Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'husøy'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 2 results

  1. Elen Andreasdtr. Kalgraf f. 6.8.1871 i Solund - emigrerte til Amerika 28.4.1898. Foreldre: Andreas Pedersen f. Kalgraf Britha Østensdtr f. Losnegard Dåp: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000024443080 FT1875: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052297004675 FT1891: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052997000267 Emigrasjon 1898-04-28: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000694799
  2. Dette emnet er ei oppfølgjing av tema #57228 av Gisle frå det gamle Brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/142634-57228-sf-3-olssøner-og-døtre-frå-lyster-som-gifte-seg-i-gulen-i-1830-40-åra/?tab=comments#comment-1187037 Eg er på leiting etter lagnaden til Anna Olsdotter frå Husøy i Solund, fødd 1851 og framleis i live i 1898, som Gisle tydeleg har leitt etter før! Eg er no komen på spor etter ein mogeleg «kandidat» for denne Anna Olsdotter, at ho kan ha vore i Bergen og der fått ein son som både i 1891 og 1900 budde hjå broren Nils Olson på Husøy? Kanskje du, Gisle, eller andre har fleire opplysningar å supplera med? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~ Ole Pederson Krogen, son av føregåande brukar og herifrå Veberg, vart døypt i Luster 30.8.1778, gifte seg i Luster 5.6.1805 med Anna Nilsdotter frå Kroken i Luster. Ho vart døypt i Luster 22.9.1782. Ole og Anna budde visstnok som innerstfolk dels her på Veberg og dels hjå foreldri hennar på Kroken i Luster. Men Ole Pederson laut ut som soldat i krigen mot svenskane og d. på Kongsvinger 2.2.1809. Anna flytte som enkje heim att til foreldri sine på Kroken i Luster, men vart etter mange år attgift med husmann Sølfest Larsson i Eidsbakken under Eide i Luster (1791-1849). Ho d. som strandsitjarkone på Eide i Luster 2.11.1843. Ole og Anna fekk to born i lag: 1. Peder Olson, døypt i Luster 28.4.1805, Peder Olson flytte i ung alder til Solund der han 22.6.1834 gifte seg med Kari Jacobsdotter frå Indrevær i Solund. Ho var dotter av gardbrukar Jacob Larsson på Indrevær og kona Britha Pedersdotter frå Agnaldsvig i Fjaler og vart døypt i Solund 31.7.1808. Peder var fiskar, og han og Kari var gardbrukarar på Gjønnevåg nordre i Solund der dei budde levetidi ut. Peder d. som kårmann på Gjønnevåg nordre 18.12.1883, medan Kari d. som kårkone same staden 24.10.1901. Dei var barnlause. 2. Mari Olsdotter, døypt i Luster 16.2.1807, Mari Olsdotter flytte òg i ung alder til Solund og gifte seg der 16.9.1842 med Ole Andersson frå Husøy i Solund, ein stedotterson av husmannssonen Claus Andersson frå Tallehagen under Talle i Luster (1758-1810). Han vart døypt i Solund 31.3.1811. Mari og Ole tok visstnok over heimeplassen hans under Husøy i Solund og vart buande der levetidi ut. Ole d. som fiskar på Husøy 1.7.1895, medan Mari d. som enkje same staden 16.1.1898. Dei fekk to born i lag: a. Nils Olson, f. i Solund 4.1.1845, d. som husmann på Husøen 1.6.1903 då han miste livet på sjøen. Han gifte seg i Solund 19.8.1876 med Ingeborg Larsdotter frå Nautøen i Solund. Ho var f. i Solund 1.10.1844 og d. som enkje på Husøen 12.6.1909. Nils og Ingeborg tok over heimeplassen hans under Husøy i Solund og budde der levetidi ut. Dei fekk ikkje born i lag, men tok til seg ein fosterson. b. Anna Olsdotter, f. i Solund 25.12.1851, ¤¤¤¤¤ (levde 1865 – tilstades Husøy 1898! – lagnaden hennar? – kan ho ha vore mori til denne Jens Olai Andreas Jensen, f. i Bergen 5.10.1879, som i 1891 og 1900 budde som adoptivson/fosterson hjå Nils og Ingeborg på Husøy: https://media.digitalarkivet.no/view/7172/47 ~~~~~~~~~~~~~~~ For min del saknar eg for det kommande (og siste) bandet i bygdebokserien vår fleire opplysningar om lagnaden til Anna Olsdotter! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.