Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'halset'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • Ask the National Archives of Norway
    • Questions about archival material and use of the archives
    • Questions about the use of the Digital Archives
    • Inquiries and messages about technical errors and metadata errors in the Digital Archives
  • Ask users of the Digital Archives
    • Users' own forum
    • Assistance with transcribing handwriting
  • Collaboration between the National Archives and users of the Digital Archives
    • Questions about volunteer efforts and source registration
    • Questions about proofreading of AMF material
  • Archived forums
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Miscellaneous

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 1 result

  1. Då eg i dag sat og bladde gjennom konfirmantlistene frå Vik i Sogn (som forresten er svært mangelfulle!), oppdaga eg denne konfirmasjonen i 1789 av «Anna Endresdr fra Lyster»: https://media.digitalarkivet.no/view/11756/92 Dette syner seg vera ei jente som eg har vore på leiting etter i mange år, og ho hadde dessutan ei halvsøster som eg òg har leitt etter. Kanskje hamna dei båe i Vik? Anna høver svært bra med ei som i 1801 tente på Halset i Vik, medan ei Siri Olsdotter som var strandsitjarkone på Molsnes i Vik, høver svært bra med halvsøsteri... Her følgjer eit manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ Endre Sølfestson Qualsøren, frå Ottum, vart døypt 1.1.1741 og d. på Kvalsøyri 2.5.1821. Han gifte seg 22.11.1762 med Anna Sjursdotter frå Sage under Fuhr. Ho vart døypt 27.4.1736 og d. på Kvalsøyri 15.3.1821. Endre og Anna kom til Osen på Kvalsøyri i 1762 og vart det året kalla husmann her. I 1801 vart Endre kalla strandsitjar (husmann utan jord), medan han i 1815 var innerst. Men sikkert er det at Endre ikkje kan ha hatt noko særleg jord til plassen sin. I 1801 kjem det fram at Endre dessutan var skaffar (skysskar) i Dalesokni. Han og Anna vart elles buande på Øyri levetidi ut. Dei fekk seks born i lag, men Anna hadde òg ei dotter frå før: 1. Siri Olsdotter, dotter av Anna og husmann Ole Ørjensson på Krigsvold under Høyeim (1730‑1810), vart døypt 9.6.1755, Siri Olsdotter ser ut til å vera fari frå Luster i ung alder ##### (lagnaden hennar? - kan henda til Vik? - denne strandsitjarkona på Molsnes i Vik 1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058392001462) 2. Sølfest Endreson (1762‑1762). 3. Sølfest Endreson (1764‑1825), vart husmann i Mordøla under Heltne i Dale. 4. Cecilia Endresdotter (1767‑1855), vart gift med husmann og enkjemann Ole Johannesson på Lovolden under Fortun (1755‑1828). 5. Anna Endresdotter, døypt 12.11.1770, Anna Endresdotter flytte i ung alder til Vik der ho vart konfirmert i 1789. ##### (lagnaden hennar? - ho som i 1801 tente på Halset i Vik: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058392002089 denne bruri frå 1809? https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002209449) 6. Sjur Endreson (1775‑1844), vart strandsitjar på Kvalsøyri 3 under Kvale. 7. Bertha Endresdotter (1778‑1852), vart gift med gardbrukar Jacob Janson på Bringe (1766‑1823) . ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om desse halvsøstrene!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.