Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'vik'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 11 results

  1. Då eg i dag sat og bladde gjennom konfirmantlistene frå Vik i Sogn (som forresten er svært mangelfulle!), oppdaga eg denne konfirmasjonen i 1789 av «Anna Endresdr fra Lyster»: https://media.digitalarkivet.no/view/11756/92 Dette syner seg vera ei jente som eg har vore på leiting etter i mange år, og ho hadde dessutan ei halvsøster som eg òg har leitt etter. Kanskje hamna dei båe i Vik? Anna høver svært bra med ei som i 1801 tente på Halset i Vik, medan ei Siri Olsdotter som var strandsitjarkone på Molsnes i Vik, høver svært bra med halvsøsteri... Her følgjer eit manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ Endre Sølfestson Qualsøren, frå Ottum, vart døypt 1.1.1741 og d. på Kvalsøyri 2.5.1821. Han gifte seg 22.11.1762 med Anna Sjursdotter frå Sage under Fuhr. Ho vart døypt 27.4.1736 og d. på Kvalsøyri 15.3.1821. Endre og Anna kom til Osen på Kvalsøyri i 1762 og vart det året kalla husmann her. I 1801 vart Endre kalla strandsitjar (husmann utan jord), medan han i 1815 var innerst. Men sikkert er det at Endre ikkje kan ha hatt noko særleg jord til plassen sin. I 1801 kjem det fram at Endre dessutan var skaffar (skysskar) i Dalesokni. Han og Anna vart elles buande på Øyri levetidi ut. Dei fekk seks born i lag, men Anna hadde òg ei dotter frå før: 1. Siri Olsdotter, dotter av Anna og husmann Ole Ørjensson på Krigsvold under Høyeim (1730‑1810), vart døypt 9.6.1755, Siri Olsdotter ser ut til å vera fari frå Luster i ung alder ##### (lagnaden hennar? - kan henda til Vik? - denne strandsitjarkona på Molsnes i Vik 1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058392001462) 2. Sølfest Endreson (1762‑1762). 3. Sølfest Endreson (1764‑1825), vart husmann i Mordøla under Heltne i Dale. 4. Cecilia Endresdotter (1767‑1855), vart gift med husmann og enkjemann Ole Johannesson på Lovolden under Fortun (1755‑1828). 5. Anna Endresdotter, døypt 12.11.1770, Anna Endresdotter flytte i ung alder til Vik der ho vart konfirmert i 1789. ##### (lagnaden hennar? - ho som i 1801 tente på Halset i Vik: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058392002089 denne bruri frå 1809? https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002209449) 6. Sjur Endreson (1775‑1844), vart strandsitjar på Kvalsøyri 3 under Kvale. 7. Bertha Endresdotter (1778‑1852), vart gift med gardbrukar Jacob Janson på Bringe (1766‑1823) . ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om desse halvsøstrene!
