Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'norddalen'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • Ask the National Archives of Norway
    • Questions about archival material and use of the archives
    • Questions about the use of the Digital Archives
    • Inquiries and messages about technical errors and metadata errors in the Digital Archives
  • Ask users of the Digital Archives
    • Users' own forum
    • Assistance with transcribing handwriting
  • Collaboration between the National Archives and users of the Digital Archives
    • Questions about volunteer efforts and source registration
    • Questions about proofreading of AMF material
  • Archived forums
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Miscellaneous

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 2 results

  1. På 1750-talet var det fleire personar som flytte frå Jostedalen over breen via Stryn i Nordfjord og vidare til Sunnmøre (mellom anna til Haram) og Romsdalen. Eg trur dette var ei av dei aktuelle ættene, særleg av di kona døydde i Oppstryn i 1758! Då eg første gongen jobba med denne huslyden på 1980-talet fanst det knapt nok kjelder å leita i der oppe, men kanskje det i dag er vorte enklare? Ikkje minst av di den eine dotteri hadde det svært uvanlege namnet Steinor? Eg finn to gode «kandidatar» til denne Steinor, ei i Norddalen og ei i Grytten (sjå under)!! Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~ Ole Knutson Garen, frå Nedreli, var f. kring 1692 og vart gravlagd frå Garen 10.9.1741. Han gifte seg kring 1730 med Synneva Johannesdotter frå Mjelvær, f. kring 1708. Ole og Synneva fekk visstnok hand om plassen her på Garen under Sperle då dei gifte seg kring 1730 og var truleg dei første som budde på denne staden. Ole dreiv plassen so lenge han levde, og sidan vart visstnok Synneva buande her til kring 1750. Som enkje flytte Synneva Johannesdotter i 1750-åri til Oppstryn i Nordfjord, og der vart ho gravlagd 6.8.1758. Ole og Synneva på Garen fekk to døtrer i lag: 1. Ragnhild Olsdotter, f. kring 1732, levde i 1741. Ragnhild Olsdotter må vera fari frå bygdi i ung alder, truleg til Oppstryn i Nordfjord, ##### (lagnaden hennar? – kanskje til Haram, Nordalen eller Grytten?) 2. Steinor Olsdotter, døypt 2.12.1736, levde òg i 1741. Også Steinor Olsdotter må vera fari frå Jostedalen i ung alder, rimeligvis òg til Oppstryn i Nordfjord, ##### (lagnaden hennar? – kanskje til Haram, Nordalen eller Grytten?) NB: Dødsfall i Norddalen 1804: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001627723 NB: Dødsfall i Grytten 1819: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002330017 ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Denne huslyden brukte eg mykje tid på å leita etter då eg første gongen arbeidde med dei på 1980-talet, og so mykje meir har eg ikkje greidd å finna ut om dei i ettertid. Men med dei moderne søkemetodane og andre online ressursar er det kanskje mogeleg å komma litt vidare og finna kvar det vart av denne søskenflokken frå Luster? Manuskriptet mitt ser i dag slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~~ Hans Iverson Qualsøren, opphavleg frå Kvalsviki, var f. {i Luster} kring 1732 og vart gravlaga som legdelem, truleg frå Kjøtnes(?), 11.11.1804. Han gifte seg 22.6.1758 med Bertha Malena, kjend som Malena Olsdotter frå Øygarden under Dalsøyri. Ho vart døypt {i Luster} 17.5.1735 og vart gravlagd frå Kvalsøyri 10.12.1795. Hans og Malena hadde først plassen etter foreldri hennar på Øygarden under Dalsøyri. Sidan var dei ei tid i Haugen under Dalsøyri, men kring 1780 ser dei ut til å vera komne til Kvalsøyri. Malena døydde her, men før hundreårsskiftet var Hans komen på legd på Kjøtnes. Han og Malena fekk seks born i lag: 1. Ole Hansson (1760‑1811), vart husmann i Kilebotn under Kilen. 2. Ingeborg Hansdotter (1762‑1807), vart gift med husmann og enkjemann Anders Halvorson på Åsestølen under Åsen i Jostedalen (1729‑1812). 3. Sophia Hansdotter, døypt 26.7.1764, Sophia Hansdotter flytte frå bygdi før konfirmasjonsalderen, og ##### (lagnaden hennar? – budde i 1807 som tenestejente i Vik i Sogn) 4. Iver Hansson, døypt 10.8.1766, Iver Hansson flytte i ung alder til Norddalen på Sunnmøre, ##### (lagnaden hans? – bustaden hans var ukjend i 1807!) 5. Hans Hansson, døypt 14.5.1769, Hans Hansson må òg vera faren frå bygdi i ung alder ##### (lagnaden hans? – d. før 1807 utan å etterlata seg born!?) 6. Margretha Hansdotter, døypt 3.10.1773, Margretha Hansdotter flytte i ung alder til Vik i Sogn og tente i 1801 på Hopperstad i Vik, ##### (framleis busett i Vik i 1807 – lagnaden hennar?) ~~~~~~~~~~~~~~~ Kjelda for desse «adressene» i 1807 er forresten skiftet etter søsteri Ingeborg på Åsestølen i Jostedalen frå 1807: https://media.digitalarkivet.no/view/24146/154?indexing= Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.