Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'sæbye'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • Ask the National Archives of Norway
    • Questions about archival material and use of the archives
    • Questions about the use of the Digital Archives
    • Inquiries and messages about technical errors and metadata errors in the Digital Archives
  • Ask users of the Digital Archives
    • Users' own forum
    • Assistance with transcribing handwriting
  • Collaboration between the National Archives and users of the Digital Archives
    • Questions about volunteer efforts and source registration
    • Questions about proofreading of AMF material
  • Archived forums
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Miscellaneous

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 1 result

  1. Dette er ein søskenflokk som eg har «plundra» med sidan 1980-talet! Sjå dette skiftet frå Luster 1756: https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000001051681 Eg greidde den gongen å finna spor etter Susanna i Vik, men Christence og Kari er framleis heilt uløyste utfordringar! Her er manuskriptet mitt for heile denne huslyden, der me vil sjå at dei tre jentene var fullsøstrer fødde av same mor: ~~~~~~~~~~~~~~~~ Anders Simonson Øvrebø, frå Lunden under Rønnei, var f. kring 1700 og vart gravlagd frå Øvrebø 2.2.1769. Han gifte seg første gongen kring 1730 med Christenca Knutsdotter, dotter av føregåande brukar og herifrå garden. Christenca var f. kring 1704, men vart gravlagd frå Øvrebø alt 4.4.1741. Anders gifte seg so andre gongen 26.11.1741 med Gjertrud Ellefsdotter frå Yttrishaugen under Yttri. Ho var f. kring 1716, men vart gravlagd frå Øvrebø 22.8.1756. Tredje kona til Anders Simonson vart so 2.2.1757 Siri Christensdotter frå Gjellene under Rønnei. Ho var f. kring 1725 og vart visstnok gravlagd som legdelem frå Lingjerde 12.9.1796. Anders fekk 2.4.1734 bygsel på bruket hjå Metta, enkja etter Christen Lemvig, og han dreiv det like til 1761. Kårbrevet hans vart dagsett 24.10.1761. Anders Simonson fekk i alt tolv born, fire frå første ekteskapet, seks frå det andre og to frå det siste: 1. Maria Andersdotter (1730-1740). 2. Knut Andersson (1735-1741). 3. Anders Andersson (1737-1801), vart husmann på Teigen under Dalsøyri. 4. Ole Andersson (1740-1809), vart husmann i Hagen under Eikum indre i Hafslo. 5. Christenca Andersdotter, døypt 20.12.1744, vart konfirmert i Luster i 1762. Christenca Andersdotter må vera fari frå bygdi kort etter ho vart konfirmerte, ##### (lagnaden hennar? – ytre Sogn eller Bergen?) 6. Ellef Andersson (1747-1747). 7. Simon Andersson (1748-1749). 8. Susanna Andersdotter, døypt 9.2.1750, Susanna Andersdotter flytte kring 1780 til Vik i Sogn og gifte seg der kring 1786 med Christen Hansson Sæbye frå Sæbø i Vik. Han var son av ##### (yrke? – gardbrukar?) Hans Madsson Sæbye på Sæbø, opphavleg frå ##### (kvar fødd/oppvaksen?) og kona Maren Andersdotter Kierumgaard frå ##### (kvar fødd/oppvaksi?) og var f. der kring 1737. ##### (dåpsdato?) Då det i 1760 vart halde skifte etter Maren Kierumgaard, vart Christen omtala som svakeleg, og det ser ut til at han og Susanna vart buande som innerstfolk på Sæbø der dei båe d. kring 1810. ##### (gravferdsdatoar?) Christen og Susanna fekk ikkje born i lag, men Susanna hadde to born frå før: a. Anders Berentson (1778-1780), son av Susanna og kapteinsonen Berent Christopher Thomasson von Krogh frå Vollen under Kvale (1755-1804), var f. og d. i Luster. b. Anna Olsdotter, dotter av Susanna og ##### (kanskje tingboki kan seia kven far hennar var?) var f. i Vik kring 1784, og tente i 1811 i Ortneviki i Kvamsøy ##### (seinare lagnad?) 9. Kirsti Andersdotter (1752-1752). 10. Kari Andersdotter, døypt 2.7.1753, levde framleis då mori fall ifrå i 1756. Også Kari Andersdotter må vera fari frå bygdi i ung alder, ##### (lagnaden hennar? – ytre Sogn eller Bergen?) 11. Christen Andersson (1757-1758). 12. Gjert Andersson (1759-1795), vart gardbrukar i Dversdalen i Hafslo. ~~~~~~~~~~~~~~~~ Det er fleire utfordringar i samband med huslyden til Susanna i Vik, som til dømes dødsfalli til ho og mann hennar, opphavi til svigerforeldri, inkl. Maren Kierumgaard (høyrest dansk ut!?) og ikkje minst lagnaden til dotteri Anna!? Christence Andersdotter syner seg vera ein svært uvanleg namnekombinasjon på Vestlandet, og den einaste eg finn som kan minna om denne jenta frå Luster, er denne mori i Bergen: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009199877 https://media.digitalarkivet.no/view/8635/174 Men kvar vart det av ho? Og kva med Kari? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips for å komplettera soga om desse søstrene!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.