  2. Dette er ein huslyd som eg arbeidde med tidleg på 1980-talet, men som eg aldri greidde å få heilt «tak» på. Fleire av borni til husmann Bottoløf LØarsson på Myri under Dale prestegard forsvinn frå bygdi i ung alder, og det er ikkje urimeleg å tru dei kan ha hamna i ytre Sogn eller kanskje i Bergen? Sonen Søren Bottolfson kan vera flytt til Frønningen - sjå tema: https://forum.arkivverket.no/topic/237649-søren-bottolfson-frønningen-1742-1824-gift-med-christi-olsdotter-1751-1827-skal-ha-vore-plassfolk-på-sagi-ytre-under-ytre-frønningen-i-den-gongen-leikanger-kven-var-desse-folki/ Men sikkert er det at dotteri Gjertrud gifte seg i Arnafjorden i 1774 med ein Knut Størkson, og dette parfolket er no utgongspunktet for dette emnet. Eg har likevel valgt å ta med foreldri og alle søskeni, dersom dei skulle «dukka opp» einkorstaden..... Manuskriptet mitt ser i kveld slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter at nye opplysningar er dukka opp, er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #4 under! Om Jon Sværen skulle oppdaga dette emnet, kan han kanskje bidra med noko frå Vik? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Denne huslyden brukte eg mykje tid på å leita etter då eg første gongen arbeidde med dei på 1980-talet, og so mykje meir har eg ikkje greidd å finna ut om dei i ettertid. Men med dei moderne søkemetodane og andre online ressursar er det kanskje mogeleg å komma litt vidare og finna kvar det vart av denne søskenflokken frå Luster? Manuskriptet mitt ser i dag slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~~ Hans Iverson Qualsøren, opphavleg frå Kvalsviki, var f. {i Luster} kring 1732 og vart gravlaga som legdelem, truleg frå Kjøtnes(?), 11.11.1804. Han gifte seg 22.6.1758 med Bertha Malena, kjend som Malena Olsdotter frå Øygarden under Dalsøyri. Ho vart døypt {i Luster} 17.5.1735 og vart gravlagd frå Kvalsøyri 10.12.1795. Hans og Malena hadde først plassen etter foreldri hennar på Øygarden under Dalsøyri. Sidan var dei ei tid i Haugen under Dalsøyri, men kring 1780 ser dei ut til å vera komne til Kvalsøyri. Malena døydde her, men før hundreårsskiftet var Hans komen på legd på Kjøtnes. Han og Malena fekk seks born i lag: 1. Ole Hansson (1760‑1811), vart husmann i Kilebotn under Kilen. 2. Ingeborg Hansdotter (1762‑1807), vart gift med husmann og enkjemann Anders Halvorson på Åsestølen under Åsen i Jostedalen (1729‑1812). 3. Sophia Hansdotter, døypt 26.7.1764, Sophia Hansdotter flytte frå bygdi før konfirmasjonsalderen, og ##### (lagnaden hennar? – budde i 1807 som tenestejente i Vik i Sogn) 4. Iver Hansson, døypt 10.8.1766, Iver Hansson flytte i ung alder til Norddalen på Sunnmøre, ##### (lagnaden hans? – bustaden hans var ukjend i 1807!) 5. Hans Hansson, døypt 14.5.1769, Hans Hansson må òg vera faren frå bygdi i ung alder ##### (lagnaden hans? – d. før 1807 utan å etterlata seg born!?) 6. Margretha Hansdotter, døypt 3.10.1773, Margretha Hansdotter flytte i ung alder til Vik i Sogn og tente i 1801 på Hopperstad i Vik, ##### (framleis busett i Vik i 1807 – lagnaden hennar?) ~~~~~~~~~~~~~~~ Kjelda for desse «adressene» i 1807 er forresten skiftet etter søsteri Ingeborg på Åsestølen i Jostedalen frå 1807: https://media.digitalarkivet.no/view/24146/154?indexing= Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  4. Dette er ein etter måten ganske so «komplett» grein av den gamle «Svends-ætti», omstreifarætti med sterk forankring i Luster i Sogn. Men, eg har aldri greidd å finna korkje faren Daniel eller sonen Johannes døypte nokon stad, og sidan desse folki