Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'haram'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 1 result

  1. På 1750-talet var det fleire personar som flytte frå Jostedalen over breen via Stryn i Nordfjord og vidare til Sunnmøre (mellom anna til Haram) og Romsdalen. Eg trur dette var ei av dei aktuelle ættene, særleg av di kona døydde i Oppstryn i 1758! Då eg første gongen jobba med denne huslyden på 1980-talet fanst det knapt nok kjelder å leita i der oppe, men kanskje det i dag er vorte enklare? Ikkje minst av di den eine dotteri hadde det svært uvanlege namnet Steinor? Eg finn to gode «kandidatar» til denne Steinor, ei i Norddalen og ei i Grytten (sjå under)!! Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~ Ole Knutson Garen, frå Nedreli, var f. kring 1692 og vart gravlagd frå Garen 10.9.1741. Han gifte seg kring 1730 med Synneva Johannesdotter frå Mjelvær, f. kring 1708. Ole og Synneva fekk visstnok hand om plassen her på Garen under Sperle då dei gifte seg kring 1730 og var truleg dei første som budde på denne staden. Ole dreiv plassen so lenge han levde, og sidan vart visstnok Synneva buande her til kring 1750. Som enkje flytte Synneva Johannesdotter i 1750-åri til Oppstryn i Nordfjord, og der vart ho gravlagd 6.8.1758. Ole og Synneva på Garen fekk to døtrer i lag: 1. Ragnhild Olsdotter, f. kring 1732, levde i 1741. Ragnhild Olsdotter må vera fari frå bygdi i ung alder, truleg til Oppstryn i Nordfjord, ##### (lagnaden hennar? – kanskje til Haram, Nordalen eller Grytten?) 2. Steinor Olsdotter, døypt 2.12.1736, levde òg i 1741. Også Steinor Olsdotter må vera fari frå Jostedalen i ung alder, rimeligvis òg til Oppstryn i Nordfjord, ##### (lagnaden hennar? – kanskje til Haram, Nordalen eller Grytten?) NB: Dødsfall i Norddalen 1804: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001627723 NB: Dødsfall i Grytten 1819: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002330017 ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.