me veit konkret at dette parfolket flytte til ytre Sogn, og ein svogar fór sogar til «utlandet», kvar no enn det kan ha vore? Kanskje til Danmark? Eg attgjev frå manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Gjennom mange interessante oppdagingar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #4 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  7. Hans Knutson, son av Knut Findson (1685-1749) og Martha Hansdotter (1699-1785), husmannsfolk på Vinjane under garden Hauge i Luster, var fødd i Luster kring 1728 og reiste i ung alder som skulemeistar til Kyrkjebø i dåverande Vik prestegjeld. Han gifte seg med ei jente derifrå, og dei flytte til Foss i Hyllestad, men so er det at denne huslyden tilsynelatande gjer «alt» for å gøyma seg for ettertidi. Her kjem eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ Hans Knutson {Vinjene}, f. {i Luster} kring 1728, Hans Knutson flytte liksom fleire av søskeni også til ytre Sogn og gifte seg i Kyrkjebø, Vik 27.6.1762 med Guri Olsdotter frå Sande i Kyrkjebø. Ho var dotter av gardbrukar Ole Gunderson på Sande og kona Gjørond Østensdotter frå Hjetland og vart døypt i Kyrkjebø, Vik 2.8.1732. Hans var skulemeistar, men han og Guri vart sidan gardbrukarar på Foss i Hyllestad der Guri d. ##### (truleg gravlagd Bø sokn, Gulen – finn ikkje? – skifte halde 9.5.1776! https://media.digitalarkivet.no/view/24167/370?indexing= 1776. Hans Knutson flytte til ##### (budde 1794 på Sulelandet – gravl. frå Kjellevoll 25.4.1799, 70½ år – ell. frå Risen 22.2.1800, 78¾ år?) Hans og Guri fekk fem born i lag: a. Britha Hansdotter, døypt i Kyrkjebø, Vik 8.8.1762, ##### (d. barnlaus før 1816!?) b. Martha Hansdotter, døypt i Kyrkjebø, Vik 8.7.1764, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1825!) Martha gifte seg i Kyrkjebø, Vik 20.9.1807 med Elling Gregoriusson frå Merket under Kyrkjebø i Kyrkjebø, f. i Kyrkjebø 1.6.1771. Han d. som kårmann i Kalvebotten 12.5.1849. Elling var ei tid skulehaldar i Vik, men han og Martha budde elles som husmannsfolk på ein plass ##### (kva plass? – bygdeboki for Hyllestad seier under husmannsplassen Gulen: «ein Elling Gregoriusson og sonen brukte truleg plassen ei tid») under Kalvebotten (Skorpen indre) i Hyllestad. Dei var truleg barnlause. ##### (sjekka dette?) c. Ole Hansson, døypt i Hyllestad, Gulen 19.10.1766, ##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hans? – før 1776!) d. Knut Hansson, døypt i Hyllestad, Gulen 8.12.1769, ##### (d. barnlaus før 1816!?) e. Gjørond Hansdotter, døypt i Hyllestad, Gulen 10.11.1774, ##### (d. barnlaus før 1816!?) ~~~~~~~~~~~~~ Opplysningane som eg har, er alle «innfletta» i dette manuskriptet. Særleg er eg oppteken av: ** Finst dødsfallet/gravferdi til Guri Olsdotter og/eller sonen Ole Hansson innført i Gulen? Eg har ikkje greidd å finna nokon av dei...! ** Hans budde i 1794 på «Sulelandet» (kjem fram av skiftet etter søsteri Maria Knuitsdotter Kjøtnes, som døydde barnlaus i Luster dette året!). Han er vel ein av dei to «kandidatane» eg har finne gravlagde i Gulen 1799/1800? ** Men so var det borni deira, då. Fire av dei fem borni levde då mori døydde i 1776, men er sidan borte som «dogg for soli». Eit skifte frå 1816, som eg i farten ikkje kan finna att, nemner berre dotteri Martha gift med Elling Gregoriusson, og sjølv om dette parfolket er bygdeboki for Hyllestad ekstrem sparsam med opplysningar...! No vonar eg at nokon kanskje dreg kjensel på denne huslyden og kan hjelpa meg med fleire detaljar. Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  8. I Gulen i gammal og ny tid. Gards- og ættesoga, 2. utg, bind 3, s. 460, står det at Jacob Olsson Nyhamar og Berte Pedersdatter Morup hadde datteren Gulaug, som ble gift med Ivar Andersen 12/7 1766. https://www.nb.no/items/cc322605d5c6d5ac3b9048862e73c395?page=463&searchText=Gulen Dette er riktig, men formuleringen «Dei hadde dottera» kan kanskje gi inntrykk av at de bare hadde denne ene datteren? Jeg synes det er litt underlig at ingen av de andre barnene er nevnt. Disse er: Florentz, døpt 17/4 1733 Brukslenke: https://media.digitalarkivet.no/kb20070228320782 Ole, 16/7 1735 Brukslenke: https://media.digitalarkivet.no/kb20070228320800 Per, 3/6 1737 Brukslenke: https://media.digitalarkivet.no/kb20070228330057 Birthe Maria, 1740 Brukslenke: https://media.digitalarkivet.no/kb20070228330071 I sjeleregisteret for 1760 finner jeg: Gulaug (Gulug) på Harrebachen. Hun var kanskje tjenestejente der? https://digitalarkivet.no/view/63/pc00000000993138 Birthe Maria på Nyhamar (Nyehammer) https://digitalarkivet.no/view/63/pc00000000992873 Anne Florentze på Nyhamar. https://digitalarkivet.no/view/63/pc00000000992870 Hun er oppført under «Ungdom som icke ere Confirmeret». Hvordan kan nå det ha seg? Er det ikke samme person? Hvor er Per og Ole?
  9. Lars Andersson (Høyum) vart døypt i Luster 10.8.1817 som «uekte» son av Martha Larsdotter frå plassen Frydenberg under garden Bruheim i Jostedalen (1786-1861) og seinare husmann Anders Torbjørnson i Bjørkestegen under Hengesteg i Luster (1781-1867). Lars voks opp utan søsken, og i 1833 flytte han til Byrknes i Gulen for å tena: https://media.digitalarkivet.no/view/11451/277 Han vart konfirmert i Gulen same år: https://media.digitalarkivet.no/view/11451/147 Ein Lars Andersson frå Byrknes på nesten same alder gifte seg i Gulen 23.7.1844, men han kan det vel ikkje vera: https://media.digitalarkivet.no/view/11452/221 Kvar vart det so av den unge guten frå Luster? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  10. Dette emnet tek utgongspunkt i tema #49430 frå 2007 i det gamle brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/134870-49430-ole-iversen-f-hafslo-1780-g-slottskyrkja-m-else-frå-storelvdal-bus-bergen/?tab=comments#comment-1111640 Me fann aldri ut kvar det vart av fire av dei seks borni i denne huslyden. Kanskje er det nokon som kan greia dette i dag? Her følgjer eit oppdatert manuskript av denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~ NB: sjå merknad heilt sist i innlegget!! Ole Iverson (Quam), døypt i Hafslo 6.12.1780, Ole Iversen flytte òg med foreldri sine til Bergen i 1784 og var i mange år køyredreng med far sin, men gifte seg visstnok i Aker, Christiania 4.1.1815 med ei Else Iversdotter, som i 1815 vart kalla Bakke, men som me trur hadde opphavet sitt frå Hovde i Storelvdal. Ho var i so fall dotter av husmann Iver Johnson på ein plass under Hovde og kona Siri Halvorsdotter og vart døypt i Storelvdal 24.3.1788. Ole var ei tid handelsstyrar og sidan handelsmann, og parfolket budde mellom anna i Claus Ockenssmuget på Nordnes i Bergen der Ole d. som ”bedemand” 5.4.1857. Else Iversen d. som enkje i Strandgaten i Bergen 8.1.1865. Dei fekk seks born i lag: a. Gurine