stadig var «på vandring», mistenker eg dei for å ha fått born som er døypte andre stadar enn i Luster. Og eg ser at både Daniel og Johannes døydde utanfor bygdi, ein i Lavik og ein i Vik. Og eg trur kanskje kona til Johannes, Kirsti Sørensdotter, òg må vera avlidi ein eller annan stad langs Sognefjorden, men KVAR? Eg har følgjande oppdaterte manuskript å syna fram for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~ Daniel Svendson Høyum, frå Slottet under Skildeim, var f. ##### (fødestaden hans? - dåpsdato? - 1755?) og d. i Båsen under Hellebø i Lavik 29.7.1832, medan han var på vitjing (og arbeid) der ute. Han gifte seg i Luster 4.3.1778 med enkja Martha Olsdotter, opphavleg frå Salbuneset under Talle. Ho vart døypt 8.7.1736 og hadde før vore gift med husmann og enkjemann Johannes Olson på Salbuneset under Talle (1738-1773). Martha d. 9.2.1824, og det vart då sagt at ho var strandsitjarkone på Nes. Kva tid Daniel og Martha slo seg ned her i Trondviki, er ikkje godt å seia, men det har truleg vore i 1780-åri. Elles var Daniel hesteskje­rar liksom faren, og det var helst lite dei budde på plassen i sommarhalvåret. Dei hadde ikkje noko jord, men vart i alle fall buande her til ut på 1800-talet. Som me såg, budde Martha på Nes då ho døydde, men om dei nokon gong hadde ein plass der ute, er uvisst. Daniel skreiv seg i alle høve til Høyeim då han fall ifrå i Lavik i 1832. Dei fekk ein son i lag: 1. Johannes Danielson (1779-1856), fekk plassen her i Trondviki 4 etter foreldri. Johannes Danielson Høyum, son av føregåande strandsitjar og herifrå plassen, var f. ##### (fødestaden hans? - dåpsdato? - 1779?) og d. på Vikøyri i Vik 21.3.1856, medan han var på vitjing (eller arbeid) der ute. Han gifte seg 30.4.1804 med Kirsti Sørensdotter frå Haugen under Skildeim, døypt 11.3.1773. Ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? - truleg i ytre Sogn?) Johannes var hesteskjerar liksom faren og bestefaren. Han og Kirsti tok over denne strandsitjarplassen på Viki etter foreldri hans kring 1804, og jamvel om dei nok var mykje på farten, vart dei buande meir eller mindre fast her levetidi ut. Då Johannes var avliden i 1856, vart plassen nedlagd, og den vesle jordi som måtte ha vore til han, gjekk attende til garden. Me veit om fem born etter Johannes og Kirsti i Viki: ##### (kan dei ha hatt fleire born fødde andre stadar?) 1. Daniel Johannesson (1804-1856), vart strandsitjar og budde i Hundaviki under Høyeim. 2. Jørgen Johannesson (1807-1807). 3. Søren Johannesson (1807-1807). 4. Søren Johannesson (1814-1896), vart strandsitjar på Tvingeborg under Sandviki. 5. Ole Johannesson, f. 24.1.1818, Ole Johannesson flytte visstnok i ung alder til Vikøyri i Vik og budde der som innerst. Han d. ugift på Vikøyri 24.12.1855. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan bidra til komplettering av denne biografien!
  5. Dette er ein huslyd som eg har slite med sidan tidleg på 1980-talet og som rett og slett berre «forsvinn» for meg. Johannes Olson Lavold var av gamal Lustra-ætt, og det var ogso første kona Clara, men andre kona Margretha har han nok henta utante, kan henda frå Åretun i Lærdal(?). Men so selde han garden sin og flytte bort. Broren John hadde mellom anna tre døtrer som alle flytte til Fresvik og sjølv hadde eldste sonen hans, som var «etablert» før faren reiste frå Luster, òg ei dotter som i ung alder flytte til Vik. No har eg oppdaga at dei to yngste sønene hans, Jens og Claus, KAN vera gifte i Gulen, men dette kan eg ikkje finna prov på. Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ Johannes Olson Lavold, son av føregåande brukar og herifrå garden, var f. kring 1683 og fekk alt 20.3.1705 bygsel hjå faren på størstedelen av bruket. Han gifte seg første gongen kring 1714 med Clara Nilsdotter frå Nes. Ho var f. kring 1686, men vart gravlagd frå Lavoll 26.6.1731. Johannes gifte seg so 19.11.1735 att med enkja Margretha Andersdotter, opphavleg frå ##### (opphavet hennar - gift før med kven? - oppl.? - truleg frå ei anna bygd? - NB: ei Margretha Andersdotter gifte seg i Tønjum, Lærdal 27.10.1715 med ein Johannes Anfindson! - budde kanskje på Åretun med born: * Samuel Johannesson, døypt Lærdal 15.6.1720, gravlagd Lærdal 23.6.1720 * Anders Johannesson, døypt Hafslo 16.8.1721 - d. 1791 - g. Lærdal 9.11.1740 med Elsa Nilsdotter Rikheim (Nygard, Lærdal bd. II - s. 443 - f. 1719) - budde under Rå (Lærdal bd. II - s. 358) - sidan på Glitre (Lærdal bd. II - s. 103)) Ei anna Magretha Andersdotter gifte seg i Stedje, Sogndal 1.1.1708 med Baard Larsson der ho visstnok var f. kring 1690. I 1715 fekk broren John (sjå under) bygsel på eine helfti av garden, so frå den tid brukte Johannes Olson berre hi helfti, og formelt fekk han 9.3.1720 bygslebrev på helfti si. Skøyte må han truleg ha fått hjå faren 4.4.1725, same dagen som broren John fekk skøyte på helfti si, men me kan ikkje sjå at skøyta til Johannes nokon gong vart tinglesi. Ved skiftet etter frste kona slutta 24.3.1732 vart garden for gjeld utlagd sorenskrivar Jersin på Talle, men han skøytte 24.4.1737 attende til Johannes som elles hadde drive bruket òg medan Jersin var eigar. Same året selde so Johannes vidare til broren. Det ser likevel ut til at Johannes og Margretha vart buande på Lavoll fram til kring 1742. Johannes og Margretha ser ut til å vera farne frå Luster kring 1742 ##### (kvar flytte dei? - NB: tre av borni til broren John flytte sidan til Fresvik, og ei av sønedøtrene til Johannes frå første ekteskapet flytte til Vik, so kanskje det var til ein av desse stadane at Johannes og Margretha tok vegen? - dødsfalli deira?) Johannes Olson på Lavoll fekk sju born, som var alle frå første ekteskapet: 1. Lars Johannesson (1715‑1788), vart husmann på Hammarslott under Dalsøyri. 2. Ole Johannesson (1718‑1763), vart gardbrukar på Berge i Dale. 3. Anna Johannesdotter, f. kring 1720, Anna Johannesdotter gifte seg truleg i Luster 3.11.1742 med husmannen Jacob Olson ##### (flytte frå bygdi på same tid - lagnaden deira?) 4. Nils Johannesson (1722‑1762), hadde ei tid bruket her på Lavoll, men vart sidan husmann i Skildeimskleivi under Søvde i Dale (s.d.). 5. Jørgen Johannesson, f. kring 1725, levde på Lavoll i 1741. Jørgen Johannesson flytte truleg kring 1742 frå bygdi med faren og stemori ##### (lagnaden hans?) 6. Jens Johannesson, f. kring 1727, levde på Lavoll i 1741. Jens Johannesson reiste nok òg kring 1742 frå bygdi med faren og stemori ##### (lagnaden hans? - ein Jens Johannesson Kraagaas gifte seg i Gulen 17.7.1751 med Kari Knutsdotter Fallebø!?) 7. Claus Johannesson, f. kring 1730, levde på Lavoll i 1741. Claus Johannesson flytte sikkert òg kring 1742 frå bygdi med faren og stemori ##### (lagnaden hans? - ein Claus Johannesson Fallebø gifte seg i Gulen 1.7.1759 med Bertha Torkildsdotter Sognefest!?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan bidra til å løysa denne kjempeutfordringi!
  6. Jeg skulle sjekke dåpen til en søskenflokk. De bor i Vik i Sømna i 1891, 1900 og 1910. Står oppført med Vik og med Brønnøy. Men jeg klarer ikke å finne dem i kirkebøkene. Har også forsøkt Bindal. Noen tips til andre navn på disse kirkebøkene?
