Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'omstreifar'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 1 result

  1. Dette er ein etter måten ganske so «komplett» grein av den gamle «Svends-ætti», omstreifarætti med sterk forankring i Luster i Sogn. Men, eg har aldri greidd å finna korkje faren Daniel eller sonen Johannes døypte nokon stad, og sidan desse folki stadig var «på vandring», mistenker eg dei for å ha fått born som er døypte andre stadar enn i Luster. Og eg ser at både Daniel og Johannes døydde utanfor bygdi, ein i Lavik og ein i Vik. Og eg trur kanskje kona til Johannes, Kirsti Sørensdotter, òg må vera avlidi ein eller annan stad langs Sognefjorden, men KVAR? Eg har følgjande oppdaterte manuskript å syna fram for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~ Daniel Svendson Høyum, frå Slottet under Skildeim, var f. ##### (fødestaden hans? - dåpsdato? - 1755?) og d. i Båsen under Hellebø i Lavik 29.7.1832, medan han var på vitjing (og arbeid) der ute. Han gifte seg i Luster 4.3.1778 med enkja Martha Olsdotter, opphavleg frå Salbuneset under Talle. Ho vart døypt 8.7.1736 og hadde før vore gift med husmann og enkjemann Johannes Olson på Salbuneset under Talle (1738-1773). Martha d. 9.2.1824, og det vart då sagt at ho var strandsitjarkone på Nes. Kva tid Daniel og Martha slo seg ned her i Trondviki, er ikkje godt å seia, men det har truleg vore i 1780-åri. Elles var Daniel hesteskje­rar liksom faren, og det var helst lite dei budde på plassen i sommarhalvåret. Dei hadde ikkje noko jord, men vart i alle fall buande her til ut på 1800-talet. Som me såg, budde Martha på Nes då ho døydde, men om dei nokon gong hadde ein plass der ute, er uvisst. Daniel skreiv seg i alle høve til Høyeim då han fall ifrå i Lavik i 1832. Dei fekk ein son i lag: 1. Johannes Danielson (1779-1856), fekk plassen her i Trondviki 4 etter foreldri. Johannes Danielson Høyum, son av føregåande strandsitjar og herifrå plassen, var f. ##### (fødestaden hans? - dåpsdato? - 1779?) og d. på Vikøyri i Vik 21.3.1856, medan han var på vitjing (eller arbeid) der ute. Han gifte seg 30.4.1804 med Kirsti Sørensdotter frå Haugen under Skildeim, døypt 11.3.1773. Ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? - truleg i ytre Sogn?) Johannes var hesteskjerar liksom faren og bestefaren. Han og Kirsti tok over denne strandsitjarplassen på Viki etter foreldri hans kring 1804, og jamvel om dei nok var mykje på farten, vart dei buande meir eller mindre fast her levetidi ut. Då Johannes var avliden i 1856, vart plassen nedlagd, og den vesle jordi som måtte ha vore til han, gjekk attende til garden. Me veit om fem born etter Johannes og Kirsti i Viki: ##### (kan dei ha hatt fleire born fødde andre stadar?) 1. Daniel Johannesson (1804-1856), vart strandsitjar og budde i Hundaviki under Høyeim. 2. Jørgen Johannesson (1807-1807). 3. Søren Johannesson (1807-1807). 4. Søren Johannesson (1814-1896), vart strandsitjar på Tvingeborg under Sandviki. 5. Ole Johannesson, f. 24.1.1818, Ole Johannesson flytte visstnok i ung alder til Vikøyri i Vik og budde der som innerst. Han d. ugift på Vikøyri 24.12.1855. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan bidra til komplettering av denne biografien!
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.