Adam Stevelinson Reutz (1683-1722), priviligert handelsmann busett på Heltnhe i Luster, var gift med Metta Andersdotter frå Rønnei (av den «sokalla» Heiberg-ætti) og fekk fem born.
Yngst av desse var Else Malene Reutz, som må ha vore fødd kring 1705.
Ho levde i 1722, men etter den tid har me ingen opplysningar om ho. Ho må ikkje forvekslast med den eldre søsteri Elsebe Margrethe Reutz som var gift i Bergen med Hans Hansson Rødberg og fekk elleve born med han!
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om lagnaden til Else Malene!