  7. Haagen Andersson vart døypt i Luster 16.11.1743 som son av Anders Olson (1713-1763) og første kona Britha Andersdotter (1709-1752), husmannsfolk i Lunden under Rønnei i Gaupne, Luster. Eg finn ikkje Haagen konfirmert i Luster (NB: konfirmantlistene våre har eit «hòl» kring 1760!), men me har ei fråsegn frå 1764 som seier at Haagen då hadde opphaldet sitt i Vik i Sogn! Haagen hadde òg ein yngre bror Anders Andersson, døypt i Luster 8.6.1750. Han vart konfirmert i Luster i 1768, men forsvinn deretter òg frå heimbygdi, kan henda til Vik? Då det i 1797 vart halde eit større utskifte i Luster, er ingen av desse gutane nemnde, so dei han vera avlidne før den tid, men me har talrike døme på at ervingar «forsvinn» utan at skifteretten greidde å finna dei att...!? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om lagnadane til Haagen og Anders!
  8. Denne jenta har utgongspunkt i følgjande gamle tema: https://forum.arkivverket.no/topic/201695-øyanes-påskenøtt-6-mons-torstenson-1723-1814-frå-luster-via-vik-til-sørebø-i-hyllestad-kvar-vart-det-av-borni-hans/?tab=comments#comment-1702644 men me har inntil i dag ingen sikre opplysningar om lagnaden hennar! Anna Monsdotter (Dulsvig), døypt i Luster 27.3.1744 I kveld har eg gjort ein spennande observasjon som KAN bringa oss nærare ei løysing på denne kjempeutfordringi: I basen over vigde i Vik finn me desse to vigslene: * Christen Sjurson Limmesand og Anna Monsdotter Finden - vigde i Vik 8.6.1778: https://media.digitalarkivet.no/view/11755/92 * Bendik Olson Nissestad og Anna Monsdotter Haalen - vigde i Vik 21.11.1779: https://media.digitalarkivet.no/view/11755/95 I eit anna tema har eg teke opp til drøfting lagnaden til søsteri Lucia Monsdotter: https://forum.arkivverket.no/topic/223070-lucia-monsdotter-1756-1839-frå-luster-via-vik-til-bergen/ og som me såg der, budde Lucia nettopp på garden Finden då ho gifte seg i 1781. Kan me tenkja oss at dei to søstrene har tent på same gard etter dei kom til Vik? Eg finn ingen born i Vik etter Christen og Anna, men derimot ser me at Bendik Olson og Anna Monsdotter fekk fleire: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=sogndaap * Kari Bendiksdotter, døypt uekte13.1.1779 * Thuri Bendiksdotter, døypt i Arnafjorden 8.2.1782 * Mons Bendikson, døypt frå Nissestad 5.8.1783 * Morten Bendikson, døypt frå Lillesand 3.5.1789 * Arne Bendikson, døypt frå Lillesand 1.6.1790 Og me skal ikkje gløyma at mor til «vår» Anna Monsdotter heitte nettopp Kari! MEN, ser me på FT1801, ser me at Anna Monsdotter på Lillesand då berre var 41 år gamal, og ho hadde boprnb fødde so seint som i 1800, so det utelukker ho som «kandidat» for oss: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058392002333 Elles var det jo òg helst den første av dei to Anna'ne eg hadde størst tru på kunne vera «vår» Anna... Eg er spent på kva bygdebøkene for Vik har å seia...? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om lagnaden til Anna Monsdotter frå Luster!