Olsdotter Iversen, f. i Bergen 25.9.1815, vart konfirmert i Bergen i 1831, ##### (lagnaden hennar?) b. Iver Johan Olson Iversen, f. i Bergen 27.1.1817, vart konfirmert i Bergen i 1834, ##### (lagnaden hans?) c. Hans Jochum Olson Iversen, f. i Bergen 11.1.1819, d. i Drammen 20.3.1872. Hans gifte seg på Bragernes i Drammen 14.8.1853 med Marthe Elisabeth, kjend som Elise Thomasdotter Seeberg, f. i Tønsberg 24.12.1826. Ho d. i Drammen 23.11.1911. Hans var kjøpmann, og han og Marthe budde på Bragernes i Drammen. Dei var barnlause. d. Sirene Ana Olsdotter Iversen, fødd i Bergen 23.12.1821, ##### (lagnaden hennar?) e. Andreas Olson Iversen, fødd i Bergen 31.10.1824, ##### (lagnaden hans?) f. Ole Olson Iversen, f. i Bergen 27.3.1828, d. som kjøpmann i Bergen 12.9.1888. Ole gifte seg i Ber-gen 27.3.1856 med Dorothea Pleym Gerhardsdotter Schnelle, f. i Bergen 29.9.1834. Ho d. i Ber-gen 2.1.1920. Ole var kjøpmann, og han og Dorothea budde i Bergen levetidi ut. Dei fekk fem born i lag. ~~~~~~~~~~~~~ Eg ser av dødsmeldingi etter Ole Iversen frå 1857 at han let etter seg enkje og «TRE myndige born»: https://media.digitalarkivet.no/view/23996/207 Då Else Iversen døydde i 1865 står det berre at ho etterlet seg «myndige born»: https://media.digitalarkivet.no/view/23997/81 ** Dette KAN tyda på at tre av dei fire ukjende borni døydde før 1857, men kven var i so fall det tredje barnet som levde, og kvar vart han/ho av? ** Ei anna utfordring er forresten: Dødsmeldingi etter Else Iversen seier noko om født Y....., men dette greier ikkje eg å tyda! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips for å komplettera denne biografien! NB: redigert: Det har etter nye innlegg synt seg at denne Ole Iversen IKKJE er identisk med den Ole Iversen som eg er på leiting etter - sjå innlegg #19 nedanfor!
  11. Utgongspunktet for denne utfordringi er eit eldre emne der nye opplysningar har dukka opp: https://forum.arkivverket.no/topic/171733-bertha-hammer-d-bergen-1793-og-borni-hennar-kvar-vart-det-av-sonen-peder-michael/ Som det går fram av innlegg #11 i nemnte tema, finn me denne vigsli i Gulen 9.7.1764: Arne Gullakson Sognefest og Martha Pedersdotter Lie: https://media.digitalarkivet.no/view/11443/116 Arne vart døypt i Gulen 9.5.1738 som son av Gullak Sognefest og kona Dorthe, men kven var Martha? Arne og Martha flytte til Bergen der to søner er døypte i Nykyrkja: * Peder døypt 7.4.1767: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp13011700nk&gardpostnr=9682&personpostnr=77970&merk=77970#ovre * Gjert, døypt 30.7.1769: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp13011700nk&gardpostnr=9939&personpostnr=80023&merk=80023#ovre Mellom fadrane til Peder er ekteparet Herman Iverson og Bertha Pedersdotter, som vart vigde i Hafslo i 1765, og eg mistenker Bertha for å vera søsteri til Martha... Alle gode tips om opphavi til desse ?søstrene? vert mottekne med ein stor takksemd! God Jul!
  12. Rasmus Johannesson var fødd i Råke 1805. Mora var Inger Olsdtr. Faren heitte Johannes Rasmusson. Men kven var han, og kvar kom han frå? Inger og Johannes var ikkje gifte. Ein stad har eg notert at han var frå Åneland, utan at eg kan gjera greie for korleis eg har funne ut det. I bygdeboka står det at Johannes Rasmusson var frå Indrevær. Er det nokon som kan hjelpa? Mvh Alf Strand
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.