  9. Utgongspunktet for dette emnet er følgjande gamle tema: https://forum.arkivverket.no/topic/201695-øyanes-påskenøtt-6-mons-torstenson-1723-1814-frå-luster-via-vik-til-sørebø-i-hyllestad-kvar-vart-det-av-borni-hans/?tab=comments#comment-1702644 der eg konkret går inn på biografien til ei av døtrene i denne huslyden, Lucia Monsdotter: Frå det gamle emnet sit me med følgjande biografi, og førebels «status», for Lucia Monsdotter: ~~~~~~~~~~~~ Lucia Monsdotter {Dulsvig}, døypt {i Luster} 5.3.1756, Lucia Monsdotter flytte òg med foreldri til Vikøyri i Vik, men fór sidan til Bergen. Ho er i 1801 nemnd som tenestejente i Bergen og enkje etter to ekteskap, ##### (opplysningar om tidlegare ekteskap?) men 7.6.1802 gifte ho seg på ny i Nykyrkja i Bergen med enkjemannen Mons Torbjørnson, opphavleg frå Hagen ##### (konkret opphav i Sogndal?) i Bergen kjend som Mons Torbjørnsen. Han var son av ##### (Torbjørn Pederson Hagen og Ragnhild Paulsdotter Kubben – vigde Sogndal 9.4.1741) og vart døypt i Sogndal 3.7.1756. Mons gifte seg første gongen i Domkyrkja i Bergen 12.5.1788 med ei Karen Christensdotter ##### (opplysningar om ho?) Mons var skolappar og budde i Ytre Markeveien i Bergen levetidi ut. Han d. i Bergen 1.6.1834, medan Lucie Torbjørnsen d. som enkje same stad 15.11.1839. Det vert sagt ho let etter seg myndige ervingar, men me kjenner ikkje til born etter ho. Derimot hadde Mons to born frå første ekteskapet sitt. ##### (eventuelle born etter Lucie? - borni etter Mons: * Rachel Johanne, f. NK, Bergen 14.12.789 * Martinus, f. NK, Bergen 11.5.1794) ~~~~~~~~~~~~ Den store utfordringi her ligg i perioden 1760 til 1801. Lucia skulle vera enkje etter to ekteskap i 1801! Me var i det gamle emnet innom ei Lucia Monsdotter som med mann Halvor Andersson på Hanekam i Vik fekk ei dotter Britha i 1787, men det synte seg at ho ved denne barnefødsli hadde feil farsnamn, og ho heitte Lucia Endresdotter. No har eg oppdaga ein ny «kandidat» til det som kan henda var første ekteskapet hennar Lucia Monsdotter frå Luster: Anders Simonson Dyrdal og Lucia Monsdotter Finden gifte seg i Vik 10.6.1781: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sognvigd&gardpostnr=11339&merk=11339#ovre https://media.digitalarkivet.no/view/11755/98 Mannen Anders Simonson er truleg døypt i Vik 8.7.1744 av far Simon Dyrdal ytre: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sogndaap&gardpostnr=18600&merk=18600#ovre Eg finn ingen born etter Anders Simonson, og eg ser i det heile ikkje noko meir til denne mannen, men me skal ikkje gløyma at kyrkjebøkene for Vik manglar for perioden 1783-1787, so her kunne Anders Simonson vera avliden etter kort tid, og Lucia kunne hatt tid til å gifta seg ein 2x før ho kom til Bergen! Og for alt me veit, ho flytte kanskje til Bergen med denne andre mann sin...? Kanskje er det nokon som kan seia noko meir om denne Anders Simonson. Er eg kan henda fullstendig på «bærtur»? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  10. Kristoffer Pederson Kroken frå Hafslo, fødd 1872, vart i 1897 stemnd for tredje leigarmålet på to år. Det ligg i samband med denne saki føre eit brev skrive av Johannes O. Feet i Hafslo fattigstyre dagsett 24.2.1898 der det mellom anna heiter: «I henhold til foranstaaende skal Hafslo fattigkommission efter indhentede oplysninger angaaende faderens økonomiske stilling tillade sig at foreslaa som passende opfostringsbidrag kr. 30,00 - tredive kroner - aarlig. Det oplyses at barnefaderen Kristoffer P. Kroken intet eier, at dette er hans 3die uægte barn, at der siges, at han skal være gift, ialfald paastaar han det selv, men af andre benektes, idet den angivelige kone skal opholde sig i Vik, hvor hun antagelig hører hjemme. Paa hans hjemsted har man ingen kone seet.» Det høyrer til soga at barnefaren gjekk til sak mot mori til siste barnet, men han stakk av under rettsforhandlingane og rømte til København der han i juli 1901 vart barnefar på ny, men han gifte seg med mori i 1902! Utfordringi her er i første rekke: Var Kristoffer kan henda «bigamist»? Kven kan denne «kona i Vik» ha vore? Lagnaden til Kristoffer i Danmark er forøvrig debattert i dette emnet, der det framleis er ukjent kvar han hamna til sist...!? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  11. Når og hvor ble Anders Knutsen døpt? Anders Knutsen var eldste sønnen til Knut Andersen og Johanne Kristine Kristoffersdtr. Helle. Knut Andersen drev gården Vik L.nr 14 Midt-Vik. Br. nr. 2 i Fjaler, Sogn og Fjordane fylke fra året 1797. Knut Andersen døde 1850. Han drev sannsynligvis gården nesten helt frem til sin dødsdag, da eldste datteren Siselle (Sisilie) deretter drev den. Knut og Johanne Kristine fikk til sammen 7 barn, - 3 gutter deriblant Anders og 4 jenter. Jeg nevner alle barna slik at man kan se hvor de ble døpt: 1. Siselle, døpt 4 Aug 1799. Døpt i Fjaler (Ytre Holmedal) Brukslenke: https://media.digitalarkivet.no/kb20070507640305 2. Anders, antatt født og døpt i 1801-1802, - ukjent når han ble døpt og hvor. Men antatt ut ifra opplysningene gitt ved hans ekteskap, ved hans bortgang og Folketellingen 1815 at det må være rundt 1801- 1802. Se Kilder nederst. 3. Christine, døpt 10 Mai 1804. Døpt i Fjaler (Ytre Holmedal) Brukslenke: https://media.digitalarkivet.no/kb20070507640373 4. Kari, døpt 9 Nov 1807. Døpt i Askvoll iflg Digitalarkivet- Gamle nettsider. Lenke til Digitalarkivet - Gamle nettsider GDA: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=sogndaap Søker jeg i Kronologiske liste 1776- 1816 i Ministerialbok nr. A9 for Askvoll så finner jeg henne ikke døpt på denne datoen. 5. Jakob, døpt 25 Aug 1810. Døpt i Fjaler (Ytre Holmedal) Brukslenke: https://media.digitalarkivet.no/kb20070507640436 6. Bæren, døpt 28 Mars 1813. Døpt Fjaler (Ytre Holmedal) Brukslenke: https://media.digitalarkivet.no/kb20070507640460 Perm. Bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070507640460.jpg 7. Jannike, døpt 21 Jun 1818 og født 16 Jun 1818 i Fjaler (Ytre Holmedal) Brukslenke: https://media.digitalarkivet.no/kb20070507640501 I Folketellingen 1815 for Ytre Holmedal står familien oppført (Nr 26) og Anders er innført med alderen 13 år m.a.o. født året 1802. Brukslenke: https://media.digitalarkivet.no/ft10611815000009 Anders ble gift med Dorthe Margrethe Andersdatter Vårdal den 15 Juli 1838 i Askvoll Sokneprestembete der blir alderen satt til 37 år m.a.o. født året 1801. Brukslenke: https://media.digitalarkivet.no/kb20070319640070 Anders dør 14 Mars 1851. (dødsfall nr. 18) Da oppgies hans alder til å være 49 år m.a.o. født året 1802: Brukslenke: https://media.digitalarkivet.no/kb20050819011012 Så kan noen hjelpe meg å finne ut når og hvor Anders ble døpt? Jeg finner det ikke. Jeg regner med at fødselsdatoen hans er det ikke er mulig å få fastslått i det hele tatt.
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.